02 Referat frå SU-møte 14.01.15

HAUGLAND SKULE
Hauglandsvegen 56, 5265 Ytre Arna
Telefon
53 03 55 60
Telefon SFO
53 03 55 65
E-post
[email protected]
Til medlemmane i samarbeidsutvalet
Foreldrerepresentantar
Politisk representant
Representant for pedagogisk personale
Representant for andre tilsette
Elevrepresentantar
Rektor
Referat frå møte i samarbeidsutvalet (SU) på Haugland skule
Tidspunkt:
Stad:
Til stades:
Saksliste:
08 - 2014/15:
14. januar 2015 kl. 18.30-19.35
Haugland skule
Andrea M. Paulsen (elevrådsrepresentant), Hanne H. Berntsen
(elevrådsrepresentant), Kjell André Johannessen (leiar FAU/SU), Christine Skjæveland
(nestleiar FAU/SU), Anja Vikne (representant andre tilsette) , Gro Hopland
(representant undervisningspersonalet), Isabel Grindheim (representant
undervisningspersonalet), Gry Iden (rektor, representant kommunen). Ny politisk
representant ikkje oppnemnt.
Godkjenning av innkalling
09 - 2014/15:
Saker frå elevrådet
a. Saker frå Kvalitetsoppfølgingsmøte om sosial kompetanse/psykososialt
læringsmiljø. Kva tiltak kan vi ut frå vurderingskonklusjonen setje rask i verk?
Kva kan SU samarbeide om?
 Tiltak for å betre det fysiske læringsmiljøet;
o Luftkvalitet og temperatur i klasseromma. FAU går dei
politiske vegane. Elevrådet blir invitert med. Skulen
kontaktar ulike instansar i kommunen. Frist til å kome i
gang: vinterferien. Løypande korrespondanse mellom
skule/FAU.
o Toalettforhold. Skulen og FAU ser på kva dei kan bidra
med. Skulen tar kontakt med byggeigar for å
undersøkje kva dei kan gjere.
10 - 2014/15:
Saker frå skulen
a. Plan for trygg ferdsel i trafikken for alle.
Etter førre SU-møte, der det blei vedtatt at elevane på 4. trinn skulle ha ei
sykkelprøve i april, har skulen utarbeidd ein plan for trygg ferdsel i trafikken for
alle. Skulen ønskjer at elevrådet og FAU ser på planen til neste møte og kjem
med innspel. Planen blir sendt på e-post til FAU.
b. Skisse til rutinar for konflikthandtering mellom elevar, erting, plaging.
Skulen ønskjer at elevrådet og FAU ser på skissa til rutinar til neste møte og
kjem med innspel. Skissa blir sendt FAU på e-post.
c. Tiltaksplan for sosial kompetanseplan og eit godt psykososialt læringsmiljø.
Plan skal reviderast til neste skuleår. Skulen ønskjer at elevrådet og FAU ser på
planen til neste møte og kjem med innspel til revisjon av planen. Planen er på
skulen sine nettsider:
https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/skoler/haugland
-skole/8529
11 - 2014/15:
Saker frå FAU
a. Aktivitetar gjennomført og planlagt i skuleåret 2014-15:
 Sokkedans gjennomført. God oppslutning blant elevane.
 FAU planlegg førstehjelpskurs som kveldsaktivitet. Skal prøve å få det
til i januar. Prisen pr. elev er 200 kr. FAU dekker ¾ av kostnadene,
resten må kvar elev dekkje. Det blir bindande påmelding.
 Vinter-OL – 10. februar. Det blir ulike vinteraktivitetar (dersom det er
snø) + pølsegrilling. Dersom det ikkje er snø, blir det alternative
aktivitetar.
 FAU undersøkjer vedr. småkurs på ettermiddagstid, t.d. måling, dans.
b. Stenging av E16 pga. ras. Farlege situasjonar oppsto då trafikken blei
omdirigert via Gaupåsvegen. FAU ber om tiltak.
Da E16 blei stengt pga. ras, og trafikken blei omdirigert via Gaupåsvegen,
skapte dette farlege situasjonar på elevane sin skuleveg. FAU ønskjer at skulen
kontaktar politi og Statens vegvesen, for å be dei om betre beredskap og planar
ved stenging av E16 og bruk av Gaupåsvegen som omkøyringsveg. Det bør til
dømes vere plassert ut mannskap synleg for å sjå til at bilistane tar omsyn når
dei køyrer langs skulevegen. FAU-leiar sender rektor skildringar av hendingar
som oppsto då E16 blei stengt.
c. Bekymring for elevtalet på SFO.
FAU har mottatt bekymring for elevtalet på SFO. FAU inviterer rektor inn til
FAU-møte 3.2. kl. 19.30 for å drøfte situasjonen.
d. Bekymring for elevane sin tryggleik på fjellturar og turar til byen.
FAU har mottatt bekymringsmelding for elevane sin tryggleik når dei er på
fjellturar og turar til byen. FAU ber om skriftlege planar.
e. Nasjonale prøver.
FAU ønskjer at resultat frå Nasjonal prøver blir tatt opp i SU. Resultat frå
nasjonale prøver og andre kartleggingar i rekning blir tatt opp på
Kvalitetsoppfølgingsmøte 17. februar. Frå neste skuleår blir resultat frå
Nasjonale prøver og andre kartleggingar sett fast opp på agendaen for SUmøta.
Neste SU-møte er 8. april kl. 18. På møtet vil saker frå SU-møtet 14. januar bli følgt
opp. På sakslista vil også følgjande stå: Lage fast agenda for SU-møta.
Ref.
Gry Verene Iden
-Rektor-