Ingeniør - CAD, PDM, Produktutvikling Prosjektingeniør

SafeRoad leverer løysingar for sikring av vegar og annan infrastruktur. Konsernet har 2.600 tilsette i 23 land. For meir informasjon, sjå www.saferoad.com
Vik Ørsta AS er ei leiande kunnskapsbedrift som leverer produkt og løysingar innan marknadsområda Lysmast, Tunnelsikring og Trafikksikring. Vi er også
ein leiande marinaleverandør gjennom kvalitetsmerket Ørsta Marina Systems. Bedrifta er lokalisert i Ørsta og i Vik i Sogn. Besøk www.vikorsta.no
Vik Ørsta søkjer:
Ingeniør - CAD, PDM, Produktutvikling
Hovudoppgåvene vil vere vidareutvikling av produkt, verktøy og prosessar på tvers av alle marknadsområda i bedrifta. Eit
nøkkelelement er å stadig kunne utnytte CAD-verktøyet optimalt mot vår moderne produksjonsteknologi. Dette området
inkluderer både nybrotsarbeid og oppfølging av etablerte prosessar i verdikjeda.
Kandidatar med interesse og erfaring frå CAD og PDM/PLM vert spesielt oppfordra til å søkje.
Prosjektingeniør
Hovudoppgåvene vil vere prosjektarbeid som eit ledd mellom sal og produksjon. Konstruksjon av nye, og forbetring av eksisterande
produkt på tvers av marknadsområda, vil vere ein del av rolla.
Kandidatar med interesse og erfaring frå konstruksjon og prosjektarbeid vert spesielt oppfordra til å søkje.
Stillingane fordrar teknisk kompetanse, strukturert arbeidsmetodikk, kreativitet og gode kommunikasjonsevner.
Arbeidsstad er i Ørsta og vi tilbyr konkurransedyktige betingelsar i ei bedrift i sterk utvikling.
Spørsmål om stillingane kan rettast til teknisk sjef Jan Olav Hoggen på tlf. 951 70 854
eller HR Manager Nina Fuglebakk på tlf. 992 36 255.
Skriftleg søknad og CV sendast til [email protected] innan 10. mai.
Vik Ørsta AS
•
Ørsta, pb. 193, N-6151 Ørsta - Tel.: +47 70 04 70 00
•
Vik, N-6893 Vik i Sogn - Tel.: +47 57 69 86 50
•
www.vikorsta.no