Dalsmarken 2015

Dalsmarken 2015
Dalen 19 - 20 juni
Creedence Night
Fredag kveld kjem Clearewaters til Dalen med sitt
populære Creedence Night show og spelar i
hotellhagen v/ Dalen Hotel. Bandet har vore på vegen
i 17 år og vart starta i Trondheim i 1998.
Konserten startar kl 21 og varer til kl 23.
Det vert enkel servering.
Tone Rose
Ingen hemmelegheit at ho er veslesyster av
Ingebjørg Bratland, men i motsetning har ho vald å gå
frå folkemusikk og over til ein eigen stil innafor
popmusikken. Ho starta karriera med kveding
og i ein alder av tolv år vart ho noregsmester i seljefløyte.
Laurdag stend ho på markensscena
Frode Aga og Nesan
Nok ein gong så er me så heldige å få besøk av
Frode Aga og Nesan på Dalsmarken.
På laurdagen vil kokkane lage ein
markenstallerken med grillmat.
Før og etter markenstallerken vil me grille
hamburgerar frå Edland kjøtt.
Fotlaus
Laurdags kvelden er det duka for fest i Tokkehallen
med Fotlaus, eit lokalt cover-band fra Trøndelag.
Bandet spelar 50/60 talls rock, amerikansk og
norsk country og ellers “radiohits”.
Chriss
Chrissell
Han har vore på Dalsmarken fleire gonger
oppover tida og han tek turen att i år for å
underhalde små og store.
“Chriss Chrissells barneshow er tettpakket
med tryll og tull, mystikk og magi, hvor barna
er engasjerte fra begynnelse til slutt.
Her er det like mye moro for 3-åringen som for 10-åringen.
Ja, til og med mamma og pappa morer seg under Chriss Chrissells trylleshow.”
Inngangspengar: Vaksne: Kr 50,- Born (6-15 år): Kr 20,- Born under 6 år: Gratis
Gratis parkering.
Program og meir info på www.dalsmarken.no