Fiber til heimen

FIBER TIL HEIMEN
Utbygging av fiber
Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga til din bustad.
Fiber til heimen
FØLGJANDE VIL SKJE F RAMOVER
Entreprenøren legg ned fiberkabel i ditt nærområde og legg fiberrøyret fram til tomtegrensa di.
Dei fleste husstandane får fiber gjennom nedgravd kabel. Luftstrekk blir valt for husstandar som
allereie har luftstrekk til straum. Dersom ein ikkje ønskjer luftstrekk må ein kontakte entreprenør.
Når fiber nærmar seg di tomtegrense, vil entreprenøren prøve å kontakta husstanden, for å
avklare inntak til tomtegrense og husvegg.
Kontakt eventuelt entreprenør i forkant for å få avklart kor fiberrøret blir lagt inn til di tomt.
Så snart fiberrøyret er lagt fram til tomtegrensa, må husstanden føre fiberrøyret vidare frå
tomtegrensa til husvegg på ein forsvarleg måte. Det er viktig at dette blir gjort snarleg for å sikre
at installasjonar ikkje vert forsinka.
Ved rekkehus vil entreprenøren føre fiberen heilt fram til enden av rekkehuset.
Entreprenøren dreg/bles deretter fiberkabelen inn i fiberrøyret.
Installasjonar i utbyggingsområdet er planlagt skal skje i 17-22. august 2015.
Når alt er klart for installasjon i hus, kontaktar entreprenøren husstanden for å gjere avtale om
installasjonstidspunkt. Installatøren må ha tilgang til bustaden på installasjonsdagen.
På installasjonsdagen blir fibermodemet installert i bustaden din, og ein kan kople seg på internett.
Dersom TV-dekodar er tinga, blir denne levert saman med fibermodemet på installasjonsdagen.
F I B E R R Ø Y R PÅ D I T O M T
Fiberrøyr bør leggast heilt fram til yttervegg i nærleiken av der ein ynskjer fibermodem og
eventuelt Get TV skal vere plassert.
Fiberrøyret er ikkje herda mot UV-stråling og må skjermast for støyt og direkte sollys. Pass derfor
på at fiberrøyret er forsvarleg dekka over frå tomtegrensa og inntil vegg. Unngå skarpe svingar
på fiberrøyret.
Grav fiberrøyret ned tilstrekkelig (gjerne 20-30 cm) så det ikkje vert øydelagt verken av
grasklippar, kantklippar, snømåking eller av andre årsakar.
På stader der fiberrøyret ikkje kan dekkast fullstendig av jord eller tilsvarande massar, kan ein
nytte ein hageslange eller anna beskyttelsesrøyr. Ligg røyret trygt, men er utsett for lys kan de og
nytte måling for å sikre at røyret vert UV beskytta.
Dekk til opninga av fiberrøyret med til dømes teip for å unngå at det kjem fukt inn i røyret.
Notér eventuelt ned traséen for fiberrøyret med tanke på framtidige inngrep på tomta eller for
nye eigarar.
Skade på kabel og fiberrøyr på privat grunn er kunden sjølv ansvarleg for.
Fiberrør som ikkje er nedgravd innan prosjektets ferdigstilling vil ikkje verte oppkopla, og vert
fakturert for manglande tilrettelegging.
Side 1
Treng du lengre røyr en det som er lagt ved din tomtegrense, kontakt graveentreprenør for å få
dette.
I enkelte hus der det ligg rør saman med straumkabel inn i hus, og rør ligg bak tildekking i
sikringsskap, må røret førast ut av sikringsskapet . Dette må utførast av elektrikar og huseigar må
ta denne kostnaden.
Treng du hjelp til å legge ned fiberrøyr på di tomt, kan du kontakte graveentreprenør for å få
utført dette som eige oppdrag.
P L A S S E R I N G AV F I B E R M O D E M
Fibermodemet blir installert av installatør, i samråd med deg. Tenk over kvar det høver å ha
modem i din bustad.
Fibermodemet blir installert innan 10 meter frå innføring på husvegg. Ynskjer ein lenger kabel, må
dette avtalast med installatør på førehand.
Fibermodemet blir installert på vegg og ikkje lenger enn 1,5 meter frå eit straumuttak for å unngå
skøyteleidning.
Fibermodemet bør plasserast sentralt i huset i høve til der ein vil ha tilgang på trådlaust internett.
Den trådlause rekkevidda er avgrensa, og vegger dempar dei trådlause signala.
Fiberen som er kopla til fibermodemet overfører usynleg lys med høg intensitet. Ikkje sjå inn i
fiberpluggen då det kan skade augo.
Fibermodemet bør plasseras i nærleiken av TV dersom du skal ha Get-TV. Det følgje med ein
kabel på 1,5 meter. Treng du lenger kabel, må du sjølv skaffe dette. Vårt kundesenter kan gje råd
om kva du treng og har også eit lite lager av kabel i ulike lengder.
G E T D I G I TA LT T V
Til deg som har tinga Get TV-løysing.
Tinga TV-dekodar vert levert på installasjonsdagen. Get TV kan aktiverast same dag ved å
kontakte Sognenett, eller ein vert automatisk tilkopla Get TV etter 14 dagar. Dersom du må endre
denne oppkoplingstida for Get TV må Sognenett kontaktast seinast 14 dagar etter at du har vorte
tilknytt fiber.
Installasjons-rettleiing følgjer saman med dekodaren.
Skal du ha Get TV fleire stader i huset, må husstanden sjølv legge nettverkskabel til kvart av dei
andre TV-apparata.
Side 2
KO N TA K T I N F O R M A S J O N
Entreprenør:
Otera
Arvid Ommundsen
Telefon: 41518363
Graveentreprenør:
GS Maskin
Helge Sandvik
Telefon: 94 87 44 84
Sognenett kundesenter
Telefon: 95 19 22 22
E-post: [email protected]
Side 3