Rundskriv Retningslinjer for å fakturere kredittkort RUNDSKRIV: 10/2016 DATO: 25.05.2016 RUNDSKRIVET GJELD FOR: Bankar Finansieringføretak FINANSTILSYNET Postboks 1187 Sentrum 0107 Oslo Retningslinjer for å fakturere kredittkort 2 | Finanstilsynet Retningslinjer for å fakturere kredittkort Retningslinjer for å fakturere kredittkort Dette rundskrivet erstattar rundskriv 6/2013. Finanstilsynet fastsette i 2013 retningslinjer for fakturering av kredittkortgjeld, rundskriv 6/2013. Retningslinjene ga utrykk for kva tilsynet meiner bør vere foretaka sin praksis overfor kundane, og tok utgangspunkt i finanstilsynsloven (lov 7.12.1956 nr. 1) § 3, som slår fast at Finanstilsynet skal sjå til at foretaka under tilsyn tek hand om forbrukarane sine interesser og rettar. Finansforetaksloven (lov 10.4.2015 nr. 17) har i § 16-1 reglar om organisering av kundebehandlinga, herunder krav til god forretningsskikk. Dei nye retningslinjene tek også utgangspunkt i finansforetaksloven § 16-1. Retningslinjer for å fakturere kredittkort: • Føretaket skal ikkje auke kredittramma utan etter søknad frå kunden og bør alltid avslå ein søknad om kredittkort om kredittvurderinga er negativ. • Opplysningane i kontoutskrifta, sjå finansavtaleloven § 48a, skal stå på fakturaen eller i eit vedlegg til fakturaen. Opplysningane skal gjevast kvar månad, og opplysningane skal vere godt synlege. • På alle fakturasystem skal beløpsfeltet på fakturaen vise samla uteståande kreditt. Kunden skal gjevast informasjon på fakturaen om at beløpet kan endrast til eit lågare beløp og kva for beløp som minimum må betalast. • Alle fakturaer der kunden har uteståande kreditt, skal innehalde ein tabell som viser kostnadene ved ulike betalingsløysingar. Cecilie Ask juridisk direktør Anders N. Kvam forbrukarkoordinator Finanstilsynet | 3 FINANSTILSYNET Postboks 1187 Sentrum 0107 Oslo [email protected] WWW.FINANSTILSYNET.NO
© Copyright 2024