Arven nr. 1 2016 - Hjartdal Kommune

Nr. 1 - mars 2016
Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal
Søndag 14. februar i Sauland menighetshus
Første årsmøtet i det nye felles soknet
Det årlege faste kyrkjelydsmøtet
(ofte kalla årsmøte) fann stad etter
gudstenesta søndag 14. feb., i Sauland menighetshus. Det nye Hjartdal
sokneråd, valt i haust, sto for møtet,
som vart det første felles kyrkjelydsmøtet for alle tre bygdene etter
samanslåinga av dei tre sokna. Som
kjent vedtok Agder og Telemark bispedømeråd i 2015 å slå saman sokna
Hjartdal, Sauland og Tuddal til eitt
sokn - Hjartdal sokn - frå 1.1.2016.
Årsmøte vert halde i alle sokn i
landet, slik det er fastsett i kyrkjelova. Møta går gjennom årsmelding,
rekneskap og soknerådsarbeid elles,
og øvrig arbeid i kyrkjelyden i året
som har gått. Dette gjeld t. d. slik
som konfirmantarbeid og anna trusopplæring med barne- og ungdomsarbeid (lokalt t. d. Refleksklubben).
Her lokalt omtalast også verksemda til t. d. misjonsforeiningane og
drifta av menighetshusa og kyrkjelydsbladet. Det er óg høve til å drøfte
andre saker.
Kyrkjelydsmøtet var godt besøkt
av folk frå alle tre bygdene. Møtet
starta med kaffe og god servering, og
møteleiar var soknerådsleiar Anund
Sisjord. Sekretærane i dei tre
”gamle” sokneråda gjekk gjennom
årsmeldingane for 2015.
Tekst/ foto: FHS
Over: Anund Sisjord, leiar i det nye
Hjartdal sokneråd.
Til h.: Sekretærane
i dei ”gamle” sokneråda, som gjekk
gjennom årsmeldingane: Brit Merete Funner, Hjartdal. Kjetil Frøland,
Sauland. Ragnar
Nørstrud, Tuddal
(nederst).
Frå jazzgudstenesta 14. februar i Sauland kyrkje
Arven
ønsker lesarane ei god
og velsigna påskehøgtid!
Innsamling
tysdag 15. mars
med
konfirmantar o. a.
Fasteaksjonen 2016
Kirkens Nødhjelp (KN)
Hjartdal sokneråd, saman med konfirmantar, foreldre til konfirmantar, og
andre, har også i år dør-til-dør-innsamling med bøsser til den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til KN.
Pengane går til KNs arbeid i land
med fattigdom og kriser - katastrofehjelp, langsiktig bistand og påverkning
overfor myndigheiter. Katastrofar kan
skuldast krig, eller vere t. d. klima- og
naturkatastrofar. KN er på plass med
hjelp i Nord-Irak, Sør-Sudan, Syria og
andre land. Også i år er hjelp til reint
vatn ved flaumar, tørke, krig og andre
kriser noko av det pengane går til.
I 2015 vart det lokalt i dei tre bygdene samla inn i kr. 37 780,- , noko som
også var rekord for fasteaksjonen i
Hjartdal.
- FHS/ Hjartdal sokneråd
Bildet: Vatn er
prekært for menneske i naud.
Det trengst til
drikke, matlaging,
sanitært/ helse,
klesvask, jordbruk
og mykje anna.
Vatn er difor noko
av det første
Kirkens Nødhjelp
hjelper til med
ved katastrofar.
Bildet viser vasshenting i Aleppo i
Syria. Vatnet er ofte borte i dagevis.
Gudstenesta denne søndagen var
med salmar frå spiritualtradisjonen,
og organist Torild Møinichen Skårdal hadde fått med seg ekstra musikarar. Det vart spelt dels eigne jazzstykke, m. a. preludium frå Duke Ellingtons Sacred Concert, dels spelte
dei til salmesongen, der Brit Merete
Funner var forsongar. Musikarar
som bidrog ved den fine, godt
besøkte gudstenesta var Hjartdal
musikkorps og (for høvet) Hjartdal
jazzkvintett. På bildet ser ein alle i
samspel. Heilt til h. sokneprest
Lene Skov Opsahl.
Tekst/ foto: FHS
(Illustrasjonsfoto, frå Magasinet Stefanus)
INFORMASJON
Sendar/ returadresse (Arven):
Kyrkjeverja, Kommunehuset,
Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND
ARVEN
Side 2
DEN NORSKE KYRKJA
Hjartdal sokn
Kyrkjelydsbladet
Arven
Utgjevar: Hjartdal sokneråd.
Soknerådet vel kvart 4. år eit
styre for bladet.
Redaktør, redigering/ layout:
Frøydis Hagene Skoje,
Skojevegen 260, 3692 Sauland,
tlf. 350 23011/ 47 05 30 35
Abonnement: Bladet sendast
gratis til husstandane i kommunen. Bladet drivast ved friviljuge gåver. Ein kan få bladet
tilsendt også utanfor kommunen.
Arvens bankkonto:
2699.50.38454,
Hjartdal og Gransh. Sparebank
Etablert: 1949
Opplag: 950 stk.
Trykk: Telemark Trykk AS
Redaksjonen avslutta 28.02.2016
Neste nr. av Arven:
Mai 2016
Stoff må vere innkome til 5.april
Hjartdal sokn
Tilsette
Prestekontoret (tirsdag - fredag):
Sokneprest Lene Skov Opsahl,
Saulandsvn. 553, 3692 Sauland.
Mobiltlf.: 403 19 964
Epost: prestekontoret@hjartdal.
kommune.no
Hjartdal kyrkjelege fellesråd:
Kyrkjeverje Arild Bjørnstad
Kommunehuset,
Saulandsvn. 414, 3692 Sauland
tlf. kontor: 350 28024
mobiltlf.: 996 22 352
Epost: fellesraadet@hjartdal.
kommune.no
Diakon/ sekretær Stig Kjenstad
Kommunehuset,
Saulandsvn. 414, 3692 Sauland
(permisjon ut mai månad 2016)
Kyrkjetenar Arild Bjørnstad
mobiltlf.: 996 22 352
Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde
mobiltlf.: 992 58 790
Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud
mobiltlf.: 924 45 911
Organist Torild Møinichen Skårdal
mobiltlf.: 911 97 667
Valde kyrkjelege råd
(nov. 2015 – okt. 2019)
Hjartdal kyrkjelege fellesråd:
Leiar: Anund Sisjord
Hjartdal sokneråd:
Leiar: Anund Sisjord
Nr. 1-2016
Andakt til påske
- Et symbol på oppstandelsen!
Det å spise egg til påske har røtter
tilbake til den jødiske påsketradisjon.
Jødene feirer påske til minne om utvandringen fra Egypt. Jødenes navn for
påsken, pesach, betyr "å gå forbi".
Pesach er bakgrunnen for den kristne
påsken og har påvirket oss med mer enn
bare navnet. Under pesach samles jødiske familier til det rituelle påskemåltidet
‘seder’. Som innledning til måltidet leser man beretningen om flukten fra
Egypt. Deretter følger måltidet, som
blant annet består av lam, usyret brød,
bitre urter, noe grønt og hele stekte hønseegg – altså ikke speilegg, men egg
som er stekt hele med skall. Det serveres
saltvann til egget for å minnes jødenes
tårer under slaveriet.
For de kristne har det vært naturlig å
ta egget til seg som symbol. Påsken
sammenfaller jo med våren, tiden da
hønene begynner å legge flere egg. Og
mennesket har alltid opplevd det som
et mirakel, når et egg begynte å sprike
og en kylling kom ut. Det som før så
ut til å være en død gjenstand skulle
vise seg å være fullt av liv. Det er som
om døden brister! Dette er årsaken til
at egget forstås som et bilde på Jesus
som han gjenoppstår fra graven.
Våren er en vakker og gledelig tid
der naturen våkner til nytt liv. Og ordene fra Johan Nordahl Bruns salme
(nr. 194, Norsk salmebok) er integrert
i vår opplevelse av påsken og våren:
Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever,
Gravi brast, og Jesus lever!
Frå statistikken
for sokna i Hjartdal, 2015
Ønskjer du å ha med barn
til gudsteneste i kyrkja?
(Tala i parentes gjeld 2014)
Hj.dal Saul. Tuddal
Gudstenest. sønog heilagdagar: 16 (17) 17 (19) 18 (20)
Andre gudsten. 1 (0) 2 (0) 0 (2)
Konsertar
0 (2) 3 (0) 1 (2)
Døypte
6 (7) 3 (3) 1 (3)
Konfirmerte
4 (5) 10 (8) 2 (5)
Vigde
0 (2) 1 (1) 3 (5)
Jordfeste
5 (7) 9 (12) 6 (7)
Gudstenestene:
Hjartdal: Ei gudsteneste på Gåsero,
ei i Gvammen skule.
Sauland: Ei gudsteneste på Bøhaugen,
ei på Hjartdal sjukeheim.
Tuddal: To gudstenester i Bondal skule.
Dei tre sokna hadde ei felles gudsteneste i
gamle Kviteseid kyrkje.
Frammøte:
Første kolonne: Gjennomsnitt for gudstenester på søn- og heilagdagar, 17. mai
og julaftan.
Andre kolonne: Gjennomsnitt for skulegudstenester og andre gudstenester på
kvardagar.
Hjartdal 71 (66) 55 (60)
Sauland 62 (62) 115 (138)
Tuddal 38 (37) 40 (32)
Offer og kollekt i kyrkjene:
Hjartdal kyrkje: 55 547 (49 768)
Fasteaksjonen, dør-til-dør/ bøsseinnsaml.:
12 824 (10 296)
Sauland kyrkje: 40 848 (37 565)
Fasteaksjonen, dør-til-dør/ bøsseinnsaml.:
15 268 (12 552)
Tuddal kyrkje: 39 078 (35 822)
Fasteaksjonen, dør-til-dør/ bøsseinnsaml.:
9 688 (7 437)
Tida under ei gudsteneste kan kjennast
lang for barn, men alle er velkomne.
Det er kjøpt inn barnebøker å sjå i, for
ulike aldrar. Det er også mogleg å teikne under gudstenesta. I påska får barna
eit påskehefte med klistremerke å ta
med heim.
- Soknepresten
Kyrkjeverjekontoret
Lene Skov Opsahl,
sokneprest
Kyrkjekaffe etter gudstenesta
Bli gjerne att litt i kyrkja etter gudstenesta! Som eit forsøk bys det på kaffe
og småkake etter kvar gudsteneste, ei
fastare ordning enn det har vore før.
Praten og kyrkjekaffen varer ca. ein
halv time. Kaffeprosjektet byrjar etter
gudstenesta i Sauland kyrkje 10. april.
Hjartdal sokneråd
Behov for fleire frivillige
Vil du delta i å vidareutvikle ein aktiv
kyrkjelyd? Og har du nokre timar til
overs ein gong imellom? Oppgåver
som frivillig kan t.d. vere å bli besøksven eller ta del i noko praktisk i samband med møte og gudstenester. Kontakt kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde, tlf. 992 58 790. -Hjartdal sokneråd
Diakon/ sekretær - permisjon
Diakon i Hjartdal/ sekretær på kyrkjeverjekontoret, Stig Kjenstad, har permisjon i tida 21.11.2015 - 31.05.2016.
Kyrkjeverjekontoret
Nokon å snakke med?
Treng du ei samtale kan du ringe eller
kontakte soknepresten på anna måte
(tlf. 403 19 964).
- Soknepresten
Nr. 1-2016
ARVEN
Konfirmantar våren 2016
Hjartdal kyrkje søndag 24.4.2016:
Eline Haugeberg Brenna, Marthe Djupedal, Solveig Marie Johansen, Sindre
Våle.
Sauland kyrkje søndag 1.5.2016:
Vidar Hegna Asland, Elin Vestmoen
Bjørndalen, Silje Skårdal Brenna,
André Brubakken, Ingvar Eikemo,
Noah Christoffer Grindbakken Heggelid, Emilie Hegna Kåsa, Thomas
Svihus, Siw Malin Aasdalen.
Tuddal kyrkje søndag 8.5.2016:
Janne Bakka Hagen, Caroline Heggnes Leirvåg.
Soknepresten
Konfirmantfest 2016
Side 3
Nytt styre
for Sauland menighetshus
I høve val på nytt sokneråd hausten
2015 har soknerådet valt nytt husstyre. Styret for huset veljast for
tilsvarande periode som soknerådet,
og skal bestå av tre personar. Dei
tre som var, ønskte avløysing, dei
tre (nye) for soknerådsperioden
nov. 2015 - nov. 2019 er: Gullbjørg
Haugetuft Sletta, Halldis Farstad
Nilsen, Frode Bakka.
Økonomisk vert huset drifta ved
gåver, loddsal/ basarinntekter o. l.
Døypte
Hjartdal
10/1: Mari Hardang-Schwencke
Sauland
26/12:Henriette Thorsen Stensland
Tuddal
21/2: Trygve Johan Larsen Nirisrud
FHS
Ryddedugnad 16. april
i Sauland menighetshus
Konfirmantfest fredag 20. mai (klokkeslett avklarast seinare). Stad: Sauland menighetshus. Felles for alle tre
bygdene. For årskonfirmantar og 50årskonfirmantar. - Velkomen også til
alle andre som ønskjer å ta del!
Husstyret tenker rydde ut/ rydde i
huset laurdag 16. april. Styret har
med seg eit par medhjelparar, men
håper også fleire kan vere med.
Det starter kl. 10, så held ein på
utover dagen slik det passar.
Arr.: Hjartdal sokneråd
Husstyret
Refleksklubben i Hjartdal
Konsert
24. april
i Hjartdal
Attåt klubbkveldane på Bratsberg deltek Refleks óg
ved familiegudstenester i Hjartdal. Bildet: Refleks
hadde ulike innslag i familiegudstenesta i Gvammen
skule 6.12.2015. Her er det ei gruppe jenter frå klubben som syng. Klubben brukte for første gong dei nye
klubbgensarane, med logo utforma av Elise Tho.
Tekst: FHS/ foto: Harald T. Løkslid
Sauland barnegospel
Slekters gang
Konsert med barnekoret Gla`vox
søndag 24. april
kl. 16 i Hjartdal
misjonshus.
Koret består av
barn i alderen 1013 år, er tilknytta
Gulset menighet i
Skien, og har gitt
ut fleire cd`ar
gjennom dei åra
dei har halde på.
Arrangør
av
konserten er Refleksklubben
i
Hjartdal.
FHS
Konsert palmesøndag
20. mars i Sauland
Sauland barnegospel har konsert i Sauland kyrkje palmesøndag 20. mars kl. 12, basert
på påskeevangeliet.
Alle er velkomne også til
frukost på førehand, kl. 10 på
pinsemenigheten Sions bedehus i Sauland. Bildet: Frå
barnegospelens konsert 12.
des. 2015 i Sauland kyrkje,
med juleevangeliet som
hovudtema. - Tekst/ foto: FHS
Gravlagde
Hjartdal
18/2: Bergit H. Våle f. 1912
Sauland
30/12: Lars Krosshus f. 1943
Tuddal
11/2: Halvor Sletta f. 1930
25/2: Anne Venås f. 1918
Sauland
menighetshus
Babysongen
har
starta
opp
att
Foto:
Ann May
Krosshus
Tekst:
FHS
Babysong var ei periode eit tilbod på
misjonshuset i Hjartdal. Tilbodet er
starta opp att, og finn no stad i Sauland menighetshus med Ann May
Krosshus som leiar og (nye) Hjartdal
sokneråd som arrangør. 25. januar i
år vart ”oppstartdagen” der, sjå bildet over. Tilbodet gjeld barn 0-1 år
frå heile kommunen, i lag med ein
vaksen. (Meir info på neste side).
Gåver til Arven
og til diakonifondet
Gåvelister i dette nr. av Arven (for Arven frå 16.10.2015 og framover, diakonifondet frå 21.10.2015 og framover) utgår pga. plassmangel. Sjå seinare blad. Takk for gåvene!
- FHS
Arven gåvekonto: 2699 50 38454
Diakonifond, konto: 2699 11 33363
Søndag 24.april - 5. søn. i påsketida
Preiketekst: Johannes kap. 17, 6–11
- Jesus bed for alle sine Hjartdal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste med konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Hjartdalskoret tek del.
Gudstenester
20. mars - Palmesøndag
Preiketekst: Johannes kap. 12, 1–13
- Jesus blir salva i Betania Bondal skule kl. 11:
Gudsteneste. Takkoffer til Tuddal
menighetshus. - Kaffe etter gudstenesta. Nils Bondal speler.
24. mars - Skjærtorsdag
Preiketekst: Johannes kap. 13, 1-17
-Jesus vaskar føtene til læresveinaneSauland kyrkje kl. 17:
Gudsteneste.
Hjartdal kyrkje kl.19:
Gudsteneste.
25. mars - Langfredag
Preiketekst: Markus kap. 14,26-15,37
- Lidingshistoria Tuddal kyrkje kl. 11: Gudsteneste.
Søndag 27. mars - Påskedag
Preiketekst: Johannes kap. 20, 1–10
- Den tomme grava Hjartdal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydens misjonsprosjekt i Nepal
(v/ Normisjon).
Tuddal kyrkje kl. 19:
Gudsteneste.
Takkoffer til Normisjon.
Mandag 28. mars - 2. påskedag
Preiketekst: Johannes kap. 20, 11–18
-Jesus syner seg for Maria MagdalenaIkkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.
Søndag 3. april - 2. søn. i påsketida
Preiketekst: Johannes kap. 20, 24–31
- Tomas Hjartdal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste.
Takkoffer til Normisjon.
Søndag 10.april - 3. søn. i påsketida
Preiketekst: Markus kap. 6, 30–44
-Jesus mettar fem tusen Sauland kyrkje kl. 11:
”Ung Messe”, med konfirmantane.
Takkoffer til konfirmantarbeidet.
Søndag 17.april - 4. søn. i påsketida
Preiketekst: Johannes kap. 14, 1–11
- Vegen, sanninga og livet Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.
Søndag 1. mai - 6. søn. i påsketida
Preiketekst: Matteus kap. 20, 25–28
- Ikkje råda, men tena Sauland kyrkje kl.11:
Gudsteneste med konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Torsdag 5. mai - Helgetorsdag
(Kristi himmelfartsdag)
Preiketekst: Johannes kap. 17, 1–5
- Og dette er det evige livet,
at dei kjenner deg, … Sauland kyrkje kl. 11:
Gudsteneste. Takkoffer til NMS
(Det Norske Misjonsselskap).
Prestegjeldsstemne v/ misjonsforeiningane. Utsending frå NMS tek
del. Etter gudstenesta: Samvære m/
bevertning i Sauland menighetshus
Søndag 8. mai - søndag før pinse
Preiketekst: Johannes kap. 16, 12–15
- Men når han kjem, Sanningsanden, ..Tuddal kyrkje kl. 11:
Gudsteneste med konfirmasjon.
Takkoffer til konfirmantarbeidet.
Vel møtt til gudsteneste!
Gudstenestelista:
Det kan skje endringar med lista
som Arven ikkje fangar opp tidsnok i høve trykking og tid mellom
utgåvene. Vi minner difor om at
gudstenester blir kunngjort også
m.a. i annonser i Telen fredagar.
Samtale- og bønesamlingar
i Sauland
Samlingane består av samtale om tru,
fellesskap og andelegheit og kva deltakarane har på hjartet, og med bøn.
Det er fritt om ein vil delta med bøn.
Samlingane varer vanlegvis 1 time.
Velkommen - også til nye deltakarar!
Ons. 30.mars: Sauland men.hus kl.20
Ons. 13. april: Sion kl. 20
Ons. 27. april: Sauland men.hus kl.20
Ons. 11. mai: Sion kl. 20
Ons. 25. mai: Sauland men.hus kl.20
Sauland kyrkjelyd (Den norske kyrkja)
og pinsemenigheten Sion Sauland
Normisjons venner, Hjartdal
Møte kl. 19.30:
Mån. 4.april: Hjå Lorimen D. Nordbø
Mån. 2. mai: Hjå Tone E. Hykkerud
Juni: Tur
Hjartdal Normisjon
Misjonshuset i Hjartdal
Årsmøte: Tysdag 5. april kl 18.
Møte tysdagar kl.19:
12. april, 26. april, 10. mai, 24. mai.
Hjartdal misjonsforeining
(NMS - Det norske misjonsselskap)
Foreininga har møte gjennom året,
i heimar eller på Hjartdal misjonshus.
Tuddal Normisjon
Møte kl. 17 (sjå plakat for møtestad).
Velkommen til møte, på tysdagane:
15. mars, 19. april, 21. juni.
Babysong,
Sauland menighetshus
For barn 0-1 år frå heile kommunen, i
lag med ein vaksen. Storesøsken kan
óg følge. Ein treng ikkje kunne synge
for å delta, men for barnet er foreldras stemme den vakraste i verda.Enkel servering og sosialt lag etter babysongen. -Velkommen, på måndagane:
14. mars kl. 12, 11. april kl. 12.
23. mai kl.11.30 (på Hj. sjukeheim)
Ta kontakt ved spørsmål.
Ann May Krosshus
Arr.: Hjartdal sokneråd
Refleks-klubben i Hjartdal
Alle barn og unge frå 4 år og oppover
er hjarteleg velkomne! Barn under
skulealder må ha med seg ein vaksen,
pga. aktivitetane me har. Opplegget
inneheld ponniridning, mekking, div.
aktivitetar, peiskos, bibellesing, song
og kveldsmat. Stad: Bratsberg.
- Måndag 11. april kl. 18-20
- Søndag 22.mai: Sommaravslutning
Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg
(tlf 92402573, ring ved spørsmål)
Finnbekk ungdomsklubb
Klubbkveldar annankvar fredag
på Betel i Hjartdal.
Pinsemenigheten Betel Hjartdal
og Hjartdal Normisjon