1. - Osterøy Kommune

OSTERØY KOMMUNE
Innkalling
av
Eldrerådet
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
23.02.2015
Formannskapssalen - Osterøy rådhus
10:00 -
Eventuelle forfall må meldast til Turid Reigstad per tlf. 56192100, sms til
eller per epost til [email protected]
Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.
Sakliste
Saknr
001/15
002/15
003/15
Tittel
Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av møtebok
Referatsaker og meldingar
17. februar 2015
Åge Clausen
møteleiar
Turid Reigstad
sekretær
SAKSPAPIR
Saksnr
001/15
Utval
Type
Dato
Eldrerådet
PS
23.02.2015
Saksbehandlar
ArkivsakID
Turid Reigstad
14/4416
Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vert godkjent.
Saksopplysningar:
Innkalling med saksliste er send ut.
SAKSPAPIR
Saksnr
002/15
Utval
Type
Dato
Eldrerådet
PS
23.02.2015
Saksbehandlar
ArkivsakID
Turid Reigstad
14/4416
Godkjenning av møtebok
32T
Protokoll - Eldrerådet - 24.11.2014
Møtebok frå
vert godkjend.
Saksopplysningar:
Møteprotokoll frå møtet
er send ut til godkjenning.
OSTERØY KOMMUNE
Møteprotokoll
for
Eldrerådet
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
24.11.2014
Formannskapssalen
10:00 - 13:00
Frammøtte medlemmer
Parti
Rolle
Aslaug Gjerstad
Erling Raknes
Ingunn Rongved
Norvald Vedå
Sylvi Markussen
Wenche Fiskeseth
Åge Clausen
Medlem
Medlem
Nestleiar
Medlem
Medlem
Medlem
Utvalsleiar
Følgjande frå administrasjonen møtte: Utvalssekretæren.
Rådmann Odd Ivar Øvregård og sektorleiar helse-, omsorg og sosial Mette Fauskanger, var til
stades i delar av møtet.
Sakliste
Saknr
Tittel
010/14
Godkjenning av innkalling og sakliste
011/14
Godkjenning av møtebok
012/14
Budsjett 2015
013/14
Referatsaker og meldingar
010/14: Godkjenning av innkalling og sakliste
Rådmannen sitt framlegg:
Innkalling og sakliste vert godkjent.
24.11.2014 ELDRERÅDET
Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste.
ELD - 010/14 VEDTAK:
Innkalling og sakliste vert godkjend.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
011/14: Godkjenning av møtebok
Rådmannen sitt framlegg:
Møtebok frå 15.10.14 vert godkjend.
24.11.2014 ELDRERÅDET
Det var ikkje merknader til møteboka.
ELD - 011/14 VEDTAK:
Møtebok frå 15.10.14 vert godkjend.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
012/14: Budsjett 2015
Rådmannen sitt framlegg:
” Årsbudsjettet for 2015 med investeringsplan vert vedteke på grunnlag av rådmannen si
saksutgreiing til formannskapet, med slike driftsrammer:
(Tal i 1 000 kr)
Budsjett
2015
Midlar til fordeling
379 341
Stab/leiing
IKTNH *
50 300
3 400
Oppvekst, undervisning og kultur
166 000
Helse, omsorg og social
153 600
Miljø og teknikk (eks sjølvkost)
Sjølvkostområda (gebyrfinansiert)
19 200
-5 700
Sum rammeområda
386 800
Sentrale postar
Lønsreserve
-11 760
4 300
Sum skjema 1B
379 340
Meir-/mindreforbruk
0
* Dette er mva-utgift. Den motsvarast av tilsvarande inntekt (mva-kompensasjon) på sentrale postar.
1. Alle kommunale avgifter, gebyr, betalingssatsar og vederlag vert auka med 5 %, frå 01.01.15
med mindre anna er nemnd særskild i budsjettpremissane, dette vedtaket eller andre reglar
som fylgjer av lov eller føresegn.
2. Med verknad frå 01.01.2015 vert gebyr- og avgiftssatsane innan sjølvkostområda
endra/fastsett
som
følgjer:
- årsavgift for avlaup,
Ingen endring
- årsavgift for vatn,
Ingen endring
- årsavgift for feiing,
Ingen endring
- årsavgift for slam,
Ingen endring
3. Tilkoplingsgebyra for vatn- og avlaup vert auka frå kr 10 000 til kr 13 000.
4. Gebyrsatsane for byggesak vert endra i tråd med følgjande tabell, jfr gebyrregulativ for
2015:
Auke 5 %
5.1.1
5.1.2
Auke 3 %
9.1.1
9.1.2
9.1.3
9.1.4
9.1.5
9.1.6
Ikkje auke
Timesats kontorarbeid
Timesats feltarbeid
Dispensasjon
strandsona
pbl § 1-8
Dispensasjon arealformål i
plan
Dispensasjon arealformål
LNF mindre tiltak på bygd
eigedom utafor 100- meters
beltet
Dispensasjon plankrav eller
rekkefølgjekrav i plan
Andre dispensasjon frå
plan, lov eller forskrift
Dispensasjonsvurdering
i
9.1.7
9.1.8
9.1.9
10.1.1
10.2.1
10.2.2
10.2.4
10.2.5
10.2.6
10.2.8
10.2.9
10.2.10
10.2.11
10.3.1
10.3.2
10.3.3
10.3.4
10.3.5
11.1.1
11.1.2
11.1.3
11.1.5
11.1.6
12.1
14.1
16.2
17.1
17.2
samband med tiltak der
dispensasjon er gjeve for
mindre enn 3 år for deling
Mellombels dispensasjon
Mangel sak m/melding til
søkjar
Avvist sak
Førehandskonferanse
Basisgebyr
for
bygg
bustad/fritidsbustad
Basisgebyr for bygg industri
m.fl.
Basisgebyr fellesbygg
Basisgebyr konstruksjonar
& anlegg
Basisgebyr andre bygningar,
konstruksjonar og anlegg
Delt sakshandsaming
Godkjenning av ansvarsrett
Mangelfull sak
Avvist sak
Basisgebyr
tiltak
utan
ansvarsrett
Basisgebyr for saker som
ikkje krev oppdatering av
kart/matrikkel
Godkjenning av ansvarsrett
(der tiltakshavar vel å ha
ansvarleg føretak)
Mangelfull sak m/melding
til søkjar
Avvist sak
Deling i samsvar med
grenser fastsett i godkjent
plan
Deling i samsvar med
arealformål
Deling ikkje i samsvar med
arealformål
Mangelfull sak m/melding
til søkjar
Avvist sak
Sakshandsaming
ulovleg
tiltak
Seksjonering
Søknad om løyve etter
hamne- og farvasslova
Opprydding i ureina grunn
Søknad om utslepp
17.3
Kontroll av utsleppsanlegg
5. Renovasjonsgebyr.
a. Osterøy kommune vedtek at BIR Privat AS får delegert fullmakt til fakturering og
innkrevjing av renovasjonsgebyret på vegne av Osterøy kommune, jfr § 11 i Forskrift om
handtering av hushaldningsavfall. Renovasjonsgebyret tilhøyrer Osterøy kommune.
b. Osterøy kommune vedtek at renovasjonsgebyret for 2015 vert sett ned med 0,5%.
Beløpet for ein minimumskunde vert såleis kr 1 510 for 12 tømmingar (6 tømmingar pr
halvår) + eit tillegg på kr 26 pr restavfallstømming utover dette + kr 12 i kommunalt påslag +
bossnettpåslag kr 150 pr bueining. Alle prisar er eksklusiv meirverdiavgift.
6. Satsane for foreldrebetaling i barnehage vert halde i samsvar med statlege føringar i
statsbudsjettet. Dvs auke frå kr 2 405 til 2 580 for fulltidsplass.
7. Satsane for betaling i musikk- og kulturskulen vert halde uendra.
8. Husleige i kommunale bygg for løpande avtalar vert auka tilsvarande endringa i
konsumprisindeks sidan siste regulering, så langt anna ikkje følgjer av tidlegare vedtak i
heradsstyret eller lov/føresegn.
a. For nye husleigeavtalar vert leigesatsane auka med 10 %.
9. Låneopptak (nye lån) til finansiering av investeringsprosjekt budsjettert i 2015 vert kr 84,1
millionar.
10. Heradsstyret vedtek gjeldande låneportefølje for Osterøy kommune som følgjer som
vedlegg til saka. Alle låna i portefølja kan verte refinansiert i 2014 og 2015. Rådmannen står
fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei låna han finn det føremålstenleg, uavhengig av
opprinneleg vedtak.
11. Skatteøyret for skatt til kommunen på inntekt og eige for år 2015 vert sett lik
maksimalsatsen Stortinget vedtek i statsbudsjettet for 2015.
12. Eigedomsskatt vert vidareført på alle eigedomar i Osterøy kommune for 2015.
a. Eigedomsskattesatsen vert sett til 7 promille (lova sin maksimalsats).
Eigedomsskattesatsen for bustad- og fritidseigedomar vert sett til 4 promille,
jfr. eigedomsskattelova paragraf 12 bokstav a.
b. Botnfrådrag for bustaddelen på eigedomar vert sett til kr 0.
c. Eigedomsskatten for 2015 forfell til betaling i 3 terminar: 31.03, 31.07 og 30.11,
jfr. eigedomsskattelova paragraf 25.
d. Vedtak om ny alminneleg taksering vert utsett og vil verte vurdert for
budsjettåret 2016 i høve til reglar for taksering av e-skatt på bustad basert
formuesverdi/likningsverdi, jfr. e-skattelova paragraf 8 A-3.
på
e. Sakkunnig ankenemnd for eigedomsskatt (klagenemnda) får kompetanse til å handsama
klager etter paragraf 19 i eigedomsskattelova, jfr. paragraf 20 i eigedomsskattelova.
13. Saker som kan medføra endring av dei vedtekne budsjettrammene skal leggjast fram for
formannskap/heradsstyre til avgjerd før tiltak vert sett i verk.
14. Rådmannen har framleis fullmakt til å gjera unntak i særskilde høve. I slike høve skal
formannskapet/heradsstyret snarast orienterast om dette.
15. Budsjettoverskridingar skal dekkast innan eige budsjettområde.
16. Budsjettramma til Kyrkjeleg Fellesråd vert sett til kr 4,69 millionar inkl kommunal
tenesteyting.
Generelt:
Ordføraren får fullmakt til å godkjenna budsjettframlegg med tekstdel før offentleg utlegging.
Framlegg til Årsbudsjett 2015 vert lagt ved protokollen som eige hefte.”
19.11.2014 FORMANNSKAPET
Kyrkjeleg Fellesråd ved leiar og dagleg leiar møtte og fekk presentera sitt budsjettframlegg i starten
av møtet før formannskapet si behandling.
Ass. rådmann og sektorleiar for oppvekst, undervisning og kultur var til stades i møtet ved
formannskapet si behandling.
---------------------------------AVRØYSTING
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
-----------------------------------Formannskapet sitt framlegg vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til endeleg behandling i
heradsstyremøtet 10.12.14.
FS - 087/14 VEDTAK:
” Årsbudsjettet for 2015 med investeringsplan vert vedteke på grunnlag av rådmannen si
saksutgreiing til formannskapet, med slike driftsrammer:
(Tal i 1 000 kr)
Budsjett
2015
Midlar til fordeling
379 341
Stab/leiing
IKTNH *
50 300
3 400
Oppvekst, undervisning og kultur
166 000
Helse, omsorg og social
153 600
Miljø og teknikk (eks sjølvkost)
Sjølvkostområda (gebyrfinansiert)
19 200
-5 700
Sum rammeområda
386 800
Sentrale postar
Lønsreserve
-11 760
4 300
Sum skjema 1B
379 340
Meir-/mindreforbruk
0
* Dette er mva-utgift. Den motsvarast av tilsvarande inntekt (mva-kompensasjon) på sentrale postar.
1. Alle kommunale avgifter, gebyr, betalingssatsar og vederlag vert auka med 5 %, frå 01.01.15
med mindre anna er nemnd særskild i budsjettpremissane, dette vedtaket eller andre reglar
som fylgjer av lov eller føresegn.
2. Med verknad frå 01.01.2015 vert gebyr- og avgiftssatsane innan sjølvkostområda
endra/fastsett
som
følgjer:
- årsavgift for avlaup,
Ingen endring
- årsavgift for vatn,
Ingen endring
- årsavgift for feiing,
Ingen endring
- årsavgift for slam,
Ingen endring
3. Tilkoplingsgebyra for vatn- og avlaup vert auka frå kr 10 000 til kr 13 000.
4. Gebyrsatsane for byggesak vert endra i tråd med følgjande tabell, jfr gebyrregulativ for 2015:
Auke 5 %
5.1.1
5.1.2
Auke 3 %
9.1.1
9.1.2
9.1.3
9.1.4
Ikkje auke
Timesats kontorarbeid
Timesats feltarbeid
Dispensasjon
strandsona
pbl § 1-8
Dispensasjon arealformål i
plan
Dispensasjon arealformål
LNF mindre tiltak på bygd
eigedom utafor 100- meters
beltet
Dispensasjon plankrav eller
rekkefølgjekrav i plan
9.1.5
9.1.6
9.1.7
9.1.8
9.1.9
10.1.1
10.2.1
10.2.2
10.2.4
10.2.5
10.2.6
10.2.8
10.2.9
10.2.10
10.2.11
10.3.1
10.3.2
10.3.3
10.3.4
10.3.5
11.1.1
11.1.2
11.1.3
11.1.5
11.1.6
12.1
14.1
16.2
Andre dispensasjon frå
plan, lov eller forskrift
Dispensasjonsvurdering
i
samband med tiltak der
dispensasjon er gjeve for
mindre enn 3 år for deling
Mellombels dispensasjon
Mangel sak m/melding til
søkjar
Avvist sak
Førehandskonferanse
Basisgebyr
for
bygg
bustad/fritidsbustad
Basisgebyr for bygg industri
m.fl.
Basisgebyr fellesbygg
Basisgebyr konstruksjonar
& anlegg
Basisgebyr andre bygningar,
konstruksjonar og anlegg
Delt sakshandsaming
Godkjenning av ansvarsrett
Mangelfull sak
Avvist sak
Basisgebyr
tiltak
utan
ansvarsrett
Basisgebyr for saker som
ikkje krev oppdatering av
kart/matrikkel
Godkjenning av ansvarsrett
(der tiltakshavar vel å ha
ansvarleg føretak)
Mangelfull sak m/melding
til søkjar
Avvist sak
Deling i samsvar med
grenser fastsett i godkjent
plan
Deling i samsvar med
arealformål
Deling ikkje i samsvar med
arealformål
Mangelfull sak m/melding
til søkjar
Avvist sak
Sakshandsaming
ulovleg
tiltak
Seksjonering
Søknad om løyve etter
hamne- og farvasslova
17.1
17.2
17.3
Opprydding i ureina grunn
Søknad om utslepp
Kontroll av utsleppsanlegg
5. Renovasjonsgebyr.
a. Osterøy kommune vedtek at BIR Privat AS får delegert fullmakt til fakturering og
innkrevjing av renovasjonsgebyret på vegne av Osterøy kommune, jfr § 11 i Forskrift om
handtering av hushaldningsavfall. Renovasjonsgebyret tilhøyrer Osterøy kommune.
b. Osterøy kommune vedtek at renovasjonsgebyret for 2015 vert sett ned med 0,5%. Beløpet
for ein minimumskunde vert såleis kr 1 510 for 12 tømmingar (6 tømmingar pr halvår) + eit
tillegg på kr 26 pr restavfallstømming utover dette + kr 12 i kommunalt påslag +
bossnettpåslag kr 150 pr bueining. Alle prisar er eksklusiv meirverdiavgift.
13. Satsane for foreldrebetaling i barnehage vert halde i samsvar med statlege føringar i
statsbudsjettet. Dvs auke frå kr 2 405 til 2 580 for fulltidsplass.
14. Satsane for betaling i musikk- og kulturskulen vert halde uendra.
15. Husleige i kommunale bygg for løpande avtalar vert auka tilsvarande endringa i
konsumprisindeks sidan siste regulering, så langt anna ikkje følgjer av tidlegare vedtak i
heradsstyret eller lov/føresegn.
b. For nye husleigeavtalar vert leigesatsane auka med 10 %.
16. Låneopptak (nye lån) til finansiering av investeringsprosjekt budsjettert i 2015 vert kr 84,1
millionar.
17. Heradsstyret vedtek gjeldande låneportefølje for Osterøy kommune som følgjer som vedlegg
til saka. Alle låna i portefølja kan verte refinansiert i 2014 og 2015. Rådmannen står fritt til å
betale budsjetterte avdrag på dei låna han finn det føremålstenleg, uavhengig av opprinneleg
vedtak.
18. Skatteøyret for skatt til kommunen på inntekt og eige for år 2015 vert sett lik
maksimalsatsen Stortinget vedtek i statsbudsjettet for 2015.
19. Eigedomsskatt vert vidareført på alle eigedomar i Osterøy kommune for 2015.
a. Eigedomsskattesatsen vert sett til 7 promille (lova sin maksimalsats).
Eigedomsskattesatsen for bustad- og fritidseigedomar vert sett til 4 promille,
jfr. eigedomsskattelova paragraf 12 bokstav a.
b. Botnfrådrag for bustaddelen på eigedomar vert sett til kr 0.
c. Eigedomsskatten for 2015 forfell til betaling i 3 terminar: 31.03, 31.07 og 30.11,
jfr. eigedomsskattelova paragraf 25.
d. Vedtak om ny alminneleg taksering vert utsett og vil verte vurdert for
budsjettåret 2016 i høve til reglar for taksering av e-skatt på bustad basert
formuesverdi/likningsverdi, jfr. e-skattelova paragraf 8 A-3.
på
e. Sakkunnig ankenemnd for eigedomsskatt (klagenemnda) får kompetanse til å handsama
klager etter paragraf 19 i eigedomsskattelova, jfr. paragraf 20 i eigedomsskattelova.
13. Saker som kan medføra endring av dei vedtekne budsjettrammene skal leggjast fram for
formannskap/heradsstyre til avgjerd før tiltak vert sett i verk.
14. Rådmannen har framleis fullmakt til å gjera unntak i særskilde høve. I slike høve skal
formannskapet/heradsstyret snarast orienterast om dette.
15. Budsjettoverskridingar skal dekkast innan eige budsjettområde.
16. Budsjettramma til Kyrkjeleg Fellesråd vert sett til kr 4,69 millionar inkl kommunal
tenesteyting.
Generelt:
Ordføraren får fullmakt til å godkjenna budsjettframlegg med tekstdel før offentleg utlegging.
Framlegg til Årsbudsjett 2015 vert lagt ved protokollen som eige hefte.”
24.11.2014 ELDRERÅDET
Rådmannen orienterte om budsjettet og svarte på spørsmål frå rådet.
ELD - 012/14 VEDTAK:
"Eldrerådet har handsama budsjettframlegg 2015. Eldrerådet merkar seg at dei reelle rammene til
omsorgstenester for eldre igjen vert redusert og oppfølging av vedteken helse- og sosialplan vert
føreslege skyvd ut i tid.
Eldrerådet er særs uroa over denne utviklinga. Heradsstyret bør difor sikra seg sterkare politisk
styring av dette tenesteområdet ved å oppretta utval for helse, omsorg og sosial frå neste valperiode.
Eldrerådet merkar seg og at "frivilljug innsats" og samarbeidet med desse ressursane i kommunen
har store utviklingsmogleigheiter. Dette burde budsjettframlegget synt. På kort sikt ber Eldrerådet
enno ein gong om at frivillig sentral vert etablert snarast råd."
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
013/14: Referatsaker og meldingar
Rådmannen sitt framlegg:
Referatsakene vert tekne til vitande.
24.11.2014 ELDRERÅDET
Melding nr. 1 - Strategisk kompetanseplan for sektor helse, omsorg og sosial
Sektorleiar helse, omsorg og sosial, Mette Fauskanger, orienterte om planen og svarte på spørsmål
frå rådet.
--------------------------Det vart ikkje gjort vedtak i tilknyting til orienteringa.
ELD - 013/14 VEDTAK:
Referatsakene vert tekne til vitande.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Andre saker:
 Sakspapir til Plan- og kommunalteknisk utval, Formannskapet og Heradsstyret om
«Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde – søknader om dispensasjon frå
reguleringsplanar» vart delt ut i møtet til orientering.

Eldredagen 30.08.2015 - «Ein hyllest til livet»
Leiaren orienterte om framdriften. Komiteen har hatt to møte. Wenche Fiskeseth har bede
om fritak frå å vera med i komiteen. Leiaren har innvilga dette, og Aslaug Gjerstad går inn i
komiteen.
Norvald Vedå refererte frå komitemøta, og delte ut ei innleiande skisse for Eldredagen.
Leiaren sender skriv til ordføraren vedkomande Eldredagen 30.08.15 for avklaring av
økonomien i samband med arrangementet.
Utvalssekretæren tar kontakt med Osterøyhallen for avklaring om pris for leige av hallen.

Eldre og apotektenester
Aslaug Gjerstad informerte om dette. Fullmaktsskjema for å henta medisin for andre ligg i
dag på apoteket. Eldrerådet oppmodar kommunen om å ta kontakt med apoteket for
distribusjon/betre tilgang på fullmaktsskjema.

Møteplan 2015
Det var semje om å ha 4 møte i 2015. Første møte vert måndag 23.02.15, kl. 10.00.
Innkalling vert send som vanleg.
Til å skriva under møteboka saman med leiaren vart desse valde: Norvald Vedå og Aslaug Gjerstad.
Lonevåg, 25.11.14
Turid Reigstad
Utvalssekretær
--------------------------Åge Clausen
leiar
-------------------------Norvald Vedå
--------------------Aslaug Gjerstad
SAKSPAPIR
Saksnr
003/15
Utval
Type
Dato
Eldrerådet
PS
23.02.2015
Saksbehandlar
ArkivsakID
Turid Reigstad
14/4416
Referatsaker og meldingar
Underliggjande saker:
Saksnummer
Tittel
1
VAL AV NYTT VARAMEDLEM TIL ELDRERÅDET
Saksnummer
2
Tittel
Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde - melding
Saksnummer
3
Tittel
ELDREDAGEN 2015
Saksnummer
4
Tittel
Trafikksikringsplan for Osterøy - Uttale
Saksnummer
Tittel
5
Trusopplæringa har bruk for dei eldre
Saksnummer
Tittel
6
Kunngjering av vedtak av planprogram for kommunedelplan for sjø- og
strandsona
Saksnummer
Tittel
7
Kunngjering av vedtak for 1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Plansak 125
Saksnummer
Tittel
8
Temaplan for psykisk helse og rus
Referatsakene vert tekne til vitande.
Saksopplysningar:
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Vedlegg:
Bente Skjerping
11. desember 2014 15:14
Turid Reigstad
Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde - melding
om vedtak
47202.pdf
Turid Reigstad
Referanser:
Dykkar:
Vår: 14/3819 - 14/21294
Saksbehandlar:
Bente Skjerping
[email protected].
no
Dato:
11.12.2014
Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde melding om vedtak
Viser til sak i Eldrerådet.
Saka vart behandla i Heradsstyret i møtet 10.12. d.å. og det vart då gjort slikt samrøystes vedtak:
«Heradsstyret har merka seg uttalen frå Eldrerådet. Heradsstyret legg til grunn at Eldrerådet sine innspel og
uttalar kan tekast omsyn til i saksbehandlinga med den praksis ein følgjer i dag.»
Utskrift av H-sak 057/14 ligg ved.
Ber om at Eldrerådet vert gjort kjend med heradsstyret sitt vedtak.
Med helsing
Bente Skjerping
Seksjonsleiar
Vedlegg:
Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde - søknader om dispensasjon frå reguleringsplanar
SAKSPAPIR
Saksnr
Utval
Type
Dato
109/14
Plan- og kommunalteknisk utval
PS
26.11.2014
057/14
Heradsstyret
PS
10.12.2014
Saksbehandlar
ArkivsakID
Bente Skjerping
14/3819
Oppmoding om avklaring av Eldrerådet sitt arbeidsområde - søknader om dispensasjon frå
reguleringsplanar
Vedlegg:
Turvande avklaring kring dispensasjonssaker og eldrerådet sitt mandat
Vedlegg
«Heradsstyret har merka seg uttalen frå Eldrerådet. Heradsstyret legg til grunn at
Eldrerådet sine innspel og uttalar kan tekast omsyn til i saksbehandlinga med den
praksis ein følgjer i dag.»
Plan- og kommunalteknisk utval - 109/14
PL - behandling:
AVRØYSTING
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
PL - vedtak:
«Heradsstyret har merka seg uttalen frå Eldrerådet. Heradsstyret legg til grunn at
Eldrerådet sine innspel og uttalar kan tekast omsyn til i saksbehandlinga med den
praksis ein følgjer i dag.»
Heradsstyret - 057/14
HS - behandling:
AVRØYSTING
Utvalet sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
HS - vedtak:
«Heradsstyret har merka seg uttalen frå Eldrerådet. Heradsstyret legg til grunn at
Eldrerådet sine innspel og uttalar kan tekast omsyn til i saksbehandlinga med den
praksis ein følgjer i dag.»
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Eldrerådet har i møtet 15.10.14 behandla ei sak om Eldrerådet sitt myndeog rolle i
behandlinga av dispensasjonssaker, sjå vedlegg.
I lov om eldreråd, § 3 er det fastsett slike oppgåver for Eldreråd:
«Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.
Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar
sakene.
Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet
skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.»
I rettleiing for eldrerådsarbeid er saksområde nærare omtalt og der er bustadutbygging og
reguleringssaker nemnd. Det er tilrådd at rådet særleg legg vekt på overordna planar og
budsjett, samt sikra omsynet til universell utforming.
Eldrerådet har i møtet 15.10.14 handsama framlagt notat frå leiar kring; Mogeleg sak til
heradsstyret; «Turvande avklaring kring dispensasjonssaker og eldrerådet sitt mandat.»
Eldrerådet legg notatet fram for heradsstyret og ber heradsstyret slutta seg til dei avklaringar
som her er skisserte.
Eldrerådet viser til at reguleringsplanar skal leggjast fram til uttale og sluttar av det at då bør
dispensasjonssøknader også leggjast fram, helst slik at eldrerådet sin uttale ligg føre når
administra-sjonen gir si innstilling i saka.
Vurdering
Praksis i dag er at alle møteinnkallingar til politiske utval vert sende til leiarane i Eldrerådet
og Rådet for funksjonshemma til orientering. Dette for at dei skal kjenna til sakslista og ha
høve til å ta saker opp til behandling i Eldrerådet og/eller Rådet for funksjonshemma.
Innkallingar og saksdokument vert også lagt ut på kommunen si heimeside slik at alle som vil
kan gjera seg kjende med sakene.
Så langt har dette fungert bra og Eldrerådet gir uttale i dei sakene dei ynskjer. Å leggja alle
søknader om dispensasjon frå reguleringsplanar fram for Eldrerådet før rådmannen si
behandling ser ein ikkje som føremålstenleg. I nokre høve kan det sjølvsagt vera aktuelt å
gje Eldrerådet høve til å uttala seg dersom ein ser at saka kan ha særleg interesse.
Utbygging på nabotomten til Nesjatun, Lonevåg, er eit eksempel på at også
dispensasjonssøknader kan ha interesse for Eldrerådet. Det vil vera få saker av denne
typen, og rådmannen finn difor ikkje at dette er nok til å innføra ein ny praksis i saksbehandlinga. I saksbehandlinga vil ein leggja til rette for at innspel og uttalar frå Eldrerådet
og andre vert lagt fram før endeleg vedtak vert gjort.
Folkehelse
Ingen merknader.
Miljø
Ingen konskvensar
Økonomi
Ingen merknader.
Konklusjon
Rådmannen vil ikkje tilrå ny praksis for behandling av dispensasjonssøknader. Saka vert lagt
fram for PT-utvalet til vurdering og tilråding til formannskapet.
Til Eldrerådet
Hei!
Underteikna har ansvar for utarbeiding av trafikksikringsplan for Osterøy. Det er viktig å få
utale frå eldrerådet på ulike punkter.
1. UTFORDRINGAR:
-
Kva utfordringar har eldre i trafikken på Osterøy, både i bil/sykkel/til
fots/kollektivtrafikk osv.?
2. TILTAK:
-
Kva tiltak kan ein sette i verk for å løyse utfordringane / evt gjere det lettare for eldre i
trafikken. Ein ser då i hovudsak på to dimensjonar:
o Haldningsretta tiltak
o Fysiske tiltak
3. KOMMENTAR PÅ STATENS VEGVESEN SINE MÅLSETJINGAR FOR ELDRE I
TRAFIKKEN:
Eg vil og gjerne ha ei tilbakemelding på korleis de stiller dykk til Statens Vegvesen sine
målsetjingar for eldre i trafikken:
MÅLSETJINGAR
Eldre i trafikken
●Utrede om Bilfører 65+ bør gjøres obligatorisk for alle bilførere over 75 år.
●Utarbeide et opplegg for trafikksikkerhetskurs som kan avholdes på eldresentre,
aktivitetssentre og liknende. Kurset skal i første rekke fokusere på eldre i rollen som
fotgjengere.
(Henta frå Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2014-2017)
4. ANDRE VIKTIGE INNSPEL SOM ELDRERÅDET HAR TIL EIN NY
TRAFIKKSIKRINGSPLAN
Mvh
Kristin Ruud Myking
Prosjektleiar for Trafikksikringsplanen i Osterøy kommune.
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Age Clausen <[email protected]>
17. februar 2015 09:24
Turid Reigstad; Bente Skjerping
Fwd: Trusopplæringa har bruk for dei eldre
Sak til eldrerådet 24.2.15 resten av sakslista jobbar eg med no -kjem straks.
mvh
Åge C
-------- Videresendt melding -------Emne:Trusopplæringa har bruk for dei eldre
Dato:Mon, 16 Feb 2015 15:44:17 +0100
Fra:Helga Askeland Mjelstad <[email protected]>
Til:[email protected] <[email protected]>
Hei igjen, Åge!
Denne våren skal eg gjera ferdig Osterøy sin plan for trusopplæring frå 0-18 år. Dette betyr at alle tiltak
skal planleggjast, men ikkje gjennomførast dette halvåret.
På nokre årstrinn manglar me tilbod. Dette gjeld særleg ungdomstrinna, frå 16-18 år. Som
trusmedarbeidar skal/kan eg ikkje drifta alle tiltak sjølv. Då strekk ikkje tida til. Derfor øskjer eg at mange
ulike aktørar er aktive. Dersom mange deltar med litt, vil mange få stort utbytte av tiltaka.
Eg har tenkt nokre tankar rundt å engasjera eldre i arbeidet med barn og unge:
Barn/unge treng vaksne som har tid å lytta og samtala.
Eldre personar er ferdige med den hektiske barne-/ungdomstida i heimen, og har kanskje overskot til
denne aldersgruppa.
Alle har utbytte av utveksling på tvers av aldersgruppene.
Unge har mykje å læra av eldre.
Eldre har kunnskap både praktisk og teoretisk, som kan vidareformidlast til ungdomen.
Nokre praktiske forslag:
Ei gruppe eldre tar ansvar for eit trusopplæringstiltak for 17-åringar.
Dette tiltaket arrangerer dei 1-2 gonger i året.
Kvart årskull unge (på Osterøy) er på ca.70-80 stk. Me er dessverre ikkje vane med at heile gruppa
deltar.
Kvart tiltak skal innehalda ein formidlingsdel (Bibeltekst). Denne delen kan trusmedarbeidar hjelpa til
med.
1) Tiltaket tar utgangspunkt i ein tur og blir dermed arrangert ute. Gjerne bålbrenning og pølsespidding
 (Eks: Kyrkjevegen til Hamre)
2) Tiltaket tar form som ei «ARBEIDSSTOVE» der eldre lærer ungdomane ulike handverksteknikkar;
korgfletting, spikking, strikking, kvitsaum, lefsebaking el.l (her veit eg dei eldre kan mykje, som min
generasjon har gått glipp av)
3) Tiltaket tar utgangspunkt i ein historisk stad. Dei unge får læra lokalhistorie på ei vandring der. (Eks:
Bullahuset, Osterøy museum, Kossdalen)
Venleg helsing
Helga Askeland Mjelstad
Trusmedarbeidar
Osterøy kyrkjekontor
Tlf: 56 19 22 85
Rådhusplassen
5282 Lonevåg
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Kristin Edith Abrahamsen Kjærås
3. februar 2015 15:40
Post Osterøy
Kunngjering av vedtak av planprogram for kommunedelplan for sjøog strandsona - 2015 - 2025
v/ Turid Reigstad, Eldrerådet i Osterøy
Referanser:
Dykkar:
Vår: 14/3495 - 15/2620
Saksbehandlar:
Kristin Edith Abrahamsen Kjærås
[email protected]
Dato:
03.02.2015
Kunngjering av vedtak av planprogram for kommunedelplan
for sjø- og strandsona - 2015 - 2025
Med heimel i plan og bygningslova §11-13 har Plan- og kommunalteknisk utval i møte 26.11.2014
vedteke Planprogram for kommunedelplan for sjø- og strandsona - 2015 – 2025, PlanID
12532014007.
Plan- og kommunalteknisk utval - 099/14
PL - behandling:
AVRØYSTING
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
PL - vedtak:
"Plan og kommunalteknisk utval vedtek med dette Planprogram for kommunedelplan for sjø og
strandsona, PlanID 12532014007, i henhald til plan og bygningslova § 11-13."
Planprogrammet som ligg føre har eit hovudfokus på å ta vare på og leggja til rette for allmenn bruk
av strandsona. I tillegg er det fokus på ei vurdering av strukturen for akvakultur i sjøareala. Tittelen
på planen er difor endra til «Planprogram for kommunedelplan for sjø og strandsone i Osterøy
kommune 2015-2025», der ein har tatt inn «sjø» i tittelen.
Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside:
http://www.osteroy.kommune.no/kommunedelplan-for-sjoe-og-strandsone-20152025.339372.nn.html og i kommunen sitt planregister http://braplan.geoweb.no/braplan/.
Klage må vere framsett skriftleg innan klagefristen.
Klagefrist er 27 februar 2015.
Med helsing
Kristin Edith Abrahamsen Kjærås
Planleggjar
Mottakara:
Region Vest, Statens Vegvesen
Fylkesmannen i Hordaland
Hordaland Fylkeskommune
BKK Nett AS
Noregs Vassdrags- og
energidirektorat, NVE
Servicesenter for Nettutbygging,
Ytrebygdsv. 215 F, 5258
Telenor Networks Engineering
5 etg.
Bergen interkommunale
renovasjon, BiR
v/Sylvi Ann Hanstvedt,
Barnerepresentanten i Osterøy
v/Marit Nedrelid, Sture Helle,
Torbjørn Helgeland, Byggesak
Osterøy kommune
v/Roald Hovden, Miljø og teknikk
Osterøy kommune
v/ Turid Reigstad, Eldrerådet i
Osterøy
v/ Turid Reigstad, Rådet for
funksjonshemma
v/ Helge Kolstad, Kyrkjeleg Fellesråd
v/ Industrikonsulenten på Osterøy,
Osterøy Industrilag
Fiskeridirektoratet
Kystverket
v/Geir Kleiveland, Osterøy sogelag
Klubbelia
5281
Vaksdal kommune
Bergen kommune
Lindås kommune
Modalen kommune
Blomsterdalen
VALESTRANDSFOSSEN
OSTERØY KOMMUNE
Plan
v/ Turid Reigstad, Eldrerådet i Osterøy
Referanser:
Dykkar:
Vår: 14/330 - 15/1585
Saksbehandlar:
Viviann Kjøpstad
[email protected]
Dato:
27.01.2015
Kunngjering av vedtak for 1.gongs høyring og offentleg ettersyn Plansak 12532013005 - Detaljregulering Storneset-Hauge
I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har plan og kommunalteknisk utval 21.01.15 gjort
vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn.
RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK
Framlegg til detaljregulering 12532013005 av Storneset GBNR 9/1 m.fl, med føresegner, plankart
og planskildring dagsett 06.01.15, med tilhøyrande illustrasjonsplan dagsett 10.12.14, samt VArammeplan forslag dagsett 05.12.14 og VA-rammeplankart revidert 22.10.14, vert lagt ut til
høyring og offentleg ettersyn jf. PBL §§ 12-10 og 12-11".
Plan- og kommunalteknisk utval - 011/15
PL - behandling:
AVRØYSTING
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
FRAMLEGG TIL PLAN
Planen gjeld bustader i plannr 12532013005. Arealet er på 120 dekar og omfattar gardsnr 1,
bruknr 1 og 2 og gnr 10, bnr 1. Føremålet med planen er tilrettelegging og utvikling av bustader i
klyngetun med tilhøyrande infrastruktur. Ved oppstart vart planen kunngjort under namnet
Detaljregulering Borge-Storneset.
Planforslaget omfattar:
 Planskildring
 Plankart
 Føresegner
Post
[email protected]
Dokumentsenteret
5282 Lonevåg
Kontakt
www.osteroy.kommune.no
Telefon 56 19 21 00
Telefaks 56 19 21 01
Konto
Org.nr. 864.338.712






VA-rammeplan
VA rammeplankart
Illustrasjonsplan
Vegetasjonskart
Landskapsanalyse
Naturmangfaldsvurdering
Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast i Bygdanytt og på kommunen
si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.
Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside: http://www.osteroy.kommune.no/1gangs-hoeyring-og-offentleg-ettersyn-av-detaljregulering-storneset-hauge-gnr-9-bnr-1-m-fl-planid12532013005.5556396-299036.html og i kommunen sitt planregister
http://braplan.geoweb.no/braplan/ og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og Osterøy
bibliotek.
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å kome med
merknad kan ein nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema på
https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=1303&languageid=2&ouref=1253 eller epost til [email protected] eller per brevpost til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282
Lonevåg. Merknaden stilast til planavdelinga.
Merknadsfrist er sett til 13.03.15.
Med helsing
Viviann Kjøpstad
Planleggjar
Side 2
14/330 - 31
Mottakere:
Region Vest, Statens Vegvesen
Hordaland Fylkeskommune
BKK Nett AS
Noregs Vassdrags- og
energidirektorat, NVE
Servicesenter for Nettutbygging,
Telenor Networks Engineering
LLE, UIB, Språkrådets
Postboks 7805
Stadnamnteneste
Bergen interkommunale
renovasjon, BiR
v/Sylvi Ann Hanstvedt,
Barnerepresentanten i Osterøy
v/Marit Nedrelid, Sture Helle,
Torbjørn Helgeland, Byggesak
Osterøy kommune
v/Roald Hovden, Miljø og teknikk
Osterøy kommune
v/ Turid Reigstad, Eldrerådet i
Osterøy
v/ Turid Reigstad, Rådet for
funksjonshemma
v/ Helge Kolstad, Kyrkjeleg Fellesråd
v/ Industrikonsulenten på Osterøy,
Osterøy Industrilag
v/Geir Kleiveland, Osterøy sogelag
Klubbelia
v/Frode Flesland, Osterøy mållag
Osterøy museum
Hauge Grendaråd v/ Veronica
Orvedal Kiil
Lonevåg Grendaråd v/ Rune Solberg
Fylkesmannen i Hordaland
Postboks 7310
5258
Blomsterdalen
5020
Bergen
5281
Valestrandsfossen
5020
BERGEN
Side 3
14/330 - 31
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Vedlegg:
Viviann Kjøpstad
27. januar 2015 08:48
Post Osterøy
Kunngjering av vedtak for 1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Plansak
12532013005 - Detaljregulering Storneset-Hauge
53285.pdf
Kategorier:
ARKIVERT I FOKUS
Se vedlagte saksdokumenter.
KOMMUNE
OSTERØY KOMMUNE
TEMAPLAN
FOR PSYKISK
HELSE OG RUS
«Frå vogge til grav»
Saman om gode tenester
2015 - 2018
Framlegg desember. 2014
0
Innhald:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
6.1
6.2
6.3
6.4
6.5
6.6
6.7
6.8
7.
8.
9.
Innhald
Innleiing
Psykisk helse, kva er det?
Statlege føringar
Korleis førebyggje?
Planarbeidet
Dei ymse brukargruppene
Det ufødde liv /gravide
Born under skulealder
Born i barneskulen
Ungdomsskuleelevar
Elevar i vidaregåande skule
Vaksne
Rus
Eldre
Skjematisk oversikt over
situasjonen i dag og behova
framover
Visjon/lover
Konklusjon
Side 1
side 2
side 2-3
side 3
side 3-4
side 4-5
side 5-10
side 5
side 5-6
side 6
side 7
side 8
side 8-9
side 9
side 10
side 11-12
side 13
side 13
1
Temaplan i Psykiatri og rus
«Frå vogge til grav»
1.Innleiing
Osterøy er ei av Nord-Europas største innlandsøyer. Kommunen har snart 7800 innbyggjarar,
og grensar blant anna til Bergen kommune. Kommunens visjon er «Saman for gode
tenester» og har vidare tidlig innsats som viktige mål for alt kommunalt arbeid. Dette vert
gjenspegla i denne planen.
Osterøy kommune har organisert psykisk helse og rus i ei eining. Fram til fylte 18 år er det
Familiens Hus (Tverrfaglig teneste/PPT/barnevern) og helsestasjon som gjev tilbod.
Ved utarbeiding av denne temaplanen har fokus vore å lage ein plan for psykisk helse og rus
i heile livsløpet.
Føremålet med planarbeidet er både å klargjera dagens tenestetilbod til denne gruppa,
synleggjera utfordringar Osterøy kommune står framfor, og kva slags strategiar, mål og
tiltak kommunen bør velja frå 2014 -2018.
Planen skal syta for at tenesta er førebudd, og har kunnskap til å møta framtidige
utfordringar innafor feltet psykisk helse og rus, både når det gjeld behov, oppgåver og
organisering.
Dette er ein temaplan som må sjåast i samanheng med planar som allereie er vedtekne, som
Helse, omsorg og sosialplan, Ruspolitisk handlingsplan og Økonomiplan.
I 2015 skal det i Osterøy lagast bustad/sosial handlingsplan, denne må også sjåast i
samanheng med arbeidet innafor psykisk helse og rus.
2. Psykisk helse, kva er det?
Alle mennesker har ei psykisk helse. Å ha en psykisk god helse betyr at ein tåler den
medgang og motgang livet gjev utan å få for store problem.
For å ha ei god psykisk helse treng me alle å få dekka basale fysiske behov for mat, varme, og
tak over hodvude. På det kjenslemessige planet treng me alle at folk bryr seg om oss, at vi
har vener og noko meningsfylt å gjere på.
Å ha ei god psykisk helse er viktig. Det kjem ikkje av seg sjølv. Å trene på å ha det bra psykisk
er like viktig som fysisk trening. Det vil sei at ein i kvardagen også må ha fokus på si psykiske
helse.
2
Dei fleste menneskjer opplever periodar i livet som ikkje er lette. Nokon menneskjer
opplever lange periodar med bekymringar og problemer. Difor er det viktig at
hjelpeapparatet er der når ein treng det. Alle menneskjer har ressursar til å gjere gode ting
for seg sjølv og andre.
3. Statlege føringar
Overføring av ansvar frå spesialisthelsetenesta til kommunane innafor psykisk helse og rus
har frå statleg hald vore prioritert over lang tid.
Samhandlingsreforma set sterke føringar for det kommunale helse- og omsorgstilbodet, og
rus- og psykiatridelen vert fasa inn her i løpet av 2014-2016. Dette vil få konsekvensar for det
kommunale arbeidet på dette feltet. Det er enno ikkje klart kva endringar det vert, og det er
difor vanskeleg å vera konkret på dette i denne planen.
Tenester til denne gruppa vert i all hovudsak ytt etter helse og omsorgslova som trådde i
kraft 1.1.2012. Denne sei at kommunen skal syta for at personar som oppheld seg i
kommunen skal få tilbod om nødvendig helse- og omsorgstenester.
Tenester som tidlegare var regulert i sosialtenestelova eller i kommunehelsetenestelova, er
no helse og omsorgstenester med felles reglar i helse og omsorgstenestelova. Føremålet
med dette er å skapa ei meir heilskapleg teneste, og leggja til rette for betre samhandling,
internt i kommunane og med spesialisthelsetenesta.
Staten har dei siste åra sett inn ulike verkemiddel for å styrkja denne tenesta. Dette har vore
kompetanseheving og tidsgrensa tilskot til stillingar og prosjektmidlar over ein periode, der
ein har som føresetnad at dette vert overført til ordinær kommunal drift på sikt.
4. Korleis førebyggje?
Primærførebyggjande arbeid har alle tilsette i kommunen ansvar for. Det er viktig å ha ein
kommunestruktur som fungerer, arbeid til alle, barnehagar, skular, fritidstilbod, reint vatn,
rein natur osv. Tilsette i barnehagar og skular må ha planar mot mobbing, born må trivast i
barnehage og skule, vaksne må trivast i arbeid. Folk må ha kunnskap om kva som trengs for
ei god helse. Helsestasjonen, barnehage og skule må undervise om betydinga av riktig mat,
nok søvn, fysisk aktivitet osb.
Sekundærførebyggjande arbeid skal drivast av helsestasjon, barnehage, skule og PPT og
Familiens hus for dei born og unge som kan tenkjast å vera i faresonen. Dette er t.d. born
med psykisk eller fysisk sjuke foreldre, born med foreldre som rusar seg, fattige born, born
med alvorlige lese og skrivevanskar, sjuke born, born med ymse utfordringar.
Tertiærførebyggjande arbeid må gjerast av dei ovanfornemnte etatar, samt barnevernet og
BUP. Dette arbeidet dreier seg om born som allereie har vanskar og som treng hjelp og
behandling.
3
Folkehelselova trådde i kraft i 2012. Lova regulerer det langsiktige og systematiske
folkehelsearbeidet kommunen må driva. Osterøy kommune har i dag folkehelsekoordinator i
40% stilling. Prosjektgruppa meiner det er avgjerande at denne stillinga vert vidareført etter
at prosjektperioden er ferdig.
5. Planarbeidet
Oppdragsgjevar og prosjekteigar er leiargruppa ved Rådmannen. Dette er også
styringsgruppa, der me har rapportert under arbeidet med planen.


Prosjekt nr. i rekneskapen er:0344
Prosjekt nr. i sak og papir er: 14/1564
Prosjektgruppa har vore sett saman på tvers av einingane, og har hatt slik samansetjing:





Leiar for prosjektet: Astrid Ahmer, psykisk helse og rus
Bente Kari Thorsen, helsestasjon
Bettina Nordahl, barnevern
Marianne Pedersen, førebyggjande barn og unge
Anita Sørtveit, kommune overlege
Prosjektgruppa var samde om at denne tema/del planen skulle vera så konkret som råd, slik
at den kan være eit aktivt arbeidsdokument for dei som vert berørt.
Det har vidare vore viktig for prosjektgruppa at flest mogeleg i kommunen skulle få eit
eigarforhold til den. Det har difor vore halde møter og bede om innspel frå ei rekkje einingar.
Dette gjeld:







Alle barnehagar og skular i kommunen
NAV
Folkehelsekoordinator
Dei tilsette innan feltet psykisk helse og rus
Bu-og avlastningstenesta
Osterøytunet.
Det har også vore organisert «idédugnad» i einingane psykisk helse og rus,
og Familiens Hus.
Det har vore høgast tilbakemeldingsgrad frå dei etatar som jobbar tettast med
problemtikken. Dei som har svart er eintydige på at samarbeidet mellom etatane må bli
betre og at det er viktig å satse på førebyggjande arbeid, helst frå svangerskapet.
Helsestasjonen, barnehage og skule vert peika på som viktige satsningsområder.
4
I arbeidet med denne planen har det kome tydeleg fram at tidleg intervensjon er særs viktig
for å hindra utvikling av psykiske lidingar. Kommunen har i dag mykje god kompetanse på
dette området, og for å nytta ressursane på ein god måte er det svært viktig med tverrfagleg
samarbeid,- også utover einskild saker. Dette samarbeidet vert formalisert og tatt med i
planen.
I Osterøy kommune er det pr. i dag ikkje aktive brukarorganisasjonar, som til dømes mental
helse ol. Det er eit ynskje om at dette vert etablert.
6. Dei ymse brukargruppene:
6.1 Det ufødte liv/gravide:
Dei fleste gravide kjem i kontakt med kommunejordmora som er underlagt helsestasjonen. Den
gravides psykiske helse er tema på konsultasjonane og ein eigen brosjyre «psykiske reaksjonar ved
svangerskap og fødsel» vert delt ut. I svangerskapsveke 24 vert eit screenings skjema nytta, Edinburg
Post Natal Screening, EPDS, på alle gravide som ikkje har ein kjent diagnose eller går til behandling
hjå psykolog /psykiater. Desse blir tilbudt ekstra konsultasjonar hjå jordmora. Dei som vert kartlagt
og har behov for det, får tilbod om ekstra oppfølging. I dei nye nasjonale retningslinjene er der klare
føringar på at ein skal ha tidleg intervensjon ved vanskar knyta til psykisk helse, rusmidlar og vold i
nære relasjonar. Prosjektgruppa tilrår eit kompetansehevings program« Tidlig inn» i regi av
helsedirektoratet. Dette opplæringsprogrammet tek sikte på tidleg intervensjon ved vanskar knytt til
psykisk helse, rusmidlar og vald i nære relasjonar. Ein får opplæring i kartleggingsverkty og
samtalemetodikk i møte med gravide og småbornsforeldre. Programmet er eit samarbeid mellom
RVTS, KoRus, Bufetat og RBUP/RKBU.
Det går over 6 dagar og er gratis. I forkant må der føreliggje ein samarbeidsavtale og i
etterkant er det ein føresetnad at kommunen opprettar rettleiing for tilsette som tek i bruk
kartleggingsverkty og samtalemetodane.
Tiltak:
-
Jordmor, Helsesøster og Familiens hus får opplæring i ”tidlig inn”
Auking i ressurs til helsestasjon med en 100% jordmorstilling
6.2 Born under skulealder:
Barnehagane er ein vesentleg aktør i forhold til å hjelpa born til positiv utvikling og god
psykisk helse. Alle born over 1 år har ein rett til barnehageplass. Barnehagane har god
dekning av pedagogar og barnehagelærarar. Svært mange har fagbrev som barne- og
ungdomsarbeidarar. Barnehagane på Osterøy har i dag to personar med spesialpedagogisk
kompetanse, desse ambulerer på dei ulike barnehagane. Personale med relevant og god
kompetanse er svært viktig for å skapa ein barnehage med god kvalitet. Barnehagane på
Osterøy brukar «TRAS», tidleg registrering av språk, for avdekking av eventuelle
språkvanskar. Ein nyttar også «Alle med»,-eit observasjonsskjema som handlar om sosial
kompetanse, leik og trivsel. Dette blir brukt i samband med oppmelding til PPT eller for å
5
avdekka skeivutvikling- og setja i gang tiltak. Ein del foreldre har fått tilbod om
foreldreveiledningsprogrammet ICDP. Barnehagane har tilbod om veiledning og oppfølging
frå tverrfagleg teneste.
Tiltak:
-
Minst ein førskulelærar i kvar barnehage bør ha spesialpedagogisk kompetanse
Barnehagane bør ha fast rettleiing
Alle barnehagetilsette bør få opplæring i psykologisk førstehjelp
Psykisk helse inn i årshjul
6.3 Born i skulealder:
I barneskulane på Osterøy vert det i dag gjennomført planmessig arbeid for å hindre
mobbing, auke trivnaden og tilretteleggja for born med hjelpebehov. Dei forskjellige skulane
har ulike anti-mobbeprogram, Zero, Olweus, mm. Nokre skular tek i haust i bruk FRIENDS,
eit opplæringsprogram om angst for born. Alle barneskulene i Osterøy har fått opplæring i
Zippy, eit program om følelsar og psykisk helse. Dette blir brukt i 1.-4. klasse. Alle skular har
helsesøster, og dei har samarbeid med PPT og tverrfaglig teneste m.m. ved behov.
Dei fleste skular har gjennomgått og brukar «Psykologisk fyrstehjelp», med begrepa raude
og grøne tankar. Alle 5. klassar får ein times undervisning i programmet av helsesøster.
Men alle desse programma er» FERSKVARER», og må repeterast og implementerast i
årshjulet. Kunnskapen må væra levande og nyttast ofte for å ha best verdi. I nasjonale
rapportar reknar ein med at ca. 20 % av elevene har så store psykiske vanskar at det set
ned skuleprestasjonar og sosiale prestasjonar. Det er oftast depresjon og angst som plagar
dei unge, men det kan sjølvsagt også være konsentrasjonsvanskar, lesevanskar,
familieproblem, sorg og mange andre ting som plagar borna. Mellom 6 og 7 prosent av born
vert henvist til spesialisthelsetenesta. BUP (Barne-og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) har til
intensjon å ikkje behandla meir enn 5% av bornepopulasjonen. Dei siste åra har Osterøy
kommune henvist noko meir enn dette.
Tiltak:
-
Vidareføra dagens program med omsyn til psykologisk førstehjelp
Felles mobbeprogram for alle Osterøyskulane i aktivt bruk
Felles fråværsystem for alle Osterøyskulane med regler for når skulen melder
ureglementert fråvær til øvrig hjelpeapparat
Psykisk helse i årshjulet.
Eigne grupper med tilbod til born med angst og depresjon.
FRIENDS-tilbod til alle skular.
6
6.4 Ungdomsskuleelevar:
Ungdomskulen på Osterøy har vist ei positiv utvikling i forhold til skulemiljø. Færre elevar
rapporterer at dei blir mobba, åtferdsproblematikken er redusert, ressursar i forhold til
ekstraundervisningen kanaliseres på gode måtar og langt fleire fortset etter ungdomsskule
til vidaregåande skule.
Resultatet frå Ungdata viser at dei unge drikk og rusar seg mindre, at dei likar skule og
foreldre betre enn før, at det er mindre uro i skulen osv. Men fleire enn før føler seg
deprimert, særlig jentene. Fleire enn før føler seg einsame og føler dei ikkje meistrar
kvardagane. Dette følgjer ofte elevane opp gjennom vidare skulegang.
I forhold til konkrete tiltak for å betra ungdoms psykiske helse, ser arbeidsgruppa at
ungdomsskulen likevel ikkje har systematisert denne type tiltak godt nok til tross for dei
gode resultata. Dette vurderer arbeidsgruppa er bekymringsfullt, då undersøkinga vurderer
at andelen ungdom som er psykisk sjuke er aukande, og at dei problem som viser seg i
ungdomsskulen gjerne aukar på vidaregåande og deretter universitet eller arbeidsliv.
Derfor er det ynskje om å satse meir på arbeid i ungdomsskulen nettopp for å førebyggje
vidare problem. NAV meiner at mange av dei unge uføre begynte å droppa ut på
ungdomsskolen. Arbeidsgruppa vurderer at det er svært viktig at kommunen prioriterer
ressursar for å styrkje dette arbeidet. Det finns eksempelvis ferdig undervisningsprogram om
«psykisk helse i ungdomsskulen». Dette har enkelte lærarar på skulen kurs i, men det vert
brukt i varierande grad.
Den psykiatriske sjukepleiaren tilslutta ungdomskulen er tilsett både som lærar og
sjukepleiar. Dette har vore mindre effektiv utnytting av den helsefaglege kapasiteten enn
forventa. Arbeidsgruppe foreslår at denne stillinga vert oppretta på nytt, og lokalisert på
helsestasjonen. Mulig med hovudansvar for born i ungdomskulealder.
Tiltak:
-
-
Opprette ein ny stilling med hovudansvar psykisk helse for born og unge.
Arbeidsgruppa sitt forslag er at denne stillinga vert tilknytt helsestasjonen. Tanken
her er at denne personen både kan ha klasseinformasjon, grupper med risikoungdom
og individuelle samtalar. Vidare at den kan være ein ressurs for heile kommunen med
omsyn til gjeldende problematikk.
Felles mobbeprogram for alle Osterøyskulane i aktivt bruk
Felles fråværsystem for alle Osterøyskulane med reglar for når skulen melder
ureglementert fråvær til øvrig hjelpeapparat
Friends på alle trinn
Psykisk helse i årshjulet
Eigne grupper med tilbod til unge med angst og depresjon f
7
6.5 Elevar i vidaregåande skule:
Vidaregåande skule har helsesøster og samarbeid med OT/PPT. (Oppfølgingstjenesta)
Helsesøster og leiing arbeider aktivt saman for gode vilkår for alle.
Prosenten av elevar som er deprimerte aukar på vidaregåande, her ligg Osterøy over
landsgjennomsnittet i følgje ungdata.no. I følgje ungdata.no er bare 53% av de unge fornøgd
med eigen helse på vidaregåande.
Erfaring har vist at dei elevane som slit psykisk har ein ekstra tøff overgang til vaksenlivet.
Overgangen frå BUP til Vaksenpsykiatrien er viktig å ha fokus på. Det er ei utfordring at
mange av elevene nyttar sin rett til å bestemme sjølv, og avsluttar hjelpa etter fylte 18 år.
Generelt for alle skular har prosjektgruppa anbefalt at det vert utarbeida eit felles fråværs
system, med klare anbefalingar når bekymring rundt ureglementert fråvær vert rapportert
vidare. Det vert samarbeida i dag i enkeltsaker med avd. for psykisk helse og rus, der felles
utfordringar kan drøftast, og ressursane kan nyttast på ein god måte på tvers av einingane.
Tiltak:
-
Vidareføra ressurs med 20% helsesøster på skulen
felles mobbeprogram for alle Osterøyskulane i aktivt bruk
felles fråværsystem for alle Osterøyskulane med reglar for når skulen melder
ureglementært fråvær til øvrig hjelpeapparat
6.6 Vaksne:
Psykiatritenesta gjev hjelp etter henvisning frå fastlege, spesialisthelsetenesta og andre.
Tilbodet vert tilrettelagt ut i frå individuelle behov, og alle har vedtak på tenesta dei mottar.
Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre hjelpeinstansar rundt brukaren er prioritert,
slik at hjelpa kan vera godt koordinert og heilskapleg, gjerne også med ein individuell plan.
Behovet for denne tenesta kan ein forventa vil auka. Dette ut i frå generell utvikling i
samfunnet, men for Osterøy må ein ta med ein forventa folketalsauke, og også mottak av
flyktningar. Det vert då naudsynt med auke av innsatsen frå tenesta i åra som kjem. Dette
må innebera auke i personalet, med 1 stilling for psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar.
Det ein også må ha fokus på er eit betre samarbeid med bu-og avlastningstenesta.
Osterøy kommune har fått innvilga prosjektmidlar til psykolog i vaksenpsykiatri/rus. Dette
må vidareførast etter endt prosjektperiode.
Eining psykisk helse/rus er også med i kommunen sitt kriseteam, og yter bistand etter behov.
Det vert også arbeid med gruppebehandling.
Osterøy kommune har i dag to butilbod med bemanning for personar med psykiske lidingar:
8
1. Reigstad bustad , med 5 bueiningar og bemanning på dagtid.
Ein har over lang tid sett at bemanninga her er for liten. Det er alltid kunn eit
personale på jobb, dette gjer det vanskeleg å yta god og forsvarleg hjelp. Behovet for
auka personale bør gjennomførast i 2015.
2. Haus bufellesskap, med 4 bueiningar og døgnbemanning.
Ein ser at det er fleire som treng dette tilbodet, og ein planlegg å bruke
omsorgsbustader som ligg opptil bufellesskapet for personar med psykiske lidingar.
Her vert det utvida til 5 bueiningar i 2014.
6.7 Rus:
RUSOMSORGA: Denne planen må sjåast i samanheng med ruspolitisk handlingsplan, 2012 2016. Her er kommunen sine mål for rus feltet beskrive. Hovudmålet er : Ein betydeleg
reduksjon i dei sosiale og helsemessige skadane ved rusmiddelbruk. For å nå dette målet må
ein også satsa på førebyggjande arbeid, og dei rusavhengige må få ei heilskapleg oppfylging
og behandling.
Osterøy kommune deltek i ungdata undersøkelsen , som er landsdekkande og vert
gjennomført anna kvart år. Resultata i frå denne er viktige ved vidare planar for naudsynte
satsingsområde. I tenesta som gjev hjelp til dei over 18 år, er det i dag 2 stillingar ,og 40% frå
NAV. Det vert ytt lovpålagt helsehjelp etter individuelle behov, og brukarane har
enkeltvedtak på tenesta. Samarbeid med andre i hjelpeapparatet, som AFR(avd. for
rusmedisin), NAV, fastlegar og andre er ein viktig del av arbeidet.
Det vert også drive eit lågterskel tilbod 2 dagar i veka. Desse dagane er kontakten frå NAV til
stades, slik at ein samstundes kan få økonomisk veiledning og hjelp. Den eine av desse
dagane vert det servert eit varmt måltid, som vert sett stor pris på av brukarane. Dette er
også sosialtrening for denne gruppa.
Ein ser at behovet for buoppfylgjing er stort og aukande. Med buoppfylgjing er det lagt vekt
på heimebesøk, miljøterapi, og trening i daglege gjeremål.
Behovet for boligar til denne gruppa må takast omsyn til ved utarbeiding av ny bustad/sosial
handlingsplan ,som skal utarbeidast i 2015.
Frå 2015 skal utdeling av LAR medisin( legemiddelassistert rehabilitering) utførast ved
denne eininga. Dette er i samarbeid med AFR.
Både utvida hjelp til butrening og utdeling av LAR medisin krev auka ressursar.
9
6.8 Eldre:
Det blir stadig fleire eldre i Noreg. Eldre med psykiatriske problem utgjer ein aukande andel
av behandlingsoppgåvene for kommunehelsetenesta. Behovet for kompetanseauke er stort.
Alderspsykiatri er eit spesialisert fagfelt som omhandlar pasientar med psykiatrisk lidingar
som debuterer etter fylte 65 år. Fleire av desse skal utreiast og behandlast i
spesialisthelsetenesta som har kompetanse på alderspsykiatri, men me treng også
kompetanse på fagfeltet i kommunen der pasientane fylgjes opp. Eldre over 65 år med
psykiatriske lidingar frå yngre alder av, treng også denne kompetansen. Osterøy kommune
har i dag ingen spesialkompetanse på alderspsykiatri.
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Folkehelseinstituttet i 2011 utgitt
rapporten « Eldre i Norge»: Førekomst av psykiske plager og lidelser». Førekomsten av
alvorlege psykiske lidingar blant eldre som er pleietrengjande og bur på institusjon er
betydeleg høgare enn hjå eldre heimebuande som delvis eller heilt klarar seg sjølve.
Symptom og teikn på psykisk sjukdom er ofte annleis enn hjå yngre.
Evalueringa av Opptrappingsplanen for psykisk helse ( 1999-2008) konkluderte med at eldre i
liten grad hadde nytt godt av denne planen og at det var behov for betydeleg opprusting av
tilbodet til eldre.
Prosjektgruppa anbefala at eldre i Osterøy kommune med psykiske lidingar skal kunna
nytta seg av kommunal psykologteneste frå 2015.
Ein anbefala vidare at minst ein sjukepleiar og fleire helsefagarbeidarar i kommunen bør ta
etterutdanning innan fagfeltet alderspsykiatri, eller kommunen bør tilsetje personar som
allereie har denne kompetansen. Denne prosessen bør starte innan utgangen av 2015.
Denne auka kompetansen skal vere til nytte for eldre med psykiske plager som bur på
institusjon eller er heimebuande.
10
7. Skjematisk oversikt over situasjon i dag og behov framover.
Brukargruppe
Det ufødte liv
Den gravide
Kva vert gjort
i dag
EPDS
Samtalar
Utlevering av
brosjyremateriale
Born under
skulealder
EPDS
Tras og Alle med
Born i
skulealder
Zippy for alle
1.- 4.klasse
Psykisk førstehjelp
–undervisning til
alle i 5.klasse
Helsesøster på alle
skular
Ungdomskule
elevar
Helsesøster 20%
Psykiatrisk sj.pl.
20%
Antimobbeprogr.
m.m.
Kva behov
Ansvar
«Tidlig inn»
Auke kompetanse på
livsstilsamtalar
Heimebesøk av
jordmor
Auka jordmorstilling til
100%
Veiledning
Psykologisk førstehjelp
Spesielped. komp. i alle
barnehager
Psykisk helse inn i
årshjul
Vidareføra psykologisk
førstehjelp
Helsestasjon
Sektorleiar oppvekst
Psykisk helse i
årshjulet.
Rektor
Eigne grupper med
tilbod til born med
angst og depresjon.
Tverrfagleg teneste
FRIENDS-tilbod til alle
skular.
PPT/Helsestasjon
Anti mobbe program
Fråværsystem.
Sektorleiar
Friends på alle trinn
PPT/Helsestajon
Ny stilling i forhold til
barn og unges psykiske
helse
Sektorleiar
Rådamann og politisk
organ
Psykisk helse i
årshjulet.
Rektor
Eigne grupper med
tilbod til unge med
angst og depresjon
Antimobbe program
Fråværsystem
Gjennomføring
2015-2016
Rådmannen og politiske
organ
Fam.hus
Fam.hus/helsestasjon
Sektorleiar
2016-2018
Styrar
Helsestasjon
2015-2018
2016
Skulehelse-tenesta/
Tverrfagleg teneste
Sektorleiar
11
Brukargruppe
Vidaregåande
skule
Kva vert gjort
i dag
Skulehelseteneste
i 20% stilling
Kva behov
Videreføre
skulehelsetenesta i
20 % stilling
Helsestasj./Sektorleiar
Friends
PPT/Tverrfagleg teneste
Angst/depresjons
grupper.
Tverrfagleg tenste
Psykisk helse i
årshjulet.
Vaksne
1.Heimebuande
med psykiske
lidingar
Individuell hjelp
etter henvisning
frå fastlegar,spes.
helsetenesta o.a.
Ansvar
Antimobbe program
Fråvær system.
Auke med 1 stilling
Opplæring i
krisehåndtering for dei
tilsette
Gjennomføring
2016
Rektor
Sektorleiar
Einingsleiar, Psykisk
helse/rus, Sektorleiar,
Rådmannen og
Politiske organ
2016
Deltek i
kommunen sitt
kriseteam.
Det vert drive
gruppe-behandling
Osterøy kommune
har fått innvilga
prosjektmidlar til
psykolog i
vaksenpsykiatri/rus
Startar i 2015.
2.Psykisk sjuke To bufellesskap for
med behov for psykisk sjuke.
tilrettelagt bolig I Haus vert det
utvida til 5
bueiningar i 2014
3.Rustenesta
Individuell og
tverrfagleg hjelp.
Butrening med
heimebesøk.
Lågterskeltilbod og
sosial trening.
Eldre
Faste møter med
barnevern. Alle
brukarar som har born
får borna tilbod om
bornesamtalar.
Einingsleiar/
Psykisk helse og rus
Auke med 1 stilling
Einingsleiar psykisk
helse og rus, sektorleiar
Oppstart i
2015, og
omgjort til
fast stilling
etter endt
prosjektperiode.
2016 og
vidare
frametter
Auka buoppfylgjing, og
utdeling av LAR
medisin, auka med
50% stilling.
Behov for auka komp.
på alderspsyk.
Vidareutdanning av
meir peronell
Sektorleiar
12
8.Visjon/lover
VISJON:
Osterøy kommune skal for alle aldersgrupper
sikre både førebyggjande og behandlande tiltak
gjennomført med høg grad av tverrfagleg
samarbeid.
VIKTIGE LOVER:
Helse og omsorgslova
- 2012
Folkehelselova
- 2012
Lov om psykisk helsevern - 2001
9. Konklusjon
Som nevnt i innleiing og beskrivelse av planarbeidet, ser ein at tidlig intervensjon og eit
tverrfaglig samarbeid er særs viktige element for å lukkast med god hjelp til personar med
psykisk liing/ rusvanskar uavhengig av aldersgruppe.
I åra frametter vert det utfordringar i samhandlingsreforma, folkeauke og mottak av
flyktningar. Dette må føra til auka innsats innan dette fagfeltet.
Sentrale myndigheiter har også dette som satsingsområder, med auka tilskot til
kommunane, men ikkje som øyremerka midlar pr. dato. Dette gjev oss ei ekstra utfordring i
åra som kjem. I planen er det konkrete framlegg om korleis ein kan møta desse
utfordringane.
13