Tilleggsopplysingar frå Vågsøy kommune

Hei
Viser til samtale.
Nordfjord havn har ikkje høve til å svare på dette før i morgon, men vil då kunne gje deg fersk statistikk.
Fiskerimiljøet i Vågsøy er utvida i 2016 gjennom etablering av Nergård sin Fiskemjølfabrikk. Dette aukar
volumet monaleg. I tillegg ønskjer dei å bygge fabrikk for mottak av sild og makrell. Dei er lokalisert nord
på Trollebø og har tomt for ekspansjon. Utskiping vil skje over kommunal hamn.
I tillegg går bindingstida for ma Br. Myhre AS i høve mottak av pelagisk fisk i 2016. Dei vil i samarbeid
med Coast Seafood i Måløy utvide mottak i Måløy Sentrum i 2016.
All utskiping skjer i dag gjennom containertransport over Trollebø. Dette ved at containera blir
transportert med frå mottaksanlegg i kommunen og frå ma Selje. Ny kai i Barstadvika som vil ligge
sentralt ved skipsleia, vil kunne tene for uttransport som avlasting på Trollebø, der det ikkje er mogeleg
med yttarlegare utbygging i dag.
Barstadvika har også sentral plassering i høve fiskerimiljøet på Raudeberg med 2 mottak Domstein og
Snorre Seafood. Skipsverfta Stadyard og Båtbygg utfører også større reparasjonsanlegg for fiskeflåten slik
at ei kan i Barstadvika i periodar kan tene som liggekai.
Elles er det i søknaden foreslått ei befaring i Barstadvika og i kommunen. Ein får då eit betre inntrykk av
den store aktiviteten som er knytt til marin næring i Vågsøy
Utdrag frå Nett.no om Nergård si satsing:
Nergård vurderer nok ein fabrikk i Vågsøy
Nergårdkonsernet er i full gang med planlegging av fabrikk og
Pelagiakonkurrent nummer to i Vågsøy.
Styreleiar og storaksjonær Arne Stang i Nergårdkonsernet reknar med at konsernet
allereie i år avgjer om det også skal bygge konsumanlegg - eit for mottak av sild og
makrell til menneskeføde - for pelagisk fisk i Vågsøy.
Det omstridde anlegget for produksjon av fiskemjøl og fiskolje som Nergårdkonsernet
har under bygging i tidlegare Ulvesund Fôrmelfabrikk i Vågsøy, er i rute. Det betyr at det
kan starte med kjøp av råstoff i månadsskiftet januar/februar neste år, i følgje Stang.
Men det kan bli meir.
Styremøte i oktober
Konsumanlegget er tema på styremøtet i Nergård 27. oktober.
- Vi håpar å kome eit steg nærmare ei endleg beslutning, seier Stang.
Nergård har eit nedlagt pelagisk anlegg ståande i Nord-Noreg. Anlegget var i bruk i
berre kort tid før det vart nedlagt, og ved ei eventuell etablering av eit konsumanlegg i
Vågsøy er det aktuelt å flytte deler av produksjonsutstyret sørover.
Mvh
Knut Ove Leite
rådmann
Tlf. 57 84 50 11, mob. tlf. 90 97 34 44
e-postadresse: [email protected]
Besøksadresse: Gate 1, 64, 6700 Måløy
Postadresse: Vågsøy kommune, postboks 294, 6701 Måløy
Fakturaadresse: Vågsøy kommune, postboks 314, 6702 Måløy