Brett eit hefte - Nynorsksenteret

Brett eit hefte
1. Skriv ut heftet på eit ark. Pass på å ikkje velja «reduser til skrivarmargar».
2. Legg arket med skriftsida (markert med grått på illustrasjonane her) ned.
3. Brett arket på tvers, med skriftsida ut.
4. Du har no to lag med papir. Brett kvart lag dobbelt, slik at arket får
trekkspelform.
5. Brett ut arket og brett det på langs, med skriftsida ut.
6. Brett ut arket og brett det same vegen som i steg 3.
7. Klipp langs bretten med den stipla lina og litt forbi bretten som går på tvers.
Klipp
8. Brett ut att og brett arket langsmed kuttet du klipte, slik at skriftsida vender ut.
9. Dytt på endane slik at arket formar eit kryss.
Dytt
Dytt
10.Brett boka slik at framsida vender ut.