Referat frå møte 3 i samarbeidsutvalet på Ågotnes skule 12.11.2014

FJELL KOMMUNE
Ågotnes skule
TLF 55 09 78 00
5353 ÅGOTNES
E-post: [email protected]
Heimeside: www.agotnesskule.no
REFERAT MØTE 3 I SKULEMILJØUTVALET OG
SAMARBEIDSUTVALET
STAD OG DATO: Personalrommet Ågotnes skule 12.11.14
DELTAKARAR: Renate Grimestad (leiar FAU), Petter Garlid (nestleiar FAU), Eigil
Nødtvedt (rektor), Tore Foldnes (avdelingsleiar),
Kristoffer Molland Telle (elev 7A), Mia Helen Bie Paulsen (elev 4C), Adrian Haugland
Pedersen (elev 7B), Emilie Haugland Lauvik (elev 7A), Kathinka Litlekalsøy (elev 4B)
IKKJE MØTT: Eva Vik (politiker), Mette Bongom (SFO-leiar)
Fyrste del av møtet var skulemiljøutvalg. Elevane var med på dette. Sak 2, samt
oppfølging av tidlegare skulemiljøsaker var tema her.
Sak 1 - Referat frå SU-møte 2 onsdag 17.09.2014:
• Referat godkjent.
Sak 2 - Saker frå elevrådet:
• Port i bingen: Elevane ynskjer nye portar i bingen. Det har vore port før, men den er
øydelagt. Det er i dag opning med betongelement mot gymsal, medan det er opning utan
betongelement mot sandvolleyballbane. Tore og Eigil tek denne saka opp med Normann
(vaktmester) for å sjå på ulike løysingar.
• Nye kanonballer i gymsalen: Tore og Eigil tek denne saka opp med Rune Skogedal som
er ansvarleg for gymsalsutstyret.
• Nye nett i mål i bingen: Tore og Eigil tek denne saka opp med Normann.
• Juice: FAU er positiv til at elevane skal kunne bestille dette på lik linje med skulemelk.
Skulen vil sjå på kva kapasitet den har til dette. Vi startar ei prøveordning på dette.
• Skating i trivselsfriminutta: Tore og Eigil tek saka opp med trivselsleiarkoordinatorane.
• Trivselsprogrammet: Elevane og skulen ynskjer å fortsette med dette. Skulen ynskjer å
spleise på utgiftene saman med FAU. Renate og Petter tek denne saka vidare til FAU.
Sak 3 - Oppfølging av tidlegare saker:
• Akebakke: Denne må eventuelt sjåast i samanheng med utbygging av Ågotnes
barnehage. Det er usikkert når dette vert aktuelt.
ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra
Sak 4 - Saker frå FAU:
• Syklar som vert øydelagt på skulen: Skulen tek dette på alvor, men har ikkje fått mange
tilbakemeldingar om dette. Personalet har fått melding om å sjå til at ingen elevar
sit/plukkar på syklane i friminutta. Skulen ynskjer melding dersom nokon får sykkelen sin
øydelagt på skulen.
• Valg: Renate Grimestad er ny leiar i FAU. Petter Garlid vart nestleiar. Tonje Drolsum og
Anja T. Moen Arefjord er medlemmar av trafikksikringsgruppa.
• Representantar på FAU-møta: Det bør vere ein representant frå kvar klasse på FAUmøta. Organiseringa av FAU vert tatt opp på neste FAU-møte.
• Telefonnummer og epostadresse til FAU-representantar på heimesida: Dette legg skulen
ut på heimesida.
Sak 5 - Trafikksikring og ny overgang:
• Ny overgang endeleg på plass mot Valderhaug.
• Ulykke ved Kiwi: Her vert det lysregulert overgang. Ein må vurdere mellombels taxi for to
elever som bur på Brunnane på grunn av særleg farleg skuleveg. Tore tek denne saka
opp med skulekontoret.
• Rundkøyringa: Skulen og andre har fått eit brev som peikar på at dette er eit trafikkfarleg
område. Eigil tek kontakt med brevskrivar. Renate vidaresender brevet til
Trafikksikringsgruppa.
Sak 6 - Skuleruta for Fjell 2015-2016:
• Eigil orienterte om denne. Skuleruta vert i hovudsak lik som for Bergen Kommune.
Sak 7 - Skulekatalogen 2014-2015:
• Skulen har nytta FOVEA, og har positiv erfaring med desse.
• Fotografering til våren er bestillt. Vi kjem attende med dato her.
Sak 8 - Trivselsleiarprogrammet 2015-2016:
• Renate og Petter tek dette vidare til FAU om vidare støtte til drift her.
Sak 9 - Skuleforeldrekveld med barnevakten og eventuelt ein kveld med fokus på
ernæring:
• Vi ynskjer å ha ein skuleforeldrekveld med Barnevakten med fokus på nettvett og digital
mobbing. Skulen undersøker med Barnevakten om mogelege tidspunkt våren 2015
• Vi ynskjer og å ha ein skuleforeldrekveld med fokus på kosthald og ernæring. Dette vert
ein kveld med påmelding. Det er aktuelt å gjennomføre dette våren 2015.
• Vi ynskejr å ha ein skuleforeldrekveld med politiet hausten 2015.
ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra
Sak 10 - Bruken av Ågotnesbassenget og personlig hygiene:
• Det er sendt ut epost til brukarar av bassenget med klare retningslinjer for kroppsvask og
bruk av badehette.
Sak 11 - Justering av ordensreglane på grunn av ny sms-telefonordning ved elevfråver:
• Eigil orienterte om endring i ordensreglane her.
• Vi startar ei prøveordning fram til jul. Frå 1. januar 2015 er dette ei ny ordning.
Sak 12 - Andre saker frå administrasjonen:
• Arbeidet med beredskapsplanen v/Eigil: Dette arbeidet held fram.
• Brannøvinga i oktober og branntilsyn i november v/Tore: Tore orienterte kort om
brannøvinga vi har hatt i haust. Skulen held og på med å revidere og fornye planane
sine i høve brannforebyggande arbeid. Dette heng saman med arbeidet med
beredskapsplanen.
• Kort orientering om ferieopen SFO v/Mette: Denne saka vart ikkje tatt opp.
• Parkeringsplassen v/Eigil: Eigil orienterte kort om utfordringane vi har med manglande
parkeringsplassar grunna pendlarar som nyttar skulen sin parkeringsplass. Kommunen
kjem for å gjere ei befaring her og sjå på kva mogelege løysingar ein kan finne.
Sak 13 - Ymse:
• Det var ingen sakar.
Neste møte vert onsdag 28.01.2015 kl. 19.30 - 21.00.
Skrivar
Tore Foldnes
Avdelingsleiar
Ågotnes skule
ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra