Ørskogkoret med ny dirigent fra New Zealand

KULTUR
Nr. 3 Laurdag 10. januar 2015
7
Jon Gorrie vil at koret skal nå ein høgare standard:
Ørskogkoret med ny dirigent
fra New Zealand
- Eg har to målsetningar
med å vere dirigent, seier
Jon Gorrie (37), opphaveleg frå New Zealand.
- Det skal vere gøy å synge
i kor, og vi skal nå ein
høgare standard.
Frå i år er han fast dirigent i Ørskogkoret.
BB - RUTH JANNE VINJE
- Målet er å få med fleire medlemmar i Ørskogkoret, seier Jon
Gorrie.
- For å verte ein god dirigent må
ein ha god kunnskap om musikk, musikkvitenskap og også
kroppspråk. Det er veldig givande
å vere dirigent. Eg gir energi - og
får masse energi tilbake.
Ein triveleg gjeng
Jon Gorrie kom inn som dirigent i
Ørskogkoret på slutten av fjoråret.
Jon Gorrie er den nye dirigenten i Ørskogkoret. Her er frå ei av øvingane før jul. (Foto: Janet Roelofs)
Koret hadde då hatt eit turbulent
år når det gjeld direksjon, med
heile seks forskjellige dirigentar.
Janet Roelofs i Ørskogkoret fortel
at medlemmane likar godt den
nye dirigenten.
- Han brukar mykje humor under
øvingane, samtidig som han veit
korleis han skal fange oppmerksomheita vår, seier ho.
Dirigenten seier på si side at etter
fire øvingar, verkar dei som ein
triveleg gjeng.
Jon Gorrie dirigerer både Ørskogkoret og Ålesund Mannssangforening, og spelar trompet på profesjonell basis.
Allsidig innan musikk
Jon er i tillegg dirigent for Ålesund Mannssangforening. Han
har dirigert Tomrefjord Songlag,
men kjem ikkje til å vere deira
faste dirigent i år. Han spelar
trompet på profesjonell basis og
har spelt i symfoniorkester og ved
Operaen i Gøteborg.
- Eg har vore freelancar som
trompetist i fleire år, men no
konsentrerar eg meg mest om å
dirigere, seier han.
Han har også gitt ut fleire bøker
og gitt forelesningar.
Flott å bo i Skodje
Jon Gorrie har vore mykje på
farta sidan han flytta frå heimlandet New Zealand i 2003. Han
har budd i Sverige, Austerrike,
Norge, på Malta og i England..
- Eg flytta til Sverige for utvikle
meg profesjonelt, seier han på
flytande svensk. Han bodde i
Gøteborg i tre år, og flytta sidan
til Kirkenes for å jobbe på kulturskulen der.
- Eg vart anbefalt å søke jobb på
Kulturskulen i Ålesund, og fekk
der stilling som musikkfagleg
leiar. Eg har personalansvar for
15 lærarar innan sang og blåseinstrument. Totalt er det 50 tilsette
i kulturskulen.
Jon flytta til Skodje i oktober og
synest det er ein flott stad å bo.
- Det er vakkert der og slik ei flott
utsikt over fjorden, seier han.
Når vi lurer på om han har familie, svarar han avkreftande.
- Men eg har kjærast i Gøteborg.
- Ørskogkoret hadde eit turbulent
år når det gjeld direksjon i 2014,
med heile seks forskjellige dirigentar, fortel Janet Roelofs.
”A tribute to Dire Straits” på Gomerhuset
Fredag 16. januar spelar Dire Straits Tributebandet ”Brothers in
Arms” på Gomerhuset
på Skodje.
”Brothers In Arms” består av
rutinerte musikarar frå Ålesund og Brattvåg med lang
fartstid i forskjellige band
i distriktet: Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand;
gitar, Lars Øverås; bass, Bjørn
Skjelten; trommer og Kjell
Myklebust; tangentar.
I tillegg har dei fått med seg
to ikkje mindre rutinerte mu-
sikarar; Sten-Even Holstad; gitar
og Kjetil L.Ingvaldsen; sax, og til
saman utgjer desse altså “Brothers In Arms”.
Publikum blir tatt med på ei
musikalsk “mimrestund” der
dei vil få høre både fleire av dei
gode gamle klassikarane til Dire
Straits, og nokre av musikarane
sine eigne favorittlåtar.
Sjølv om “Brothers In Arms” gjer
Dire Straits-låtane på sin måte, vil
gjenkjennelsesfaktoren garantert
vere høg.
Vi garanterer ei fantastisk musikkoppleving med bandet “Brothers
”Brothers in Arms” spelar på Gomerhuset på Skodje fredag 16. januar.
in Arms” - A tribute to Dire
Straits.
Skøye Teaterlag vil elles sørge for
god stemning og servering både
før og etter konserten.
Magne P. Fylling, kultursjef