Balestrand kommune Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND Vår dato: 12.01.2015 Vår ref.: 201200880-16, 200904056-17, 200806622-12, 201003706-11, 200905878-13, 201101388-13, 201000223-11 Arkiv: 312 Dykkar dato: Dykkar ref.: Sakshandsamarar: Helen Nathalie Liebig-Larsen 22 95 98 95 Auen Korbøl 22 95 93 44 Silje Aakre Solheim 22 95 95 44 Høyringsbrev Fleire søkjarar – Søknadar om løyve til å byggje 7 småkraftverk i Aurland, Vik, Høyanger og Balestrand kommunar, Sogn og Fjordane høyring NVE har mottatt søknader frå fleire søkjarar om løyve til å byggje 7 småkraftverk i Aurland, Vik, Høyanger og Balestrand kommunar. Søknadane skal behandlast samstundes, og samla belastning for området skal vurderast. NVE ønskjer at høyringsinstansane vurderer kvar sak for seg, men også alle sakene samla. Skjerdal kraftverk – Skjerdalskraft AS – Aurland kommune Skjerdal kraftverk vil nytte eit fall på 653 m i Storelvi mellom kote 655 og kote 2. Vassvegen på 2600 m vil i hovudsak vere nedgravne røyr. Det er behov for 400 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen. I anleggsperioden nyttar ein røyrgata som anleggsveg, og ein vil i tillegg ruste opp eksisterande traktorveg. Middelvassføringa i Storelvi er 580 l/s og kraftverket er planlagt med maksimal slukeevne på 1300 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 7,1 MW og vil etter planen gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 20,2 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 3 km lang strekning i Storelvi. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 90 l/s om sommaren og 30 l/s om vinteren. Det er i søknaden også gjort greie for eit alternativ 2 der fallet i Storelvi er delt opp i to kraftverk. Kvammadalselvi kraftverk – Kvammadalselvi kraftverk SUS – Aurland kommune Kvammadalselvi kraftverk vil nytte eit fall på 398 m frå inntaket på kote 854 ned til kraftstasjonen på kote 460. Sidebekken Vetlebotna er planlagt overført til inntaksdammen i Kvammadalselvi med eit 25 m langt røyr. Vassvegen blir drygt 2200 m lang, og skal gravast ned på sør-austsida av elva. Det er også lagt fram eit alternativ med vassveg nord-vest for elva. Frå fylkesvegen og fram til inntaket er det planlagt ein ca. 160 m lang veg. I tillegg skal det byggast ein 300 m lang ny veg som tilkomst til E-post: [email protected], Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR 0301 OSLO Side 2 kraftstasjonen. Middelvassføringa i Kvammadalselvi er 700 l/s, og kraftverket er planlagt med maksimal slukeevne på 1550 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 5,2 MW og etter planane produsere 14 GWh i eit middels år. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ein 2440 m lang strekning i Kvammadalselvi. Det er planlagt å sleppe minstevassføring på 233 l/s om sommaren og 31 l/s om vinteren. Tura kraftverk – Tura Kraft AS – Vik kommune Tura kraftverk vil nytte eit fall på 277 m i Tura mellom kote 654 og kote 377. Det er i tillegg søkt om å overføre vestre løp i elva frå kote 730 over i austre elveløp på kote 680. Vassvegen på 705 m og overføringsleidningen på 110 m skal gravast ned heile vegen med unnatak av ei elvekryssing under bru. Det er behov for ny veg som tilkomst til røyrgatetrasé og inntak. Middelvassføringa i Tura er 450 l/s og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 900 l/s. Kraftverket vi få ein installert effekt på 2,2 MW, noko som i følgje søknaden vil gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 6,6 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ein ca. 1200 m lang strekning i elva Tura. Det er planlagt å sleppe minstevassføring på 32 l/s heile året. TVK kraftverk – Norges Småkraftverk AS – Vik kommune TVK kraftverk skal nytte eit fall på 490 m mellom kote 500 og kote 10 i Tuftelvi/Kolåselvi. Det er i tillegg søkt om å overføre vatn frå Vigdalselvi på kote 530 til hovudinntaket i Tuftelvi. Vassvegen på 2885 m skal i heilskap borast i fjell. Det er ikkje behov for ny veg i samband med tiltaket, men det må etablerast ei avkøyrsle frå Fv 182 som tilkomst til kraftstasjonen. Middelvassføringa ved hovudinntaket etter overføring er 578 l/s og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 1202 l/s. Kraftverket vil få ein installert effekt på 5 MW, noko som i følgje søknaden vil gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 16,6 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på totalt 3425 m elvestrekning i Vigdalselvi, Tuftelvi og Kolåselvi. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på høvesvis 25 l/s og 15 l/s i Vigdalselvi og Tuftelvi om sommaren og 12,5 l/s og 7,5 l/s i vinterhalvåret. Kråkeelvi kraftverk – Sognekraft AS – Balestrand kommune Kråkeelvi kraftverk vil nytte eit fall på 680 m mellom inntaket på kote 695 og kraftstasjonen på kote 15, i Kråkeelvi. Det er også søkt om å regulere Isvotni med ca. 2 m. Vassvegen vil etter planen bli 695 m lang, fordelt på 270 m tunell og 425 m nedgraven røyrgate. Vassvegen vil gå på nordsida av elva. Det skal byggast ca. 150 m ny veg på austsida av Daleelvi fram mot kraftstasjonen. Middelvassføringa i Kråkeelvi er 430 l/s, og kraftverket er planlagt med maksimal slukeevne på 880 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 4,98 MW, og etter planen gje ein årleg produksjon på ca. 19 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ein 1700 m lang strekning i Kråkeelvi. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 30 l/s frå Isvotni heile året. Søkjar har ikkje planlagt å sleppe minstevassføring frå inntaksdammen. Brekka kraftverk – Sognekraft AS – Balestrand kommune Brekka kraftverk vil nytte eit fall på 665 m i Teigeelvi mellom inntaket på kote 667 og kraftstasjonen på kote 2. Det er i tillegg søkt om å regulere Brekkevatnet med ein meter, og om å overføre vatn frå Teigelvi, Bolstadelvi og Brekkeelvi til Brekkevatnet. Vassvegen mellom inntaket i Brekkevatnet og kraftstasjonen blir 1420 m lang. Den øvste delen av vassvegen vert lagt som røyr i grøft. Mellom kote 650 og 250 er vassvegen planlagt å ligge i dagen. Den nedre halvdelen av vassvegen skal gravast ned. Ved kryssing av Brekkeelvi på kote 180 skal røyret gå i grøft under elva. For overføringane vil det bli nytta fullprofilboring. Det er behov for ny veg som tilkomst til kraftstasjonen og fram til kote 230. Middelvassføringa ved inntaket i Brekkevatn etter overføring er 310 l/s og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 800 l/s. Kraftverket vil få ein installert effekt på 4,4 MW, noko som i følgje Side 3 søknaden vil gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 12,53 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ein samla strekning på 4550 m i Teigelvi, Brekkelvi og Bolstadelvi. Det er planlagt å sleppe minstevassføring sommar og vinter tilsvarande 29/15 l/s i Bolstadelvi, 4/0 l/s i Teigeelvi, 6/3 l/s i det nordre og 8/4 l/s i det søndre løpet i Brekkelvi. Dyrdalselva kraftverk – Dyrdal Kraft AS – Høyanger kommune Dyrdalselva kraftverk skal nytte eit fall på 260 m mellom kote 265 og kote 5 i Dyrdalselva. Det er i tillegg søkt om å overføre vatn frå Aurebotnelva på kote 270 til hovudinntaket i Dyrdalselva. Vassvegen på 1700 m skal i heilskap leggas som røyr i grøft. Det er behov for 600 m ny veg opp til inntaket. Middelvassføringa ved hovudinntaket etter overføring er 790 l/s, og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 1800 l/s. Kraftverket vil få ein installert effekt på 3,85 MW, noko som i følgje søknaden vil gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 11,2 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på totalt 1780 m elvestrekning i Dyrdalselvi og Aurebotnelva. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på høvesvis 120 l/s om sommaren og 80 l/s om vinteren i Dyrdalselva. Det er også søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av Dyrdalselva kraftverk med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftlinje. Søknadane skal behandlast etter reglane i kap. 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8. Søknaden skal også vurderes etter forskrift om konsekvensutredninger etter sektorlover. Søknadane med vedlegg blir lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og den blir kunngjort av NVE. Kopi av kunngjeringa er vedlagt. Dersom høyringspartane ønskjer papirutgåve av søknadane, kan de kontakte Helén Liebig-Larsen på tlf. 22 95 98 95 eller e-post: [email protected] Vi ber Aurland kommune om å legge to eksemplar av søknadene ut til offentleg ettersyn ved Rådhuset, og Vik kommune om å legge to eksemplar av kvar søknad ved kommunehuset. I Balestrand kommune skal det leggast to eksemplar ved Rådhuset og biblioteket, og i tillegg éin søknad ved Nesse oppvekstsenter og Fjordtun oppvekstsenter. Vi ber Høyanger kommune om å legge ut to søknadar ved Høyanger bibliotek og plan- og utviklingsavdelinga på Leira, og i tillegg éin søknad på butikken i Bjordal. Søknadane skal ligge ute til offentleg ettersyn fram til 12.04.2015. Der det ligg to eksemplar av søknaden kan det eine, om nødvendig, lånast ut for kortare tid (2-3 dagar). Det andre må ikkje fjernast frå utleggingsstaden. Vi viser elles til vedlagte informasjonsark som forklarar saksbehandlinga frå søknaden blir sendt på høyring fram til endeleg vedtak. Av dette går det fram kva tilbakemelding vi ønsker. NVE føretrekkjer at uttalar vert sendt oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som mogleg og seinast 12.04.2015. I tillegg kan uttalar sendast per e-post til [email protected] eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Uttalelen eller delar av uttalelen vil bli referert i eit endeleg vedtak. Dersom uttalelen er lang, er det difor ein fordel om det vert utarbeidd eit samandrag som kan brukast til dette. Med helsing Øystein Grundt seksjonssjef Helen Nathalie Liebig-Larsen overingeniør Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Side 4 Vedlegg: Søknadene (til kommunene) Kunngjøringstekst Informasjonsark Oversiktskart Mottakerliste: Aurland Energiverk AS Aurland Fjellstyre Aurland kommune Aurland turlag Balestrand kommune Balestrand og Høyanger Turlag BKK Nett AS Direktoratet for Mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard Dyrdalselva kraftverk Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Høyanger kommune Kvammadalselvi kraftverk Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane NHO Reiseliv Region Vest-Norge Norges Jeger- og Fiskerforbund - Sogn og Fjordane Norges Miljøvernforbund Norges Padleforbund Norges Småkraftverk AS Norsk Kraft AS v/Bård Moberg Norsk Ornitologisk Forening Sogn og Fjordane SFE Nett AS Skjerdalskraft AS v/Harald Skjerdal Sogn og Fjordane Bondelag Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane Turlag Sognekraft AS Sognekraft AS v/Kåre Fosse Statens Vegvesen Region Vest Tura småkraftverk Vik kommune ! " ) Senneset kraftverk " ) Lavik ! " ) FuglsetYtre Storelyngsgroa Øystrebø Osland Storelva ) Bjordal " ) Ytre OppedalIkjen" Osland " ! ! " ) ! Hest " ) " ) Reiene Østerbø og Randa Stølsvatnet Trestegane de Balestrand Nessane Ortnevik Vassdalselva ! " ) Østerbø og Randa " ) Finnen fjo r ds ! " ) n ! ) " )" " ) Hugla " ) Målset Storfjellet Urdeggi " ) " ) Lyngsete Joka Fresvik- " ) Vindedal Nybru " ) " ) Lærdal Fresvikåsen Lærdalsfjo " ) Bleia B Dyrdal Nygard " ) Nærøy- Undredal Evanger Kårdal Blåskavlen Læ Aurlandsvangen Gudvangatunnelen Fle n ja gi eg Låvi Grindaflethytta a ne l en Vassbygdi Freteim " ) Aurland I Leinafoss ale n Berdalstunnelen åm sd Knutseggi Tarven Aurland V Myrdal Aurland II L Aurland II H " )" ) Rausmesdalen Kjosfoss " ) Au " ) Flåm Ulvik rd un lst " ) Vangen ! " ) Aurland IV Kvammadalselvi Flåm fjellet Lønavatnet ! Skjerdal " ) Aurland Store Breen Uppsete " ) Skjerdal fjorden hella " ) Mannheller Gr Kvernhusgrovi ! Amlatunnele Svinadalsholtane Skjerjavatnet Straume Amla Sagelvi Fresvik " ) Nærøy " ) Vikafjell " ) ! Øvrehelland Sognefjord pakken " Seljedalselva kraftverk ) " ) Budalselva Beinhelleren Blyfjell Almelidelva kraftverk Jordalen " ) " ) Andre søknader " )dale" " )kraftverk ) Kvernhusfossen n )" Grønhaug " ) " ) Mo Hellandsfoss ) Jordalen " )" Gudvangen Konsesjonsfritt ! " ) Mikrokrfv. Botnafossen " ) NipoKjeldebekken Mo Dyrkollbotnen " ) Grøndalsvatn ! )Dyrkolbotn kraftverk " ) !" n Holmen " ) Myrkdalen Brakestad Torvedalen ! le Konsesjonspliktig " ) ! yda Lindås Fjellstølen " ) kraftverkEikemo kraftverk Fjellanger ! ærø " ) N " ) ! " ) ! Gitt konsesjon Stusdal minikraftverk ! " ! " ) " ) " ) Fyre Botnaelva Nesheim Flatkvål Nottveit kraftverk " ) " " ) ) Eksingedal " ) ! Giljarhuselva " ) ) KvitaMikrokraftverk " ) Oppheim ! i Sluppabekken Under bygging " ! " " ) Vinjadalen Myster Sundve Fjellfossen kraftverkSteindalselvi kraftverk Vaksdal Leirofossen kraftverk " ) Voss ! Avslått nosi Vinje " " ) marheim ! " Brørvika kraftverk ) " ) )" Brandset Storagroe " ) Eidslandet Såteggi Skreio RomarheimsEidsland 2 kraftverk " " ) ) Eidslandet minikraftverk " ) Utbygd Storfjelli Oksebotn Tverrelvi " )" fjorden Skogstad Volahytta ) " ) " ) Omsøkt vannvei " ) Bjørndalen ! Blåvass" ) Tverrgjuvlo Osterøy KoldaVannvei Togrovi " ) " ) Stamnes horgi Volafjellet Stamnes- " ) ) " )" Fodne TVK ! " ) Selhamar Inntak Rud 2 Rud 3 Styvisdalseggi 10 km Modalen Kaupanger " )Kaupanger ! Kaupanger 3 " ) Kaupanger 2 Haukåsen breen Rappen Sogndal Rud 1 Nornes Indre Slinde Nyasetdalen Tura Høgdi Matre Norum Feios ) Stadheim " )" " ) Åsebotn Kvernhuselva kraftverk " ) " ) fjorden Fardal Hermansverk Aurlandsf jorden Refsdal Steinslandsstølen S t ø langs l s h eSognefjorden, i m e n Kraftutbygging Fossen Hogsvær ! " ! " Hommelfoss Overføring av Brydalsfossen til Hommelva ) fylke ! Sogn og Fjordane " Storevass- Leikanger Rambera Vik Bungane Åsedalen Vemundsbotn " ) Hove Tenne 1:250 eggi 000 Nytt Matre H kraftverk 5 " )Matre M 0 Bøaelva Vik Eitreelvi Arnafjord Masfjorden Fardalselvi " ) Vikøyri " ) " ) Stordal Kjørnes Grinde Vangsnes ! Kleivfjellet fjellet Ingafossen Stedje " ) Sagelvi Kvamsøy Sundags- " ) Krokevatn Haugmelen ! " " ) Feios f jo rd e efjord " ) Leikanger Kvamme rabben Vestrebotn Thue Hella " ) Runde- Gulen Store Sogndalsfjøra Dragsvik Nessane ! " ) Trolleholselva s dalen Tusselva " ) " ) Ortnevik ! " ) Storholten Balestrand na Indre Dyrdalselva ! " Mjølsvik ) Søreide fjorden !Låne " ) ! " ) Eitreneselvi u Ur " )" ) Årøy I s MårenMåren L Årøy Hundøla da l n e f j o r d e n S o g Svartemyr Leikanger Tjugum Ese Kråkelvi Brekka Hafslo Solvorn ! " ) ! " ) Luster Romøyri ! Ygleelvi fjorden Indre Li " )Hafslo " ) " ) fjorden Fet Sogndals- Høyangs- Berge Kyrkjebø " ) Dale " ) " )Ma " ) Joranger Tørvi Vatnasete " ) Makkoren " ) ! " ) fjorden Høyanger Vetle- " ) ! " ) gn Kråkelva Austreim Asseim Høyangeranleggene K4 Eiriksdal Høyanger K5A Høyanger K3 " ) Høyanger K5B Høyanger " ) " )Vadheims- Nordrevik " ) Havren ! " ) Vadheim Dyrnesli berg Høyanger K2 la n Sværen Birkås Fremstedalen So " ) Øvre Svultingen ! ) " " ) Strandos Johannes- Kvanngrødfjellet Skjerdingane Fl " ) Gaular F j ær ! " ) Tjøredalselva " ) Økslandselv Fjaler Sørebøfossen ndsn ") ) " ! ! Holen Lidal n Øyrafossen Guddal " ) Ar " ) Jordal Storskavlen Hå holan - KUNNGJERING – Fleire søkjarar – søknadar om løyve til å byggje 7 småkraftverk i Aurland, Balestrand, Høyanger og Vik kommunar i Sogn og Fjordane. NVE har motteke søknadar frå fleire søkjarar om løyve til å byggje 7 småkraftverk i Aurland, Balestrand, Høyanger og Vik kommunar i Sogn og Fjordane. Søknadane skal handsamast samstundes. NVE ber høyringspartane om å vurdere kvar sak for seg, men også fleire saker samla der dette er naturleg. Hovuddata for kraftverksplanane: Kommune Søknad Søkjar Installert effekt (MW) Produksjon (GWh) Aurland Skjerdal kraftverk Skjerdalskraft AS 7,1 20,2 Aurland Kvammadalselvi kraftverk Kvammadalselvi kraftverk SUS 5,2 14 Balestrand Kråkeelvi kraftverk Sognekraft AS 4,98 19 Balestrand Brekka kraftverk Sognekraft AS 4,4 12,5 Høyanger Dyrdalselva kraftverk Dyrdal Kraft AS 3,85 11,2 Vik Tura kraftverk Tura Kraft AS 2,2 6,6 Vik TVK kraftverk Norges Småkraftverk AS 5 16,6 Søknadar med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset i Aurland kommune, kommunehuset i Vik kommune, Rådhuset, biblioteket, Nesse og Fjordtun oppvekstsenter i Balestrand kommune, Høyanger bibliotek, Butikken i Bjordal og på plan- og utviklingsavdelinga på Leira i Høyanger kommune og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen 12.4.2015. Viss de ønskjer papirutgåve av søknadane kan de ta kontakt med Helén Liebig-Larsen på tlf. 22 95 98 95 eller e-post: [email protected]. Høyringsuttalar kan sendast til oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til [email protected] eller per post til NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 majorstua, 0301 Oslo innan 10.4.2015. ORIENTERING TIL HØYRINGSPARTANE (revidert februar 2013) Generelt Kva forventar NVE av høyringspartane? NVE er konsesjonsstyresmakt i saker som gjeld utbygging av småkraftverk (inntil 10 MW) og andre vassdragstiltak. Kongen i statsråd gir løyve til større kraftutbyggingar. NVE ønskjer mest mogleg konkrete synspunkt på om løyve bør bli gitt eller ikkje, val av eventuelle alternativ og forslag om avbøtande tiltak. Fråsegner om energipolitikken til styresmaktene på eit generelt grunnlag, er av avgrensa nytte i sakshandsaminga. Denne orienteringa gjeld saker der NVE kan gi løyve etter vassressurslova § 8. Handsaming av søknaden fram til endeleg vedtak NVE handsamar dei fleste av søknadane i grupper, vanlegvis etter geografisk plassering. Dette effektiviserer sakshandsaminga samstundes som høyringspartane og NVE kan sjå søknadane i samanheng. NVE sender søknadane på høyring til kommunar, fylkesmenn, fylkeskommunar, statlege forvaltingsorgan og interesseorganisasjonar som søknadane vedkjem. Høyringsperioden er vanlegvis tre månader for søknadar som blir handsama gruppevis, og minst seks veker for enkeltsaker. Ein eventuell søknad om utsett frist må vere grunngjeven. NVE ventar at høyringspartane gir fråsegn på sjølvstendig grunnlag. Vanlegvis blir det ikkje gitt løyve til søknad om utsett frist, dersom det kan forseinke sakshandsaminga. Søkjar får høve til å kommentere innkomne fråsegner før NVE gjennomfører synfaring. Dei som har uttalt seg i samband med høringa, blir inviterte til å delta på synfaringa. I konsesjonsvurderinga veg NVE fordelar og ulemper mot kvarandre, jf. vassressurslova § 25. Olje- og energidepartementet har som overordna politisk styresmakt gitt retningsliner for handsaming av små vasskraftverk. Desse er å finne på NVE sin nettstad: nve.no. Dersom NVE gir løyve, blir det knytt vilkår til dette, jf. vassressurslova § 26. Vilkår vil omfatte mellom anna vasslepp, naturforvaltning, kulturminne, frist for bygging og sanksjonar ved eventuelle brot på vilkåra. Særleg der søknader blir handsama i grupper, ønskjer NVE synspunkt på den samla belastninga. Dersom partane er kjend med tilhøve som det ikkje er opplyst om i tilstrekkeleg grad i søknaden, ønskjer NVE opplysningar om det. Det blir forventa at kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og andre styresmakter gir fråsegn med utgangspunkt i sine høvesvise ansvarsområde. Kommunane blir spesielt bedne om å vurdere søknadane opp mot gjeldande arealplanstatus. Fråsegnene, opplysningane i søknaden og retningslinene frå Olje- og energidepartementet er viktige for vurderinga og vedtaket til NVE. Rett til motsegn og klage Ein treng ikkje handsama energianlegg etter planog bygningslova, og det er ikkje lenger krav om reguleringsplan. For å ta vare på meininga bak motsegnsinstituttet i plan- og bygningslova, er det gitt reglar i energi- og vassdragslovgjevinga om rett til motsegn og klage, jf. vassressurslova § 24. NVE vil understreke at ei eventuell motsegn må bli fremja i høyringsperioden. Sjå nettstaden vår for meir informasjon: nve.no/konsesjoner. Partane kan klage på NVE sitt vedtak til Olje- og energidepartementet innan 3 veker frå det tidspunkt dei mottok orientering om vedtak. NVE syner til kapittel VI i forvaltningslova om klage og omgjering.
© Copyright 2024