Kleppe SFO Vi strekker oss! Informasjonsskriv og strategiplan 2015/2016 VELKOMMEN TIL KLEPPE SFO Skulefritidsordninga i Klepp er eit frivillig omsorgs - og fritidstilbod for barn dei fire første åra av grunnskulen. Funksjonshemma barn kan søkja om plass utover 4.trinn. Skulefritidsordninga er eit tilbod til barna før og etter skuletida og på skulefrie dagar. Skulefritidsordningane i Klepp kommune arbeider etter fem fokusområder: 1 Leik, 2 Omsorg og sosial trening, 3 Kunst og kultur og 4 Friluftsliv og fysisk aktivitet og 5 Lesing. Innhaldet i Kleppe SFO er lagt opp etter desse fokusområda og konkretisert gjennom strategiplanen som er vedlagt. Strategiplanen skal vere eit arbeidsdokument for personalet i SFO, samt gje foreldre og andre interesserte innsyn i, og informasjon om målsetting og innhald. Avdelingane Kleppe SFO har fire avdelingar, derav 2 avdelingar delar lokal og personalgruppe, Snoopy, Tigergutt, Petter Sprett og Dei Utrulege. Snoopy er avdelinga for 1.trinn og har lokale i 1.etasje i D-bygget på skulen. Tigergutt er avdeling for 2.trinn og har lokale i 2.etasje i D-bygget. Petter Sprett er for 3.trinn og har lokale i C-bygget saman med Dei Utrulege som er avdelinga for 4 trinn. Under finn du namn på personalet. Alle elevane får primærkontaktar som informerast om på vår heimeside. Personalet: Snoopy (1 Trinn): Anne Cathrine Veivåg (Avdelingsleiar) Cristina Skjæveland Renata Backe Lene Voll Tigergutt (2 Trinn): Karin Tengesdal (Avdelingsleiar) Bisrat Tewolde Amy Christin Larsen Jamal Darnakleh Leana Sirnes Hodne (Lærling) Petter Sprett og Dei Utrulege (3 og 4 Trinn): Mia Nodland (Avdelingsleiar 4. trinn) Anita Moi Hansen (Avdelingsleiar 3. trinn) Agush Agushaj Berit Ueland Eleni Tsirollo Daglig leiar: Lasse Hjelmervik Opningstider Vi har ope kvar dag til kl.16.30. Morgontilbodet er ope frå kl.07.00 til skulestart Ein kan velje å ha 100% plass eller 60% plass( 3 dagar). I tillegg kan ein velje om ein vil ha morgontilbod. SFO har ope heile skuleåret, også på skulefrie dagar. Unntaket er ”raude dager” og 5 planleggingsdagar i året, juli månad er også stengt. Alle som har SFO-plass kan bruke SFO i feriane (dei som har 3-dagars tilbod har dette i feriane og). Dersom det er ledig kapasitet i SFO er det mogleg å kjøpe einskilde dagar i løpet av skuleåret, men dette er unntaksvis. Dette er meint å vere ei hjelp dersom det kjem uventa ting i kvardagen, f.eks sjukdom eller reising i samband med arbeid. Det er ikkje mogleg å kjøpe einskilde dagar i skuleferiane. SFO er stengt heile juli. Julaftan og nyttårsaftan har vi stengt. Onsdag før skjærtorsdag har vi ope til kl. 12.00 Planleggingsdagar skuleåret 2015/2016: 18.august, 13.november, 21-22.april og 6.mai. SFO har ikkje tilbod desse dagane. Prisar for ulike tilbod ved Kleppe SFO: Tilbod 3 dagar (60%) 1620,-/ mnd. 5 dagar (100%) 2655,-/ mnd. Morgontilbod 345,-/ mnd I tillegg kjem matpengar på kr.210/mnd ( kr.130,-pr. mnd for 3- dagars tilbod) Oppseiing av plass i SFO Det er mogleg å seie opp plassen eller endre tilbod i løpet av skuleåret. Oppseiing må alltid gjelda frå den fyrste i ein månad. Oppseiinga må vera skriftleg og leveras seinast 30 dagar før. For oppseiing etter 1.april, må det betalas ut skuleåret og august månad. INNHALDET OG ORGANISERING PÅ KLEPPE SFO Dagsrytme: Morgon-SFO frå 07.00 – skulestart SFO opnar når 1.-4.trinn sluttar skuledagen. Frie aktivitetar/leik/Gruppeaktivitetar Måltid 14.00, varm mat på fredager. Utetid/gruppeaktivitetar fram til 15.15 Frie aktivitetar/leik/gruppeaktivitetar til 16.30 Gruppeaktivitetar Vi tilbyr organisert gruppeaktivitet i SFO. Døme på grupper er: gym, symjing, formingsaktivitetar, karate og sløyd. Tysdag og fredag er dei dagane med mest organisert aktivitet. Dei fleste aktivitetane står i månadsplanen som vi publiserer på vår heimeside. Symje-gruppa er for 3. og 4.trinn og dette er den einaste gruppa med bindande påmelding som gjeld for eit semester. Dette er på grunn av at vi her må bestilla buss på førehand. Det kjem eige skriv om dette. Måltider Barna får eit måltid kvar dag i SFO. Det er brødmåltid tre gonger i veka, ein dag med gryn og ein dag med varm mat. Barna kan velje mjølk eller vatn til måltida, dette er inklusivt i matpengane. Borna får og oppskårne frukt og grønsaker kvar dag. Vi ønskjer å ha fokus på at borna får sunn mat og eit godt måltidsfellesskap. Foreldre og SFO-tilsette har derfor utarbeida ein kosthaldsplan som informerast om på foreldremøte og ligg på heimesida. Ekstratøy/skiftetøy Barna må ha skiftetøy i garderoben. Det må vere minst eitt heilt sett skiftetøy, gjerne ekstra bukser og strømper. Alle barna har eigen kasse eller korg til skiftetøy i garderoben. Det er fint om de foreldre hugsar å sjå etter i kassen med jamne mellomrom. Barna må ha innesko eller tøflar. Dette er særleg aktuelt om hausten og vinteren, då dei lett blir våte i garderoben. Telefonbruk Vi er svært restriktive med utlån av telefonen til barna, og ynskjer at avtalar om besøk hjå vener m.m., blir avtalt på førehand og at barnet har med beskjed til oss, send eventuelt SMS på basetlf. Registrering Dersom barna ikkje har kome etter skulen, eller etter det avtalen seier, kontaktar vi foreldra/føresette. Alle barna blir “kryssa inn” når dei kjem, og “kryssa ut” når dei går. Det er viktig at dei som hentar barna i SFO gjer beskjed til dei vaksne når barnet går, slik at vi får “kryssa dei ut”. Dersom elevane blir henta, er det fint om de kan koma inn og henta barna. Mange ringjer frå “rundkøyringa” eller medan dei er på veg til SFO og ber oss senda barna ut, dette gjer at vi bruker tid på å ta telefonen i staden for å vere med barna, samstundes som vi får mindre kontakt med dykk foreldre. Gje oss beskjed dersom det er andre enn foreldra som skal hente barnet, særskilt om de ikkje er ført opp på ”informasjon om barnet”. Ferie SFO Når det er skuleferie skal dei barna som er på SFO ha det ekstra kjekt. Vi lar dei få bestemme dagen mykje sjølv. Vi drar ut på turar og spanande utflukter. Vi har aktivitetar på skulen, forming og brukar gymsalen. Julebord, bytur(Stavanger), bowling, museumsbesøk og leikeland er eksemplar på det vi pleier å gjere. Alle tek med seg mat til 10.30 måltidet, det andre måltidet får dei i SFO. I forkant av kvar ferie blir de bedt om å fylle ut kva for nokre dagar barnet kjem, og kor lenge barna skal vere i SFO. Dette er ein god hjelp for oss slik at vi kan planleggje personalet for ferien og planleggje aktivitetar/ turar utifrå barnegruppa. Hugs Kjernetid 10.00 – 15.00. Foreldresamarbeid Vi ønskjer nøgde foreldre som er trygge på at barna blir tekne godt vare på og trivest hjå oss. Open kommunikasjon og samarbeid er viktig for at vi skal gjere ein best mogleg jobb. Vi lagar månadsplanar der de finn informasjon om aktivitetar og anna nyttig informasjon om SFO. På nettsida vår (www.minskole.no/kleppe/sfo) finn de mykje informasjon og alle aktuelle skriv og skjema. Vi skriv litt om kva vi held på med, og legg ut bilete frå aktivitetar og turar. SFO har meir sporadisk foreldrekontakt enn det ein har i ein barnehage, men vi oppmodar dykk foreldre til å ta kontakt med oss om de ønskjer meir informasjon eller samtale. Kvart barn har ein vaksen som er primærkontakt. Denne har spesielt ansvar for å fylgje opp barnet, og å ta kontakt med foreldra ved behov. Dette gjer barnas kvardag tryggare, og det er enklare å forhalde seg til både for barn og vaksne. Vi gjer tilbod om foreldrekonferansar og tek elles kontakt med foreldre ved behov. Det blir foreldremøte i september og det vert sendt ut eigen invitasjon til dette. På foreldremøte blir det valt to SFO-foreldrekontaktar, ein av desse skal og sitje i FAU. Vedtekter for ligg på vår heimeside, her står viktig informasjon som til dømes reglar ved inntak og oppseiing av plass. Forventningar til foreldra Vi som arbeider i Kleppe SFO har forventningar til dykk som er foreldre, og dette kan vi summera opp slik: At de aktivt fylgjer med i korleis barnet opplever det å vera her, og at de på bakgrunn av dette gir oss tilbakemeldingar - både positive og negative. At de gjer oss informasjon som er viktig for vår forståing av barnet i SFO. At de gjer oss melding ved fråvær/sjukdom/endringar i hentetid osv. At de jamleg ser etter om barnet har innesko/tøflar og skiftetøy i garderoben. At de respekterar reglane i SFO. Forventningar de kan stilla til personalet At vi tek barna på alvor, viser interesse, forståing og omsorg. At vi overheld teieplikta. At barna opplever tryggleik og trivsel i samvær med dei andre barna og dei vaksne i SFO. At vi gir informasjon og tilbakemelding om forhold som gjeld barnet. At vi er vår vaksenrolle bevisst At vi er tilgjengelege for foreldra, blide og hyggelege. At vi samarbeidar med klassestyrarane og miljøterapeutane på skulen, PP- tenesta i kommunen og barnevernet. For sein henting Dersom barna ikkje blir henta innan vi stengjer vert det utstedt eit straffegebyr på kr.200,Personalet si arbeidstid sluttar kl.16.30, dei må vere igjen lenger dersom barna ikkje vert henta. Det vil først bli gitt munnleg beskjed om dette, skjer det igjen sender vi ut rekning. Dersom du har problem med å kome fram i tide, kan du ta kontakt med oss for å finne ei løysing. KONTAKTE OSS? Gjeld det beskjedar om henting etc er det best å ringje direkte til avdelinga. Det er og greitt om du sender SMS når det gjeld enkle beskjedar som f.eks sjukdom, fri og henting. Leiar er normalt å treffe kvar dag frå 08.30 – 15.30. Vi set pris på at du tek kontakt, dette hjelper oss til å bli ein enno betre SFO! Trinn – Snoopy: 404 35 499 (51 78 93 91) 1trinn Tigergutt: 908 21 157 (51 78 93 84) 2 trinn Petter Sprett 908 70 893 (51 78 93 46) 3 trinn Dei Utrulige: 909 53 269 (51 78 93 83) 4 trinn SFO-leiar: 51 78 93 08 E-post: [email protected] Strategidokument Kleppe SFO 2015-2017 Kleppe SFO skal vere som eit tre med samlande røter, ein stamme som held, greiner som strekker seg og med fargerike blad og blomar. 1) Samle- Kunst og kultur a. Gjennom kreativt arbeid skal borna i SFO få større kjennskap til vår felles kulturarv. i. Grupper med handarbeid kvar veke ii. Borna lager formingsting som er knytte til årstider og høgtider. iii. Sløydgrupper for 4.trinn kvar veke. iv. Alle borna lager kunstverk som blir seld på kunstkafé i februar. v. Internasjonal veke som legger vekt på kulturmangfold. b. Kleppe SFO skal bidra til å gje borna leseglede og kjennskap til sentral barnelitteratur. i. På 1. og 2.trinn vil det vere lesing/lydbok under måltidet minst ein gong i veka. ii. Det skal vere tilgjengeleg bøker og blader på alle avdelingane som kvart semester vert gjennomgått og oppdatert. SFO samarbeider med skulebibliotek. c. Kleppe SFO skal bidra til å gjere borna kjende med årstidene og høgtidene våre. i. Borna har mellom anna formingsaktivitetar knytte til høgtidene. ii. Tenning av adventslys og lesing av bok med adventstema i adventstida. iii. Feiring av karneval. 2) Halde- Omsorg og sosial trening a. Alle barn på kleppe SFO skal oppleve tryggleik og at dei er sett av dei vaksne. i. Alle borna skal kryssast inn og bli sagt ”hei” til når dei kjem på SFO og kryssast ut, og bli sagt ”Ha det” til når dei går. Helst med namn. ii. Alle tilsette skal lære seg alle namna på borna på avdelinga dei arbeider på og aktivt bruke namna i samtalane med borna. iii. Alle born skal ha ein vaksen primærkontakt som i særleg grad har ansvar for å sjå at barnet har det bra og som saman med SFO-leiar har ansvar for kommunikasjon med foreldra. iv. I starten av skuleåret skal alle 1.klassingane bli presenterte på felles barnesamlingar. SFO-leiar har ansvar for dette i forbindelse med presentasjon av skattekistå. v. Barn med klare fysiske eller sosiale handikap skal kvar dag ha ein vaksen med særskild ansvar for å hjelpe seg til praktiske gjeremål og til å bli involvert i leiken. b. Borna på Kleppe SFO skal oppleve tydelege rammer. i. Det skal være faste tider for aktivitetar, måltid, uteleik o.s.b. som er enkle for born og vaksne å forhalde seg til. ii. Det skal være klare skriftlege reglar for inne-leik, ute-leik, garderobe og måltid. iii. Desse reglane skal bli gjennomgått munnleg og ved praktisk øving på starten av skuleåret. iv. SFO har fokusområde for den sosiale treninga i samarbeid med skulen. v. Borna skal kjenne og respektere Stopp regel. c. Borna på Kleppe SFO skal oppleve verdi i å ha ro og orden i SFO-lokala. i. Klare skriftlege reglar for stemmebruk, rørsle og rydding. ii. Faste grupper fordelt på bygget for å hindre støy. iii. Det skal kontrollerast at det er ryddig etter leik inne og ute. Ryddast etter maten og moppast i klasserom og garderobar medan borna er ute. iv. Borna skal på omgang ha ansvar for dekking og rydding av bord. d. Alle born på Kleppe SFO skal oppleve at dei tilsette har god kommunikasjon med foreldra. i. Det skal leggast ut månadsplan og månadsbrev til foreldra i forkant av kvar månad på nettsida. ii. Det skal leggast ut påmeldingslapp til ferie-SFO til foreldra. iii. Det skal ein gong i månaden kome ut ein artikkel på nettsida med bilete frå det som skjer i SFO. iv. Anna vikteg informasjon til foreldra skal og leggast ut på nettsida v. Primærkontakt og SFO-leiar har ansvar for kommunikasjonen med foreldra ved sjukdom eller hendingar som bør kommuniserast til foreldra. vi. I hentesituasjonen skal personal kunne seie noko om kva barnet har gjort denne dagen. 3) Strekke – Leik, friluftsliv og fysisk aktivitet. a. Borna på Kleppe SFO skal gjennom leik få oppleve utfordring, meistring og glede. i. Det skal vere leiker som er tilpassa alder, interesser og funksjonsnivå på borna både inne og ute. ii. Det skal vere fri leik minst 30 minutt kvar dag. iii. Det skal vere tilgjengeleg konstruksjonsleiker på alle avdelingar iv. Det skal vere tilgjengeleg kort og pedagogiske brettspel på alle avdelingane. v. Det skal vere rullerande gruppeaktivitetar slik at alle borna blir utfordra til å prøve fleire typar aktivitetar. vi. Det skal utarbeidas halvårsplanar for alle gruppene: 1)Symjing, 2)gym, 3)sløyd 4)forming,5) uteleik, 7) tur, 8)brettspel b. Kleppe SFO skal stimulere borna til å ha glede av å bruke mykje tid ute og i fysisk aktivitet. i. Det skal vere turdag kvar månad for alle trinn. ii. Faste tider for uteleik kvar dag. iii. Tilgjengeleg utstyr til uteleik som fotball, strikk, hoppetau, sparkesykkel, spann og spade, boccia m.m. iv. Organiserte uteaktivitetar kvar veke for alle trinn. v. Gymgruppe kvar veke for 1. og 2. trinn vi. Symjegruppe annankvar veke for 3.-4.trinn. vii. Nyoppstarta Karategruppe: Prosjekt 2015/16 viii. Skøyting minst en gong i året for 3. og 4.trinn 4) Fargerikt- Glede og humor a. SFO-miljøet skal vere prega av glede og positiv merksemd. i. Borna i SFO skal kvar dag oppleve positiv merksemd når dei til dømes ryddar, leiker, et og kler seg. ii. Borna skal kvar dag oppleve at dei tilsette skryt av borna og andre tilsette. iii. Kvar månad skal 4.trinn ha 4.klasseklubb der det er aktivitetar som borna i særleg grad kan gle seg til. b. Borna i SFO skal oppleve gleda av måltidsfellesskap. i. Det skal vere felles måltid avdelingsvis kvar dag i SFO. ii. Kvar fredag skal det vere varm mat. iii. Maten skal vere variert, sunn og innbydande. iv. Det skal bli servert frukt og grønsaker kvar dag.
© Copyright 2025