Referat FAU Garnes 10.02.15

FAU-MØTE, GARNES SKULE – 10.02.2015
Til stades: Njål, Bjørn Arne, Linda, Teddy, Sara, Erlend (ref.)
1) Godkjenning av innkalling
Samrøystes godkjent.
2) Kvalitetsgjennomgang
Njål orienterer om konklusjonane av kvalitetsgjennomgangen for Garnes skule 2015. Referat
blir sendt ut på mail til alle FAU-representantane.
3) Årsmøte
a) Dato for årsmøtet blir sett til 24. mars.
b) Utferding av årsmelding og rekneskap for skuleåret 2014/2015: Njål lagar utkast til
årsmelding og sender dette ut til godkjenning. Sandra gjer tilsvarande med rekneskapet.
Årsmelding og rekneskap blir sendt ut saman med innkallinga seinast tre veker før
vedtatt møtedato (3. mars).
c) Uavklarte saker frå i fjor: Njål sjekkar status for bassengsaka. Bjørn følgjer opp
gateljossaka (Øvre Seimsmark og Bjørnarhallen).
d) Revisjon av rekneskap for 17. mai-komitéen og joletrefesten. Sandra gjer dette før
møteinnkallinga blir sendt ut.
4) Oppsummering av møte i SU
Det har berre vore eitt SU-møte sidan konstitueringa av dette FAU-et. Njål orienterer om
møtesakene. Vedk. framlegg om å «framskunde» Barnevaktkvelden til fjerde trinn: FAU
meiner det er viktig at elevane er mogne nok til å reflektere over medieetiske spørsmål, og
ønskjer å oppretthalde ordninga med at det blir arrangert møte mellom Barnevakten og
foreldre og elevar på femte trinn – men at skulen orienterer om nettvett på foreldremøte
også på lågare trinn.
5) Val til skulemiljøutvalet
FAU må stille med fire representantar. Framlegg til kandidatar: leiar og nestleiar + to utan
verv (les: Njål, Linda, Teddy og Sara). Samrøystes vedteke.
6) Sikring av handballmål i gymsalen på GUS
FAU ber Garnes skule kontakte GUS for å få sikra handballmåla på forsvarleg vis.
7) Årshjul
Njål har lagt inn faste aktivitetar på eit eige årshjul (tilgjengeleg på
[email protected] sin googledisk).
8) Publisering av referat
Referatet blir sendt ut på mail til FAU-representantane for godkjenning, og blir deretter
sendt til skulen for nettpublisering innan ei veke etter møtet.
9) Oppbevaring av rekneskap for 17. mai-komité og joletrefestkomitéen
Framlegg: FAU oppbevarer originalrekneskapa for desse komitéane imellom dei «verksame»
periodane. Samrøystes vedteke. Linda skaffar til vege rekneskapet frå joletrefestkomitéen,
Njål skaffar til vege rekneskapet for 17.mai-komitéen.
10) Eventuelt
a) Mobilbruk i skuletida
Foreldre har meldt inn at det førekjem mobilbruk i skuletida – trass forbodet mot dette.
FAU oppmodar skulen om å ha fokus på mobilbruk, og at det gjerne også blir sendt ut eit
skriv til foreldra om dette.
b) Hakkebakkeskogen
Rektor svarer FAU at skulen har valt å droppe den årvisse Hakkebakkeskogenførestillinga på Aksjonsdagen, fordi tidsbruken ikkje står i forhold til det pedagogiske
utbytet. FAU tek svaret til etterretning.