KOMMUNEINFORMASJON FYRESDAL KOMMUNE Juni 2016

KOMMUNEINFORMASJON
FYRESDAL KOMMUNE
Juni 2016
Innhald:
Side:
Dette skjer i juni:
Aktiviteten
Biblioteket
Diverse annonser
Flexiruter
Fyresdal legekontor
Innlegg frå ordføraren
Kommunal informasjon
Kulturkontoret informerer
Kyrkjedøra
Taxi
8
9-11
16-33
15
2
3
4-8
12-14
34
35
01. Møte i Administrasjonsutvalet
01. Møte i Hovudutvalet for oppvekst, kultur og
omsorg (OKO)
03. Fredagsklubb
04. Bygdedagen
04. Konsert med Vassendgutane
05. Messe i Moland kyrkje; konfirmasjon
06. Kafe på Meinstad
07. Seniortrim
07. Møte i Hovudutvalet for plan og miljø (PM)
17. Tur til Igletjønnuten* og ristene ned til Flågjæva
08. Møte i Formannskapet
09. Barseltrim
10. Opningsfest: "ny" butikk på Joker
10. Fredagsklubb
11.-12. Sparsprinten
12. Tur til Elvedalen på Villblomanes dag
12. Sauesleppsmesse i Moland kyrkje
12. Køyring på RC-banen
13. Kafe på Meinstad
13. Møte i Råd for eldre og menneske med nedsett
funksjonsevne (REMNF)
14. Tur til Hengeltjønn og Nasefjell* frå Løkjedalen
14. Seniortrim
16. Barseltrim
16. "Bygda i bevegelse": Tur i Hamaren
16. Kommunestyremøte
17. Fredagsklubb
19. Meditasjonskveld i Veum kyrkje
20. Kafe på Meinstad
21. Seniortrim
21. Rundtur på Valebjørgsheia med middag på
Fiskebustøylen
21. Samling i Fyril Friluftsgruppe
23. Barseltrim
23. Messe i Moland kyrkje; jonsokeftan
27. Kafe på Meinstad
28. Seniortrim
28. Fisketur frå Flotta til Hyljevatn
30. Barseltrim
Kontaktinformasjon Fyresdal kommune:
Sentralbordet: tlf. 35 06 71 00
Barnehagen: tlf. 35 06 71 80
POS: tlf. 35 06 71 67
Helsehuset: tlf. 35 06 73 00
Heimeside:
www.fyresdal.kommune.no
E-post:
[email protected]
Frist for innsending av bidrag til
juli- og augustutgåva er tysdag 14. juni.
1
Informasjon frå Fyresdal legekontor
Tlf. 350 67 300
Hugs å hente
medisinen
du har bestilt
 Ved oppkast/diare er det stor smittefare. Ver heime frå barnehage, skule og jobb 48 timar
etter siste symptom.
 Ved ynskje om å snakke med lege; legen ringer tilbake ved anledning.
 P.g.a. endring av postgang kan det nå ikkje takast blodprøver torsdag ettermiddag eller
fredag.
 Ekspedisjonsgebyr kr. 59,- vil bli belasta kvar pasient ved; arbeid og utgifter ved forsendelse
etter pasientens ønske av rekvisisjoner, henvisninger, e.l. per brev, fax eller telefon.
 Du treng ikkje melde deg i luka viss du kjem til avtalt time, bare sitt ned og vent på tur.
.
 Alt av sjukemeldingar/forlengingar, diverse henvisningar, til dømes til fysioterapeut, krev
legetime, dette kan ikkje avtalast på telefon.
Open time
Open time er mellom kl. 08.30 og kl. 09.00.
Denne timen er for akutte plager som har
oppstått eller forverra seg det siste døgnet.
Legane vurderer behovet for hjelp til
pasientane, difor er det viktig at du gjev
informasjon til sekretæren om kvifor du vil på
open time. Sjukdomshistorie som er eldre enn
ei veke må du bestille time til.
Jordmor
Ta kontakt med legekontoret for time.
Pasientreisekontor: 05515
RUStelefon: 08588
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111
Medisinbestilling
Sjekk alltid med apoteket om du har att
medisin der på resept før du ringer
legekontoret for å bestille nye. Viss du vil ha
medisinen sendt til Spar, Matkroken eller med
post må du sei ifrå når du ringer legekontoret
og du slepp å ringe apoteket.
Hugs å hente medisinen!
Informasjon frå Apotek 1 Kviteseid
Apoteket i Kviteseid held stengt på
laurdagar f.o.m. 02.04.2016.
Det vil ikkje vere mogleg å få medisinar
tilsendt laurdagar frå denne dagen.
Dei har lengre ope på fredagar
f.o.m. 08.04.2016 –
kl. 09.00-17.00.
Apotek 1 Kviteseid: tlf. 350 68 880
2
Asylmottak i Fyresdal
Det har vore mykje ulik informasjon om mogleg asylmottak på Foldsæ. Eg vil her gje ei kort
oppsummering av situasjonen så langt.
Eigar av Foldsæ og Hero har lenge ynskt asylmottak på Foldsæ og har levera fleire ulike
anbod på slik verksemd. Dei 2 fyrste anboda var på 180 og 210 ordinære mottaksplassar.
Dette har kommunestyrets fleirtal vore negative til og har arbeidd med argumentasjon og
fakta om kvifor dette ikkje er ynskeleg og ikkje forsvarleg.
Vi fikk seinast medhald av Fylkesmannen på dei punkta vi har bruka som argument for å
redusere talet på plassar kraftig.
Dette har ført til at Hero trekte sitt anbod på slike plassar.
Sjølv om Hero er godt kjend med at kommunen ikkje ynskjer asylmottak, har dei levera eit
nytt anbod. Denne gong på mottak på einslege mindreårige flyktningar på 15-18 år. Tilbodet
er på 40 plassar med moglegheit for ytterlegera 10 ved behov.
I eit slikt mottak vil det vere døgnbemanning 7 dagar i veka og gje ca. 12 -14 årsverk.
Kommunen har ikkje heimel for å nekte eit slikt mottak. Her sit UDI på all makt.
UDI sør skal ha 100 plasser for einslege mindreårige i sin region. Det har kome inn 17 ulike
tilbod på desse 100 plassane. Vedtak om tildeling av plassar er ca. 8 juni. Fyrst då får vi vite
om det blir eit slik mottak på Foldsæ.
Erik Skjervagen
Ordførar
3
Vedtak i Formannskap - 20.04.2016
Søknad om tilskot frå næringsfondet gbnr 10/1
Fyresdal kommune ser svært positivt på utbygginga med nytt fjøs til 300 vinterfora sau på
Bekkjerhus. Det er lagt avgjerande vekt på forventa sysselsettingseffekt og stor kostnad i prosjektet,
sjølv med stort tilskot frå Innovasjon Norge. Det vert løyvd kr. 200.000,- i investeringstilskot til Guro
Blessum Libjå og Jan Erik Johannesen med grunnlag i ei kostnadsramme på kr. 4.200.000,-. Løyvinga
blir gjeve frå næringsfondet kap. 1410 470 325 som da går ned frå disponibel sum kr. 556.499,- til kr.
356.499,-. Tilskotet vert utbetalt etter gjeldande reglar for bruk av næringsfondet.
Søknad om tilskot frå næringsfondet Støylsprosjekt og utbygging 80/3
Fyresdal kommune ser positivt på utbygging på Tortveit og Saupstøyl, der vi no får vekt liv i vår
gamle, tradisjonsrike støylskultur att. Investeringa gjev ein sysselsetjingseffekt på 1,5 årsverk. Det
vert løyvd kr. 25.000,- i tilskot til Siv og Per Helge Seltveit med grunnlag i ei kostnadsramme på kr.
2.115.000,-. Kr. 10.000,- av tilskotet vert øyremerkt felles profilering/marknadsføring av prosjekta
Tortveit/Songedalstveiten. Løyvinga blir gjeve frå næringsfondet kap. 1410 470 325 som da går ned
frå disponibel sum kr. 356.000,- til kr. 331.000,-. Tilskotet vert utbetalt etter gjeldande reglar for bruk
av næringsfondet.
Søknad om tilskot frå næringsfondet: Støylsprosjekt og utbygging 79/1
Fyresdal kommune ser positivt på utbygging på Songedalstveiten og Leivdalen, der vi no får vekt liv i
vår gamle, tradisjonsrike støylskultur att. Investeringa gjev ein sysselsetjingseffekt på 1,5 årsverk. Det
vert løyvd kr. 25.000,- i tilskot til Anne Ingunn Hanserud og Hans Christian Jørgensen med grunnlag i
ei kostnadsramme på kr. 2.445.000,-. Kr. 10.000,- av tilskotet vert øyremerkt felles
profilering/marknadsføring av prosjekta Tortveit/Songedalstveiten. Løyvinga blir gjeve frå
næringsfondet kap. 1410 470 325 som da går ned frå disponibel sum kr. 331.000,- til kr. 306.000,-.
Tilskotet vert utbetalt etter gjeldande reglar for bruk av næringsfondet.
Motor & Industriservice Jan Erik Klausen - Søknad om investerings- og
utviklingsstøtte mm.
Fyresdal kommune ser svært positivt på utvidinga og satsinga til verksemda Motor & Industriservice
Jan Erik Klausen, legg vekt på den direkte sysselsetjingseffekten verksemda gjev, samt potensialet for
vekst. Det vert løyvd kr. 150 000,- som investerings- og utviklingsstøtte..
Løyvinga blir gjeve frå næringsfondet kap. 1410 470 325 som da går ned frå disponibel sum kr. 306
000,- til kr. 156 000,-. Tilskotet vert utbetalt etter gjeldande reglar for bruk av næringsfondet.
4
Søknad om midler til forprosjekt frå Fyresdal Idrettsråd - Sportsdestinasjon
Fyresdal AS
Fyresdal kommune støttar søknaden med kr. 50.000,- med løyving frå næringsfondet 1410.470.
I tillegg vert det lagt inn kr. 20.000,- i eigeninnsats.
Løyvinga vert gjeve under føresetnad av at prosjektet vert fullfinansiera før igangsetting.
Disponibel sum på næringsfondet vil gå frå kr. 156 000,- til kr. 106 000,-.
Bedriftsnettverk - søknad om tilskot til forprosjekt
Fyresdal kommune løyver kr. 25.000 til forprosjekt for bedriftsnettverk under føresetnad av at
Hjartdal kommune gjer det same. Løyving frå næringsfondet 1410.470. Det er då att kr. 81.000,- på
næringsfondet.
Vedtak i Kommunestyret - 28.04.2016
Plan for forvaltingsrevisjon 2016-2019
Overordna analyse for Fyresdal kommune takast til orientering.
Plan for forvaltingsrevisjon 2016-2019 godkjennast slik den ligg føre, med fylgjande prosjekter i
prioritert rekkefølge:
1. Gimle skule
2. Pleie- og omsorgstenester
Det blir utarbeid ei liste der det vert gjort greie for kva for bedrifter som har fått tildela tilskudd dei
siste 10 åra, størrelsen på tilskuddet, antall ansatte då tilskuddet blei tildela og ansatte pr idag.
Årsmelding 2015 - Kontrollutvalet i Fyresdal
Fyresdal kommunestyre tek årsmeldinga for kontrollutvalet 2015 – Fyresdal kommune til vitande.
Vedtekter næringsfondet/konsesjonskraftfond
Fyresdal kommunestyre godkjenner framlegg til vedtekter, slik dei ligg føre.
Gjennomgang av Personalpolitiske retningsliner april 2016
Personalpolitiske retningsliner blir vedtekne slik dei ligg føre med fyljande endringar:
Pkt. 3.2
Fri for feiring av nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender
utgår.
Pkt. 6.1
Arbeidstid
5
Avdeling helse har fast arbeidstid frå 08.00 – 15.30 heile året, dette blir gjort
gjeldande frå 01.01.2017.
Pkt. 6.3.
Fyrste setning blir endra til:
Fleksitid kan opparbeidast frå 07.00 – 18.00, om det ikkje er til ulempe for avdelinga
og/eller tenesta.
Pkt. 8
Livsfasetiltak: Ny ordning skal gjelde frå 01.01.2017
Pkt. 11
Fjerne definisjonen på AKAN. (det som står i parantes)
Punkt 12
Fjerne premiering av trimkort med 10.000,- kroner, midlane overførast til OKOutvalet.
Nytt reglement gjeld frå vedtak er fatta der anna ikkje er nevnt.
Styrking av næringsfondet
Kommunestyret sitt tidlegare vedtak om låneopptak på kr. 600.000,- til investeringar reduserast til
kr. 150.000,- som førast over sjølvkostområdet.
Serveringsløyve Fyresdal Kurs og Leirsted as - endring av dagleg leiar
Fyresdal kurs og leirsted AS med Jostein Waskaas som ny dagleg leiar får innvilga serveringsløyve i
samsvar med krava i Lov om serveringsvirksomhet.
Vedtak i Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg - 04.05.2016
Fordeling Kulturmidlar 2016
På bakgrunn av innkomne søknadar, gjer ein fylgjande fordeling av kulturmidlar for 2016:
Idrettslaga
Søkt
Fyresdal idrettslag
110000
61000
Fyresdal
motorsportklubb
18000
6500
Fyresdal skiskyttarlag
35000
23000
Fyresdal Skyttarlag
31000
17000
2000
12500
15000
2000
212000
122000
Hugljufur
Islandshestfor.
Vest-Telen Modellfly
Sum Idrettslaga
2016
6
Grendelaga
Hauggrend grendelag
Søkt
2016
39000
8000
Heggland grendelag
5000
2000
Kilegrend grendelag
8000
4000
Kleivgrend grendelag
4000
2000
Vestkanten
grendelag
8000
2000
Veum grendehus
2000
6000
Veum Grendelag
4000
1000
Åsland grendelag
4000
2000
Sum Grendelaga
92000
23000
Andre lag
Dalen Fotoklubb
Søkt
2016
3000
0
10000
0
5000
1000
Fyresdal musikkorps
25000
8000
Fyresdal Røde kors
5000
2000
Amcar Vest-Telemark
Fyresdal
Bygdekvinnelag
Fyresdal Sogelag
Førsdal Bygdekor
1000
5000
1000
Roan 4H
10000
6500
4H Vest
3000
2500
Fyresdal Pensjonistla
7000
1000
Fyresdal familiekor
6000
3689
79000
25689
Sum andre lag
Løyving frå konto 1263 470 kulturmidlar.
7
Treningsgrupper med fysioterapeut
Seniortrim tysdagar kl. 13.15-14-00.
Barseltrim torsdagar kl. 13.00-13.45.
Ida og Tineke
Fredagsklubb
Kafeen på Meinstad
Det blir fredagsklubb fram til og med
fredag 17. juni.
Kafeen er open kvar måndag kl. 09.00-14.00.
Her møtes me for ein hyggeleg prat
og gode vaflar. Me går tur kl. 10.00-11.00.
Randi og Gudny
Møteplan juni 2016
Lena og Svein ønskjer dykk alle ein
god sommarferie!
Administrasjonsutvalet (ADMU): 1. juni
Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg
(OKO): 1. juni
Hovudutvalet for plan og miljø (PM): 7. juni
Formannskapet: 8. juni
Råd for eldre og menneske med nedsett
funksjonsevne (REMNF): 13. juni
Kommunestyret: 16. juni
AKTIVITETAR PÅ PLEIE- OG OMSORGSSENTERET I JUNI MÅNAD
Nå som sumaren er rett rundt hjørnet har vi litt mindre inneaktivitetar.
Vi ynskjer å vere mest mogleg ute – i allefall om veret tillet det.
KROSSLIMUSIKKEN vil kome til oss tysdag 7. juni. Dei vil vere der kl. 10.30.
Dei vil synge og spele for oss. I tillegg vil vi ha litt kaffe og kaker 
På fredagar vil vi halde fram med fredagskafeen, og ha vaflar og kaffe.
Er det godver steiker vi vaflane ute. Har du lyst til å deltake på det, er du hjarteleg velkomen 
Helsing Aktiviteten
Plass i kulturskulen
Kulturskulen minner om oppseiingsfristen for hausten 2016, som er 1. juni. Dersom du ikkje skal
ha plassen din til hausten er det viktig at den vert sagt opp før fristen. Det er kun
utmeldingsskjema på heimesida som gjeld som oppseiing.
Det er også viktig å vere tidleg ute med tinging av plass for hausten. Vi har behov for å få lagt
timeplanen tidleg og vil gjerne at de melder dykk på innan 1. juni.
Med helsing kulturavdelinga
8
NYTT PÅ FYRESDAL
FOLKEBIBLIOTEK
Skjønnlitteratur vaksne
Albert, T: Farvel eventyrland
Bersvendsen, U: Parforce-jakten
Bjørn, K: Sant nok
Brekke, J: Paradisplaneten
Coleman, R: Lytt til lyset
Damhaug, T: En femte årstid
Day, S: I ett med deg
Eikill, E: En herse tre konger
Ersland, B: Store hendelser i liten skala
Gaarder, J: Dukkeføreren
Jensen, T: Til Capri
Jewell, L: Dagen vi møttes
Khemiri, J: Alt jeg ikke husker
Kjølner, L: Høyt henger de
Kjølner, L: Hvorfor spurte de ikke Evensen?
Knutsen, P: Broren til Hugo
Larssen, V.L: Hvordan elske en far og overleve
Lindboe, K: Far og Sachsenhausen
Lindset, H: Til døden
Mankell, H: Svenske gummistøvler
Meissner, S: Håp i høstfarger
Nydal, A: Famlere
Rasmussen, R: Evergreen
Rein, A: Felttestamente
Reffstrup, K: Jeg, Unica
Rimmer, K: Meg uten deg
Roberts, G.D: Fjellets skygge – Shantaram
fortsetter
Sandvik, K: Under overflaten
Sendker, J: Hviskende skygger
Smith, A: Begge deler
Spielman, L: En liste for livet
Springer, K: Løvetannblomst
Steinsfjord, E: Trolig utro
Swanson, P: De som fortjener det
Sørensen, S: 4: roman
Zambra, A: Mine dokumenter
Faglitteratur vaksne
Berti: Vest-Telemark i det 21. hundreåret
Butenschøn, P: Stortinget
Eliassen, I: Angrep eller forsvar
Graver, H.P: Dommernes krig
Halvorsen, E: Doris Lessing
Kvithyld, T: Gode skrivestrategier
Lekanger, A: Prostitusjon
Lysestøl, P: Israel
Nilssen, L: Telemarksbiblioteket
Pontén, F: Fridas fargesirkus
Paasche, M: Hannah Ryggen, en fri
Rana, M: Norsk islam
Skålevåg, S.A: Utilregnelighet
Thune, M: Yoga som terapi
Skjønnlitteratur barn og ungdom
Aurstad, T: Fangarmer
Azad: Fuglen var bare en fugl
Bachman, S: Alltingen
Bredow, K: Han & dem
Bruheim, M: Bjørnemysteriet
Bukdal, L: Mars er for taparar
Graudin, R: Byen bak murene
Griffiths, A: Rumpo-saurer
Guåker, H: Kanskje det er hjertet
Helland, A: Midnattsfesten
Henriksen, L: Så lenge himmelen er over jorda
Halsnes, L: Godtegrisen
Horndal, S: Sølvmånen
Klepp, A: Tor med hammeren
Lindboe, K: Sam og Noa og den stakkars
kaninen under solbærbusken
Ohlsson, K: Stein-engler
Lindqvist, A: Min grusomme hemmelighet
Marienborg, I: Vi må rydde, sier Nora
Rundberg, J: Supertrikset
Svendsen, N: Bomulv
Thomassen, T: Gutten som var uheldig i
butikken
Volden, I: Alt som teller
Vollan, V: Da pappa var geit
Aarø, S: Milla bestemmer
9
Faglitteratur barn og ungdom
Ragde, A.B: Æspos fabler, Bondejenta og
melkespannet
Ragde, A.B: Æspos fabler, Ulven i fåreklær
Teikneserie
Fiske, L: Automobilfabrikken
Forresten 29
Moen, G: Skinny T
Moro, G: De forvandlede
Solberg, K: Futen
TegneHanne
Tor Ærlig: Hele greia
Lydbøker vaksne
Mental trening
Swanson, P: De som fortjener det
Webb, K: Den engelske piken
DVD
Be cool Scooby-doo (7 år)
Beck: Gunvald (15 år)
Beck: Steinar (15 år)
Robin Hood –det usynlige gullet (for alle)
Robin Hood – erobringen av Sherwood (for
alle)
Er biblioteket stengt når du kjem, kan du
levere på sentralbordet på kommunehuset
måndag-fredag kl. 08.00-15.00.
Du kan kontakte biblioteket via e-post:
[email protected]
og du kan sjekke bibliotekkatalogen og dine
eigne lån via internett. Søk opp Fyresdal
folkebibliotek, så finn du vidare.
BIBLIOTEKET ER STENGT I
SOMMARFERIEN
Siste opningsdag før ferien er
fredag 15. juli.
Fyrste opningsdag etter ferien er
tysdag 16. august.
Hugs å sikre deg feriebøkene i god tid.
Eller, kva med lydbøker for lange bilturar
eller ein bunke blad til solveggen?
Velkomen til biblioteket!
Venleg helsing
Bitti Hvistendahl og Liv B. Kiland
OPNINGSTID PÅ BIBLIOTEKET
Tysdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
kl. 10.00-15.00
kl. 18.00-20.30
kl. 12.00-15.00
kl. 10.00-15.00
(Matpause kl. 11.30-12.00)
10
BLI MED PÅ SOMMAREN SIN
KULASTE LESEKAMPANJE!
Frå 1. juni til 31. august kan du som går i
1. til 7. klasse vere med på Sommarles 2016 saman med ungar frå
nesten 200 andre kommunar i landet.
Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og fremst med deg sjølv. For kvar bok du les og
registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan du lese
vanlege bøker, ebøker, lydbøker, teikneseriar, eller du kan bli lesen for av nokon andre. All lesing tel
og gir poeng.
Sjølvsagt får du premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du
hentar på biblioteket.
Sommarles fungerer best på nettsida sommerles.no der du registrerer bøker, får lesetips, løyser
oppgåver og kan fylgje med på kva venene dine les.
Her får du også tilgang til ei superspanande fantasy-forteljing skrive av forfattaren Mari Moen
Holsve.
Om du ikkje har tilgang på internett, kan du hente og levere lesekort på biblioteket.
Sjekk ut sommarles.no for meir info. Nettsida opnar 1. juni.
VELKOMEN TIL SOMMARLES 2016!
PressReader.com
Gratis på Fyresdal folkebibliotek!
Pressreader er ei heimeside/ein app som gir deg tilgang til over 5.300 aviser og tidsskrift frå
heile verda.
Bruk maskinene til biblioteket, eller kom med eige dataverkty.
Få tilgang ved å kome innom biblioteket med PC, nettbrett eller mobiltelefon, logg på
Pressreader.com eller bruke Pressreader sin app via bibloteket sitt trådlause nett.
Etterpå har du tilgang i 72 timar uansett kor du er bare du er kopla til internett.
Etter 72 timar må du opne PressReader med biblioteket sitt trådlause nett på nytt.
Kjem du når biblioteket er stengt, kan du nytte det trådlause nettet rett på utsida av døra.
11
Moisesberg Kulturminneløype
Offisiell opning 2. juli 2016
I perioden 1541 til 1549 dreiv tyske bergmenn gruvedrift på sølvhaldig koparmalm her i Fjellgardane.
Norsk Bergverksmuseum, under leiing av historikar Bjørn Ivar Berg, registrerte i åra 1992-1996
gruvefeltet. Sidan spora etter gruvedrifta i liten grad var øydelagt, fann ein her eit tilnærma urørt
bilete av måten gruvene var drivne på, noko som gjer funna eineståande i europeisk gruvesamanheng.
Fyresdal kommune har lenge hatt ynskje om å lage ei kulturminneløype i området, for å gjere historia
om kva som gjekk føre seg her for over 400 år sidan lettare tilgjengeleg for folk flest. Arbeidet med
dette er leia av ei prosjektgruppa med Hilde Martini Momrak, Ragnhild Berge, Arne Åsheim og Lars
Veum (prosjektleiar) som medlemer.
Arbeidet med rydding, merking og skilting er no snart ferdig, og vi ynskjer å markere ferdigstilling av
kulturminneløypa med ei offisiell opning. Vi inviterer alle som har lyst til å delta denne dagen. Sett
av dagen allereie no:
LAURDAG 02.07.2016
Program
10.00 Oppmøte ved parkeringsplassen ved Slettfit under Aslestad. Organisering av vidare transport
til parkeringsplassen ved Slystøyldammen.
10.30 Offisiell opning ved utvalsleiar for oppvekst, kultur og omsorg, Nils Kristian Moe,
lett servering.
11.30 Guida tur gjennom løypa der Bjørn Ivar Berg frå Norsk Bergverksmuseum i samarbeid med
Lars Veum og Arne Åsheim orienterer. Vi reknar omlag to timar på løypa.
13.45 Kort stopp ved tomta for smeltehytta ved Slettfit.
14.15 Til Nigard Skålid.
15.00 Servering av suppe med tilbehør, kaffi og kake.
16.00 Lett underhaldning og offisielle taler.
På grunn av matservering må vi ha påmelding frå dei som blir med oss på Skålid. Gje melding til Hilde
på kulturkontoret innan 15.06.2016 dersom du ynskjer å delta; tlf. 952 70 905.
12
I 2016 skal vi igjen arrangere Skeid i Fyresdal, sett av helga allereie no, her er
førebels program!! NB. Følg gjerne "Skeidet" på Facebook 
FØREBELS PROGRAM SKEIDET 18.-21. AUGUST 2016
Tysdag 16/8 – fredag 19/8:
Skuleprosjekt for mellomtrinnet (5.-7. trinn)
Barneteatergruppe øver kvar ettermiddag
Torsdag:
18.00
19.00
Tematisk oppstart
Offisiell opning ved Skeidsteinen, Skeidhistoria i Fyresdal
Føredrag og billedvisning "Flatøyboka" ved Anders Kvåle Rue
Stad ikkje bestemt
Fredag:
Skeidstart
Tilrigging i Øyskogen og på Prestegardsjordet (skulen)
Familiefest med bål, mat, musikk, dans, forteljing m.m.
i Øyskogen
Musikk ved «Canardus Horribilis»
Allsang med fløyte, trommer osb. utover kvelden
Vandring til Skeidet ved turgruppa
Ridning inn til Skeidet ved Kristine/Hugljufur
19.00
Laurdag:
11.00
12.00-15.00
12.00
15.00-18.00
18.00
19.00
Søndag
10.00-16.00
16.00
Skeid og Tingdag
Parade gjennom sentrum med hestar, gjøglarar og musikk
Open marknad i Øyskogen, med mat og handverkstradisjoner
Opne heste-/dyre-/idrettsaktivitetar i Øyskogen og på Prestegardsjordet
Middelaldertivoli – aktiviteter for barna
Sal av mat og drikke frå Marknadsplass
Hovudtilstelling med tevlingar og ting
Teater, ting, hesteløp, styrkeprøver med premier, musikk
Vikingbad/laug ved stranda for dei som ynskjer
Slåttefest for vaksne med bål, grillmat, musikk på Prestegardsløa
Skeid og slåttedag
Arrangement med Distanseritt (Hugljufur)
Slåttedag med slåttegraut og landbruksaktiviteter
Avslutning og premiering Distanseritt og slåttedag
Arr: Fyresdal Idrettsråd
13
SKEIDET 18.-21. AUGUST 2016 - KOSTYMER/KLEDE
Vi håpar at så mange som mogleg som skal vere med på Skeidet vil ha tidsrette klede
desse dagane. Vi har vore så heldige å få Ingunn Valseth Holmegård til å sy nokre enkle
drakter som ein kan bruke.
Skeidet vil ha ein liten stand på bydedagen, kor ein kan sjå draktene.
Dersom du ynskjer å sy sjølv kan ein få kjøpe enkle mønster, men du kan og spørje
Ingunn om ho vil sy for deg.
Kontaktinfo Ingunn Valseth Holmegård; tlf. 900 44 189 / [email protected].
Det fins og mange andre som syr middelalderdrakter, t.d.
Birgit Gjerpe, www.middelaldersom.no, og Anja Bomann , tlf. 988 46 142.
Fyresdal Idrettsråd
Vi vil gjerne ha barneteater som ein del av Skeidet, og inviterer til teaterworkshop som
vil ende i framsyning i Øyskogen 20.08.2016.
DET ER TIDA FOR Å MELDE SEG PÅ!!!
Kurset vil vere frå tysdag til og med fredag kl. 14.30-17.00 med framsyning laurdag
20.08.2016 under SKEIDET. Instruktør er Erlend Tveite. Alle øvingar skjer ute dersom det
er godt vær. Dette er både moro og lærerikt, så her er det bare å melde seg på!
Pris per deltakar: kr. 500,-.
Det er plass til 12 elevar i alderen 7-16 år.
Påmelding til Hilde innan 15.06.2016; 952 70 905 /
[email protected].
14
15
TURAR I JUNI
Laurdag 4. juni
Bygdedagen
Sal av nye turkart, toppturkort, trekning av toppturar.
Elvelotto!
Tid: Kl. 10.00-16.00.
Tysdag 7. juni
Igletjønnuten*og ristene ned til Flågjæva
Lang, lett kveldstur.
Tid: Kl. 17.00. Naturlos: Gunhild Momrak.
Sundag 12. juni
Tur til Elvedalen på Villblomanes Dag
Dagstur.
Tid: Kl. 10.00. Naturlos: Helge Kiland.
Tysdag 14. juni
Hengeltjønn og Nasefjell*frå Løkjedalen
Lang kveldstur.
Tid: Kl.17.00. Naturlos: Grethe Lassemo.
Tysdag 21. juni
Rundtur på Valebjørgsheia med middag på Fiskebustøylen
Påmelding for middag, innan 19. juni til Gunhild.
Lang kveldstur.
Tid: Kl. 16.00. Naturlos: Gunhild og Jørund.
Tysdag 28. juni
Fisketur frå Flotta til Hyljevatn.
Vi prøvar å få til båttransport på Øyarvatn.
Middels lett tur.
Tid: Kl. 17.00. Naturlos: Olav Olstad.
Fast møteplass er utanfor Spar i sentrum. Tak med passande klede, gode sko, mat og god turlyst!
Alle som er med går turen på eige ansvar. Atterhald om endringar i oppsette turar.
Toppturgruppa «På Tøpp i Førsdal» ved Gunhild, tlf. 957 91 511 eller e-post [email protected].
16
HELSE – KOSTHOLD - COACHING
NLP Coaching – Hjelp til å finne veien videre med deg selv i førersetet?
HOT STONE massasje – Massasje med varme vulkanske steiner.
Løser opp stiv muskulatur, øker blodsirkulasjonen og frigjør avfallstoffer.
PEK Physio Energetic kiropraktikk – Ved plager med rygg, nakke, skuldre, armer og ben.
Ved hjelp av lette trykk på ryggsøylen og armlengdemåling, lokaliseres den virvelen som er årsak til problemet.
Området korrigeres uten manipulering, men ved hjelp av lette trykk og pusteteknikk.
Ta kontakt for nærmere informasjon, tlf. 909 32 773. Anette Forsdal Halvorsen
Fjellgardsmat
- sjavsagt økologisk
Vi kan nå levere kjøt frå Fjellgardsfe (kalv og ungdyr) att – oppdelt i passelege stykke og vakumpakka i 20 kgkasse. Kjøtet er oppdelt i fornuftige stykke, vakumpakka og merka med etikettar.
Fjellgardsfe er kvegstamma vi avlar fram her på Skålid i Fjellgardane.
Dyra får gå fritt i heile si levetid, dei går på beite så lenge det er sesong for det og resten av
året har dei fri tilgang på rundballar. Kraftfor blir bare bruka som lokkemat for å få dyra
passeleg tamme og ved flytting til nye beiter. Alt foret er sjølvsagt økologisk og omgivelsane
her i Fjellgardane er reine (milevis frå trafikera vegar og industri).
Bruk heimesida vår for bestilling eller ta direkte kontakt med oss! www.fjellgardsmat.no
Elin Skålid & Tor Bolstad Jensen, Skålid i Fjellgardane, 3870 FYRESDAL
Telefon: 350 41 200, mobil: 905 86 354
Trefelling
utførast
Gratis befaring,
forhandsavtala pris,
fullt forsikra.
Kontakt:
Gjermund Z.
Bergsland,
tlf. 908 03 383 /
350 41 568.
Opplev deg selv på Ditt beste!
Hvordan vi mennesker har det og fungerer i livet vårt, er på godt og vondt et resultat
av våre tanker og følelser. Enten vi har et alvorlig psykisk problem eller ønsker å være
best når det gjelder i en idrett, er det overraskende for mange at det er de samme
mekanismene som er bestemmende. At disse mekanismene også har en avgjørende
rolle i kroppens fysiske reparasjonsprosesser er for de fleste helt ukjent. Vi kaller det
for vår mentale software fordi vi kan nå alle områder ved hjelp av vår evne til å tenke.
Mental Software Optimalisering – MSO, programmet som revolusjonerer vårt
forhold til det mentale, vår psyke og fysikk i alle livets faser! Ta kontakt med Stein
for en uforpliktende samtale direkte på telefon 918 67 276. Se også
www.optimalytelse.no.
Sal av rimeleg ved – 30 cm bjørkeved i 60 liters sekk.
Kontakt:
Arendal fengsel
Kleivgrend avdeling v/ Henning
tlf. 489 93 471 eller 908 67 120
17
Set av helga 2.-. september 2016!
Kom og bli med på Redesignkurs med Kristin Jørgenvåg,
kjent frå fyrste sesong av «Det store symesterskapet» på NRK.
Inspirasjonskveld fredag 2. sepember med Kristin Jørgenvåg.
Stad: Gimle skule, kl. 18.00.
Kristin kjem til å inspirere og vise oss mykje ho har laga. Ope for alle.
Servering av kaffi og kake. Inngang: kr. 100,-. Hjarteleg velkomne!
Laurdag 3. og sundag 4. september, 12 timars redesignkurs.
Nokre få ledige plassar.
Stad: Gimle skule
Kursavgift: kr. 1 000,-. Du tek med symaskin og utstyr som trengs i tillegg.
Førebuing til kurset:
Nå er det bare å ta eit djupt dykk i skåp og kott, på loppemarknad og bruktbu.
Tak med noken avlagte klær og tekstiler. Ikkje ver kritisk, det er fint
å ha mykje å velje i.
Tepper kan bli til jakke, klokkestrenger kan bli til vottar, genserar kan bli til
puter, dukar kan bli til kjolar. Gamle olabukser kan syast om til skjørt, kjole,
veske, puter eller andre ting til huset. Lista er nesten uendeleg, seier Kristin.
Besøk bloggen til Kristin for endå meir inspirasjon og fleire tips til kva du
kan ta med! Bloggadresse; www.kristinsroedetraad.blogspot.com.
Kontakt Gunlaug Kiland, mobil 994 32 748 eller
[email protected] for å høyre om det er ledig plass.
Arrangør: Fyresdal bygdekvinnelag
Fyresdal Bygdekvinnelag - «Oss kvinner imellom»
Møte 11. juni : Tur til Seljord er AVLYST.
Vi møtes til hausten og planlegg neste års aktivitet.
GOD SOMMAR!
Helsing
Farahia, Shaima, Marife, Gunlaug, Birgit Marie og
Ellen Margrethe (mobil 918 71 829)
Bli med på tur i Hamaren!
Vi møtes ved brygga torsdag 16. juni kl. 18.00.
Vi går ein tur i Hamaren og ser på alt som har
skjedd der den siste tida. Etterpå lagar vi mat
saman på grillen – lokal fisk og rabarbra står på
menyen denne kvelden.
Arrangementet er ope for alle,
bli med DU også!
18
Hyttevaktservice
Valebjørg Design
Interiør, møblar, galanteri, skulpturar, maleri,
leiker og marionettar.
Tre, metall, betong, leire m.m.
Andreas Valebjørg & Stian Valebjørg
Tlf. 922 99 287
E-post: [email protected] /
[email protected]
www.valebjorgdesign.no
Vi tilbyr
vaktmestertjenester
for fastboende og
hytteeiere
i Fyresdal kommune.
Utvendig og innvendig
vedlikehold.
For mer informasjon
eller spørsmål,
tlf. 970 97 132.
Torbjørn
DYRLÆKJAR I
FYRESDAL
Vi held til i Fyresdal
Tråvlags lokale ved
flystripa. Du må bestille
time, for vi reiser berre
til Fyresdal dersom vi
veit at nokon kjem. Ting
time på tlf. 350 50 930.
Sjå og heimesida vår,
www.seljordvet.no.
Helsing dyrlækjarane
Tømrar Erik Midtbø
Tømrar Lars Ola Solberg
Eg tek på meg arbeid innan snekring, forskaling,
muring m.m. Andre type jobbar etter avtale.
Utleige av utstyr og maskiner.
For meir info eller spørsmål, ta kontakt på telefon
404 35 443 eller e-post [email protected].
Lars Ola Solberg
Skifting av dører og vindauge, tilbygg, rehabilitering
og det meste innan ombyggjing og vedlikehald.
Gratis befaring.
Skåphengar til leige
Innvendige mål: bredde 145 cm / lengde 300 cm /
høgde 180 cm. Nyttelast 1500 kg.
Ta kontakt for pris.
Tlf. 971 92 386 / E-post: [email protected]
Frisør Lia
Klypper pensjonistar (herrer og damer) første og
tredje onsdag kvar månad på pleie- og
omsorgssenteret i Fyresdal.
Andre onsdagar kan eg kome heim til deg.
Ring for å bestille time, tlf. 400 74 171.
Er du ikkje pensjonist, ring for avtale, så kjem eg
heim til deg.
Bjørkeved
Bjørkeved i storsekk og småsekk.
Furuved i storsekk.
Hengarlass (9m3, 6 storsekk),
rå ved levera på plassen.
Gunnar K. Veum, tlf. 975 84 924.
Jolly sko for all slags vær!
Treng du snekkar til å gjere jobben
for deg kan du kontakte
Sven Erik Skomdal
på mobil 479 05 725 eller
e-post [email protected].
Har fagbrev og sentral godkjenning.
Absolut vanntett
Lett å ha på seg
Mange farger
Ergonomisk naturkork innersåle
Kan vaskes eller skiftes ut
Profilsålen gir ekstremt godt grep
Størrelse 35-47
Helsing Conny
Mobil 992 77 512 / www.jollyclogs.no
19
Vi har starta med middag på sundagar.
Vi tilbyr middagsbuffé med rettar av fisk og kjøtt, i tillegg til anna barnevennleg mat. Dessertbuffé.
Opningstider på sundagar er kl. 13.00-18.00.
Fra og med mandag 20. juni vil vi ha middagsbuffé alle dagar unnateke laurdag.
Middagsbufféen på kvardagar vil vere open kl. 14.00-18.00.
Vi lagar milkshake og har fått i gang kaffemaskina vår og lagar kaffe latte, cappuccino osv.
Vi har catering – ta kontakt for ein uformell prat.
Vi er å treffe på telefon 468 14 669, men aller helst, kom innom i vårte koselege lokale.
Vi må ta atterhald om dagar med lukka selskap.
Med vennleg helsing oss på Teisner.
Kompaktlastar med førar leigast ut til
ulike arbeidsoppdrag
Avant 528 med følgjande utstyr:
 Skuffe, 110 og 160 cm
 Rundballklo
 Pallegaffel
 Tømmerklo
 Gruslodd
 Silogrep, til å ta ut talle o.l.
Maskina er leddstyrt, 205 cm høy og 130 cm
bred, og kjem lett til dei fleste stader. Leigast
ut med førar, på kveldstid og i helger.
Tak kontakt for meir informasjon.
Andreas Valebjørg, tlf. 922 99 287.
Aloe Vera til liten og stor!
Me er to jenter som er forhandlarar for eit føretak som
heiter Forever Living. Dei er verdas største dyrkar,
produsent og distributør av Aloe Vera. Produkta er
svært populære og seljast over heile verda. Produkta er
økologisk dyrka Aloe Vera, og ein finn alt frå
kosttilskudd, kroppspleie og makeup i sortimentet. Me
hjelper deg gjerne med å finne riktig produkt for akkurat
dine behov. Det er 100 % fornøghetsgaranti og 90
dagars returrett. Ta kontakt med oss om du trur me har
noko som kan vere til hjelp for deg eller om du ønskjer
ein helsekveld.
Benedicte Lindgren:
tlf. 450 02 923/e-post [email protected]
Nina Breivik:
tlf. 976 65 505/e-post [email protected]
20
Nettbutikk: www.bondal.no
Opningstider butikk: Måndag-fredag 08.30-16.30, laurdag og sundag STENGT
Opningstider verkstad: Måndag-fredag 07.30-16.00, laurdag og sundag STENGT
Telefon sentralbord 350 67 200
Arild Bondal, tlf. 917 74 300, e-post: [email protected]
Egil Olav Bergland, tlf. 917 74 308, e-post: [email protected]
Karl Olav Hansen, tlf. 917 74 302, e-post: [email protected]
Karen Hilde Valebjørg, tlf. 917 74 301, e-post: [email protected]
Eg yter framleis service
på Jonsered
motorsager.
Har delar på lager, og
skaffar nye sager og varer
du treng.
Halvard K. Grythe.
Tlf. 905 38 086.
E-post:
[email protected]
Sparebanken Sør
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 09.00-15.00.
Det kan avtalast tid med oss
utanom opningstida:
Mandag-fredag til kl. 15.45/torsdag
til kl. 17.15.
Vi har stengt siste onsdag kvar
månad;
Denne dagen blir bruka til felles
opplæring.
Direkte telefonnummer:
Margit Lund: 350 42 706
Per Audun Hansen: 350 42 704
Jørund Lauvdal: 350 42 715
E-post: [email protected]
21
VERKSTAD TIL LEIGE
Verkstad til leige på timebasis med luft,
bukk, kran, sveiseutstyr m.m. Vil du
reparere bil, traktor eller anna utstyr og
treng verkstadlokale så kan du leige
tidlegere Halvards Verkstad i Hauggrend.
Ta kontakt for meir informasjon om
verkstadleige. Vi sel også avgiftsfri diesel.
Ring Robin på +47 950 18 298 - snakkar
betre og betre norsk 
E-mail: [email protected]
SOLTØPPEN
I 2. etasje på Bondal Motor
Opningstider:
Kl. 08.30-21.00 måndag-sundag.
Sjølvbetjent
Myntautomat
Kremautomat
Om du ikkje får ut krem etter betaling eller
andre ting, ver grei å ring 416 82 431 så
ordnar me det 
TRENG DU SOL PÅ KRØPPEN,
KOM TIL SOLTØPPEN 
Aud og Jonnik
Leilighet Tøddebakkane
Lys og triveleg leilighet, 70 kvm.
Stue, kjøkken, soverom, bad, gang og bod.
Ledig frå 1. august.
For meir info, ring 906 53 757.
Sveinung Nordbø
22
Har du skrammel og skrot?
Har du skrammel og skrot liggjande,
og vil rydde opp i dette?
Hauggrend grendelag tek imot jern og
metall av alle slag; Gamle omnar, syklar,
traktorar, plenklypperar og bulldosarar.
Ingenting er for stort ingenting er for lite.
Ta kontakt med Dag Helge Strånd
på 414 46 996.
Me ordnar transport på større ting.
Venleg helsing Hauggrend grendelag.
Andreas vask og vedlikehald
Vask/reinhald av hytter og hus, maling,
vedlikehald av bygg, steinarbeid rundt
hus og hage, bygging av terrasser.
Treng du hjelp?
Ring eller send ei melding!
Tlf. 950 04 925
e-post [email protected]
23
Bygdedagen 4. juni 2016











Hugljufur skal ha loppemarked.
Bygdedagen skal ha lotteri i år, med lokalproduserte gevinster. Loddbøker ligger på
butikkene.
Veteranbilutstilling i Øyskogen.
Bli med på kortesjen i ditt veterankjøretøy, og inviter gjerne likesinnede i
nabokommunene. Avreise fra flyplassen kl. 10.45.
Hugljufur har barneridning.
Bygdekvinnelaget har utstilling i 2. etg. på gamle bakeriet i Skippergata.
Aktiviteter, utstillinger og lokal underholdning.
OLABILLØPET! Se egen Facebookside for flere detaljer; «Olabilløp Bygdedagen».
Denne siden kan søkes opp, selv om man ikke er på Facebook.
Kontakt Elin Lauvrak-Kile (900 13 635) for påmelding og info.
Oppmøte kl. 10.00. Start fra kl. 11.00. All kjøring foregår på eget ansvar.
Skikretsen kommer med mini-hoppbakke som barna kan prøve seg i.
Fyresdal Turlag har «elvelotto» kl. 13.30. Premieutdeling kl. 15.00.
Trekning av Bygdedagens lotteri kl. 15.00.
Frøydis Kile kommer med grønnsaksbilen sin! 
Håper vi sees til en trivelig dag i Øyskogen 
Arr. Bygdedagskomitèen.
Fossum Kurs- og Feriesenter
Fossumsanden Camping
Overnatting – Apartment ved fossen – Hytter – Camping – Sauna – Båter – Grillhytta
Hauggrend, Fyresdalsvegen 541, tlf. 35 04 25 14
www.fossumferie.com / [email protected]
24
SPARSPRINTEN 11.-12. juni
Program
Laurdag 11. juni Åslandsbakkane opp
Sundag 12. juni Skiskyting Veum
14.00 Trimklasse 2 km
16.00 1, 2 og 3 km motbakkeløp
19.00 Premieshow og afterski party i
sentrum!
Danseoppvising med Oslo
Streetdance Studio!
10.00 Innskyting og trening i løyper
11.30 Innleiande heat startar
fortløpande. 11 år først og klassevis
oppover. Finalar startar rett etter
innleiande heat er klare.
Premieutdeling rett etter siste
heatet er i mål.
Nytt i år - Trimklasse
Gå Åslandsbakkane opp på beina og bli med i trekkinga av ein 55’’ flatskjerm verdt kr. 10.000,Dette er ope for alle, frå 0-100 år. Fin måte å sjå løypa på og å komme seg opp til mål for å sjå løpet.
Startkontingent kr. 100,- betalast ved start. Start mellom kl. 14.00 og 15.00.
Vi håpar på god påmelding og mange løparar i løypene og mykje publikum! Dette blir moro med
mange lokale ungdommar! Håpar mange her i idrettsbygda set pris på eit slikt arrangement og har
lyst til å kome og sjå desse dagane!
I samband med Åslandsbakkane Opp blir det delvis stengt veg frå Karl Rune Hansen og
Åslandsbakkane i tidsrommet kl. 15.30-18.30.
PARKERING ÅSLANDSBAKKANE 11. JUNI
Om du ynskjer å kome og sjå på motbakkeløpet laurdag ettermiddag vil du få anvist parkering av våre
parkeringsvakter på Kleivgrendsvegen. Parkering kr. 50,-.
Kom og bli med på folkefesten desse dagane!
Laurdag ettermiddag har Fyresdal Skiskyttarlag kiosksal oppe ved skulen i Åslandsgrend. Kom gjerne
tidleg og parker på toppen, eller gå trimløpet, så kan du gå nedover og finne ein god plass og sjå på
konkurransen i bakkane.
Premieshowet på laurdag skal vi ha utanfor Meieriet i sentrum. Aud og gjengen sel god mat og drikke
(ikkje alkohol før FSSL arr. er over) og underhaldning av OSLO STREETDANCE STUDIO skjer på den
mobile scena til Fyresdal kommune. Laurdag 11. juni blir det og workshop for danseglade born og
unge i Fyresdal, under leiing av Oslo Streetdance Studio, i regi av Fyresdal kulturskule. Eigen info
kjem via lapp på skulen. Elevane vil også opptre på scena som i fjor! Ikkje gå glipp av showet!
25
Velkomen også til rulleskirenn på Veum sundag! Her blir det spanande fellesstartar i alle klasser frå
11 år. Kiosk i klubbhuset!
Takk til alle sponsorar så langt!!!
Helsing FSSL
Telemark Lys AS har opna sin nye butikk, Krambua, i Fyresdal sentrum
Her driv vi ein brukt-/gjennvinningsbutikk. Har du gamle ting, møblar, servise, pynteting – kort sagt alle typer
«ting og tang» som du ikkje lenger brukar, eller ønsker å kvitte deg med, tak då gjerne kontakt eller kom innom
oss. Det vi måtte få inn vil bli benytta både til event. salg i vår bruktbutikk, men også til å møblere/dekorere
boligar når det kjem nye flyktningfamiliar og vi skal innreie ein heim for dei. Det vi mottar må vere i god stand,
men enkle reperasjoner skal vi nok ordne.
Vi tar også imot brukte og bra barneklede (reine og heile), leiker og sko, og har du brukt sportsutstyr så tar vi
gjerne imot dette og. Innsamla klede er fortrinnsvis til flyktningfamiliane (gratis), men vi har og posesalg for
andre interesserte. Vi har også sal av andre varer, bl.a. te frå Tetøsene og eit bra utval av ulike typer Asia-mat,
samt bruksting/hyller/skåp i tre.
Tak gjerne kontakt med oss i Krambua på tlf. 35 04 13 32 eller Telemark Lys AS på tlf. 35 06 79 00 eller e-post
[email protected]. Ting kan også leverast i Krambua kvar dag.
Opningstid: måndag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.30.
Vi opna midt i mars, og har allereie mottatt mange fine ting til bruktbua vår. Kanskje finn du også noko du har
bruk for?
Velkommen innom!
26
Kampar på Gimle stadion juni 2016
DATO
07.jun
08.jun
08.jun
09.jun
13.jun
14.jun
14.jun
14.jun
14.jun
14.jun
14.jun
14.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
15.jun
KL.
19:00
19:00
19:00
19:00
19:00
18:00
18:00
18:30
18:30
19:00
19:00
19:00
18:00
18:00
18:30
18:30
19:00
19:00
18:00
18:30
19:00
ALDER
G8
G14
J12
J14
G16
J10
J10
J10
J10
J10
J10
G12
G8
G8
G8
G8
G8
G8
G10
G10
G10
HEIMELAG
Fyresdal 2
Fyresdal
Fyresdal 2
Fyresdal
Fyresdal
Fyresdal
Åmdal-Tokke 2
Fyresdal
Høydalsmo
Fyresdal
Høydalsmo
Fyresdal
Treungen 2
Fyresdal 1
Treungen 2
Fyresdal 1
Høydalsmo
Fyresdal 1
Fyresdal 1
Seljord
Fyresdal 1
BORTELAG
Flatdal
Rein
Rein
Skade
Tinn
Høydalsmo
Vinje
Åmdal-Tokke 2
Vinje
Vinje
Åmdal-Tokke 2
Treungen
Treungen 1
Høydalsmo
Høydalsmo
Treungen 1
Treungen 1
Treungen 2
Seljord
Åmdal-Tokke 2
Åmdal-Tokke 2
Treng du å grave litt i sommar?
Då kan du gjere det sjølv… Liten maskin til utleige, Cat 302.7D med gummibelter og doserskjær.
Denne er ikkje av dei minste maskinene, så denne får du gjort mykje med. Er ein stabil og god
maskin, som transporterast på bilhengar og er enkel å flytte dit den trengs.
Utstyr som følger med er: smalskuff/kabelskuff, graveskuff og hydraulisk pusseskuff.
Kan leigas per dag, weekend eller lengre. For mer info, kontakt Lars Inge, tlf. 917 77 051.
27
Har du RADIOSTYRT BIL eller har du lyst til å prøve?
No skal endeleg RC-banen klargjerast for køyring. Vi skal leggje inn straum og byggje mekkebord på
baksida av køyretårnet, og banen skal klargjerast.
Fyrst vil vi rette ein TAKK til Heim-prosjektet. Når no prosjektet går mot slutten, vil det leve vidare
gjennom inkluderande aktivitet på RC-banen.
Heim-prosjektet har kjøpt inn bilar som RC-gruppa i Fyresdal Motorsportklubb kan låne ut til
medlemmer og dei som vil teste ut kor moro det er å køyre radiostyrt bil. Dette gjer alle høve til å bli
med å ha det moro på RC-banen.
Som medlem i klubben kan du køyre når du vil, då vi har installert nøkkelboks på køyretårnet.
Medlemskort kan du få på RC-banen eller ved å kontakte Fyresdal Motorsportklubb.
Håpar mange har lyst til å blåse liv i RC-bilen sin att, og at vi saman kan byggje opp eit fint miljø rundt
RC-banen.
Fyrste køyredag vert sundag 12. juni, klokka 13.00-16.00.
Då vil det bli køyring annankvar sundag. Vi håpar på å utvide tilbodet om interessa er bra.
Dette kan alle bli med på: stor, liten, gamal og ung, om du er nybyrjar eller erfaren køyrar!
Vel møtt!!!
V I E R ME D L E M A V G R A SR O T A N D E L E N – ST Ø T T VÅ R T A R B E I D
FYRESDAL MOTORSPORT KLUBB • 3870 • FYRESDAL
TELEFON:+47 91 77 70 51 • ORG. NR.: NO 911 718 545
E-post: [email protected] • WEB: www.FYRESDALMOTORSPORT.no
28
Meieriet
Opningstider:
Måndag- tysdag kl. 11.00-18.00, onsdag-torsdag kl. 11.00-21.00,
fredag kl. 11.00-21.00 (24.00), laurdag kl. 11.00-24.00 (02.00),
sundag kl. 12.00-19.00. Siste laurdag i månaden ope til kl. 02.00.
Som vanleg er vi fleksible på opningstidene.
Konsert med Vassendgutane i Bryggeparken 4. juni!
Meieriet stenger kl. 17.00 denne dagen.
Velkomen!
Sporten
og
turistinformasjonen
Har du informasjon som du vil at me på turistinfo skal vidareformidle for
deg? Kom innom, ring eller send ein e-post.
Nytt i fiskekrokar og fiskeutstyr og du får kjøpt fiskekort her.
Hugs topptur kvar tysdag frå Spar.
Takk til alle som handlar lokalt.
Velkommen innom!
Opningstider: Måndag-fredag kl. 10.00.-16.30.
Tlf. 920 85 892 /
e-post [email protected] /
[email protected].
29
Oleas Hus
No er det sumar ……
og Bygdedag med gode tilbod og restekasse!

Opningstider i juni:
Måndag-fredag: kl. 10.00-16.30, laurdag: kl. 10.00-14.00.
Takk for at de handlar lokalt!
Velkommen inn!
30
Sumar i sentrum
04.06.: BYGDEDAGEN
Kl. 10.00-16.00:
Loppemarknad, salsbodar, underhaldning, veteranbilar,
aktivitetar, olabilløp m.m.
Kl. 11.00:
Utstillingsopning på Galleri Merleyn
Om kvelden:
Konsert og fest med Vassendgutane i Bryggeparken
11.-12.06.: SPARSPRINTEN
Åslandsbakkane opp / Skiskyting Veum
Kl. 19.00 laurdag: Afterski med premieshow i sentrum
Buine held ope!
13.07.: TOUR OF NORWAY FOR KIDS
Langope i buine til kl. 19.00!
30.07.: OLSOKFEIRING
Sparfrukost, vandring i Folkestadbyen m.m.
Konsert og fest med Ni Liv på Meieriet
18.-21.08.: SKEIDET
Sjå «Skeidet» på Facebook.
Velkomen til Fyresdal!
31
32
33
Gudstenester i juni:
5/6, 3.s.i treeiningstida:
Moland kyrkje kl. 11.00, v/Ø. Mæland.
KONFIRMASJON
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
19/6, 5.s.i treeiningstida:
Veum kyrkje kl. 19.00.
Meditasjonskveld med salmar, songar og
meditativ musikk.
12/6, 4.s.i treeiningstida:
Sauesleppsmesse i Moland kyrkje kl. 12.00,
v/Ø.Mæland.
Presentasjon av konfirmantkullet 2016/2017.
Utdeling av konfirmantbiblar.
Fyresdal Familiekor deltek.
Offer – Kyrkjekaffi i prestegarden
v/Bygdekvinnelaget
Torsdag 23/6, jonsokeftan:
Moland kyrkje kl. 19.00, v/Ø. Mæland.
Grilling i prestegardshagen. Tak med
grillmat.
26/6, 6.s.i treeiningstida: Inga messe.
3/7, 7.s.i treeiningstida: Moland kl. 19.00.
Frå kyrkjeboka:
Døypte: Veum kyrkje: Mikkel Herregården Bergland
Moland kyrkje: Marie Midtgarden og Oliver Hansen
Døde: Tor Georg Kåsa og Gunhild Synøve Eika
5. juni - konfirmasjon i Moland kyrkje
Konfirmantane 2016:
Vetle Bondal, Nicola Sophie Dahler, Sondre Taraldlien Hopland, Øistein Johannessen (blir
konfirmert på Hovden, Møsstrond 19/6), Asbjørn Libjå, Nora Aas Lund, Julie
Lund, Sindre Greivstad Momrak, Olav Aslakson Momrak-Haugan,
Simen Neverdalen, Anne Marion Svalestog, Yngve Teksle, Emil Wæthing og
Vilde Aamlid.
12. juni – presentasjon av konfirmantkullet 2016 / 2017
Kyrkjelyden har nå slutta seg til eit felles konfirmantopplegg saman med andre kyrkjelydar i
Øvre Telemark prosti. Opplegget vert kalla "Ønsket og elsket", og inkluderer konfirmantleir
og evt. leiartrening. Fyresdal skal på leir på Gjennestad i Stokke i Vestfold i veke 32.
Vi ynskjer difor å presentere konfirmantane for kyrkjelyden før dei dreg, og samstundes dele
ut konfirmantbibelen som dei skal ha med på leir.
Fyril Friluftsgruppe
4. juni, bygdedagen: Bruskasseklatring.
Samling hjå Andreas tysdag 21. juni kl. 18.00-19.30.
FYRESDAL FAMILIEKOR
Sundag 12. juni: Sauesleppsmesse i Moland kyrkje kl. 12.00.
34
Kyrkjekontoret: 350 67 133 / 951 59 494 – e-post: [email protected]
Prest: 350 67 145 / 948 86 826 - Kantor: 958 60 923 - Kyrkjetenar: 990 98 730 / 922 99 287 - Prostidiakon E. Erikstein: 911 13 580
TAXI
DROSJEVAKT I JUNI
Helgevakt: f.o.m. fredag kl. 15.00 t.o.m. måndag kl. 07.00.
Juni
Juni
Juni
Juni
03.-06.
10.-13.
17.-20.
24.-27.
O.G. og G. Vik
J.T. Berve
L.B. Tovslid
O.G. og G. Vik
Tlf. 977 17 107
Tlf. 951 71 152
Tlf. 917 61 416
Tlf. 977 17 107
Rekvisisjon til pasientreiser
Dersom du ikkje kan nytte rutegåande transport, kan du ha rett på å få rekvisisjon til
reisa frå din behandlar eller frå ditt lokale pasientreisekontor.


Er det helsemessige årsakar til at du ikkje kan nytte rutegåande transport til og frå
behandling, kan du få rekvisisjon til annan transport av din behandlar.
Manglar det tilbod om rutegåande transport på den aktuelle strekninga, kan ditt lokale
pasientreisekontor gje deg rekvisisjon til annan type transport.
Rekvisisjonen kan gjelde både reise med drosje/turvogn og reise med helseekspress eller
helsebuss.
Venleg helsing
Drosjeeigarane i Fyresdal
35