Invitasjon Regionkurshelg 2015

Bømlo folkehøgskule, Pinsehelga 21-25 mai 2015
Velkomen til regionkurshelg!
Tilgjengelege kurs
-
LSOR barmark
Vidaregåande fyrstehjelp
Sminke og markør
Kurs i organisasjon og leiing
Instruktør trinn 2
Deltaking på kurs krevjer:
-
18 års aldersgrensa (unntak LSOR som har 20 års aldersgrensa)
Aktiv i Røde Kors Hjelpekorps
Godkjent fyrstehjelpsprøve og ID-kort
Bekrefting frå lokal korpsleiing
Relevant bakgrunnskunnskap (les meir under omtale av kvart kurs)
God fysisk og psykisk form
PÅMELDING:
Påmelding på ressurssystemet og/ eller questback;
https://response.questback.com/rodekors/txqtppxwhy/
Alle korps skal sende inn en prioritert liste over godkjente søknadar til [email protected]
innan fristen 24. mars.
Enkelte kurs har arbeidshefte som skal vera levert innan påmeldingsfristen.
Påmelding er bindande. Korpsa vil verte fakturert for påmeldte deltakarar.
Spørsmål ifm ressurssystemet/ påmelding rettas til Åse Mørkve på distriktskontoret,
mail: [email protected] eller tlf: 92 06 33 49
Deltakarpris: 1000 kr per kurs
Prisen inkluderar kursdeltaking, kost og losji.
Korps med svak økonomi har moglegheit til å søkja om friplassar til kurs. Ta kontakt med
distriktskontoret.
Me håpar å tilby så mange som mogleg kursplass, men ser sjølvsagt at ein har begrensa antal plassar.
Du får endeleg attendemelding om plass på kurs seinast tre veker etter påmeldingsfristen.
I komiteen sitt Pål Espen Haukedal, Vigdis Sand Torvanger, Monica Sæle, John Phillip Dahl, Kent
Eivind Vorland og Christian Kallevåg- Bjerke.
Me ser fram til å sjå deg på Bømlo! ☺
Rammeplan
Torsdag 21.mai
17.00-19.30: Ankomst og innsjekk
18.30 – 19.30: Middag
19.30 – 20.00: Offisiell opning
20.00: Dei respektive kurs møtas
Fredag 22.mai
07.00 – 07.45: Frokost
12.00 – 13.00: Lunsj
17.00 – 18.00: Middag
18.30: Sosialt eller kursopplegg
Lørdag 23.mai
07.00 – 07.45: Frokost
12.00 – 13.00: Lunsj
17.00 – 18.00: Middag
20.30: Felles sosial kveld
Søndag 24.mai
07.00 – 07.45: Frokost
12.00 – 13.00: Lunsj
17.00 – 18.00: Middag
18.30: Sosialt eller kursopplegg
Mandag 25.mai
07.00 – 07.45: Frokost
12.00 – 13.30: Lunsj
13.00: Felles kursavslutning
Ettermiddag: Opprydding, evaluering og heimreise
Rammeplanen er rettleiande, og det kan koma endringar undervegs.
Lagleiing Søk Og Redning (LSOR) Barmark
Fagleiar: Ole Idar Bruvik
Mål
Kurset skal gje deltakarane dei nødvendige
kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som
gjer dei i stand til og leia mannskap på sikker,
nøyaktig og effektiv måte.
Målgruppa
Operative medlem i Røde Kors Hjelpekorps.
Forutsetningar for å delta:
- Gjennomført og bestått ettersøking
barmark C eller KSOR
- Kjenne hjelpekorpset sine metodar for
søk og redning på barmark
- Kunna ta seg fram i 8 timar med sekk
og vera i stand til å ta vare på andre
- Normal fysisk og psykisk form
- Tilfredsstillande
orienteringskunnskapar
- Delteke som mannskap på minimum 4
aksjonar/øvingar
- Alder: minimum 20 år
- Besvara arbeidshefte og
eigenerklæringsskjema*
Innhald
Kurset er praktisk retta, med tavleundervising
inne kombinert med øvingar ute. Sentrale
tema er leiareigenskapar, eigensikkerheit,
forståing for lagleiarrolla, basisferdigheiter,
samarbeidsevne og haldningar.
Kurset gjer bestått/ikkje bestått
Praktisk
Tid: Torsdag 21 – måndag 25. mai
Påmelding
Påmelding gjennom ressurssystemet og
questback link (sjå side 1). Kurskode 27441 i
ressurssystemet.
*Påmelding skjer med besvart arbeidshefte og
eigenerklæring innan påmeldingsfristen.
Påmelding utan besvart arbeidshefte vert ikkje
vurdert. Arbeidshefte og eigenerklæring skal
sendas via korpsleiinga i ditt korps til
[email protected]
Arbeidshefte finn du her:
http://www.rodekors.no/distriktsider/hordala
nd/kurs-og-opplaring/regionkurshelg-2015/
Vidaregåande fyrstehjelp
Fagleiar: Elin Seim
Mål
-
-
-
Tileigna seg forståing for fysiologi og
anatomi og korleis dette påverkar
utøving av fyrstehjelp.
Tileigna seg utvida kunnskap om
fyrstehjelp på eit høgare nivå og
kunna vurdera utvikling i pasienten si
tilstand over tid.
Kunna bruka tileigna kunnskap på ein
hensiktsmessig måte.
Kunna disponera og leia mannskap på
ein hensiktsmessig måte.
Utvikla seg til gode rollemodellar og
utøvarar av fyrstehjelp i
organisasjonen og gjenspegla
prinsippa til Røde Kors i praksis.
Målgruppa
- Motiverte og aktive medlem i Røde
Kors.
- Ressurspersonar som vil inneha
leiarfunksjonar innan
fyrstehjelpsfaget, herunder vaktleiar
og liknande.
- Instruktørar.
- Personell som utførar ambulanse- og
henteoppdrag på vegne av offentlig
oppdragsgjevar eller andre
vaktoppdrag som kan medføra
pasienttransport og
pasienthåndtering.
- Personell som skal handtera pasientar
i krevande situasjonar, over lengre tid
eller lange transportetappar.
Forutsetningar for å delta:
-
-
Ha gjennomført og bestått kvalifisert
nivå fyrstehjelp i Norges Røde Kors
Hjelpekorps. Vera godkjent medlem i
hjelpekorps i hht. regelverk..
-
Deltakarane skal være godkjente
utøvarar av DHLR før kursstart.
Deltakarane skal ha minimum 2 års
praktisk erfaring som godkjent
hjelpekorpsmedlem for å delta på
dette kurset.
Levert arbeidshefte*. Arbeidsheftet
reflekterar kunnskap på kvalifisert
nivå og besvaringa er grunnlag for
tildeling av kursplass. Arbeidsheftet er
ein oppmoding til kursdeltakar om å
repetere kunnskap før kursstart.
Dersom besvart arbeidshefte viser
manglande forventa kunnskap, kan
dette medføra tap av kursplass
Kurset gjer bestått/ikkje bestått og områder
som vert vurdert er:
- Basisferdigheiter (kunnskap frå
kvalifisert nivå)
- Ferdigheiter vist på videregåande nivå
(nyerverva kunnskap)
- Samarbeidsevner og haldningar
- Evne til og evaluera seg sjølv,
refleksjon og eigenutvikling
Praktisk
Tid: torsdag 21 - måndag 25. mai.
Påmelding
Påmelding gjennom ressurssystemet og
questback link (sjå side 1). Kurskode 27442 i
ressurssystemet.
*Påmelding skjer med besvart arbeidshefte og
eigenerklæring innan påmeldingsfristen.
Påmelding utan besvart arbeidshefte vert ikkje
vurdert. Arbeidshefte og eigenerklæring skal
sendas via korpsleiinga i ditt korps til
[email protected]
Arbeidshefta finn du her:
http://www.rodekors.no/distriktsider/hordala
nd/kurs-og-opplaring/regionkurshelg-2015/
Sminke- og markør
Fagleiar: Vibeke Gunsteinsen
Mål
Deltakarane skal etter endt kurs vera i stand til
og sminka opp markørar til bruk i
fyrstehjelpskurs og øvingar i Røde Kors.
Deltakarane skal også læra om markørspel.
Målgruppa
For godkjende medlem i Røde Kors
hjelpekorps. Det er eit krav at deltakarane har
gjennomført og bestått kvalifisert fyrstehjelp.
Innhald
Teoretisk og praktisk undervising. Samarbeid
med videregåande fyrstehjelp.
Praktisk
Tid: torsdag 21 – måndag 25. mai.
For at deltakarane skal få meir øving, og fordi
ein samarbeidar med vidaregåande
fyrstehjelp, vert kurset haldt torsdag måndag.
Påmelding
Påmelding gjennom ressurssystemet og
questback link (sjå side 1). Kurskode 27443 i
ressurssystemet.
Kurs i organisasjon og leiing
Mål
Kurset har ulike tema ein skal igjennom i løpet
av helga.
-
-
-
-
Grunnkurs organisasjon har som mål
og gje deltakaren ei grunnleggande
forståing for lokalråda sitt ansvar og
verktøy for å kunne drifte eit lokalt
Røde Kors.
Grunnkurs leiing har som hensikt og
auka dine ferdigheiter som ein Røde
Kors leiar gjennom oppgåver,
refleksjon og teori.
Kurs i ettersamtale har som mål at du
som leiar ei gruppe får tileigna deg
ferdigheiter i å gjennomføra
ettersamtale for ein person eller ei
gruppe som har vore i innsats i krise,
ulykke eller liknande på vegne av Røde
Kors.
Team og samarbeid har fokus på kva
dei vil sei og jobba og samarbeida i eit
team.
Presentasjonsteknikk fokusera på
korleis ein kan verte tryggare framfor
eit publikum og korleis ein kan
fortelja, forklara og overbevisa sitt
publikum.
Dette er ei pakke, og dersom ein melder seg
på lyt ein ta alle kursa.
Målgruppe
For godkjende medlem i Røde Kors
hjelpekorps. For dei som sitt, eller på eit
seinare tidspunkt ynskjer og sitta, i eit
lokalråd.
Innhald
Teori, oppgåver og praktiske øvingar.
Praktisk
Tid: torsdag 21 - måndag 25. mai.
Påmelding
Påmelding gjennom questback link (sjå side 1).
Instruktørkurs trinn 2
Fagleiar: Julie Henriksen
Mål
Etter endt kurs skal deltakarane kunne
gjennomføre leiar- og instruksjonsoppgåver på
gruppenivå, samt vera bevisst på betydinga av
og nytta konstruktive
kommentarar/attendemeldingar i det daglege
Røde Kors arbeidet. Deltakarane skal etter
endt kurs også vera i stand til å ta enkle
instruktør oppgåver på sitt nivå, samt vera ein
støttespelar for andre instruktørar.
Målgruppa
For godkjende medlem i Røde Kors
hjelpekorps.
Forutsetningar for å delta:
-
-
Ha noko erfaring med instruktørrolla
frå tidlegare (til dømes vere NGF eller
NGB instruktør, vore hjelpeinstruktør
eller liknande)
Levert arbeidshefte*.
Innhald
Blanding av teori og praksis med gruppearbeid
og framføringar.
Praktisk
Tid: torsdag 21 – måndag 25. mai.
Påmelding
Påmelding gjennom questback link (sjå side 1).
*Arbeidshefte vil verte ettersendt til
deltakarar som melder seg på kurset.
Arbeidshefte skal sendas via korpsleiinga i ditt
korps til [email protected].
Bømlo folkehøgskole: Kost, losji, tilgjengeligheit
Bømlo folkehøgskule ligg på Våge, rett sør for Sakseid. Adressa er Bømlo Folkehøgskule, Olavsplasset
11, 5437 Finnås.
Mat: Alle måltid er inkludert i prisen. Me tek hensyn til cøliaki, laktoseintoleranse og vegetarianarar.
Ved andre kosthaldsvanar må eigen mat tas med. Deltakarane opplyser om dette ved påmelding i
questback.
Losji: Alle deltakarar og stab vert innlosjert på folkehøgskulen sine internat. Ta med sovepose.
Forvent å dela rom med to til tre andre personar.
Til og frå: Til Bømlo kan ein koma med bil, buss, båt og fly.
Bil: Frå trekantsambandet tek det omtrent 20 minutt i bil. Følg fv. 542 ca 3 km fra Bømlobroen. Ta av
til venstre mot Indre Håvik på fv. 12. i omtrent 9 km. Ta til venstre og følg vegen 4 km sørover.
Folkehøgskulen ligg på høgre sida av vegen.
Buss: Kystbussen køyrer mellom Stavanger
og Bergen kvar dag. Bussen stoppar på Føyno
(trekantsambandet). Ta kontakt i god tid for
å koordinera transport.
Båt: Hurtigbåtruta mellom Sunnhordland og
Bergen stoppar på Rubbestadneset. Sjå
rutetider på www.skyss.no. Ta kontakt i god
tid for å koordinera transport.
Fly: Næraste flyplass er Haugesund eller
Stord. Ta kontakt i god tid for å koordinere
transport.
Dersom du har behov for transport til og/
eller frå Bømlo FHS, ta kontakt med Christan
Kallevåg- Bjerke ([email protected])
innan 15. mai.
Gå gjerne inn på
http://www.rodekors.no/distriktsider/hordal
and/kurs-og-opplaring/regionkurshelg2015/ for siste nytt om regionkurshelga. Her
ligg også invitasjon, arbeidshefte,
informasjon og så vidare...
Bømlo folkehøgskule
Flyplass
Hurtigbåt til/frå
Sunnhordland og
Bergen