ut.no/tur/2.17229/ UT.no KLAUVA VIA STRANDSTØYLEN Type: Fottur, fjelltur Lengde: Ca. 3,9 km Varighet: 2 timer, 30 minutter Gradering: Middels 1 2 Passer: Barn Område: Breheimen med Jostedalsbreen Sesong: mai jun jul aug sep okt Utsikt frå Klauva mot Skei Foto: Anne Cecilie Kapstad Anne Cecilie Kapstad 13 turforslag Med berre sine 847 moh er likevel Klauva ein markant topp langs Jølstravatnet. Fjellet er godt synleg frå både Skei og Vassenden. Denne ruta startar ved austlegaste garden på Strand. Du startar på traktorveg som går i bratt terreng heilt opp til Strandstøylen på ca 600 moh. Traktorvegen er eigna for sykkel. Frå støylen går du på sti i noko myrlendt terreng. Etter å ha tatt første høgdene frå støylen kjem du opp på ei flate der du blant anna går forbi ein enorm steinblokk som vert kalla "Jakobssteinen". Det er rydda skog rundt denne slik at steinen er godt synleg frå gardane på Strand. Stien går vidare i noko flatt terreng, før du så byrjar å ta siste stigninga opp mot toppen. Her vert terrenget tørt og fint å gå i. På veg mot toppen får du flott utsikt mot Ålhus, Nonsnipa og Vassenden i vest. På toppen flatar terrenget ut, og du må gå litt i flatt terreng før du kjem til utsiktspunktet der du ser ned i Sandalen under deg, og "heile" Jølstravatnet inn mot Skei. Det er bok som ligg i ein boks i ei postkasse på toppen av Klauva! Opp til støylen: ca 30-45 minuttar. Gradert som enkel tur. Frå Jølstravatnet og opp til Klauva: ca 1 t 1,5 time. Gradert som middels tur. ADKOMST Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Turstart rett etter austlegaste garden på Strand . 1. Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her: http://www.ut.no/artikkel/1.6678864/ 2. Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her: http://ut.no/artikkel/1.8404239/ ut.no/tur/2.17229/ UT.no ▸ ▸ ▸ ▸ ▸ ▸ ▸ ▸ ▸ Ekvidistanse: 20m 300 m Leaflet | © Kartverket Fylke: Sogn og Fjordane HØYDEPROFIL 1 000 750 500 250 0 0,0 km 0,5 km 1,0 km 1,5 km 2,0 km 2,5 km 3,0 km 3,5 km Sist oppdatert: 08.06.2016 Klauva via Strandstøylen av Anne Cecilie Kapstad. Tilgjengelig under en CC BY-SA 4.0 lisens. UT.no er en tjeneste fra Den Norske Turistforening. Ansvarlig redaktør Nils Øveraas Opphavsrett, der ikke annet er angitt, Den Norske Turistforening og NRK © 2008 - 2015. Den Norske Turistforening © 2015 - 2016
© Copyright 2024