Valgprogram

Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 1
Vestre Slidre
Senterparti
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 2
Ei levande bygd!
Vestre Slidre Senterparti sitt program byggjer på ein heilskapleg,
framtidsretta politikk. Sp vil arbeide mot ureining av naturen slik at
miljøet og livsgrunnlaget ikkje blir svekt for etterkomarane våre.
Sp vil ha inkluderande lokalsamfunn der alle nye innbyggjarar i kommunen skal
kjenne seg velkomne. For å skape ei levande bygd er det svært viktig at alle lo‐
kalsamfunn i kommunen skal ha høve til å utvikle seg med byggjeklare bustadtomter
og variert næringsareal. Det skal vera eit mål at alle skal få vera med å prege sitt eige
lokalsamfunn, og såleis kunne vera med å byggje opp sosiale nettverk til gagn for
fellesskapen og kvart enkelt menneske.
Sp ser det som viktig at ein har mest mogeleg lokal politisk styring i saker som ved‐
kjem lokalsamfunnet.
Sp vil ha ein lokal, trygg og nær beredskapsteneste.
Sp er ei motkraft til sentralisering.
Framleis Sp‐ordførar i Vestre Slidre!
Senterpartiet har tradisjon for å ta politisk ansvar. Med unntak av fem periodar har
Senterpartiet hatt ordføraren frå 1947 og fram til 2015. Kommunen har gjennom
mange år brukt av dei frie midlane sine (disposisjonsfondet). Sp har vore opptekne av
å få til ansvarleg økonomisk drift og har teke føringa ved innsparingar i den kom‐
munale drifta, noko som på sikt sikrar oss ein sunnare økonomi. Ein har likevel greidd
å oppretthalde eit godt tilbod til innbyggjarane. Ein må jobbe for at økonomien blir så
god på sikt at ein kan redusere eller avvikle eigedomsskatten.
Etter private og statlege nedleggingar i kommunen ser ein no lyspunkt med fleire ny‐
etableringar.
Tiltak som er gjennomførde i førre perioden:
• Opning av Bergtun omsorgssenter
• Ny gang‐ og sykkelveg
• Etablering av ungdomsråd
• PC‐ar til elevane i skulen
• Vidareføring av landbruksfondet
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 3
• Opning av Valdres lokalmedisinske senter
• Vedtake kommunedelplan for E16 Fagernes – Hande
• Opprydding i Røn sentrum
• Auka tilskot til løypekøyring
• Vedtak om ny skulestruktur
Listekandidatar:
1. Lars Kvissel
2. Ingebjørg Moe
3. Haldor Ødegård
4. Sigrid Myrheim
5. Knut Kjøs Egge
6. Kjell E. Strand
7. Johanna Fuglesteg
8. Frode Rolandsgard
9. Ragnhild Strømmen Strand
10. Andris Fystro
11. Britt Helen Moe
12. Gunnar Torstein Breivik
13. Ola Bakke
14. Christin Hambro
15. Knut Sigurd Rødningen
16. Einar Johme
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 4
Valprogram 2015‐2019
Senterpartiet vil:
Kommunestruktur
• At samanslåing av kommunar skal vera basert på frivilligheit.
• Delta i utgreiingar om ny framtidig kommunestruktur for Valdres med ein eller fleire
samarbeidspartnarar, der å stå åleine er eitt av alternativa. Vi legg vekt på betre te‐
nesteyting og lokale arbeidsplassar.
• At eventuell endring av kommunestruktur må byggjast på ei rådgjevande folkeav‐
stemming.
• Effektivisere det interkommunale samarbeidet i Valdres, med tanke på betre demo‐
kratisk styring, enklare strukturar og rimelegare drift.
Oppvekst/utdanning
• At ungar og ungdom byggjer opp tilknyting og identitet til bygda vår gjennom tidlege
natur‐ og kulturopplevingar i skule og barnehage.
• Arbeide for fleire kommunale og private lærlingeplassar i Vestre Slidre.
• At kulturskulen i Vestre Slidre framleis skal vera eit fyrtårn med eit breitt og allsidig
tilbod.
• Vidareutvikle satsinga på digitale verktøy i skulen.
• Vidareutvikle satsinga på praktiske fag i skulen.
• Arbeide for å motverke fråfall i grunnskule og vidaregåande skule.
Frivillige lag og foreiningar
• Halde fram med gratis leige av Kulturhuset for frivillige lag i kommunen.
• Vera ein støttespelar for aktivitet i lokale grendehus.
• Stø opp om lokale løypelag og lysløyper, etablering av sykkel‐ og turstigar.
• Stø opp om det allsidige og breie kultur‐ og idrettslivet i Vestre Slidre.
• Ta vare på kulturminne i kommunen gjennom aktivt bruk, samarbeid med lokale lag
og eldsjeler.
• Stø opp om det gode arbeidet som frivilligsentralen gjer.
Samferdsel
• Arbeide for å behalde E16 som stamveg mellom aust og vest.
• Vera aktive i planarbeidet for E16 frå Hande til Ryfoss med tilhøyrande gang‐ og sykk‐
elveg gjennom heile kommunen.
• Arbeide for ei god planløysing rundt E16 i Røn.
• Arbeide for oppgradering av vegen Røn – Vaset til fylkeskommunal veg.
• Arbeide for oppgradering av Vestsidevegen og fullføring av vegen over Eggeåsen.
• Arbeide for ei god løysing for mjuke trafikantar frå Slidredomen til Hausåkersletta.
Landbruk
• Ta vare på og arbeide for vidareutvikling av landbruket i Vestre Slidre.
• Oppretthalde det beste landbrukskontoret i Valdres.
• Vidareføre landbruksfondet til støtte for investeringar heime og på stølen.
• Stimulere til satsing på nisjeprodukt.
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 5
• Drive aktiv påverknad av den sentrale landbrukspolitikken.
• Effektiv skadefelling av rovdyr i beiteområde.
• Stimulere til å oppretthalde eit ope landskap i fjellet blant anna gjennom bruk av
SMIL‐midlar.
Miljø
• Delta i haldningsskapande arbeid, t.d. gjennom ryddetiltak og eit godt samarbeid
med Valdres kommunale renovasjon.
• Arrangere lokale synfaringar hjå private som har investert i miljøvenlege energi‐
løysingar som solfangar, vedfyringsanlegg etc.
• Stø opp om og vera rådgjevarar for private og bedrifter som søkjer tilskot frå
ENOVA innanfor energisparing og energiløysingar.
• Vidareføre ENØK‐satsinga i kommunen.
• Stimulere til større hogst og planting.
• Vurdere nullutsleppsbilar som kommunale tenestebilar.
Næringsutvikling og arbeidsplassar
• Stø opp om næringsutviklarar og gründerar gjennom næringsretta tiltak og synleg‐
gjering av bedriftene deira
• Halde fram arbeidet med å utvikle Slidreøya for framtida.
• Rask, effektiv og positiv sakshandsaming.
• Gjennomgang av erfaringane med Valdres Natur‐ og Kulturpark før avtalen går ut i
2017.
• Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar i Vestre Slidre.
• Ha ein aktiv hyttepolitikk og halde fram eit godt samarbeid med hytteeigarforein‐
inga i Vestre Slidre.
• Ha tilgjengelege næringsareal i kommunen.
Helse og omsorg
• Ha eit variert tilbod på alle omsorgsnivå i alle aldrar.
• Styrke heimebaserte tenester i eldreomsorga, slik at dei som ønskjer det kan bli
buande heime lenger.
• Styrke frivilligsentralen som eit viktig helsefremjande og førebyggjande helsetiltak.
• Ha ei god drift av sjukeheimen i dialog med Vestre Slidre sanitetsforeining.
• Sikre at personar med psykisk sjukdom får eit godt tilbod.
• Støtte opp om velferdsteknologiske løysingar, som tryggingsalarm, fallsensor etc.
Tilflytting
• Marknadsføre og utvikle tomtetilbodet i kommunen.
• Gratis tomter for dei under 30 år.
• Ta godt i mot innflyttarar ved m.a. å tilby omvising og informasjon om kommunale
tenester.
• Lempeleg ordning for hytteeigarar som vil busetje seg.
• Ha eit godt integrerande tilbod til flyktningar som kjem til kommunen.
Ved å tilhøyre ein politisk organisasjon har Senterpartiet i Vestre
Slidre kort veg til sentrale politikarar!
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 6
Oppland-VestreSLidre.qxp_Layout 1 08.06.15 09.16 Side 7