Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen
Saksbehandlar,
i Møre og Romsdal
Vår dato
Vår ref.
11.05.2015
2015/2863/ASBU/433.5
Dykkardato
Dykkar ref.
innvalstelefon
seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41
Vi /
/
1‘
I
I
Rauma kommune
Vollan 8 A
6300 ÅNDALSNES
Rauma kommune
Måseaksjonen
2015 - informasjon
om høvet til plukking
av måseegg
Fylkesmannen viser til informasjon om Måseaksjonen 2015 på Rauma kommune sine
nettsider og skriv frå kommunen til gardeigarar i Åndalsnes sentrum den 27. mars i år.
Formålet med Måseaksjonen, er å redusere måseplagene i Åndalsnes sentrum gjennom eit
samarbeid mellom kommunen og gardeigarane. Kommunen har gått breitt ut med
informasjon om måseaksjonen og høvet til eggplukking til sine innbyggarar. Gardeigarane
vert oppmoda om å setje i verk forebyggande tiltak i form av å spenne opp nett over hustaka
og liknande tiltak. Kommunen har vidare, på generelt grunnlag, gjeve løyve til å sanke egg
frå alle typar måsar fram til og med 20. mai. Etter det Fylkesmannen har fått opplyst frå
miljøvernleiaren i kommunen, er det per dags dato ikkje fatta noko formelt vedtak i saka.
Gjennom Måseaksjonen 2015 bidrar Rauma kommune mellom anna til at gard- og
huseigarar skal kunne få hjelp til å plukke egg frå alle måseartar. Artane sildemåse, gråmåse
og svartbak hekkar i liten grad i sentrumsområde, så dei konfliktane som Rauma kommune
opplever som <<måseplager>>,er hovudsakleg knytt til fiskemåse. Fylkesmannen finn difor
grunn til å presisere gjeldande regelverk knytt til plukking av måseegg.
I naturmangfaldlova er det innført ein eigen aktsemdsregel, for å unngå skade på
naturmangfaldet. Etter regelen skal ein: «opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å
unngå skade på naturmangfoldel í strid med forvaltníngsmålet for arter í lovens § 5». Målet
i § 5 er at artar skal ivaretakast på lang sikt og i levedyktige bestandar i deira naturlege
utbreiingsområde. Etter § 15 er det forbode å skade eller øydelegge reir og egg: «Unødíg
skade og lidelse på víltlevende dyr og deres egg, reir, bo eller hi skal unngås». Å dekke til
eigna hekkeplassar på bygningar i god tid før hekkesesongen, vil i utgangspunktet ikkje vere
i strid med § 15.
Høvet til å plukke egg er regulert i forskrift omjakt- og fangsttider. Av jakttidsforskrifta sin
§ 6 går det fram at det i Møre og Romsdal fylke kan plukkast egg frå måseartane gråmåse,
sildemåse og svartbak i tida fram til og med 20. mai. Fiskemåse er oppført som nær trua
(NT) i Norsk rødliste for arter 2010, og det er ikkje opning i gjeldande forskrift for å plukke
egg frå denne måsearten. Kommunen kan ikkje dispensere frå reglane i forskrifta.
Forskrift om felling av viltartar som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre arters
reproduksjon (skadefellingsforskrifta) har unntaksreglar frå yngletidsfredinga. Forskrifta
Postadresse:
Postboks 2520
6404 Molde
Telefon:
71 25 84 00
E-post:
[email protected]
Web:
\\'w\\'.fi'lkesmannen.no/mr
Orgnr:
974 764 067
~,;
side 2 av 2
omhandlar felling av skadegj erande viltartar, og skal praktiserast strengt. Kommunen kan gje
løyve til felling av fiskemåse dersom desse medfører slike støyplager at dei gir skader av
helsemessing karakter i befolkninga. Kommunen må slike tilfelle innhente uttale frâ
kommunelegen som del av saksførebuinga.
Det er ikkje lov å fjerne reir og plukke egg frå fiskemåse. Vi ventar at Rauma
kommune og samarbeidspartane
rettar seg etter dette, og endrar informasjonen
lagt ut om «Måseaksjonen 2015» på kommunen sine nettsider.
som er
Fylkesmannen vil oppmode kommunen om å i størst mogeleg grad, og i god tid før
hekkesesongen, setje i verk tiltak som hindrar fuglane tilgang til hustaka og dermed fysisk
hindre hekking. For å kunne oppnå ei meir varig løysing på problemet, bør ein samstundes
finne ein alternativ
stad, der fiskemåsen
kan hekke i fred.
Med helsing
Ola Betten (e.f.)
fagansvarleg
Astrid Buset
Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
Kopi:
Kommunane i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
6404
Molde