Kjære boknar! Sett av 1. oktober, då blir det storstilt opning av fleirbrukshallen. Heile dagen blir det fest og du er invitert til å delta, enten som gjest eller bidragsytar. Målet er å visa det store aktivitetsnivået i Bokn. Bli med - me skal fylla dagen med ulike aktivitetar, alt frå idrett, leik og konkurransar til revy, musikk og andre sceneinnslag. Kva kan du bidra med? Dette blir ein festdag og det er berre å setta tankane i sving. Har du lyst å bidra med noko, eller har du kanskje idéar om kva dagen bør innehalda - ikkje nøl med å ta kontakt med kulturkontoret. Opningskomitéen vil laga til dagsprogram, basert på innkomne bidrag. Tilbakemelding til [email protected] innan 1. juli. Helsing opningskomitéen, Tormod Våga Didrik J. Alvestad Wolfgang B. Ognøy Lars Sigmund Alvestad Eirik Nedrebø Anne Tove Øvrebø Jardar Havikbotn
© Copyright 2024