Møteinnkalling Utvalg: Møtested: Dato: Tidspunkt: Møysalen nasjonalparkstyre Husjordøya, Øksfjorden 26.05.2015 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast til [email protected]. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed. Vi møter Arne Håkon Thomassen på Husjordøya kl 1000 for ei omvisning og orientering om kulturminna der. Kl 10:45 blir vi plukka opp av ein RIB frå Lofoten opplevelser som køyrer oss innover fjorden der vi stoppar på arkeologisk interessante plassar. Tidsramma for dagen er sett til kl 14:30. Lofoten opplevelser stiller med flytedrakter og redningsvestar, men det er lurt å kle seg for ein dag på fjorden i tillegg. Om vêret blir alt for galt kjem det informasjon om ein plan B. Side1 Side2 Saksliste Utvalgssaksnr Innhold Lukket ST 11/15 Godkjenning av innkalling og protokoll fra forrige møte ST 12/15 Eventuelt ST 13/15 Referatsaker RS 1/15 Vandrestier og verneområder 2015/3254 RS 2/15 Reisemål – Tilrettelegging og veivisning langs vei - Møysalen rundt 2015/3254 ST 14/15 Forslag til kontrakt med grunneigarane i Norddalen i Lonkanfjorden for stiutbetringsprosjektet mellom slagghaugane og Memuruskardet 2013/8894 ST 15/15 Plan for uttak av mink i Svellingsflaket lvo 2015/3025 Side3 Arkivsaksnr ST13/15Referatsaker RS1/15Vandrestierogverneområder RS2/15Reisemål–Tilretteleggingogveivisninglangsvei-Møysalenrundt Side4 MØYSALEN Saksfremlegg NASJONALPARKSTYRE Arkivsaksnr: 2013/8894-0 Saksbehandler: Brit Grønmyr Dato: 07.05.2015 Utvalg Møysalen nasjonalparkstyre Utvalgssak Møtedato 14/15 26.05.2015 Forslag til kontrakt med grunneigarane i Norddalen i Lonkanfjorden for stiutbetringsprosjektet mellom slagghaugane og Memuruskardet Forslag til vedtak Møysalen nasjonalparkstyre sender det vedlagde forslaget til avtale om stiutbetring i Norddalen til grunneigarkontakta for gnr 4 bnr 9 i Hadsel kommune for gjennomleisng og vidare forhandlingar. Bakgrunn Det er utarbeidd ein rapport om stiutbetring i Norddalen i Møysalen lvo mellom slagghaugane og Memuruskardet, jfr vedlegg til sak 31/14 Bestillingsdialogen 2015. Der er det foreslått å leige inn sherpaar for å steinlegge delar av stien og med dette forebygge vidare erosjon i området. Det vart ikkje bevilga midlar til dette prosjektet for 2015, men ein satsar på å legge inn bestiling på tiltaket for bestillingsdialogen 2016 og forhåpentlegvis få til oppstart sommaren 2016. Ein av fleire ting ein må ha på plass før den tid er tillatelse frå grunneigarane i området. Tiltaket i si heilheit vil ligge på gnr 4 bnr 9. Det er på denne teigen tilsaman 13 partar, men kommunikasjonen no i dei innledande rundande fungerer ein av partane som kontaktperson. Vurdering Forslag til avtale vart sendt ut til styret på ei lita høyring til styret i e-post den 9. februar i år. I den utgåva av forslaget til avtale som var sendt ut da var det to alternative eigarar av det ferdige tiltaket i punkt 6, grunneigarane eller Staten. Dette forslaget var sendt ut da forslaget til vedtektsendringane for styret var på høyring, og eit av spørsmåla stilt i e-posten var om korleis styret stilte seg til eit tilfelle der grunneigar ikkje ville vera eigar av det ferdige tiltaket, om det var eit alternativ at nasjonalparkstyret tek på seg dette da Side5 forslaget til nye styrevedtekter opnar for dette med å definere styret som ein juridisk person. Det kom to reaksjonar på dette. Den eine var at dette var eit tiltak som ikkje burde vera i privat men i offentleg eige. Da førsteutkastet vart skrive var det med utgangspunkt i ei formeining om at grunneigarane måtte ha dette valget, men nærare undersøkelsar viser at dette er eit val styret kan ta. Vedlagde forslag har derfor kun nasjonalparkstyret som forslag til eigar på det ferdige tiltaket, men framleis med god kontakt med grunneigarane etter gjennomføring av tiltaket jfr pkt 7 i forslag til kontrakt. Det andre det vart kommentert på var dei juridiske konsekvensane av at nasjonalparkstyret kan stå som eigar. Dette er også undersøkt med juristane hos Miljødirektoratet. Tidlegare har det vore Staten som har teke på seg eigaransvaret på denne type tiltak, sidan nasjonalparkstyra ikkje har vore juridiske personar tidlegare og dermed ikkje har hatt moglegheita. Det blir herifrå opplyst om at når nasjonalparkstyret no blir definert som juridisk person blir det nasjonalparkstyret si oppgåve å vurdere å ta på seg eigarskap innanfor dei rammene som styret har. Staten blir ikkje sett på som eit alternativ til offentleg eigarskap innanfor verneområda nasjonalparkstyret har forvaltningsmyndigheit for. I skrivande stund ligg ikkje dei endelege vedtektene føre, men dei er etterspurde og det er sagt dei skal vera ferdigstilte i midten av mai. Konklusjon Forslag til avtale med grunneigarar på gnr/bnr 4/9 er lagt ved til godkjenning av styret. Klageadgang: Vedlegg: 1 Forslag til kontrakt med grunneigarane i Norddalen i Lonkanfjorden for stiutbetringsprosjektet mellom slagghaugane og Memuruskardet Andre relevante dokumenter, ikke vedlagt: Side6 Avtale om stitilrettelegging i Norddalen i Lonkanfjorden mellom Navn: Møysalen nasjonalparkstyre Adresse: Møysalvegen 3295, 8414 Hennes Kontaktperson: Brit Grønmyr Og Navn: Grunneiere på gnr 4 bnr 9 i Hadsel kommune, jfr vedlagt liste Kontaktperson: Odd Martin Olsen Adresse: Møysalvegen 3215, 8414 Hennes 1. Grunneiere på gnr 4 bnr 9 i Hadsel kommune gir med dette tillatelse til stitilrettelegging som beskrevet i vedlagt rapport «FAGLIG RÅD STIPROSJEKT MØYSALEN» utarbeidet av Statens Naturoppsyn v/Rune Holen. 2. Tillatelsen er begrensa til og med året 2019. 3. Grunneiere på gnr 4 bnr 9 i Hadsel kommune gir tillatelse til bruk av område i direkte tilknytning til det berørte området til brakkerigg i anleggsperioden, samt landing med helikopter for innflyging av stein og andre tiltak nødvendige for gjennomføring av tiltaket som beskrevet i vedlagte rapport. 4. Område for uttak av stein på eiendommen til bruk i tilrettelegging av stien skal avtales nærmere med grunneiers kontaktperson 5. Ved større forandringer av prosjektet i anleggsfasen ift beskrivelse i vedlagte rapport skal disse avklares direkte med grunneiernes kontaktperson. 6. Tiltaket blir utført vederlagsfritt av tiltakshaver og er Møysalen nasjonalparkstyre sin eiendom når ferdigstilt 7. Ved vedlikehold skal grunneiernes kontaktperson orienteres i god tid. Denne kontrakten er utferdiget i 2 eksemplarer, ette til hver av partene. For Møysalen nasjonalparkstyre Grunneier på gnr 4 bnr 9 ………………………………………………………………… Sted og dato ………………………………………………………………………. Sted og dato __________________________________ Navn _____________________________________ Navn Vedlegg: Rapporten «FAGLIG RÅD STIPROSJEKT MØYSALEN» av Statens naturoppsyn v/Rune Holen Liste over grunneiere på GNR 4 BNR 9 i Hadsel kommune henta fra matrikkelen Side7 MØYSALEN Saksfremlegg NASJONALPARKSTYRE Arkivsaksnr: 2015/3025-0 Saksbehandler: Brit Grønmyr Dato: 06.05.2015 Utvalg Møysalen nasjonalparkstyre Utvalgssak Møtedato 15/15 26.05.2015 Plan for uttak av mink i Svellingsflaket lvo Forslag til vedtak Møysalen nasjonalparkstyre godkjenner vedlagde Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 datert 15. mai 2015. Med heimel i Naturmangfoldloven § 48 gir Møysalen nasjonalparkstyre dispensasjon frå verneforskrifta for Svellingsflaket lvo med dyrelivsfredning for bruk av laus hund i perioden 1. april til og med 8. mai i åra 2015 t.o.m. 2018 i tråd med Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 datert 15. mai 2015. Med heimel i Naturmangfoldloven § 48 gir Møysalen nasjonalparkstyre dispensasjon frå verneforskrift for Svellingsflaket lvo med dyrelivsfredning for bruk av laus hund i inntil 5 enkeltdagar årleg ut over peioden nemnd i andre avsnitt ved besøk frå SNO sentralt eller andre tiltak knytt til Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 datert 15. mai 2015. Bakgrunn Etter initiativ frå lokale krefter i Vestbygda i Lødingen kommune er det utarbeidd eit forslag til plan for uttak av mink i Svellingsflaket lvo for perioden 2015 t.o.m. 2018. Her blir det lagt opp til eit samarbeidsprosjekt mellom fleire ulike aktørar som får beskrive sine roller i plana, som grunneigarane, andre lokale aktørar i Lødingen Vestbygd, Lødingen kommune, lokalt oppsyn og møysalen nasjonalparkstyre. Alle partane har på eit tidspunkt hatt plana til kommentering. Utgåva som er lagt fram no er bearbeidd ut ifrå dei tilbakemeldingane som er komne den er no sendt igjen til alle partane for endeleg godkjenning. Plana er forsøkt lagt opp slik at det går tydeleg fram kva som er forventa av dei ulike aktørane. Som forvaltningsmyndigheit kan nasjonalparkstyret gi dispensasjon frå verneforskrifta for bruk av laus hund til minkjakta. Nasjonalparkstyret har dessutan ein funksjon med oppfølging av plana i åra framover, og dette blir primært forvaltar si oppgåve, inkludert å legge fram saker for godkjenning av styret der det er påkrevd. Side8 Grunnlaget for avgjørelsen I Svellingsflaket landskapsvernområde med fuglefredning er det ifølge verneforskrifta § 3 punkt 2 siste ledd er det bandtvang heile året i verneområdet. Dispensasjon frå dette påbudet kan gjevast med heimel i § 48 i Naturmangfoldloven. Første ledd er slik: Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. § 6 i verneforskrifta for Svellingsflaket lvo med dyrelivsfredning seier dette om skjøtsel: Forvaltningsmyndigheten eller den forvaltningsmyndigheten bestemmer, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med verneformålet. Det kan utarbeides forvaltningsplan, som kan inneholde nærmere retningslinjer for gjennomføring av skjøtselstiltak. Vurdering Alle saker som berører naturmangfoldet skal vurderast etter Naturmangfoldlova §§ 8 – 12, jfr § 7. Når det gjeld Kunnskapsgrunnlaget (§8) er det gjort registreringar i samband med verneprosessen, og sist i 2014 var det gjort ei eiga sjøfuglregistrering av området. Her er det kommentert at det er sannsynleg at minken er ei veldig viktig årsak i spriket mellom talet på par tidleg på våren og talet på rugande fugl. Verknaden minken som innført og svartelista art er veldokumentert, og materialisert i ein eigen handlingsplan mot amerikansk mink (Neovison vison). Ut frå dette og karakteren på tiltaket som skal behandlast vurderer ein kunnskapsgrunnlaget som tilstrekkeleg til at ein kan ta ei avgjerd i saka og ein ikkje treng å ta i bruk føre-var-prinsippet (§9). Etter § 10 “Økosystemtilnærming og samlet belastning” skal ei beslutning vurderast i lys av fleire påverknadar seinare, og om eit løyve kan skape presedens, og på denne måten bidra til ei gradvis forringing av området. Eit løyve som dette har som hensikt å forbetre miljøtilstanden, det er fundert i ei plan som set klare avgrensingar på aktiviteten, og ein ser derfor ikkje presedensfare i det. NML § 11 ”kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver” og § 12 «miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetoder» er ikkje aktuelle i dette tilfellet. Konklusjon Krava til å gje dispensasjon i § 48 i Naturmangfoldloven synest oppfylt i dette tilfellet. Uttak av mink vil ikkje stride mot vernevedtakets formål, heller tvert imot, og er å rekne som eit skjøtselstiltak som beskrive i § 6 i verneforskrifta. Ein finn derfor å kunne innstille på dispensasjon frå verneforskrifta for bruk av laus hund under minkjakt saman med godkjenninga av plana. Klageadgang: Andre og tredje avsnitt av avgjørelsen kan påklages til Miljødirektoratet. Klagefristen vil være tre uker etter at vedtaket er mottatt. Eventuell klage sendes gjennom nasjonalparkstyret. Side9 Vedlegg: 1 Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 tom 2018 datert 15. mai 2014 2 Grunneigarkontrakt - vedlegg til Plan for uttak av mink i Svellingsflaket lvo 3 Kart over planområdet - vedlegg til plan for uttak av mink i Svellingsflaket lvo Andre relevante dokumenter, ikke vedlagt: Handlingsplan mot amerikansk mink (Neovison vison) Rapport frå sjøfugltelling i Svellingsflaket lvo Verneforskrift for Svellingsflaket lvo med dyrelivsfredning Naturmangfoldloven Side10 Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 Innledning Svellingsflaket landskapsvernområde med dyrelivsfredning vart verna i kongeleg resolusjon 6.12.2012. Det består av vel 600 øyer og holmar, og store gruntvassområde. Dyrelivsfredninga rettar seg først og fremst mot fugl. I tillegg til å vera hekkeområde har området stor verdi for fuglelivet som rasteplass under trekket vår og haust og som overvintringslokalitet. Den arten som overvintrar i størst antal er ærfugl. Som hekkefuglar kan i tillegg storskarv, terner, havørn og grågås nemnast. Minken etablerte seg i området tidleg på 60-talet, og bestanden ser no ut til å ha stabilisert seg til næringstilgangen. Minken kan ha stor negativ effekt på bakkehekkande sjøfugl, og da særleg kolonihekkarar, som mange av dei nemnde artane er. Sidan initiativet til tiltaket kjem frå Vestbygda i Lødingen vil også utforminga av denne plana ta utgangspunkt i dette. Plana hentar inspirasjon frå andre område med erfaringar med uttak av mink og forsøker å tilpasse dette til lokale forhold. Dette er den første planen som er laga for dette tiltaket i dette området, og det kan kome til å bli behov for endringar og tilpassingar i plana. Utvidelse av området kan også vurderast om forholda ligg til rette for det. Metode Erfaringar frå andre område der ein har gjort tilsvarande tiltak, f. eks. Vega verdensarvområde, tilseier at den mest effektive er å ha ein gjennomgang av heile eller delar av det utvalde området (sjå vedlagde kart) før hekketida for utrensking av flest mogleg mink. Resten av året blir dette fulgt opp med fellefangst, evt jakt. For utrenskinga før hekkesesongen gjeld dette: Lokale jegrar vil utgjere ryggraden i gruppa som står for utrensking av mink før hekketida. Dette bør vera personar som kan stille i fleire år, for kontinuitet og kompetansebygging. Det blir halde oversikt over antal felte mink og ca område dei er felt i. I tillegg legg nasjonalparkstyret inn ei bestilling på person(ar) frå SNO med spesialtrent hund for erfaringsutveksling og oppfølging av den lokale gruppa. Av hensyn til hekkande fuglar skal dette arbeidet avsluttast når ein ser at begge kjønn av ærfuglen ligg mykje på land, og seinast 8. mai. 15. mai 2015 Side11 For fangst og jakt resten av året gjeld dette: Ein kontaktperson i Vestbygda har ansvaret for fellelagret og for registrering av personar som vil jakte eller fangste mink i område. Same person tek imot minkføter og utfylt skjema for utbetaling av skotpremie, og sender desse vidare til kommunen for utbetaling. Det blir kjøpt inn 10 feller i 2015. I dei påfølgande åra i planperioden kan det kjøpast inn inntil 5 feller per år, visst behov. For å hjelpe fuglebestandane i området ytterlegare i planperioden blir fuglelivet freda for jakt og sanking av egg i planområdet. Organisering Vedlagt kart viser området som ein skal starte med tiltak mot minken i. Det er her registrert 4 gardsog bruksnummer: 13/1 Hustad, 13/2 Svellingen, 8/1 Selsøy og 8/3 Oksøy. Plana må godkjennast av grunneigarane før den kan settast i verk, og det blir utforma ein avtale med grunneigarane om gjennomføring av tiltaket når plana er ferdigstilt. Det praktiske rundt feller og registrering av felte mink for utbetaling av skotpremie skal organiserast lokalt i Lødingen Vestbygd. Det blir her og andre sentrale plassar informert gjennom annonsering, plakatar o.a. om tiltaka mot minken og fredninga av fuglelivet i planområdet. Lødingen kommune opprettar eit fond der midlane som til tiltaket frå kommune, nasjonalparkstyre og andre skal settast inn. Kommunen står for utbetaling av skotpremiar mm etter anvisning frå lokal kontaktperson. Ei eventuell skotpremie må ha godkjenning av kommunen, men størrelsen på premien blir sett av organisasjonen som står som søkjar, jfr Viltlova § 51. Det lokale oppsynet i Svellingsflaket, Statskog Fjelltjenesten, er ein ressurs som kan brukast ved gjennomføring av plana. Da Svellingsflaket er eitt av fleire oppdrag det lokale oppsynet har så det er vanskeleg å binde det opp i denne plana, men det kan vera mest aktuelt å engasjere i samband med gjennomgangen av områda før hekketida. Ut over det kan ein halde dialogen med det lokale oppsynet og etterspørre tenester ved behov. Møysalen nasjonalparkstyre har forvaltningsmyndigheit for Svellingsflaket landskapsvernområde og ansvar for å ta vare på verneverdiane her. Nasjonalparkstyret har ansvar for igangsetting og oppfølging av denne plana med spesielt fokus på dei punkta det står at nasjonalparkstyret skal følgje opp. Økonomi Nasjonalparkstyret og Lødingen kommune blir sett opp som dei faste aktørane i finansieringa av tiltaket. Desse skal gjennom sine budsjett prioritere midlar slik at fondet får tilført til saman kr 30 000,- årleg, fordelt 50/50, så sant det er innanfor dei tildelte økonomiske rammene deira. Nasjonalparkstyret søkjer om midlar gjennom det fylkeskommunale viltfondet, tiltak mot framande artar eller andre kilder som kan passe formålet. Eventuelle midlar henta inn her eller som kjem frå andre kilder kjem i tillegg til grunnsummen frå kommune og nasjonalparkstyre. 15. mai 2015 Side12 Ein kan risikere at prosjektet går tomt for midlar i løpet av ein sesong eller på eit gjeve tidspunkt er konflikt mellom midlar til ulike tiltak. Utbetaling av tiltaka skal derfor prioriterast slik: 1. Tiltak på vårparten knytt til rensking av utvalde område for mink før hekkinga tek til 2. Innkjøp av feller i tråd med plan. 3. Skotpremie, kr 400 per mink. Evaluering Denne plana har fått varigheit til og med 2018. Ved rullering av plana blir det ei evaluering, og som noko av grunnlaget for dette i tillegg til innspel frå berørte partar skal det lagast ei oversikt over felt mink i planperioden, ut frå skjema for skotpremie og notatar om fangstresultat frå gruppa som blir jaktar mink før hekketida. I tillegg skal Nasjonalparkstyret for det siste året av planperioden, 2018, legge inn ei bestilling på midlar til ei kartlegging av fuglelivet tilsvarande den som var gjort i 2014, for å sjå kva verknad dei iverksatte tiltaka kan ha. Vedlegg: Kart med planavgrensing Grunneigaravtale 15. mai 2015 Side13 Tillatelse til jakt og fangst etter mink i Svellingsflaket landskapsvernområde 1. Underteikna gir tillatelse til jakt og fangst etter mink i samsvar med Viltlova og god jegerskikk og i tråd med Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 datert 15. mai 2015 på sin eigedom i Svellingsflaket lvo i planperioden. 2. Underteikna gir tillatelse til bruk av laus hund under jakt på mink før hekketida i perioden 1. april t.o.m. 8. mai i åra 2016 og til og med 2018 i tråd med Plan for uttak av mink i Svellingsflaket datert 15. mai 2015. 3. Underteikna gir tillatelse til bruk av laus hund under jakt på mink i inntil 5 dagar årleg ut over peioden nemnd i punkt 2 ved besøk frå Statens Naturoppsyn sentralt eller andre relevante tiltak knytt til Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 datert 15. mai 2015. Grunneigar skal varslast om tidspunkt og varigheit i god tid. 4. Underteikna fredar fuglelivet for jakt og sanking av egg på sin eigendom innanfor grensene for planområdet som vist i kartvedlegg til Plan for uttak av mink i Svellingsflaket 2015 t.o.m. 2018 i planperioden. __________________________ Stad og dato __________________________ Gnr/bnr Side14 __________________________ Underskrift - Landskapsvernomåde - Plangrense minkplan Vedlegg 1 Side15
© Copyright 2024