Dykkar ref Vår ref Dato 15/3177- 07.10.2015 Høyring - endring i forskrifter til spesialisthelsetenestelova og folketrygdlova Helse- og omsorgsdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endring i forskrift om godtgjørelse av utgifter til helsehjelp som utføres poliklinisk ved statlige helseinstitusjoner og ved helseinstitusjoner som mottar driftstilskudd fra regionale helseforetak og forskrift om egenandelstak 1. Føremålet med endringa er å gje fysioterapeutar, ergoterapeutar og kliniske ernæringsfysiologar høve til å krevja godkjend eigendel for poliklinisk helsehjelp, og å syta for at denne eigendelen går inn i frikortordninga i eigendelstak 1. Framlegget vert gjort med atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak. Høyringsfrista er fredag 20. november 2015. Alle kan uttala seg om høyringa, og dette kan gjerast digitalt på www.regjeringen.no Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova, og vert publiserte. Med venleg helsing Are Forbord (e.f.) avdelingsdirektør Ingrid Husom seniorrådgjevar Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrivne signaturar. Vedlegg 1 Postadresse Postboks 8011 Dep 0030 Oslo [email protected] Besøksadresse Teatergt. 9 www.hod.dep.no Telefon* 22 24 90 90 Org no. 983 887 406 Spesialisthelsetenesteavdeli nga Sakshandsamar Ingrid Husom 22 24 83 16
© Copyright 2024