2014 Årsmelding Telemark sau og geit Aktivitetsveke for born i haustferien. Dyrskuplassen i Seljord Foto: Torhild F Sisjord ÅRSMØTE I TELEMARK SAU OG GEIT Telemark Sau og Geit 6-7 mars 2015 på Morgedal Hotell Årsmøte er ope for alle medlemmer av TSG, men berre utsendingar har stemmerett. Me håpar mange nyttar moglegheita til og kome saman til fagprat og sosialt samvær. Av omsyn til servering ber me om at også dei som berre skal delta på dagmøte melder seg på innan fristen. Me ber dykk snarast melde på deltakarar til sekretæren – tlf. / SMS 902 04 121 eller e-post Kr 1200- pr. person i dobbeltrom. Dagmøte inkl. lunsj kr 380,Møtedeltakerne betalar i resepsjonen før avreise. Siste frist for påmelding er 26.02.2015 Årsmeldinga ligg også på Telemark sau og geit sine nettsider http://www.nsg.no/telemark/ , som PDF, og kan hentast der. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 1 TELEMARK SAU OG GEIT Fylkeslag av Norsk Sau og Geit Kontoradresse ved sekretær: (betalt av Nortura) Torhild F Sisjord Bygdesentralen 3690 HJARTDAL Mob 902 04 121 e-post: [email protected] Innhald: Innkalling Kontoradresse og innhald Fagdel-invitasjon Program årsmøte Helsing frå leiaren Melding frå styret driftsåret 2013 o Tillitsvalte i TSG o Lokallagsoversikt o Årsmøtereferat 2013 o Liste over styresaker i 2014 o Heimeside o Utviklingstrekk sauehold Telemark o Rovvilt o Tur til Sveits o Dyrskuen i Seljord o Geit o Klyppekurs o Avlsarbeid på sau o Innspel til jordbruksforhandlingane o Aktivitetsveke for barn i haustferien o Haustsamling o Årsrapport frå beiteutvalet o Årsmelding frå TGL o Arbeidsplan o Rekneskap 2013 o Budsjett 2014 Årsmelding Telemark sau og geit 2014 side 1 2 3 4 5 6 7 8 11 12 12 14 19 25 26 26 26 29 30 30 32 32 36 38 39 Side 2 Den viktigaste ressursen Ope møte om bonden i med- og motgang Fredag 6. mars 2015, kl. 15.00-18.00 på Morgedal Hotel Kl.14.00 Oppmøte, innkvartering. Enkel servering Me inviterar gardbrukaren, bondefamilien og andre interesserte til ettermiddagsmøte om psykisk helse. Bønder er som andre folk. Mange vil difor ein eller annan gong oppleve at ein sjølv, eller nokon i nærleiken slit med psykiske plager. Me får besøk av Karstein Bergset, sauebonde som vart sjuk og slurva med fjosstellet. Korleis kan det bli så gale fatt med ein mann at han sluttar å gi dyra sine mat? "Eg har heldt føredrag om emnet og brukar å be folk om å tenkje på ein kjøkkenbenk. Ein drikk kaffi til frukost og set ein den uvaska koppen på kjøkkenbenken. Så seier ein til seg sjølv, eg tek oppvasken til lunsj. Når lunsjen kjem, tek ein heller ein ny kopp. Så set ein den nye uvaska koppen att på kjøkkenbenken, saman med den frå frukosten. Til middag gjer ein det same. Etter nokre dagar dett den første koppen i golvet" ( henta frå Nationen 8.2.2013) Med på møtet vert også prostediakon Eilev Erikstein som delar tankar omkring tema: - Ta vare på seg sjølv, fange opp signal og handle…. Kl. 19.30 MIDDAG med utmerkingar, lotteri og god stemning Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 3 Laurdag 7. mars 2015 Kl. 10.00 Årsmøte - saksliste: Opning ved leiar i TSG, Jon Aslak Austjore Sak 1: Opprop, godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden Sak 2: Val av 2 representantar til, saman med møteleiaren, underskrive protokollen Sak 3: Årsmelding 2014 Sak 4: Rekneskap og revisorrapport 2014 Sak 5: Arbeidsplan 2015 Sak 6: Budsjett 2015 Sak 7: Val: - Leiar (for eitt år) - 2 styremedlem (for to år) - Nestleiar (veljast mellom styremedlemmene- eitt år) - 3 varamedlemmar til styret (for eitt år) - 1 ny representant i valnemnd (for tre år) - møteleiar for årsmøte i 2016 Sak 8: Godtgjersler til styret Sak 9: Handsaming av innkomne saker og uttaler Kl. 14.00 Avslutning med lunsj og vel heim. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 4 Gode småfehalderar ! Året 2014 er no tilbakelagt. Eit nytt år med nye moglegheiter og utfordringar ligg framføre oss . Me har i fjoråret fått det fyrste jordbruksoppgjeret med ei blå-blå regjering . Ein fekk retta opp litt av statens tilbod ved hjelp av "støttepartia". Men ein ser at det skin gjennom ein politikk som på sikt ikkje vil gagne oss som driv i primærnæringane ! Det er ikkje bare på det politiske plan utfordringane er store. Utnyttinga av beiteresurssane i utmark blir for mange stadig meir krevjande . Mange slit med store tap til rovdyr. Gaupa stod for mesteparten av tapa i fjor. Men også ørn er dokumentert. Ørna tek nok atskillig meir lam enn me klarer å påvise. Me fekk eit "kvileår" med tanke på ulveskader. Det trur eg nok dessverre er forbigåande . Fleire stygge episodar med laushundar vart også rapportert om i 2014. Eit aukande problem ! Det har i 2014 vore eit stort aktivitetsnivå i TSG .Mange av arrangementa er gjort i samarbeid med saueprosjektet ,som no er inne i avslutningsfasen. Saueprosjektet har ute lukkande vore ein stor suksess ! Ikkje minst takka vera gode medarbeidarar, velviljuge eigarar og finansiørar i Telemark fylkeskommune og Fylkesmannen i Telemark. Fagturen til Sveits var den store "hæppningen " i 2014 . Takk til alle som bidrog til at me fekk ein kjempetur ! Geitemiljøet i Telemark er blant det beste i landet , både når det gjeld mjølkekvalitet og profesjonalitet . Det er 17 leverandørar til Tine sitt anlegg i Haukeli , samt fleire som driv med sjølvforedling. Mykje av aktiviteten til geitehalderane gjeng føre seg i produsentlaget, men det gje det ikkje mindre viktig, at me som organisasjon tek vare på dei ! Årets vèrutstilling i Seljord samla mange gamle og nye interessera sauehalderar . Avlsbesetningane i Telemark ligg på eit høgt nivå , men me har sjølvsagt endå mykje å strekke oss etter ! Gjetarhundlaget er ein gjeng med svært aktive og interessera folk ! Noko som gjev gode resultat , ikkje bare i Telemark ,men og utanfor fylkesgrensa. Telemark har for tida leiaren i Gjetarhundrådet , som forøvrig gjorde det særdeles bra i NM .Gratulere Arne ! Ein stor takk til alle medlemmane i TSG som gjer til at me he ein livande organisasjon . Takk til styremedlemmane i TSG , som gjer det triveleg og vera styreleiar ! Takk til Nortura SA som held oss med Torhild, som sekretær .Utan Torhild «ingen» TSG ! Til slutt vil eg ynskje alle eit godt år i 2015 ! Husk du har verdens viktigaste jobb !!!!! Lukke til ! Jon Aslak Austjore Leiar Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 5 Tillitsvalte i Telemark Sau og Geit 2014 Leiar: Jon Aslak Austjore, Mo-Byrtevegen 1792C 3880 Dalen Mob:97972570 / e-post [email protected] eller [email protected] Representantskapet I Telemark Landbruksselskap Representantskapet I NSG Leiar av Avlsutvalet for sau Rovdyr TSG sin representant i saueprosjektet. Nestleiar: Turid Opsund Mæland, Natadalvegen, 3841 FLATDAL Mob: 98636063/ e-post [email protected] Representantskapet i NSG – vara Gjetarhundkontakt Kursansvarleg Web-ansvarleg Gunnar Haugo, Vå , 3864 RAULAND Mob 97578643 / e-post: [email protected] TSG `s kontaktperson på geit Ellen G Landsverk Øyfjelvegen 753 , 3891 HØYDALSMO Mob 94144623 / e-post: [email protected] Kasserar Ansvar i samband med dyrskuen Styremedlem: Sigmund Strand, Pålerudvegen 77, 3650 Tinn Austbygd Mob 90035486 / e-post [email protected] Leiar av beiteutvalet. Ansvar i samband med Dyrskuen Varamedlemmar: Ann Kristin Teksle: Knut Rønningen Hege Gonsholt Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 6 LOKALLAG OG ANTALL MEDLEMMER I alt 14 lokallag er tilslutta TSG. Tabellen gjev oversikt over lag og medlemmer mottatt frå NSG pr. 16.12.2013 Lokallag Leiar Midt-Telemark Sau og Geit Kåre Vidar Førland Vestmar Sau og Geit Jostein Aarø Flatdal Sau og Geit Jarle G Kittilsaa Fyresdal Sau og Geit Guro Libjå Adresse Livegen 236 3800 Bø Nygård 3766 SANNIDAL 3841 Flatdal Grenland Sau og Geit Morten Tveit Hjartdal Sau og Geit Gunvor Særsland Fardal 3870 FYRESDAL Kaffihaugen 3692 SAULAND Stavdalsvn 546 3729 SKIEN 3690 Hjartdal Kviteseid Sau og Geit Jan Toralf Omtveit 3850 Kviteseid Tokke Sau og Geit Olav Blikom Nissedal Sau og Geit Olav Borstad Blikomvegen 70 3849 Vråliosen 4860 Treungen Aust-Telemark Sau og Geit Sigbjørn Stavland Tinn Sau og Geit Barbro Stordalen Tuddal Sau og Geit Sigrid Dahl Vinje og Rauland Sau- og Geit Åmotsdal Sau og geit Tone Edland 3895 Edland Bjørn Åsmund Groven 3841 Flatdal Totalt tal medlemmar År 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Tollefsjord 3650 Tinn Austbygd 3697 Tuddal Medlemmer Tal 2014 utsendingar 40 5 20 3 17 2 22 3 37 4 10 2 18 2 17 2 33 4 4 1 34 4 8 2 44 5 11 315 2 41 Hovudmedlem Husstandsmedlem Støtte- eller æresmedlem 442 55 429 52 403 49 367 36 344 39 331 40 324 30 317 32 312 38 312 50 290 56 280 45 264 40 10 262 39 14 Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Totalt 497 481 452 403 383 371 354 349 350 362 346 325 314 315 Side 7 Årsmøtereferat Årsmøtet i Telemark sau- og geit, halde 1. mars 2014 på Morgedal Hotel. Leiaren opnar med å informere om at alt er bra med Torhild, og gjev ordet til ordstyrer Aslak Snartland. Sak 1. Opprop, godkjenning av innkalling, saksliste og forretningsorden. 24 utsendingar frå 9 lokallag Innkalling, sakliste og forretningsorden godkjend utan merknader. Sak 2. Underskriving av årsmøtereferat Til å underskrive årsmøtereferatet vart Hege Gonsholt og Robin Dalen valt. Sak 3. Årsmelding frå styret og rapportar frå nemnder/utval Leiar av TSG, Jon Aslak Austjore presentera årsmeldinga. Vibeke Pederesen presentera årsmeldinga for TGL. Dette kom fram i ordskifte: Gunnar Haugo mener at det skulle vært tatt med at Hege Gonsholt har fått best granska bukk. Jon Aslak Austjore sier det kommer med til neste år. Aslak Snarteland gir styret honnør for ei fyldig årsmelding. Årsmelding frå styret og rapportar frå nemnder og utval vart teken opp til votering og godkjent Sak 4. Rekneskap og revisorrapport. Kasserar, Tor Isak Oxum la fram rekneskap. Dette kom fram i ordskifte Spørsmål om uteståande fordringar. Tor Isak forklara at det var noko gamalt som hang att. Spørsmål om solidaritetskontoen. Skal den stå eller bli slått saman? Finns ikke stattutar? Men Gunnar mener hensikten var å hjelpe ved store rovdyr plager. Rekneskap avgjeve av styret vart teken opp til votering og godkjent med dei merknader som framkom. Rapporten frå saueprosjektet skulle vore tatt under årsmeldinga, men kjem inn som ein mellomsak. Joachim la fram rapport frå saueprosjektet. Gunnar foreslår å ta et besøk i Vå. På støl hjå Hege Gonsholt og sauefjøset til Georg Romtveit. Sak 5 og 6 ble bytt om. Etter forslag fra ordstyrar. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 8 Sak 6. Budsjett 2014. Tor Isak Oxum la fram forslag til budsjett. Dette kom fram i ordskifte Gunleik Mæland mener tilskudd til tur er veldig bra. Er mye på konto. Tor Isak seier at laget har råd til det. Framlegg til budsjett vart samrøystes vedtatt. Sak 5. Arbeidsplan 2014. Jon Aslak Austjore presentera styret sitt framlegg til arbeidsplan 2014 Dette kom fram i ordskiftet. Styret skal styrke TSG sin økonomi osv. (presisering av en setning i planen) Gunnar Haugo meiner det må gjerast noe på geit. Da mange geitehaldarar ikkje føler noko tilknyting til NSG: Jon Aslak mener mykje er gjort, men at ein sikkert kan gjere mer. Viktig arbeid. Gunnar meiner også at det bør være eit kje prosjekt. Særlig med tanke på ny teknologi og at prisen har auka på kjekjøtt. Også inkludert koppelam. Årsmøte gjev si tilslutning til dette. Hege Gonsholt foreslår at det skal arbeidast med og spreie den avlsmessige framgangen på geit. Jon Aslak Austjore tek ansvaret for å få dette inn i arbeidsplanen for TSG. Arbeidsplan lagt fram til votering og samrøystes vedtatt med dei tillegg som framkom i ordskifte. Sak 7. Val. Gunnar Haugo la fram valnemnda si innstilling Framlegg til styre: Leiar Jon Aslak Austjore, Tokke sau og geit attval Styremedlem Turid Opsund Mæland, Flatdal sau og geit ikkje på val " Sigmund Strand, Tinn sau og geit ikkje på val Ellen Landsverk ny Gunnar Haugo ny 2015 2013-2014 2013-2014 2014-2015 2014-2015 Nestleiar (veljast mellom styremedlemmene): Opp til styret og peike ut nestleiar Varamedlemmar til styret (veljast for eitt år): 1. Varamedlem 2. Varamedlem 3. Varamedlem Ann Kristin Teksle Knut Rønningen Hege Gonsholt Samrøystes valt Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 9 Revisorar: Øystein Høgetveit- attval. og Sigrid Nykos Vinje – ikkje på val Valkomité: Erik H Haatveit Tor Einar Lid Tone Edland 2012-2014 2013-2015 2014-2016 Samrøystes valt Aslak Snarteland samrøystes valt som ordstyrar på årsmøte 2015 Sak 8. Godtgjersle til styret Dette kom fram i ordskifte Gunleik Mæland meiner det burde vore møtegodtgjersle. Forslag om at potten som i dag er på ti tusen, og øyremerka rovvilt møte blir auka til 16000,- og ikkje lenger bare for rovvilt møter. Vedtak Der leiar, eller leiars stedfortreder representerer TSG, skal det utbetales godtgjørsles på kr 1600 kr per dag. (800,- halv dag) Max kr 16000 per år. Forslag til møtegodtgjersle skal leggas fram frå valnemnda til årsmøte 2014 Statens sats på km godgjøring er gjeldende innværende år. Sak 9. Innkomne saker: / handsaming av uttalar Ingen innkomne saker. Tone Edland frå styret i NSG informera og refser. Ho etterlyser meir innspel frå TSG til jordbruksforhandlingane. Informera litt om rovdyr arbeidet. Jon Aslak svarer om innspel til forhandlingane. Han har vore på møte med Bondelaget, og har gjeve innspel frå TSG via den kanalen. Skal også sende disse innspela til NSG. Aslak refererer at det er sagt frå sentralt hold at fylkeslagas innspel ikkje skal sendes til bondelaget men bare rett til NSG Årsmøte syns det ikkje nødvendigvis er ein god ide og meiner det er naturleg å sende innspel både til Telemark Bondelag og NSG. Jon Aslak tar opp problema med å få folk fra sentralt hold til å møte på Dyrskun. Blir sendt brev. Tone er klar over problemet. Årsmøte ferdig. Kirsti og Tor Isak blir takka for innsatsen dei har gjort i styret for Telemark sau og geit. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 10 Liste over styresaker i 2014 Styremøte 16.01.14 o Referatsaker o Årsmøte 2012- Detaljplanlegging og gjennomføringsplan o Årsmelding Styremøte 31.03.14 o Referatsaker o Kontinuering av styret og fordeling av arbeid i styret og mellom styret/sekretær. Ikkje utfyllande liste over arbeidsområde: Rovdyr, beitebruk, saueprosjekt, dyrskuen, heimesider, avl, geitekontakt, kursansvarleg, haustsamling. o Evaluering av årsmøte 2013 o Aktivitetar i 2014 o Møteplan 2014 Styremøte 23.06.14 o o o o o o Referatsaker Planlegging av aktivitetane på Dyrskun Arbeid med skadefellingslag Oppfylging av årsmøte sine innspel Planlegging av haustsamlinga Eventuelt: Livdyrhandel, Bankkonti, Brønnøysundregistrene, aktivitetsdag for barn i haustferien, Klyppekurs. Styremøte 28.08.14 o o o o o o o Sveitstur Planlegging av Dyrskuen-14 Skadefellingslag Planlegging av haustsamlinga 14-15 november Revisjon av lagslovene Innføring av livdyr over fylkesgrensene Opningstaler på Dyrskuen Styremøte 19.12.14 o o o o o o Referatsaker Evaluering av haustsamling Planlegging av årsmøte Årsmelding Økonomi Gründercamp- Søve Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 11 Telemark sau og geit si heimeside. Styret har eit mål, og ein vilje til å være mest mogeleg synleg og tilgjengeleg for medlemmane i organisasjonen. Dei aller fleste aktivitetane vert lagt ut på heimesida. http://www.nsg.no/telemark/ I tillegg vert det dela på facebook. Via nettsida http://www.nsg.no/ har du som medlem tilgang på min side. Oppmodar alle om å logge seg på med medlemsnummer, få tilsendt passord og sjekke medlemsopplysningar. Skal me som fylkeslag, bruke desse opplysningane må dei være korrekte. Alt for mykje post kjem i retur. Utviklingstrekk i saueholdet i Telemark Sauetal i Telemark 27900 27076 26423 25752 24854 24767 24194 2007 2008 2009 2010 2011 2012 23944 2013 2014 363 363 2013 2014 Bruk med sau i Telemark 439 413 399 399 390 374 2007 2008 2009 Årsmelding Telemark sau og geit 2014 2010 2011 2012 Side 12 Utvikling klasse- Telemark 8 7,64 7,34 7,29 6,61 2007 8,04 7,81 6,61 6,76 7,29 7,64 7,34 8 7,81 8,04 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 18,5 18,13 18,37 18,55 17,62 18,66 18,01 19,28 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 61,44 63,62 70,07 72,72 65,81 73,08 69,19 75,11 6,76 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Utvikling vekt - Telemark 19,28 18,66 18,55 18,37 18,05 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 18,13 18,1 17,62 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Utvikling stjernelam - Telemark 75,11 73,08 72,72 70,07 69,19 65,81 63,62 61,44 2007 2008 2009 2010 Årsmelding Telemark sau og geit 2014 2011 2012 2013 2014 Side 13 Rovvilt Freda rovvilt er ein vedvarande trussel for småfenæringa i Telemark. Kvotejakt på gaupe 1. februar–31. mars I Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand er det kvotefri jakt. I dei andre kommunane er kvota på fire dyr til saman. Rovviltnemnda i region 2 har framleis eit mål om å redusere gaupebestanden ned mot det nasjonalt fastsette bestandsmålet for regionen. Ut frå dette er det vedteke ei kvote på 30 dyr for kvotejakt på gaupe i 2014. Av desse kan det maksimalt vere 12 hodyr eldre enn eitt år. 28 dyr, av desse inntil ti hodyr eldre enn eitt år, tildelast ved jaktstart. Familiegrupper av gaupe som går saman er unntatt løyvet fram til 15. februar. ( henta frå http://www.fylkesmannen.no/Aust-Agder/Miljo-ogklima/Rovvilt/Kvotejakt-pa-gaupe-fra-1-februar31-mars-1/) Det fastsettes åtte jaktområder med følgende avgrensning: Jaktområde A: Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes og Flå kommuner i Buskerud. Jaktområde B: Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg kommuner i Buskerud. Jaktområde C: Modum, Krødsherad, Sigdal, Ringerike, Hole, Lier, Røyken og Hurum kommuner, og Øvre Eiker, Nedre Eiker og Drammen kommuner øst og nord for Drammensvassdraget, i Buskerud. Jaktområde D: Vestfold fylke, Kongsberg kommune og Øvre Eiker, Nedre Eiker og Drammen kommuner vest og sør for Drammensvassdraget, i Buskerud fylke og Nome, Skien, Porsgrunn, Bamble og Siljan i Telemark. Jaktområde E: Tinn, Seljord, Hjartdal, Notodden, Bø og Sauherad kommuner i Telemark. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 14 Resultat av jakta 2014: 28 dyr av en kvote på i alt 30 ble felt. Ni er felt i Buskerud, 16 i Telemark og tre i Vestfold. Av hunndyrkvota på tolv voksne dyr ble elleve felt. I tillegg er det felt ei gaupe i den del av Aust-Agder som har kvotefri jakt. Rovviltnemnda fastsatt en kvote på i alt 30 gauper i rovviltregion 2 (Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder), hvorav 28 fra jaktstart. Tilleggskvoten ble benyttet som følge av overskyting i jaktområde E. Kvoten var fordelt på sju jaktområder, og det ble felt dyr i alle. I alt ble det felt 21 voksne dyr, ti hanner og elleve hunner, og sju årsunger. I deler av Aust-Agder fylke (Jaktområde H) er jakt på gaupe ikke kvoteregulert (kvotefri jakt), og her ble det felt ett dyr (årsunge, hann). Henta frå http://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMBU/Milj%c3%b8%20og%20klim a/Rovvilt/Kvotejakt%20p%c3%a5%20gaupe/Kvotejakt%202014/Resultat%20for%20kvoteja kt%20p%c3%a5%20gaupe%20i%20Region%202%202014.pdf?epslanguage=nn Erstatningsoppgjør 2014 Fylkesmannen har behandlet 77 søknader om erstatning for tap av sau etter forskrift. Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt er fastsatt av Klima- og miljødepartementet 30. mai 2014. Søknadsfristen var 1. november. I 2013 mottok og behandlet Fylkesmannen 115 søknader og betalte ut en samlet erstatning på kr 3.278.416,-. Erstatningen omfattet 176 sauer og 1389 lam. Behandlingen i 2013 ble gjort etter gammel forskrift fastsatt av Miljøverndepartementet i 1999. Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 15 Dette innebærer at det har vært en betydelig nedgang i antall søknader fra 2013 til 2014. Nedgangen er på 33 prosent. Fylkesmannen antar at dette bl.a. skyldes stor gaupekvote og stort uttak av gauper i rovviltregion 2 (Aust-Agder, Buskerud, Telemark og Vestfold) i februar-mars 2014, samt at det ikke har vært konstatert ulv som skadegjører i fylket i 2014. I 2013 var det store skader forårsaket av ulv i bl.a. Hjartdal og Seljord. Søknadene i 2014 fordeler seg på 16 av fylkets 18 kommuner. Fylkesmannen har ikke mottatt søknader fra brukere i Porsgrunn og Skien. Flest søknader kom inn fra brukere i Tokke (11) og Seljord (12). Fylkesmannen har etter dette innvilget 76 søknader og gitt erstatning for 92 voksne sauer og 696 lam. Dette gir en samlet erstatning på kr 1.891.584,-. De fleste dyr er erstattet som drept av gaupe (77 sauer og 663 lam). Antall sau og lam søkerne mener er tatt av ulike rovdyr og andre årsaker (ulykke, sykdom). Tapsårsak Gaupe Jerv Ulv Bjørn Kongeørn Fredet rovvilt* Andre årsaker enn rovdyr Sum sau og lam tapt 1298 Sau 216 Lam 1082 14 8 22 4 1 70 34 74 35 54 157 211 Sum tapt til rovdyr 235 1194 1429 Sum tapt på beite totalt 289 1351 1640 *)Fredet rovvilt: Ikke spesifisert hvilken skadegjørende art det dreier seg om. Gode og dårlege dager Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 16 Viser antall dokumenterte tap av sau/lam til fredet rovvilt i Telemark i 2014 fordelt på kommuner. Dødsårsak rovvilt 2014 Gaupe Kommune Dok Kongeørn Ulv Fredet rovvilt Antatt Usikk Dok Antatt Usikk Dok Antatt Usikk Dok Antatt Usikk Sum Bamble 1 4 2 1 0 0 0 2 4 0 0 6 3 0 0 1 9 1 1 Bø 2 Drangedal 1 Fyresdal 1 2 Hjartdal Kragerø Kviteseid Nissedal 1 1 Nome 2 1 1 Sauherad 2 3 1 Seljord 1 1 1 Notodden Porsgrunn Siljan Skien Tinn 1 Tokke 6 Vinje 1 1 15 Sum 2014 8 7 Hund: 5 skadedokumentasjonar Vinje 2, Hjartdal 2, Fyresdal 1 0 0 1 0 0 0 Ulykke: 1 skadedokumentasjoner Ikke rovvilt:14 skadedokumentasjoner Rev: 2 skadedokumentasjonar Hjartdal og Bø 0 0 0 Sum skadedokumentasjoner: 71 mot 107 i 2013. fordela på 13 kommuner Ukjent/Usikker:18 skadedokumentasjoner Rovviltnemda i region 2: Leiar: Ruud Jørund A. [email protected] 90913996 Medlem: Hanson Unni [email protected] 41516272 Medlem: Helgesen Gunn Marit [email protected] 99408845 Medlem : Austad Knut A [email protected] 41516302 Medlem: Sandum Anne [email protected] 91562945 Vara: Messel Maiken [email protected] 99773063 Vara: Dahl Eide Beate Marie [email protected] 91739893 Vara: Mæland Edvard [email protected] 90043025 Vara: Hunskaar Øyvind [email protected] 91739027 Vara: Stavn Ole Johnny [email protected] Årsmelding Telemark sau og geit 2014 31 91370017 Side 17 Rovviltkontaktar i Telemark Navn og adresse Fosse, Øyvind 3692 Sauland Kontaktdetaljer Ansvarsområder / Kommunar Tlf:35 02 32 09 Notodden, Bø og Sauherad, Hjartdal, Seljord og Tinn og Kviteseid kommune Mobil:481 48 405 Mobil:952 58 438 Bamble, Drangedal og Kragerø Kirkeby Hilde Tveit Bostrak, 3750 Drangedal Olaf Dysvik Bergsveien 103 3960 Stathelle Olsnes Sveinung Åmotvegen 8, 3890 Vinje Roer, Ole Hauggrend, 3870 Fyresdal Mobil:970 30 435 Skien, Siljan, Porsgrunn, Nome og Bamble. Tlf jobb:902 13 655 Vinje og Tokke Tlf:35 04 25 37 Nissedal og Fyresdal Mobil:976 65 517 Rovdata.no Rovdata er ein sentral aktør i arbeidet med å kartlegge og overvåke gaupe, jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn i Norge Rovdata leverer overvåkingsdata og bestandstall på gaupe, jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn i Norge til forvaltning, media og publikum. Rovdata har ansvaret for formidling, drift og utvikling av Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt. Rovdata er etablert som en selvstendig enhet med egen leder og stab i Norsk institutt for naturforskning (NINA) Du har her mulighet til å registrere deg som rapportør og melde inn spor og sportegn, synsobservasjonar og fotografi. Ved å nytte denne muligheten kan kvar enkelt vere med og synleggjere antall rovvilt i vårt distrikt http://www.artsobservasjoner.no/storerovd Årsmelding Telemark sau og geit 2014 Side 18 Tur til Interlaken, Sveits med "Sauekjøtt, ja d e gøtt" og Telemark sau og Geit Ein reiseklar og spent gjeng sette seg på bussen 7. august klar for tur til Sveits med saueprosjektet "Sauekjøtt, ja d e gøtt" og Telemark sau og geit. Fulle av forventningar bar det innover til Gardermoen. Ettersom me nærma kånn flyplassen steig stemninga. På Gardermoen stad reiseleiaren frå Idereiser klar. Han fekk "alle mann" trygt gjennom både bagasjelevering og sikkerhetssjekk… Om bord på flyet gjekk det ikkje lenge før flyvertinna spurde «hvor mange er det av dere da? »… spørs om me var noko breie i målet og høglydte der me satt, midt i flyet, og skravla om sau, kyr og anna bondevas! Framme i Zürich blei me skjussa med buss til Interlaken. Det var seint på kvelden og mørkt så me fekk ikkje det store inntrykket av landet, tross ein nesten 3 t lang busstur. Vel framme på hotellet som skulle vere basen vår i 5 dagar fekk me utdela fine rom og eit godt måltid før det bar i seng etter ei lang reise! Dag 1 Når me som bønder er ute på tur må me ta hensyn i forhold til smitte. Programmet var fritt for gardsbesøk dei fyrste 48 timane. Det la ingen dempar på stemninga eller opplevingane. Me starta fyrste dagen med å treffe eigarane av hotellet, som var norske. Dei tok kånn med på ein rusletur i byen Interlaken og ein aller så liten båttur tilbake til hotellet. Etterpå var planen å ta taugbanen opp på Harder Kulm. Ein flott fjelltopp med utsikt over heile Interlaken. På toppen låg Berg restaurant. Her fekk alle seg eit godt måltid, etterpå hadde me ein del timar til eigen disposisjon før middag på hotellet seinare på kvelden. Nokon nytta seg av sjansen til å reise ned til byen og rusle i gatene der, mens andre ville nyte ein flott ettermiddag på toppen av Harder Kulm med ein kald øl. Dei treigaste rakk å koma seg ned frå fjellet og tilbake til hotellet for middag med eit nødskrik! Etter ein fin 3 rettars middag blei det ein runde i byen for å sjå om der var noko liv. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 19 Dag 2 Dagen starta med ein busstur til Ballenberg. Me vart dela inn i to grupper og fekk kvar vår guide som visa oss rundt. Ballenberg er eit friluftsmuseum på eit 660 mål stort område. Her var det samla gamle bygningar frå alle delar av sveits. Dei var sett i stand slik dei opprinneleg var og viste kor mange ulike byggemåtar dei hadde i dei ulike delane av Sveits. Det var aktivitet på heile museet, bygningane stod ikkje tome – i bakeriet laga dei brød, i fjøset var det dyr osv. Det var veldig spennande å sjå, her var mykje liv og røre. Rundturen slutta med ein god lunsj. Bussen stod klar og tok kånn med til brygga. Me skulle ta båten tilbake til Interlaken. Ein kjempeflott båttur over Brienzersee der me fekk sjå dei bratte liane med kulturlandskap. Vel tilbake på hotellet fekk me igjen ein fin 3 rettar middag. Etter middagen tok me også denne kvelden ein tur ut på byen, her var det mykje liv, mange pubar og koselege folk! Store, staute karar treng også ein pust i bakken. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 20 Dag 3 Denne dagen hadde mange store forventingar til. Me skulle høgt til fjells og fekk med oss eit par lokale guidar på turen. Etter frukost bar det rett på bussen og avstad til Engstlenalp. Ein bratt og smal veg med ein bussjåfør som aldri hadde køyrd der før. Var litt på kanten for nokon av kånn, men me kom kånn trygt både opp og ned. Me køyrde opp i ein dal med eit fantastisk kulturlandskap. Her låg det fleire stular oppover fjellet. På toppen der vegen slutta, om lag på 1850 moh, låg eit nytt ysteri. Her gjekk det sveitsiske gråfe på beite langt oppi fjellskråningane. Mange småbønder samla seg her om sumaren. Dei hadde kvar sine hytter og mjølkefjos der dei mjølka kyrne – og levera mjølka til ysteriet som laga dei beste alpeostane og godt alpesmør. Me fekk lunsj her-eit fantastisk fat med all slag ost og spekemat og mykje god drikke! Me fekk innblikk i mjølkeprisar, tilskotsordningar og landbruket elles i området. Turen bar vidare til ein anna bonde som dreiv i fjellet. Han hadde sau og nokre mjølkekyr. Sauen var ikkje å sjå sidan dei var langt til fjells, kyrne gjekk i området. Han hadde eit mobilt mjølkeanlegg som han flytte med seg oppover i fjellet ettersom kyrne beita høgare opp. Han foredla alt av kjøt og mjølk sjølv og selde det. Turen tilbake til hotellet var spanande. Nokon sat med hjarta i halsen medan andre sev. Vegen var smal og det var bratt og LAAANGT ned til botn av dalane. Vel framme på hotellet var det endå ein gong duka for ein 3 rettars middag! . Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 21 Dag 4 Dagen starta med ein busstur nordover i landet over Bern til Liegerz. Landskapet her var heilt annleis enn lenger sør der me hadde opphalde oss til nå. Her var det mykje flatare og ikkje desse stupbratte fjellsidene. Landbruket her bestod av drue/vin produksjon og grønsaker stort sett. Fyrst tok me taugbane opp til ein vingard. Her fekk me omvising på garden. Fekk sjå plantene, reiskapen og fekk mykje interessant informasjon om produksjonen. Det vart produsera ei rekke vintyper. Etter omvising var det lunsj og vinsmaking. Me blei plassera ute i ein flott hage med utsikt over vatnet og drueplantene. Det blei me servera nydelig mat med ost, spekemat og lokal bakst. Vinen var god og vinprodusenten flink til å servere ;) Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 22 Turen gjekk vidare til Berner Seeland der me besøkte ein grønsaksgard i området til von Charles Aebersold. Me køyrde buss gjennom enorme områder med produksjon av all mogleg slags grønsaker, mens ein lokal bonde fortalde om området. Etterpå stoppa me hjå ein grønsaksprodusent og fekk sjå i dei ulike drivhusa og reiskapen dei bruka. Bonden var ivrig og driftig. Midt i sesongen var det umulig å ta seg fri. Medan kåns fylje vart servert lunsj med grønsaker og dip jobba ho. Her var det sesong og ingen sikker avsetning for produkta. Ikkje bra å kaste bort eit einaste sekund På tur heim var me også innom Sveits sitt svar på Felleskjøpet: Landi. Sjølvsagt måtte samtlege inn her for å handle bjøller og diverse stæsj til husdyra heime! Tilbake på hotellet fekk me ein god 3 rettars middag, i tillegg kom ei gruppe knallflinke Sveitsarar og jodla for oss under middagen! Dag 5 Siste dagen i Sveits, etter frukost sette me oss i bussen og køyrde til Lüzern. Her fekk me nokre timar på eiga hand. Me fekk oss mat, gjekk over den kjende trebroa Kapellbrücke frå 1333 og rusla rundt i gamlebyen. Nokre av oss tok og turen ut av byen og til transportmuseet. Ein flott avslutning på ein knallflott tur! Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 23 Me kom oss til flyplassen og fann riktig fly heimatt. Vel heime på Gardermoen stod Vest-Telemark Bilruter å venta på oss og fekk alle vel heim utpå nåtti! Me var fulle av inntrykk og takknemlege for den muligheita me fekk til å reise på tur ilag. For bonden, sauehaldet og miljøet er det viktig å skape møteplassar. Skape felles referansar og ikkje minst knyte vennskap. Det styrker samhaldet og gleda ved å være ei brikke i ei næring og eit miljø. TAKK FOR EIN SUPER TUR!! Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 24 Dyrskun i Seljord 2014 ”Standen”: Ellen, Ann Kristin og Turid rigga standen. Ellen hadde med ein del ting som sauen produserar slik som sokkar, ulltøy, saueskinn og diverse mat. Frå NSG kom dei med diverse materiell og salsartiklar, Øivind Løken frå Fkt-prosjektet og Cathinka Kjelstrup frå NSG gjetarhund tok sine vakter Mi takker alle som stilte opp for å dekke vaktlista. Saueklipping Vi hadde klipping hver dag. Det er kjempepopulært blant publikum. Mange finner veien for å se på! Tusen takk til saueklipparane og til Gunnar som snakkar i "mikken", Du er flink og artig å høyre på! Pål Støylen Geiteutstillinga Den yngste generasjonen representert på geiteutstillinga. Øsmon Ø Aarbakk Åmotsdal og Sigrid Haugo Vaa Best inn show var Geit nr,2014 tilhøyrande Kirsti Sandland og Sverre Noraberg,3891 Høydalsmo. Denne geita fekk 1.premie og Seljordprisen. Beste geit med total poengsum var geit nr.2010 Tilhøyrande Gro Hommo/ Olav Hommo. Den fekk 153 poeng totalt og 1.premie. Den fekk også gåvepremie frå Produsentlaget, som er eit stort bukkehorn med sylvhokk og sylvplate til inskripsjon. Sylvarbeidet er laga av Arne Martin Solbjør, Øyfjell, premien er ein vandrepremie som må vinnast 3 gonger for å få den til odel og eige. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 25 Geit Kåring av bukkekje: Våren 2014 var det stilt 15 bukkekje til kåring, frå 3 buskapar. Alle 15 var kåra, og beste bukkekje var k.nr.2014164 med 152 poeng. Eigar Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, Arabygdi Beste avkomsgranska bukk i 2014. 2012166 Blågrågutten med indeks121 Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, Arabygde Klyppekurs Telemark sau og geit arrangera også i år klyppekurs i Fyresdal 17-19 oktober. Det var bra interesse for kurset og fullteikna med 9 deltakarar. Med same opplegg som tidlegare år vart det eit vellykka kurs. Som vanleg var det Sven Reiersen og Gunnar Haugo som var instruktørar, mens Aslak Snarteland og Gunnhild Agnes Svalastog stilte med hus, mat, sau og fjos. Over 200 sau blei klypt. Det er moro å sjå unge og ivrige kursdeltakarar som vil lære yrket. Nokre er med for å lære å klyppe eigne sau, mens andre vil drive større og ta på seg klypping for andre. Tilbakemeldingane frå kurset var svært bra og alle deltakarane var fornøgde. Det vil alltid være behov for "meir og betre" informasjon. TSG prøvar å legge ut invitasjon til alle sine arrangement på sine nettsider http://www.nsg.no/telemark Oppmodar alle til å nytte denne portalen. Laget fekk 10000 kr i tilskot av NSG til å halde kurset. Alle deltakarane klara prøva og fekk godkjent nybegynnar sertifikatet. To av deltakarane klara også neste sertifikat for vidarekomne. Gratulere! Ein stor takk til dyktige instruktørar, og koseleg vertskap, som saman gjorde det heile til ei bra helg! Avlsarbeidet på sau Kåringssjåa i Telemark er eit samarbeid mellom dei tre vêrringane i fylket og lokallaga der sjåa blir haldne. Avlsutvalet i Telemark Sau og Geit er ansvarleg for kåringa. Fredag 3. oktober var det sjå i Ridehallen ved Attføringssenteret på Rauland, og dommarar var Erlend Yttri, Terje Bakken, Karluff Håkull og Jon R. Aas. Laurdag 4. oktober var det kåringssjå hjå Aase og Roar Fjeld på Kleppen i Sauland. Dommarar var Eirin Rauø, Gunnar Haugo, Erlend Yttri og Terje Bakken. Det blei kåra i alt 100 NKS, 60 farga spæl, 10 kvit spæl, 4 nor-X og 2 blæset, Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 26 121 lam blei kåra i Sauland, 87 på Rauland og 10 blei etterkåra heime, i alt 218 lam mot 181 i 2013. Det er ei auke på 20% frå i fjor! I Telemark har vi mange lam som bli vraka p.g.a marg, filting og grov ull. I alt blei 12,4 % av alle dømde lam vraka av desse årsakene, mot landsgjennomsnittet 4,7%. Der har vi ein jobb å gjera. Elles blei det kåra mange gilde lam! Premiering: Rauland – NKS Beste ullkvalitet: 201433051 FRORAKK. Ullkvalitet 10, ullmengde 9. Fødd hjå Knut Rønningen. Beste eksteriør: 201433043 GARD-RUGG. Kropp 10, bein 8. Fødd hjå Tor Einar Lid. Høgste poengsum: 201433031 FRONT, 175 poeng. Fødd hjå Stridsmo Samdrift. Rauland – spæl Beste ullkvalitet: 201433016 KAIRO, farga spæl. Dekkull 10, botnull 10. Fødd hjå Arne Vinje/Kari Tellefsen Beste eksteriør: 201433014 BEIRUT, farga spæl. Framkropp 10, rygg 10, bakpart 10. Fødd hjå Arne Vinje/Kari Tellefsen. Beste bein: 201433006. Bein 9. Fødd hjå Ellen og Jan Hallgeir Landsverk Høgste poengsum, kvit spæl: 201433003 BORISSON, 149 poeng. Fødd hjå Ellen og Jan Hallgeir Landsverk. Sauland – NKS Beste ullkvalitet: 202433227, Ullkvalitet 10 Ullmengde 10. Fødd hjå Kåre Vidar Førland Beste eksteriør: 201433242 BØDDI, Kropp 10 bein 10. Fødd hjå Odd Haugland og Rita Sagafoss Høgste poengsum: 201433235 STINUS, 174 poeng. Fødd hjå Oddvar Brekke . Sauland – spæl Beste ullkvalitet: 201433264 TUFSEN. Dekkull 10, botnull 10. Fødd hjå Torhild og Søren Sisjord. Beste eksteriør: 201433102, Framkropp 10, rygg 10, bakpart 9. Fødd hjå helge Loftsgarden og Åsne Nyland. Høgste poengsum, kvit spæl: 201433258 RUST-HÅKER, 150 poeng. Fødd hjå Håvard Jønnardalen. Takk til alle som gjorde ein innsats ved kåringssjåa til beste for sauemiljøet i Telemark! Vêrutstillinga 2014 Vêrutstillinga er eit samarbeid mellom vêrringane og Telemark Sau og Geit, og blei halde på Dyrskuplassen i Seljord 8. november. Dommarar var Erlend Yttri og Gunnar Haugo. Det blei synt fram 46 nks-vêrar og 27 spælvêrar. Vêrane var prøvevêrar og eliteverar frå ringane, og var i si tid plukka ut som dei beste i fylket. Ringane vel ut det dei vil bruke vidare som elitevêrar, resten blir Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 27 selde på auksjon. Slik kan bruksbesetningar få tilgang til granska avlsdyr, og ringane får styrkt økonomien sin når dei oppnår god pris. Premiering: Spæl Beste risbit: 201333166, Vladimir, kropp 10, bein 10, fødd hjå Arne Vinje og Kari Tellefsen, Vinje. Beste vaksen: 201234018, Gromskjegg, kropp 9, bein 9, fødd hjå Arne Vinje og Kari Tellefsen, Vinje. NKS Beste risbit: 201333003, Venegut, kropp,10 bein 8. Fødd hjå Tor Einar Lid, Øyfjell Beste vaksen: 201234166, Galte-Miks, kropp 9+, bein 9. Fødd hjå Mikkel Vadder, Ordal. Beste vêren på heile utstillinga: risbiten 201333003, Venegut. Gratulerar! Beste granska vær 2014 201333039 Brekkebasen Mikkel Vadder o-indeks 140 Aktivitetsveke for ungar i haustfrien. Dyrskuen Arrangement skipa til aktivitetsveke for born i haustferien. Programmet var: Aktiviteter 9-12 Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lunsj 12-13 Aktiviteter 13-16 Gårdsbesøk Saft/syltetøy ( Bygdekv.laget ) Saft/syltetøy Gårdsbesøk ( Bjørge ) Håndarbeid Saueklipp ( Tlmrk sau og geit ) Saueklipp Håndarbeid ( h.fl.laget ) Matlære+lunsjlaging Energihenger+smoothiesykkel(4H) Energihenger+smoothiesykkel Matlære + lunsjlaging (Uavklart ) Ridning+hestestell Ridning+hestestell( ridegruppa ) Førebu foreldrefest Førebu foreldrefest Kling Kinning +ost ( Gro/B.vev) Kinning+ost Kling ( Uavklart ) Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 28 Med Gunnar som sjefssaueklyppar og Torhild som ulljente skulle føremiddagen fyllast. Om lag 40 ungar, høgt og lågt i Husdyrhallen. Midt på golvet 10 påsettlam frå Sisjord. Dei med farge absolutt mest i skuddet. Dei blei fanga, klappa, jaga, ridd på og klyppt. Ulla vart nytta til spinning. Stort engasjement blant mange av deltakarane. Gode historiar dela Både vaksne og ungar hadde ein bra dag. For oss såg det ut som eit vellukka tiltak. Haustsamling 21-22 november. Telemark sau og geit la opp til ei praktisk øving på fagdelen av årets haustsamling. Slakte og parteringskurs med Stian Espedal. Til dageleg rådgjevar i Nortura Vest. Her fekk me sjå slakting på ein fin og profesjonell måte. Partering av lam til meir enn fårikål. Delikatesser som lammerull og carre` trylla fram på "null komma null" Me fekk låne slaktegarasjen til Aslak Slettemeås. Her fekk me forfriskningar og omvising på snikkarverkstaden. Det er ynskjeleg å gjenta dette opplegget ei helg med vårsol. Programmet på haustsamlinga hadde tema " Beite og Beitebruk". Telemark sau og geit valte dette tema i samarbeid med "Sauekjøtt, ja d e gøtt". Beite er den største ressursen og viktigaste faktoren i sauehaldet. Det er her me hentar gevinsten. "Ei produktiv utmark er eit fortrinn for norsk landbruket. Utviklinga av beitebruken i utmarka og beiteplanlegging i praksis" Erling Skurdal, Nortura SA Organisasjonen rolle i beitebruksspørsmål. Tone Våg, leiar i NSG. Gjetarhund frå A til Å. "Saubondens beste venn og viktigaste medhjelper" Korleis komme dit? Jon Sand, sauebonde og gjetarhundentusiast frå Lier Buskerud Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 29 "Beite- og sankelag som verkemiddel for god drift og utnytting av beiteressursen" Ann Kristin Teksle fortel om drifta av Vestheia Beitelag. "sauekjøtt, ja d e gøtt" presenterar, og delar ut beitelagspermen til alle beitelag. Ei samling av nytt og nyttig i samband med beitebruk i utmark. Torhild F Sisjord, Det er ikkje alle beitelag som har nytta høve til å få perm. Dei vil kunne få eit eksemplar ved å ta kontakt med Torhild. Årsrapport 2014 frå Beiteutvalet i Telemark Sau og Geit. Medlemmer i beiteutvalet i 2014 har vore: Leiar: Sigmund Strand Medl.: Knut Johan Hvistendal Medl.: Jon Aslak Austjore Beiteutvalet har i 2014 hatt fokus på rovdyrproblematikken og muligheit for å få til eit skadefellingslag i Telemark. Medlemmar av utvalet er også naturleg representert i samrådingsmøte for landbruksorganisasjonane i Region2. Dette arbeidet fell naturleg inn i Telemark sau og geit sitt arbeid. I fylje lagets lover § 18 Styret i fylkeslag f) Oppnemne dei råd og utval det har behov for. Fylkesstyret vel leiar. Desse råd og utval er underordna styret med instruks/mandat og eventuelt budsjett. Styret i TSG vedtok på møte 21. jan 2015 å legge ned utvalet. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 30 Årsmelding for Telemark Gjeterhundlag 2014 Styrets sammensetning i 2013 Leder: Eivind Folkestad, Bø I Telemark Nestleder: Nina Elvebråten, Ulefoss Kasserer: Torhild Sisjord, Hjartdal Sekretær: Arne Loftsgarden, Hjartdal Styremedlem: Kåre Vidar Førland, Hjartdal Varamedlemmer: 1.Vara: Guro Libjå, Fyresdal 2.Vara: Turid Opsund Mæland, Flatdal 3.Vara: Ingen Revisorer: Gunvor Mandt, Eidsborg Tove Funnemark, Ulefoss Valgkomite: Leder: Åsne Nyland, Seljord Inger Lise Loftsgarden Redaksjonen i "Gjetarhunden": Jan Toralf Omtveit, Brunkeberg Gunvor Mandt, Tokke Arne Loftsgarden, Hjartdal Eivind Folkestad, Bø Om styret i 2014: Vibeke Pedersen var valgt inn i styret på årsmøtet som styremedlem, etter søknad ble fikk hun fratre vervet. Dette førte til at Nina Elvebråten rykket opp fra 1. vararepresentant til styremedlem. Året ble dermed avsluttet med 2 vararepresentanter. Valgkomitéen ble redusert til 2 da et av medlemmene ikke fornyet medlemskapet sitt. Styremøter: Det har vært 4 styremøter i 2014. Arbeidsoppgavene har i år, som tidligere vært planlegging og gjennomføring av aktivitetsplan, prøver, samt opplegg for treningssau. Aktivitetsplan: Denne er gjennomført. Vårprøva: Tradisjonen tro arrangerte Telemark Gjetarhundlag vårprøve. Interessen for prøva er meget god, det har vel nærmest blitt en forventning til at denne prøva arrangeres blant gjeterhund interesserte. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 31 Laget er utrolig heldig som får låne areal og sau av Jorunn og Erik Håtveit. I år måtte det allikevel, i siste liten skaffes annet sted å arrangere prøva, da gresset var blitt for langt på Lundevald. Olav Bjørge stilte velvillig areal til disposisjon i Seljord. Cato Smørgrav var dommer i år. Prøva var helt full med 55 deltagere, men heldigvis fikk alle som ønsket starte i år. Tusen takk til Erik, Jorunn og Olav for all hjelp og velvilje. Prøver på treningssamlinger: På treningssamlinga på Dyrskuplassen i august blei det arrangert prøve i klasse 1 og 2. Likeledes på årets siste samling på samme sted i oktober. Fylkesmesterskapet: Fylkesmesterskapet i 2014 blei arrangert på Ulefoss. Meningen var at arena skulle være på Søve, men måtte flyttes til Prestegarden på Ulefoss. Vestfold hadde etter forespørsel fått lov å holde sitt fylkesmesterskap sammen med Telemark. Kloke av skade, blei det lagt ned et grundig arbeid med i innkjøring av sau. Banen var krevende og skilte godt. Eivind Folkestad blei fylkesmester med hunden Bett, og dermed kvalifisert som Telemark sin deltaker i NM. Dessverre måtte Eivind melde forfall. Dette førte til at Arne Loftsgarden med Pearl, som ble nr to i fylkesmesterskapet og reserve, blei tilbudt plassen i NM. Innsatsen i NM i år blei krona med finaleplass, dermed kan Telemark stille med 2 deltagere i NM 2015. Telemark blei nest beste fylke i NM 2014. Antall ekvipasjer som har stilt på prøver i Telemark i 2014 er: Klasse 1: 19 stk Klasse 2: 8 stk Klasse 3: 68 stk Bruksprov: I år kan vi gratulere følgende 4 telemarkinger med bruksprov: Reg nr NO53729/13 NO50522/11 NO30681/13 NO50163/13 navn Meg Nokia Twist Hjalmar Fører Eivind Folkestad Tove Funnemark Wenche Folkestad Nina Elvebråten I tillegg vil vi gratulere alle medlemmer av Telemark Gjetarhundlag fra andre fylker som har oppnådd bruksprov. Treningssamlinger(kurs): Det har blitt arrangert 3 kurs med lagets instruktører. Et kurs på Lonar, og to på Dyrskuplassen. I 2014 har deltagelsen på lagets kurs vært lav. Noen sikker årsak til dette vites ikke. Hovedkurs: Dette blei arrangert på Lonar 28 og 29. juni. I år var Aled Owen og Gwyn Lightfoot hyrt inn som instruktører. Dette er instruktører i verdensklasse, men likevel ble ikke kurset fylt opp. Dette må sies å være meget skuffende. Gledelig var at de som deltok fikk mye god trening og instruksjon. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 32 Laget har i 2014 hatt følgende instruktører: -John Li -Ramon Sem -Carl Erik Smørgrav -Tove Funnemark – innvilget permisjon -Wenche Folkestad -Eivind Folkestad -Jane Kristiansen -Jan Toralf Omtveit -Arne Loftsgarden Dommere: Laget har en dommer, Gunvor Mandt Dommersamling: Gunvor Mandt og Wenche Folkestad deltok på årets dommersamling som gikk av stabelen under årets NM i Ørsta. Wenche Folkestad deltok som dommeraspirant. Dugnader: Medlemmenes evne og vilje til dugnadsarbeid er bærebjelken for lagets aktiviteter. Både for å sørge for økonomi i laget, og for å få aktiviteter gjennomført. Dugnader i 2014 har vært: -Klipping av treningssau -Montering av rundbuehall for treningssauen på Lonar -Gjerding på Lonar -Vårprøva og fylkesmesterskapet. -Treningssamlingene -Seljordfestivalen -Countryfestivalen Laget vil med dette få rette stor takk til alle som har bidratt med dugnadsarbeid. Treningssauen: I år har det vært treningssau på Lonar. Det har vært treninger på Lonar sporadisk gjennom hele 2014. Besøket har vært varierende, men i perioder meget bra. Stander der laget var representert: -Dyrsku’n med stand i samarbeid med TSG. Gjeterhundansvarlig i NSG, Cathinka Kjelstrup deltok på standen på lørdag. Medlemmer: Laget har 90 hovedmedlemmer og 10 familiemedlemmer. Økonomi: Laget har solid økonomi. Se regnskap og balanse for detaljer. Medlemsbladet Gjetarhunden: Medlemsbladet har kommet ut med 3 nummer i 2014. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 33 Lagets hjemmeside: Denne blir jevnlig oppdatert med info om trening, samlinger, resultatlister m.m. Laget har også egen facebookside. Arbeidsplan for Telemark sau og geit 2015 TSG skal være ein aktiv og levande organisasjon STYRKING AV ORGANISASJONEN Styret skal: Styrke økonomien for og gje større handlingsfridom Hjelpe lokallag og medlemmar som ynskjer å lage til arrangement som er med på å styrke småfemiljøet i fylket. Legge til rette for, og støtte arrangement som er meint som ein inspirasjon for småfehaldaren. F eks. Haustsamling/Tillitsmannssamling Vandreutstilling for geit Arbeide fram eit forslag til fagtur hausten 2016 KONTAKT MED LOKALLAG Styret skal Yte hjelp i samband med lokale saker og møter Halde kontakt med lokallaga med hjelp av TSG sine nettsider og bruk av sosiale medier. Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 34 FAGARBEID Styret skal: Bidra til og spreie den avlsmessige framgangen frå avlsbesetningane til bruksbuskapane, bl.a anna ved å legge til rette for kåring og omsetninga av avkomstgranska værar, værutstillinga i Seljord Ta del i den landbrukspolitiske dagsorden, og arbeide for å få det beste ut av den til ei kvar tid gjeldande landbrukspolitikk. Kurs o Klyppekurs o Andre kurs som er av interesse for småfehaldaren PROFILERING Styret skal: Fylje opp representasjonsoppgåver i ulike lag og organisasjonar Prøve å få innpass i presse og media på saker som omhandlar småfehaldet. Ha oppdaterte nettsider Stand i Husdyrhallen på Dyrskun GEIT Styret skal: o Søke å være samarbeidspartner med produsentlaget for geit. o Styrke geitehaldet i Telemark Jordbrukstingingane o Styret skal arbeide for å spreie den avlsmessige framgangen på geit. ROVVILT Styret skal: o Arbeide aktivt for å redusere tap av beitedyr til freda rovvilt. o Gje innspel til Rovviltnemda når det gjeld fastsetting av kvoter. o Bruke media bevisst for å skape forståing for dei negative verknadene dagens rovviltforvaltning påfører småfenæringa. o Delta i kontaktutvalet for organisasjonane i rovviltregion 2 o Få på plass eit skadefellingslag for Telemark før beitesesongen 2015 Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 35 Rekneskap 2014 KtoNr KontoNavn Regnskap 2014 3100 Salgsinntekt 44870 3410 inntekter avlsarbeid-kontingent 81214 3411 Inntekt klyppekurs 10000 Sum DriftsInntekter 136084 DriftsKostnader 4000 innkjøp 5818 4013 kostnader avlsarbeid 28939 4021 utgifter haustsamling 10469 4022 utgifter årsmøte, medlemsmøter 15221 4023 utgifter klyppekurs 33820 4024 styremøte, ymse kostnader 19597 4027 Andre møter: beite, rovdyr m.m. 5620 5330 Godtgjersle til styret 8000 6700 Kontingentutgifter 500 6941 Porto, gebyr m.m. 470 7101 Reisegodtgjersle styret 15167 7300 Lotteriutgifter (egne) 13042 7310 fagtur Sveits 38494 7400 Lotteriutgifter 526 7770 bank og kortgebyr 350 Sum driftskostnad 196033 DRIFTSRESULTAT -32500 8040 Renteinntekter 8140 Renteutgifter og gebyrer Sum Finansposter ÅRSRESULTAT Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit 8528 0 8528 -51421 Side 36 Budsjett 2015 KtoNr KontoNavn Budsjett 2015 DriftsInntekter 3000 Medlemskontingent 3405 Egne lotterier 75000,00 5000,00 3410 Inntekt avlsarbeid 32000,00 3411 Inntekt klyppekurs 10000,00 3703 Diverse salg Dyrskuen m.m. Sum DriftsInntekter 3000,00 125000,00 DriftsKostnader 4013 Kostnader avlsarbeid 32000,00 4021 Utgifter haustsamling 5000,00 4022 Utgifter årsmøte/medlemsmøter 5000,00 4023 Utgifter klyppekurs 15000,00 4024 Styremøte, ymse kostnader 5000,00 4025 Gåver,premier, ikkje avl 3000,00 4027 Andre møter: beite, rovdyr m.m. 4028 Innkjøp varer for salg på Dyrsku`n 5330 Godtgjersle til styret 10000,00 1500,00 20000,00 6700 Kontingentutgifter 500,00 6941 Porto, gebyr m.m. 500,00 7101 Reisegodtgjersle styret 21000,00 7300 Reklame og annonser 6000,00 7300 Lotteriutgifter (egne) 7830 Tap på fordringer Sum DriftsKostnader DRIFTSRESULTAT 8040 Renteinntekter 500,00 0,00 125000,00 0,00 6000,00 8140 Renteutgifter og gebyrer 300,00 Sum Finansposter 5700,00 ÅRSRESULTAT Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit 5700,00 Side 37 Årsmelding 2014 -Telemark Sau og Geit Side 38
© Copyright 2024