Fiskereglar Valldøla

Fiskereglar
l. Alle som har betalt fiskeavgift, kan kjøpe fiskekort eller leige fiske i Yalldøla.
Fiskarane pliktar å setje seg inn i reglane for fiske og følgje dei. Brot på reglane kan
føre tiL at fiskaren vert vist bort frå elva utan at betalt fiskekort eller fiskeleigevert
refundert.
2. Dei som fiskar, skal alltid ha med seg fiskeavgiftskort og fiskekort/fiskeløyve. Kortet
gjev rett til å kontrollere andre fiskarar. Kortet kan ikkje overdragast.
3. For å unngå å forstyrre fisken på standplassane skal fiskarane unngå å vade mens dei
fiskar dersom det ikkje er nødvendig.
4. Fiskaren pliktar å gf ere seg kjend med grensene mellom gardsvalda. Fisket skal
avsluttast før agnet kjem over grensa til neste vald.
5. Fiskaren skal ferdast etter tilviste vegar og stigar. Trakk i åker og eng er forbode.
6. Kast ikkje avfall i naturen. Vis naturvett!
'7. Alle fiskarar skal rapportere om fangst. Fiskekort med fangstoppgåve skal leverast inn.
8. Fiske frå bruer og offentlege vegar er forbode.
g. Reiskapsbruk og fisketid kan variere frh tr til år, og for kvart enkelt gardsvald i
vassdraget. Fiskarane pliktar å hente inn opplysningar for det gardsvaldet dei skal fiske
ph.
10. Alle som kjem inn frå andre elvar eller vassdrag, må sjå til at alt fiskeutstyr (stenger,
snøre, håvar, støvlar, vadebukser m.m.) er fullstendigØrtfør dei brukar det i Valldøla.
Med helsing Valldal Elveeigarlag