Solid framgang for Austrheim vidaregåande skule

Solid framgang for Austrheim vidaregåande
skule
Austrheim vidaregåande skule har stor framgang når det gjeld gjennomføring, og ligg no på
gjennomsnittet i fylket. Dei oppdaterte tala viser eit heilt anna bilete enn ein rapport som tidlegare i år
plasserte Austrheim vidaregåande skule på sisteplass av skulane i fylket.
-Det er svært gledeleg at skulen no har ei positiv utvikling der fleire elevar fullfører og færre droppar ut.
Likevel har vi i likskap med dei fleste andre skulane framleis eit stykke å gå før me kan seie oss nøgde, og
dette arbeidar vi målretta med, seier rektor Kjersti Haugland.
Rapporten frå tidlegare i år som var utarbeidd av Senter for økonomisk forsking i Trondheim på oppdrag frå
Kunnskapsdepartementet møtte ein del kritikk for ikkje å nytte oppdaterte tal.
-Austrheim vidaregåande skule var nede på eit botnnivå dei skuleåra som rapporten baserar seg på, noko
som dels skuldast at det i desse åra var svært lett å få jobb i Nordhordland, slik at ein del droppa ut til fordel
for jobb. I dag er arbeidsmarknaden ein heilt annan, der vegen til jobb går gjennom utdanning, seier
Haugland.
-For å styrkje den positive utviklinga er Austrheim vidaregåande skule med i det nasjonale prosjektet
«Drømmeskolen» som ein av fire skular i Hordaland. Målet med prosjektet er auka gjennomføring, der vi
aktivt nyttar elevmentorar for å skape trivsel og eit godt skulemiljø, fortel Haugland.
Tala nedanfor er henta frå PULS som er det rapporteringssystemet Hordaland fylkeskommune nyttar.
Tabellen under viser elevar som fullfører med ståkarakter.
Fullført og
bestått
%
Austrheim
VGS
%
%
Nasjonalt
(15-16)
Hordaland
(15-16)
(15-16)
%
%
%
%
Austrheim
VGS
Austrheim
VGS
Austrheim
VGS
Austrheim
VGS
(14-15)
(13-14)
(12-13)
(11-12)
Fullført og
bestått
76,5
77,7
76,5
72,5
71,0
62,9
66,4
Fullført og
bestått Studieforbere
dande
79,4
83,6
85,7
75,0
80,0
79,7
78,2
Fullført og
bestått Yrkesfag
76,9
73,3
65,7
73,4
66,9
61,6
67,1
Av tabellen ser ein at Austrheim vidaregåande skule har hatt ei positiv utvikling på fullføring dei siste
åra, og ligg no på gjennomsnittet for fylket. For studiespesialiserande ligg skulen litt under
fylkesgjennomsnittet, medan ein ligg langt over for yrkesfag og påbygg. Isolert sett kan likevel ikkje
tala seiast å vere gode, når t.d. 30 prosent ikkje fullfører med ståkarakter på påbygg. Det er likevel
definitivt eit generelt problem for den vidaregåande skulen på landsbasis.
Tabellen nedanfor viser elevar som har slutta etter 01.10 i skuleåret. Såleis vert elevar som sluttar
mellom skuleåra ikkje rekne med her. Elevar som har flytta eller bytta skule er ikkje med, slik at
tabellen viser elevar som faktisk har avbrote utdanninga si.
Slutta
%
%
%
%
%
%
Austrheim
Austrheim Austrheim Austrheim
Nasjonalt Hordaland
VGS (15VGS (14VGS (13VGS (12(15-16)
(15-16)
16)
15)
14)
13)
Slutta
4,7%
3,8%
4,8%
5,3%
8,6%
7,2%
Av tabellen ser ein at Austrheim vidaregåande har hatt ei markant positiv utvikling dei siste åra med
reduksjon i prosentdelen elevar som sluttar på skulen i løpet av skuleåret. Skulen er no marginalt
betre enn gjennomsnittet for fylket.
Tabellen nedanfor viser karaktersnitt fordelt på studiespesialiserande, yrkesfag og påbygg.
Samla
karaktersnitt - alle
fag,
studieforberedand
e, yrkesfag, påbygg
Snitt
Snitt
Snitt
Snitt
Snitt
Snitt
Snitt
Austrhei
m VGS
(15-16)_1
Nasjonal
t (15-16)
Hordalan
d (15-16)
Austrhei
m VGS
(14-15)
Austrhei
m VGS
(13-14)
Austrhei
m VGS
(12-13)
Austrhei
m VGS
(11-12)
Samleindikator - alle
fag (standpunkt)
3,8
4
4,1
3,8
3,7
3,5
3,6
Standpunkt
studieforberedande
elevsnitt
4
4,2
4,2
4
3,9
3,9
3,7
Standpunkt yrkesfag
elevsnitt
3,8
3,8
3,8
3,6
3,5
3,4
3,6
Austrheim vidaregåande ligg litt under gjennomsnittet for Hordaland samla sett. For yrkesfag og
påbygg ligg Austrheim vidaregåande på fylkessnittet.