September 2015 Velkomen til nytt barnehageår! Me vil fyrst nytte

September 2015
Velkomen til nytt barnehageår!
Me vil fyrst nytte høve til å ynskje nye barn og foreldre hjarteleg velkomne.
I år er det 9 nye barn. Det har vore ein travel, men god oppstart så langt. Me i
personale gler oss til å starte eit nytt barnehageår med ny barnegruppe
Me er plass til 14 barn på Skulefjedle. I år har me 7 barn fødde i 2013. Resten
er fødde i 2014
Når det gjeld personale på avdelinga i år, så vert det Rigmor Refsnes
(pedagogisk leiar) i 80 %. Anne Stensby Jensen (førskulelærar) i 80 %. Jorunn
Idland (førskulelærar) er vikar i 40 % og arbeider måndagar og onsdagar.
Lisbeth Sjølander i 100% og Karine Byberg/Renata Wojtowicz deler ein100 %
stilling. Alle desse er assistentar. I tillegg har me fått tospråkleg assistent på
polsk nokre timar i veka
Pedagogiske
tankar
fremetter:
Me vil starte opp prosjekt Reise/tema Menneske i
september.
Då tenkjer me oss at dei nye barna er på ei
«reise» frå heimen til barnehagen. Det er ei
spanande ferd med mange nye inntrykk, nye
rutinar og nye mennesker å verte kjent med.
For å gjere denne reisa best mogeleg for dei nye
barna, så har kvart barn fått ein vaksen til
primærkontakt. Ho hjelper barnet i tilvenningstida. Det viktige er å verte trygg
og kome inn i god rytme med lek, soving, bleieskift og måltid. Difor har me fast
dagsrytme, og me leker mykje saman. I samling syng me «bli-kjent-sangar» for
å lære namna på kvarandre. Me har og sangar om kroppen og kva ein kan bruke
den til
Me vil ta bilete av daglegdagen til barna og saman «prate» om disse. Etterkvart
skal barna få vise si bok og «fortelje» om seg og sin familie
Når me vert litt meir kjent med barna, vil me sjå kva dei er interessert i og
byggje vidare på det i prosjektet. Me ser allereie at barna tykkjer det er gøy å få
vaske hendene i vasken og leke med vatn. Kan hende vert det noko om vatn. Me
får sjå?
Me vil og gjerne ha inn barna sin favoritt-song, rim eller eventyr. Dette skal
barnet få vise i samling. Dette er stor stas. Barna i fjor viste heilt tydeleg at
dette betydde noko for dei. Dei barna som gjekk i barnehagen i fjor, kan anten
ha same song. Eller velje ein ny dersom barnet har fått seg ein ny favoritt. Berre
gje beskjed. På førehand takk
Vekerytma vert omlag slik:
Måndag: Prosjekt i to grupper
Tysdag: Tur for barn fødd 2013/Prosjekt for barn fødd 2014
Onsdag: Varm mat
Torsdag: Tur for barn fødd 2014/Prosjekt for barn fødd 2013
Fredag: Utelek
I tillegg vert det dialogisk lesing to gonger i veka for barn fødd i 2013
Fødselsdagsfeiring på Skulefjedle. Me vil ha fødselsdagsbarnet i fokus denne
dagen. I samling får barnet fin krone og det får lov å sitje framme på eiga
fødselsdagspute. Songar, rim og anna i samling vert tilpassa til det
fødselsdagsbarnet likar. Dei fleste fødselsdagsbarna tykkjer samlinga denne
dagen er for kort
Me har ingen fødselsdagar denne månaden:0Hugs:
Fotografen kjem den 30. september kl. 9.00, og tek gruppebilete
Foreldremøte for småbarnsavdelinger 22.09 klokken 19.00-20.30
Brannvern-veke i veke 38. Brannøvelse vert det den 18.september. Me førebur
barna så godt det let seg gjere
Med venleg helsing
avdeling Skulefjedle Tlf 905 97 654(ikkje SMS)
ved Rigmor Refsnes
Pedagogisk leiar