VELKOMNE TIL ‘FESTSPELA I HEIDAL’, BAKKETUN 27. OG 28.6. 2015 Program laurdag: 1200 Kunstvernissage i Nye Galleri Bakketun 1300 Opning av loppemarknad. Øystein Schjetne frå Colombia opptrer og fortel om arbeidet sitt med prosjektet Golden Colombia i Cartagena. Inntektene for loppene går til skulen han driv for barn. Vallenatosang. 1330 Presentasjon av videokunst av Åslaug Krokann Berg og av Kristin Bergaust 1430 Kaffeservering v Neue Kafé Barbara med gjest på trekkspel Camilla Barrath Due 1500 Litteraturdelen opnar med ei fellesframføring av Vigdis Hjorth og Sandra Kolstad. Steinar Opstad, Henning H. Bergsvåg, Atle Hansen og Arne Østring les eigne tekster. Bokbad av Vigdis Hjorth v. Synne Åsholt og Ragnar Hovland 1730 Grilling og mingling på plenen 1830 Catwalk, eit samarbeid mellom Annabeth Kolstø og Ingunn Bakke 1900 Konsert Ole Jonny Bekkemellem, Atle Hansen, Ragnar Hovland, Øystein Schjetne, Sandra Kolstad, David Aasen Ønskekonsert med låvedans Program søndag 1230 Presentasjon av hennnar film frå Colombia, Tora Uhrn 1300 Pernille Skar Nordby fortel om kunsten i Nord Korea og viser bilder 1330 Bildekunstnarane presenterer kunsten sin; Päivi Laakso, Egil Martin Kurdøl, Asle Nilsen, Gerd Tinglum, Alexis Pucho Parra, Svein Mamen, Eva Berge, Per Christian Vatn, Eli Berge, Hanne Øverland, Ingunn Bakke, Gunnhild Bakke 1430 ‘Verda på Tunet’, Tove Bakke + upubliserte tekster og uventa innslag I Heidal Kapell viser Eva Berge ei separatutstilling med maleri. Utstillinga opnar laurdag og vil vare utover i juli Det blir arrangert ein basar med fine gevinstar til inntekt for festivalen (alle deltakarane opptrer utan vederlag). Vi anbefaler å ta med kontantar med tanke på både loppemarknad og basar! (Lopper er velkomne) Inngang kr 100, gjeld for heile festivalen. Barn gratis. Folk må ta med seg det dei treng av mat og drikke! VELKOMNE!
© Copyright 2024