Planprogram for Austerheim II

Etne Sand & Pukk AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak,
Austrheim II. Plan ID: XXXXX
Utgåve: 02
Dato: 2015-01-30
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
2
DOKUMENTINFORMASJON
Oppdragsgjevar:
Rapportnamn:
Utgåve/dato:
Arkivreferanse:
Etne Sand & Pukk AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
02 / 2015-01-30
-
Oppdrag:
Oppdragsskildring:
Oppdragsleiar:
Fag:
Tema
Leveranse:
536170 – Reguleringsplan med KU, Austrheim II
Etne Sand & pukk AS. Reguleringsplan Austrheim II.
Jarle Skjold
Landskap
Reguleringsplan med KU
Planprogram, utarbeiding av planmateriale
Skriven av:
Kvalitetskontroll:
Jarle Skjold
Anna Wathne
Asplan Viak AS
www.asplanviak.no
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
3
FØREORD
Etne Sand & Pukk AS ynskjer å starte opp privat framlegg til reguleringsplan. Føremålet med
reguleringsplanarbeidet er å legge til rette for at Etne Sand & Pukk AS kan utvide
eksisterande uttaksområde på Austrheim slik at det kan takast ut meir massar.
Planområdet inkluderer eksisterande uttaksområde og utgjer ca. 230 daa. Av dette arealet
utgjer forslag til utvida uttaksområde om lag 30 daa. Totalt utvida uttak er grovt vurdert til å
utgjere om lag 1,1 – 1,3 millionar m3.
Hordaland fylkeskommune har starta opp fredingssak for kulturminna på Stødleterrassen.
Arealet ein ynskjer å utvide uttaksområde med er heller ikkje i samsvar med
kommuneplanens arealdel. Planen / tiltaket er vurdert å krevje konsekvensutgreiing etter
forskrift om konsekvensutgreiing med forslag til utarbeiding av planprogram.
Spørsmål til planprogrammet kan rettast til:
Namn:
Etne Sand & Pukk AS
v/ Harald Ekornrud
Asplan Viak AS v/ Jarle Skjold
Asplan Viak AS v/ Anna Wathne
Telefon:
53757777/
90646647
99786583
48171410
E- post:
[email protected]
[email protected]
Jarle Skjold har vore oppdragsleiar for Asplan Viak.
Bergen, 27.01.15
Jarle Skjold
Oppdragsleiar
Etne Sand & Pukk AS
Anna Wathne
Kvalitetssikrar
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
4
INNHALDSLISTE
1
2
3
4
Om planarbeidet................................................................................................................ 6
1.1
Bakgrunn.................................................................................................................... 6
1.2
Føremål...................................................................................................................... 6
1.3
Planprogram og konsekvensutgreiing ........................................................................ 7
Planområdet og tiltaket ..................................................................................................... 9
2.1
Avgrensing ................................................................................................................. 9
2.2
Tiltaket ..................................................................................................................... 10
Planstatus ....................................................................................................................... 12
3.1
Verneplan for vassdrag ............................................................................................ 12
3.2
Kommuneplanens arealdel (2003 – 2013) ............................................................... 12
3.3
Kommunedelplan for E134 ...................................................................................... 12
3.4
Reguleringsplanar .................................................................................................... 13
Overordna lover, forskrifter og retningslinjer som har betydning for planarbeidet. ......... 16
4.1
Lover ........................................................................................................................ 16
4.2
Forskrifter ................................................................................................................. 16
4.3
Retningslinjer ........................................................................................................... 16
5 Viktige tema og omsyn i planarbeidet. Utgreiingar i høve til forskrift om
konsekvensutgreiing............................................................................................................... 17
5.1
Kulturminne/ freding ................................................................................................. 17
5.2
Landskap, skråning etter uttak ................................................................................. 17
5.3
Naturmangfald ......................................................................................................... 18
5.4
Veg og trafikk ........................................................................................................... 18
5.5
Eigedomstilhøve / Naboar........................................................................................ 18
5.6
Landbruk og jordvern ............................................................................................... 18
5.7
Kvartærgeologisk verneverdi ................................................................................... 18
5.8
Friluftsliv ................................................................................................................... 18
5.9
Forureining, avrenning ............................................................................................. 19
5.10
Støv og støy ............................................................................................................. 19
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
6
7
5
5.11
Næringsinteresser.................................................................................................... 20
5.12
Avbøtande tiltak. ...................................................................................................... 20
Planprosess .................................................................................................................... 21
6.1
Organisering ............................................................................................................ 21
6.2
Medverknad ............................................................................................................. 21
6.3
Framdrift................................................................................................................... 21
6.4
Plandokument .......................................................................................................... 22
Kjelder og grunnlagsmateriale ........................................................................................ 22
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
6
1 OM PLANARBEIDET
1.1 Bakgrunn
Etne Sand & Pukk vart etablert i 1955, og har sidan det levert byggeråstoff til ulike
næringsområde som betongindustri, asfaltindustri, mørtelproduksjon, byggeprosjekter og
entreprenørbransjen. Dei siste åra er leveransen retta mest mot betongindustrien der Ølen
Betong AS er største kunde på vestlandet.
Eksisterande uttaksområde (massetak) ligg på Austrheim, ca. 3 kilometer aust for Etne
sentrum. Produksjonsanlegget til Etne Sand og Pukk ligg på Tongane Industriområde i Etne
sentrum. Produksjonen er omfattande og består av ein vaskeprosess som vaskar ut fine
partiklar (leire og silt), noko som gjer at det vert mogleg å levere varer av beste kvalitet.
Etne Sand og Pukk AS ser ei utvikling der tilbodet av byggråstoff er pressa av den store
etterspurnaden. Ein eventuell stopp på ressurstilgangen i Etne vil forverra tilbodet ytterlegare
og Etne Sand og Pukk AS ser difor eit sterkt behov for å sikre vidare ressurstilgang. Strenge
kvalitetskrav gjer at slike massar ikkje kan takast ut kvar som helst. Massane må takast ut
der dei ligg og der ressursen har dei eigenskapane som trengst. Førekomsten er klassifisert
som regionalt viktig i forsyninga av byggeråstoff, jamfør grus-, pukk og steintippdatabasen til
NGU.
1.2 Føremål
Eksisterande uttaksområde består av to massetak; Etne Sand og Pukk AS tek ut massar på
Austrheim, på gnr./bnr. 37/ 8/1 og 36/1, medan Åsbø Sandrift AS tek ut massar på Sørheim,
på gnr./bnr. 36/10 og 5. Sjølv om massetaka har ulike stadnamn ligg dei heilt inntil
kvarandre.
Etne Sand & Pukk AS ynskjer å starte opp privat framlegg til reguleringsplan slik at dei to
massetaka kan utvidast mot nord. Forslaget inneber at Etne Sand og Pukk sitt uttaksområde
på Austrheim vert utvida på gnr./bnr. 37/10 og 1, og at uttaksområdet til Åsbø Sanddrift AS
vert utvida på gnr./bnr. 36/5.
Det er også eit føremål med planarbeidet å sjå massetaka i ein samanheng i høve til
landskap og i høve til felles plan for avslutning. Gjeldande reguleringsgrense ber tydeleg
preg av to uavhengige planar for uttak, der reguleringsgrensa ikkje er sett på bakgrunn av
ein heilskapleg avslutningsplan for istandsetting av inngrepet etter at sanddrifta tar slutt, men
har vorte utarbeida over tid.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
7
1.3 Planprogram og konsekvensutgreiing
Paragraf 1 i forskrift om konsekvensutgreiing slår fast at forslagsstillar, det vil seie den som
fremjar forslag til plan etter plan- og bygningslova, sjølv skal vurdera om planen fell inn under
forskrifta sitt saklege virkeområdet.
Nedanfor fylgjer ei vurdering av om planen / tiltaket skal handsamast etter forskrift om
konsekvensutgreiing, av 01.01.15:
§2 – Planar som alltid skal handsamast etter forskrifta:
Fylgjande planar skal alltid handsamast etter forskrifta;:
a)
b)
c)
d)
regionale planar med rammer for utbygging, kommuneplanens arealdel, kommunedelplaner med områder for utbyggingsformål, områdereguleringer, og detaljreguleringer på mer enn 15 dekar, som omfatter nye områder til utbyggingsformål, e) områdereguleringer som fastsetter rammer for tiltak i vedlegg I og vedlegg II, f) reguleringsplaner for tiltak i vedlegg I. Vurdering etter bokstav d
Forslagstillar vurderer det slik at planen fell inn under bokstav d, av di planområdet er meir
enn 15 dekar og av di planen omfattar nye område til utbyggingsføremål. Arealet ein ynskjer
å utvide eksisterande masseuttak med er ikkje regulert, og arealet er om lag 30 dekar.
Vurdering etter bokstav f
Forslagsstillar vurderer det slik at planarbeidet fell inn under bokstav f, vedlegg I - punkt 2,
som omhandlar; "Uttak av malmer, mineraler, stein, grus, sand, leire eller andre masser
dersom minst 200 dekar samlet overflate blir berørt eller samlet uttak omfatter mer enn 2
millioner m3 masse, samt torvskjæring på et område på mer enn 1500 dekar".
Planområdet er om lag 230 dekar. Av dette utgjer eksisterande masseuttak om lag 200
dekar, og arealet ein ynskjer å utvide massuttaket med om lag 30 dekar. Eksisterande
masseuttak er regulert.
Utvidingar og endringar av tiltak nemnd i vedlegg I, skal handsamast etter forskrifta, dersom
endringa eller utvidinga i seg sjølv overskrid oppfangingskriteria i vedlegget, jamfør punkt 24,
vedlegg I.
Forslagsstillar vurderer det slik at planen ikkje skal handsamast etter forskrifta av di utvidinga
i seg sjølv ikkje overskrid oppfangingskriteria under punkt 2, vedlegg I.
§3 – Planar som skal vurderast nærmare
Fylgjande planar skal vurderast etter vedlegg III;
a) områdereguleringer som innebærer andre vesentlige endringer av kommuneplan enn angitt i § 2 bokstav d, b) Detaljreguleringer på inntil 15 dekar som innebærer endringer av kommuneplan eller områderegulering, Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
8
c) Reguleringsplaner for tiltak i vedlegg II. Forslagsstillar vurderer det slik at planen ikkje skal vurderast etter vedlegg III fordi planen
ikkje fell inn under oppfangingskriteria under bokstav a til c.
Samla vurdering
Planen / tiltaket er vurdert å krevje konsekvensutgreiing etter forskrifta. Det vil bli utarbeidd
eit planprogram, og dette vil bli sendt på høyring samstundes med melding om oppstart av
planarbeid. Planprogrammet og omfang av utgreingar vert endeleg fastlagt etter
høyringsperioden.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
9
2 PLANOMRÅDET OG TILTAKET
Eksisterande masseuttak på Austrheim og Sørheim er lokalisert ca. 3km aust for
kommunesenteret i Etne. Produksjonsanlegget til Etne Sand og Pukk AS ligg på Tongane
Industriområde like nord for Etne Sentrum.
Produksjonsanlegget til
Etne Sand og Pukk AS
Planområdet sin
lokalisering
ETNE SENTRUM
Figur 1: Flyfoto ovanfor syner planområdet sin plassering i forhold til Etne sentrum
2.1 Avgrensing
Asplan Viak AS har tidlegare utarbeidd eit innspel til pågåande fredingssak for Etne Sand og
Pukk AS, der ein ser på korleis masseuttaka på Austrheim og Sørheim kan formgjevast etter
at drifta tek slutt. Det er utarbeidd to konkrete alternativ til korleis uttaksområde kan gjevast
ei avslutta landskapsform. Begge alternativa innebere at eksisterande uttaksområde vert
utvida mot nord. Alternativ 1, jamfør innspel til pågåande fredingssak, er lagt til grunn for,
plangrensa i nord.
Elles inngår område regulert til eksisterande massetak i planområdet av di ein ynskjer å
vurdere heile området under eit, i ein felles plan. Gjeldane reguleringsplanar inneheld også
krav til istandsetting. Ved utarbeiding av ein felles plan vil det vera føremålstenleg og vurdere
gjeldande krav til istandsetting i høve til vidare drift / utvida uttak.
I samband med oppstartsmøte med Etne kommune vart det avklart at framlegg til
planområde som vist på figur under kan danne grunnlag for vidare planarbeid.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
10
Figur 2: Forslag til plangrense.
Forslag til plangrense utgjer eit samla areal på ca. 230 daa. Av dette er om lag 30 daa
uregulert.
2.2 Tiltaket
Tiltaket omhandlar utviding av eksisterande masseuttak på Austrheim og Sørheim. Totalt
utvida uttak er grovt vurdert til å utgjere om lag 1,1 – 1,3 millionar m3. Om lag 200 tusen m3
av desse massane er planlagt tatt ut frå Åsbø Sanddrift AS sitt uttak på Sørheim medan
resten er planlagt tatt ut frå Etne Sand og Pukk AS sitt uttak på Austrheim. Innspel til
pågåande fredingssak, alternativ 1, er lagt til grunn for denne masseberekninga.
Etter dagens godkjenning har Etne Sand og Pukk nok massar til å kunne drive i 6-8 år til på
Austrheim. Med utvida uttak vil drifta kunne forlengast med 10-15 år, jamfør tiltakshavars
vurdering. Åsbø Sanddrift AS har grovt utrekna ca. 2 års driftstid igjen på Sørheim etter
dagens godkjenning. Eit utvida uttak vil kunne forlenge drifta med ca. 3 år.
Trafikkavvikling:
Planen / tiltaket vil ikkje føre til endra trafikkbelastning (ÅDT) på eksisterande lokalveg, men
verksemda i dei to uttaka vil strekkje seg over fleire år. Trafikkbelastninga på eksisterande
lokalveg har vore uendra sidan 2002 då Åsbø Sanddrift AS starta uttak på Sørheim.
Begge bedriftene har i snitt 2 vogntog som kjører fast/dagleg. Kvart vogntog klarer 2-3
”vender”/turar i timen. Køyretøya har ei nyttelast på ca. 31 tonn. Begge bedriftene har ein
hjullastar i uttaket som vert brukt til pålessing av vogntoga.
Etne Sand og Pukk AS har ein mobil siktestasjon i uttaket på Austrheim som vert brukt til
utsortering av sand/stein/sandmold. Åsbø Sanddrift AS har tidlegare hatt ein tilsvarande
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
11
siktestasjon i sitt uttaksområde på Sørheim, men maskina står ikkje der pr. dags dato. Det er
sjåføren av vogntoga som lesser på vogntoga / siktestasjonen.
Verksemda i sandtaka føregår på dagtid, men ved behov kan det hende at transporten skjer
ut over ordinær arbeidstid (7-16).
Søknadspliktige tiltak:
Planen / tiltaket innebere ingen stasjonære bygg eller installasjonar i uttaksområdet samla
sett.
Driftsmetode:
Sand er ein ikkje fornybar ressurs og tiltakshavar er svært medveten på å forvalte denne
ressursen på best mogleg måte. I tråd med ynskje til Direktoratet for Mineralforvaltning og
norsk bergindustri, har tiltakshavar fokus på at når eit uttak er opna så skal alle massar
innanfor dette området nyttast ut.
Morenmassane på Austrheim ligg lagvis til kor dei grovaste laga ligg i eit belte øvst, deretter
vert massane meir finkorna nedover i laga. Uttaket er i dag slik at ein regulerer uttaket
mellom grove og fine massar slik at dei "beste" og "dårlegaste" materiale heile tida vert
utnytta på mest mogleg måte. Dette er ein kostnadskrevjande uttaksform, men tiltakshavar
ser viktigheita av ein slik produksjonsform i høve målet om god ressursutnytting.
Etne Sand og Pukk har hatt uttak på Austrheim sidan 1955.Uttaket har ei djupne på oppimot
50 meter, noko som betyr at mesteparten av dei massane som er mogleg å ta ut er utnytta.
Etne Sand og Pukk nyttar også stein frå steinuttak på Fikse, levert av Fikse Stein AS, i
produksjonen av byggeråstoff, for slik å kunne utnytte den naturlege sandressursen på
Austrheim meir eksklusivt. Etne Sand og Pukk AS eig Fikse Stein AS.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
12
3 PLANSTATUS
3.1 Verneplan for vassdrag
Etnevassdraget er verna jamfør Verneplan IV for vassdrag. Verneplan for vassdrag er ein
nasjonal verneplan der dei verna vassdraga til saman skal utgjøre eit representativt utsnitt av
Norges vassdragsnatur. Forskrift om rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag skal
leggast til grunn for planlegging etter plan- og bygningslova, (jf. § 17-1, 1. ledd).
3.2 Kommuneplanens
arealdel (2003 – 2013)
Gjeldande arealdel til kommuneplanen
(KPA) vart vedteken 16.12.03.
Eksisterande uttaksområde er vist som
område for råstoffutvinning, uttak av
stein/lausmassar. Tiltakshavar ynskjer å
utvide uttaksområde mot nord. Dette
arealet er vist som Landbruks- natur og
friluftsområde (LNF) i KPA.
Område for eksisterande råstoffutvinning
er vist med restriksjon (skravur) om at
reguleringsplan skal gjelde.
Figur 3: Utsnitt av kommuneplanens arealdel.
3.3 Kommunedelplan for E134
Figur 4: Kartet ovanfor syner ulike trasealternativ for ny E134.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
13
Statens vegvesen har starta opp arbeid med kommunedelplan for ny E134. Planarbeidet vart
lagt ut til offentleg høyring (første gangs handsaming) utpå nyåret 2015. Kartet ovanfor syner
ulike trasealternativ.
3.4 Reguleringsplanar
Samla plansituasjon for godkjende reguleringsplanar som gjeld for arealbruken i området er
vist i kartutsnittet under:
Figur 5: Kartutsnittet gjev oversikt over samla fotavtrykk for gjeldande reguleringsplanar i området.
Reguleringsplan for Steinshagen II, vedteken 13.11.90, planidentifikasjon R-33:
Hovudføremålet innanfor planen er byggeområde, industri.
Figur 6: Reguleringsplan for Steinshagen II. Gul og svart strek markerer plangrense.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
14
Reguleringsplan for Østrem, vedteken 17.06.98, planidentifikasjon R-40:
Arealet innanfor planområdet er i hovudsak regulert til masseuttak. Grøne område er regulert
til landbruksområde; Jordbruk/skogbruk/gartneri.
Figur 7: Reguleringsplan for Østrem, vedteken 17.06.98. Gul og svart strek markerer plangrensa.
Reguleringsplan vegkryss steinshage, vedteken 03.10.00, planidentifikasjon R-67:
Figur 8: Reguleringsplan vegkryss Steinshagen. Gul og svart strek markerer plangrensa.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
15
Reguleringsplan for tilkomstveg Austrheim, vedteken 12.12.00, planidentifikasjon R-75:
Figur 9: Reguleringsplan tilkomstveg Austrheim. Gul og svart strek markerer plangrensa.
Reguleringsplan massetak, Sørheim, vedteken 05.04.01, planidentifikasjon R-47:
Arealet innanfor planområdet er regulert til Massetak / Landbruk.
Figur 10: Reguleringsplan for massetak Sørheim. Gul og svart strek markerer plangrense.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
16
4 OVERORDNA LOVER, FORSKRIFTER OG RETNINGSLINJER
SOM HAR BETYDNING FOR PLANARBEIDET.
4.1 Lover
Plan- og bygningslova skal bestemme uttaksvolum og ivareta omsynet til miljø og samfunn.
Lov om erverv og utvinning av mineralressursar (Minerallova) sikrar mellom anna
Direktoratet for mineralforvaltning retten til å forlange driftskonsesjon (§43) med driftsplan og
at direktoratet kan føre tilsyn med drifta. Driftskonsesjonen sikrar også økonomisk sikkerheit
for opprydding og istandsetting samt eventuell behov for bergteknisk kompetanse for drifta.
Forureiningslova tek i vare utslepp til luft, jord og vatn.
Lov om kulturminne (Kulturminnelova) skal ta i vare omsynet til kulturminner jf.
undersøkingsplikta § 9.
Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfiskloven) sikrar omsynet til
nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Etnefjorden og Ølsfjorden er gjeve status
som nasjonale laksefjordar og Etneelva er gjeve status som nasjonalt laksevassdrag.
Lov om forvaltning av naturens mangfald (Naturmangfaldslova) skal sikre ei heilskapleg og
samla vurdering av tiltaket sin påverknad på omgjevnadane (§ 8-12).
4.2 Forskrifter





Forskrift om konsekvensutgreiing Forskrift om byggesak (byggesaksforskrifta) Forskrift til minerallova omhandlar driftskonsesjonen Forureiningsforskrifta, kapittel 30, sikrar miljøoppfylging i drifta. Forskrift om rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag. 4.3 Retningslinjer

T‐1442/2012, Retningslinje for handsaming av støy i arealplanlegging. Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
17
5 VIKTIGE TEMA OG OMSYN I PLANARBEIDET. UTGREIINGAR I
HØVE TIL FORSKRIFT OM KONSEKVENSUTGREIING
Relevante plantema og problemstillingar vil bli omtalt i planskildringa. Planskildringa vil gjere
greie for eksisterande situasjon i tekst, kart og bilete. Vidare vil planskildringa skildre sjølve
planforslaget med tekst og illustrasjonar, og gjere greie for verknadar/konsekvensar av
planforslaget.
Tema lista opp i punkta under vil verte særleg vektlagt i planarbeidet, og i skildringa av
planforslaget og moglege konsekvensar. Opplistinga tek utgangspunkt i referat frå
oppstartsmøte med Etne kommune samt i eigen tilbakemelding pr. e- post frå kommunen.
5.1 Kulturminne/ freding
Hordaland fylkeskommune har utarbeida forslag til områdefreding etter lov av 9. juni 1978
om kulturminner, (kml) § 19 for Stødleterrassen i Etne kommune. Planområdet overlappar
varsla oppstartsområde i fredingssaka og planen / tiltaket er difor vurdert å kunne vere i
konflikt med nasjonale interesser og utgreiingspliktig etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Etter vår kjennskap er grensa for fredingsområdet til revisjon i Hordaland fylkeskommune.
Det skal lagast eit kulturminnegrunnlag for planområdet som skal nyttast i planskildringa og
konsekvensvurderinga. Kulturminnegrunnlag og ulike kulturhistoriske vurderingar utarbeidd i
samband med fredingssaka for Stødleterrassen, samt kulturminnetema i
konsekvensutgreiing utarbeidd i samband med pågåande kommunedelplanarbeid for ny
E134, skal nyttast.
Kulturminnegrunnlaget skal basere seg på kjent kunnskap og søk i offentlege databasar. Det
skal ikkje gjerast nye registreringar. I konsekvensutgreiinga skal kulturminna i plan- og
influensområde skildrast, og konfliktgraden mellom tiltaket og kulturminne avklarast, både for
automatisk freda kulturminne og for kulturminne frå nyare tid. Eventuelle avbøtande tiltak
skal drøftast.
5.2 Landskap, skråning etter uttak
Det skal gjerast ei verdivurdering av eksisterande landskap, med utgangspunkt i nasjonal
referansesystem for landskap og Hordaland fylkeskommunens rapport "verdivurdering av
landskap i Hordaland fylke". Tiltaket sin konsekvens for landskapet skal vurderast og
eventuelle avbøtande tiltak drøftast. Innspel til pågåande fredingssak, alternativ 1, vert lagt til
grunn for planarbeidet.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
18
5.3 Naturmangfald
Planen og tiltaket sine konsekvensar for naturmangfald skal vurderast i høve til
retningslinjene i naturmangfaldslova. Vurderingane skal gjerast på grunnlag av kjent
kunnskap og registreringar i Naturbasen, Artsdatabanken med fleire. I tillegg vert det gjort ein
utsjekk mot lokal kunnskap (Kommunen) i høve til naturmangfald. Det skal ikkje gjerast nye
registreringar.
Tilhøvet til Etneelva som er verna vassdrag og som har status som nasjonalt laksevassdrag,
vert gjeve særskilt merksemd.
5.4 Veg og trafikk
Ein legg til grunn for planarbeidet at dagens lokalveg inn i uttaksområda, med koplingspunkt
til E134, ikkje skal endrast. Planen / tiltaket vil ikkje endre vegens årlege trafikkbelastning
(ÅDT), men verksemda vil strekkje seg over fleire år. Me viser her til punkt 2.2. Det skal ikkje
gjerast trafikkvurderingar i samband med planarbeidet.
5.5 Eigedomstilhøve / Naboar
Dagens eigedomstilhøve vert skildra og det vil bli gjort greie for eventuelle konsekvensar for
eigedomstilhøva som fylgje av tiltaket.
5.6 Landbruk og jordvern
Plan og tiltak sine konsekvensar for jordbruksareal skal vurderast. Dagens dyrkingsområde
(landbruksareal) vert synleggjort, situasjonen i driftsperioden vert skildra, og endeleg
situasjon vert vist i illustrasjonsplan og skildra i planen.
5.7 Kvartærgeologisk verneverdi
Planen skal skildre området sin kvartærgeologisk verneverdi, og tiltaket sine konsekvensar
for desse verdiande, skal vurderast før ein tek stilling til endeleg omfang av framtidig
uttaksområde. Me viser her til kommunedelplan for sand og grusressursane i Etne kommune
frå 2000. Det skal ikkje gjerast nye registreringar.
5.8 Friluftsliv
Det er ikkje registrert friluftsaktivitet langs elva eller i planområdet, jamfør tilbakemelding frå
kommunen i oppstartsmøte. Potensiale for friluftsliv vil bli omtalt og moglege konsekvensar
vurdert.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
19
5.9 Forureining, avrenning
Overflatevatn frå sandtaka vert i dag fanga opp og handtert ved hjelp av eit avrenning- og
sedimenteringssystem med røyr, kummar, og sedimentdammar før vatnet vert slept ut i
Etneelva. Dammane vert tømde med gravemaskin/hjullaster når dei er fylt opp. Der vatn renn
i opne grøfter vert desse fylt med vaska singel for best mogeleg filtrering. Åsbø Sanddrift AS
har grave drenerande groper oppe på kanten rundt uttaksområde slik at overflatevatn skal
trekke ned i desse i staden for å renne ned i skråning og grave ut massar.
Overskotsmateriale frå produksjonsanlegget på Tongane (leiraktig finstoff) vert i dag køyrt
opp igjen i masseuttaket for utplanering på område som skal tilbakeførast til landbruk. I
praksis vert massane mellomlagra i kortare eller lengre tid, og i periodar med mykje regn
medfører dette ein del avrenning til Etneelva.
Driftsfasen:
Eksisterande system for handtering av overflatevatn skal vurderast i planarbeidet, i høve til
om det er tilfredsstillande, og i høve til om også kan nyttast for vidare drift. Det er eit mål for
planarbeidet at krava i forureiningsforskrifta kapittel 30 skal oppfyllast. Aktuelle avbøtande
tiltak kan til dømes vera avskjeringsgrøfter oppe på platået.
Ein vil vurdera korleis og kvar overskotsmassane frå produksjonsanlegget på Tongane kan
mellomlagrast slik at dei gjev minst mogleg avrenning til Etneelva.
Permanent situasjon:
Det vil bli laga ein heilskapleg istandsettingsplan for tiltaket med utgangspunkt i alternativ 1,
jamfør innspel (Landskapsdelen) til pågåande fredingssak. Moglegheit for open
overvasshandtering og moglege konsekvensar av dette, vil bli drøfta som ein del av
planarbeidet.
5.10 Støv og støy
Støy:
Drifta av sandtaka skjer hovudsakleg på dagtid, jamfør tiltakshavar. Pålessing av vogntog og
mobil siktestasjon skjer inne i sandtaka der drifta er godt skjerma for naboar oppe på
Stødleplatået.
Det vil bli gjort ei berekning av støy i driftsfasen frå maskiner som vert nytta i drifta av uttaka,
i høve til krava i T-1442/2012. Eventuelle avbøtande tiltak vil bli vurdert.
Støv:
Overskotsmassar frå Tongane som vert køyrt tilbake til masseuttaket skaper gjev ein del
støvplager, jamfør tilbakemelding frå kommunen. Tiltakshavar opplyser om at støv kan vera
eit problem i tørre periodar med mykje vind særleg frå aust. Det er særleg 2-3 naboar oppe
på Stødleplatået som oftast vert hardast råka.
Etne Sand og Pukk AS har avtale med Vikedal Mur & Anlegg om vatning av sandtaka i
støvrike periodar ved hjelp av tankbil. Det er i hovudsak vegar med tilgrensande område som
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
20
vert vatna. Tankbilen kan også spyle skråningane dersom vatn frå elva kan nyttast. Det vert
også brukt klorkalsium på vegar for å bitte støvet.
Det må gjerast støvnedfallsmålingar, på utvalde representative stadar, for å kartlegge
konsekvensane av tiltaket i driftsfasen, eventuelle avbøtande tiltak vil bli vurdert.
5.11 Næringsinteresser
Planens verknad for næringsinteresser skal vurderast i planarbeidet. Innspel til
områdefreding, del 1 – verdiskapingsoversikt, vert lagt til grunn for denne vurderinga.
Oversikten, som er utarbeidd av rådgjevingsfirmaet PricewatherhouseCoopers, synleggjer
fylgjer av forlenga drift med omsyn til verdiskaping og skatteinntekter for staten. Fylgjer for
kommunen og lokale bedrifter vert også skildra.
5.12 Avbøtande tiltak.
Avbøtande tiltak vert omtalt under aktuelle tema i planskildringa sitt konsekvenskapittel.
Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX
21
6 PLANPROSESS
6.1 Organisering
Forslagstillar for planframlegget er Etne Sand og Pukk AS. Plankonsulent er Asplan Viak AS.
Etne kommune er planmynde og skal godkjenne planprogram og planframlegg.
6.2 Medverknad
Formelt oppstartmøte med Etne kommune vart halde 31.10.2014. Framlegg til planprogram
vil bli lagt ut til offentleg høyring i perioden 2. februar til 16. mars 2015. Dette skjer
samstundes med varsel om oppstart av planarbeid. Når høyringsperioden er over vil
planprogrammet eventuelt bli supplert eller endra som fylgje av innkomne merknadar.
Forslag til planprogram for utgreiingspliktige reguleringsplanar for mineraluttak skal alltid
leggjast fram for Direktoratet for mineralforvaltning, før det kan handsamast politisk i
kommunestyret (Endeleg fastsetting).
Deretter vert sjølve planframlegget utarbeidd og lagt ut til offentleg ettersyn. Både ved
offentleg høyring av planprogrammet og ved høyring av sjølve planframlegget vil det verte
høve til å kome med skriftlege merknadar til planarbeidet.
Etne Sand og Pukk AS har informert Åsbø Sanddrift AS om at dei har starta opp
reguleringsplanarbeid for begge uttaksområda under eitt. Ytterlegare medverknad utover
vanleg høyringsprosess vil bli vurdert undervegs i planprosessen.
6.3 Framdrift
Framdriftsplanen syner planlagt framdrift fram til og med innsending av planforslag til
kommunen / første gangs handsaming. Det er eit mål at forslag til plan kan leggjast fram for
første gangs handsaming i slutten av mai 2015. Dette avheng av vedtak i planprogrammet
og at planarbeid og eventuelle utgreingar kan gå kontinuerlig. Ved eventuell utsetting, vil
framdrifta verte tilsvarande forkskyvd.
Fase
Planarbeid 2015
1
Planprogram og
oppstart
 Varsel om oppstart. Planprogram til offentleg ettersyn.  Merknadsmøte med kommunen ved behov  Direktoratet for mineralforvaltning  Vedtak planprogram (Fastsett) Utarbeiding av
framlegg til plan
 Plankart 2
Etne Sand & Pukk AS
Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
X
X
Asplan Viak AS
Planprogram, reguleringsplan for masseuttak, Austrheim II. Plan ID: XXXXX




22
Planskildring Føresegner Illustrasjonsplan ROS ‐ analyse 6.4 Plandokument
Planoppgåva omfattar fylgjande leveransar knytt til ein ordinær planprosess:





Plankart Føresegner Planskildring Illustrasjonsplan (Plan for istandsetting) Ros ‐ analyse 7 KJELDER OG GRUNNLAGSMATERIALE














Lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan‐ og bygningslova, 2008) Lov om erverv og utvinning av mineralressursar (Minerallova) Lov om kulturminne (Kulturminnelova) Forureiningslova Lov om forvaltning av naturens mangfald (Naturmangfaldslova) Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse‐ og innlandsfiskloven) Forskrift om konsekvensutgreiing (2009) Forskrift om rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag. Temarettleiar ‐ Uttak av mineralske førekomstar og planlegging etter plan‐ og bygningslova. www.fonnakart.no www.etne.kommune.no www.ngu.no Vedtaksbrev frå Riksantikvaren av 29.04.13 (Pågåande fredingssak) Innspel til områdefreding av Stødleterrassen, Etne kommune (Utarbeidd av Etne Sand og Pukk AS) med tilhøyrande vedlegg:  Verdiskapingsoversikt, PricewaterhouseCoopers  Brev Ølen Betong AS  Kartoversikt dyrka areal, Procon AS, med vedlegg.  Landskapsdel, utarbeidd av Asplan Viak AS Etne Sand & Pukk AS
Asplan Viak AS