Torghuset treng avklaring «Det er lettare å

Torghuset treng avklaring
Situasjonen til Torghuset
blir det nå jobba med.
Men Strand sin varaordførar, Laila Steinsvik
frå KrF, medgir at lite er
avklart ennå.
BORGHILD GUDMESTAD
[email protected]
Torghuset er som kjent kulturhuset som blir brukt i dag. Bygget er
regulert til industri, og har aldri
blitt regulert til dei aktivitetane
som det blir brukt til. Lokala til
kulturkontora
tilfredsstiller
ikkje gode nok arbeidsforhold
for dei tilsette, så dei skal snarast
flytta inn i nye kontor. Ei oppussing nå ville ha kosta rundt 3,5
millionar kroner.
Torghuset har ei levetid på ti
til tjue år. Planar om eit regionalt
kulturhus ligg minst ti år fram i
tid. Biblioteket i kulturhuset er
lovpålagt, men det er ikkje dei
andre aktivitetane som høyrer
til kultur. Rådmannen føreslo
å pussa opp huset for 3,5 millionar, fleirtalet av politikarane
avslo dette. 11 millionar skulle
dekkjast inn i budsjettet, dermed
blei det vanskeleg å dekkja inn
berre desse store summane.
– Kvifor er det kulturadministrasjonen som må ut?
– Det er lettare å finna lokale
til dei, og me har tidlegare ikkje
har fått pengar til å oppgradera
lokala etter krava, seier Arnfinn
Livastøl, men kan ikkje uttala seg
om det politiske valet.
Leiar for oppvekst og levekår,
Marianne Skogerbø, stadfestar
at kulturadministrasjonen skal
flyttast så fort som mogleg sidan
forholda er helseskadelege i Torghuset. Det er lettare å flytta dei
tilsette her, fordi kostnadane ved
å flytta dei andre verksemdene
som har lokale i Torghuset blei
for store.
Samarbeid
Gruppeleiar i Senterpartiet, Alf
Henning Heggheim, forstår frustrasjonen og uvissa rundt Torghuset. Han meiner at dei må
få avklart kva dei vil gjera med
Torghuset nå, både på kort og
lang sikt.
– Ei av grunnane til at me ventar med dette er at me må få avklart kva som kjem ut av samtalane om samarbeid mellom Strand
og Forsand, seier han.
Ut på våren vil det det bli meir
avklart kva som kjem ut av desse
samtalane. Senterpartiet ønskjer
eit nytt kulturhus i framtida,
men gjer det klart at her må ein
ta eit steg om gongen. Heggheim
meiner det er umogleg på dette
tidspunktet å løyva 3, 5 millionar
til oppussing av Torghuset når
det skulle dekkjast inn for 11 millionar kroner i budsjettet.
– Kommunen har eit vedlikehaldsunderskot på over hundre
millionar kroner, det er mykje.
Torghuset er ein del av dette, forklarer han.
Senterpartiet har tidlegare
føreslått eit framtidig kombi-
UAVKLART: Nokre av dei tilsette på Torghuset, frå venstre Kathrine Vik, Synnøve Keilegavlen Nygård og Roger Nybroen.
nasjonsbygg der kulturhus er
ein del av det, og står framleis
fast ved det forslaget. Heggheim
seier at Senterpartiet tenkjer at
dei gjerne kan tenkja seg å selja
Torghuset for å henta inntekter
der til å finansiera eit kulturhus,
som han trur at Strand sine inn-
«
Det er lettare å
flytta dei tilsette på
kulturkontoret enn dei
andre verksemdene som
har lokale i Torghuset.
byggjarar vil vera tente med.
– Me ser for oss eit kombinasjonsbygg, og der det óg er leiligheiter og kontor, og der me knyt
oss til private investorar, kommenterer han.
Han ser gjerne for seg Vastveittomta eller den gamle tomta ved
gamle Klippen.
Breitt kulturtilbod
– Eit eventuelt framtidig kulturhus ligg lenger fram i tid, sidan
det nåverande kulturhuset ikkje
blir pussa opp, korleis ser ordføraren på situasjonen til nåverande kulturhus?
– I budsjettvedtaket løyvde
me ein ekstra million til vedlikehald av kommunale bygg. Den
tøffe utfordringa med å finna
inndekning for 11 millionar i
følgje rådmannen sitt budsjett-
notat medførte at fleire viktige
område måtte setjast noko på
vent. Imidlertid er det slik at
alle våre tilsette skal ha gode og
funksjonelle lokale for verksemdene sine. Per i dag er dette ikkje
tilfellet for dei tilsette ved kulturkontoret. Det betyr i praksis at
me må enten pussa opp dagens
lokale i Torghuset, eller finna
nye tilfredsstillande lokale for
kulturadministrasjonen. Dette er
noko som stadig blir diskutert og
som det vil bli tatt ei avgjerd på
i næraste framtid, seier ordførar
Helge Steinsvåg (Ap).
– Du ønskjer eit desentralisert kulturhus. Torghuset har ei
levetid på ti til tjue år, kva slags
lokale tenkjer du skal erstatta dei
nåverande funksjonane til kulturhuset?
– Spørsmålet ditt er noko
upresist. Eg har tatt til orde for
at eg ønskjer mange ulike kulturtilbod i hele kommunen, tilbod
som er lokalisert der dei naturleg
høyrer heime. Det bryt på ingen
måte med dagens situasjon kor
me har samlokalisert delar av
kulturskulen med kino, bibliotek
og scene. Poenget mitt er at me
ikkje bør byggja eit stort tradisjonelt kulturhus som medfører
å flytta kultur ut frå til dømes
Jørpelands brug, Mølleparken,
Folkets hus, Rosehagen eller det
nye Verkshotellet. Eg ønskjer eit
breitt levande kulturtilbod i hele
Strand kommune. Viss me skulle
velja å gå vidare med planar om
samarbeid med lokalt næringsliv
om nye lokale på området kor
Torghuset er lokalisert i dag, så
helsar eg det velkomen om det
gir oss nye flotte lokale for bibliotek, kino, scene, kulturskule
samt kontorfasilitetar. Føresetnaden er ein rimeleg pris samt at
det er eigna for ei vidareutvikling
av det flotte kulturtilbodet vårt,
seier Steinsvåg.
– Har du kommentarar til
delar av Torghuset ikkje har fått
midlane dei har trengt til vedlikehald? Kvifor?
«
Me bør ikkje byggja eit stort tradisjonelt kulturhus som
medfører å flytta kultur
ut frå Jørpelands Brug,
Mølleparken, Folkets hus
eller Rosehagen.
– Dette handlar om harde
prioriteringar i budsjettforliket.
Omsynet til barnevern, skule og
omsorg for eldre gjer at me ikkje
kan velja alt saman samtidig.
Denne perioden har eg og andre
jobba hardt for å leggja til rette
for at gamle forsømde kommunale bygg skal kunne gjenoppstå
i fordums glans. Verkshotellet
og Grahamshagen er gode døme
på at eit nært og godt samarbeid
med gode krefter i det lokale næ-
ringslivet faktisk kan bidra til å
gjera om slitne kommunale bygg
til noko som verkeleg gjer Jørpeland som by rikare. Eg er heilt
sikker på at me òg skal klara det
med Torghuset. Tomta er svært
attraktiv, kvartalet er stort, finst
det politisk vilje så vil dette kunne vera eit viktig steg både for
utvikling av kulturtilbodet samt
for byutvikling, slår han fast.
– Ikkje godt nok
Laila Steinsvik (KrF) vil ha avklart
kva kommunen skal gjera med
Torghuset, ho vil ha nytt kulturhus på sikt.
– Torghuset blir aldri meir
enn ein fabrikkbygning, det blir
ikkje godt nok, seier Steinsvik.
Ho meiner politikarane må ta
ein gjennomgang av kva dei vil
framover.
– Eg håper på avklaring, og
er glad for at Verkshotellet blei
avklart. Eg håper òg at me snart
kan koma dit at me kan velja
tomt og etter kvart bestemma oss
for framtidig kulturhus, seier ho.
Ho minnar om at dei må prioritera dei lovpålagte oppgåvene slik
den økonomiske situasjonen er nå.
– Kan dette ta mange år?
– Eg ser den, det er nok litt
vanskeleg å tenkja langsiktig
fordi økonomien avgrensar oss
slik, og det er ikkje ei lovpålagt
teneste. Men me må begynna å
landa, seia kva me vil, kor me vil
satsa, fortel ho om slik det er i
dag, svarer varaordføraren.