EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 25.08.2016 Møtetid: Kl. 13:00 – Møtestad: Formannskapssalen Saksnr.: 096/16 - 104/16 Forfall meldt frå følgjande medl. Sissel Ommedal Parti Krf Følgjande varamedl. møtte Gunvald Ludvigsen Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Alfred Bjørlo Åslaug Krogsæter, Ole Starheim Siri Sandvik ba om ei orientering til kommunestyret om Langtidsplanen for Forsvaret, jmf framlegg om nedlegging av HV11. Semje om å gi ei slik orientering på kommunestyremøtet 1/9. Synfaring: Diverse: Underskrifter: Alfred Bjørlo Parti V Eli Førde Aarskog Sigurd Reksnes Sakliste Sak nr. Saktittel 096/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 097/16 Godkjenning av møteprotokoll 098/16 Referatsaker 099/16 Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 25.08.2016 100/16 Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 25.08.2016 101/16 Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland 102/16 Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen 103/16 Forslag til samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett - Uttale frå Eid kommune 104/16 Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Saksnr 096/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Innkalling og sakliste 25.08.2016 vert godkjent. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-096/16 VEDTAK: Innkalling og sakliste 25.08.2016 vert godkjent. Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/1629 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Saksnr 097/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 22.06.2016 vert godkjent. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-097/16 VEDTAK: Møteprotokollen frå møte 22.06.2016 vert godkjent. Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/1630 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Saksnr 098/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/1628 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/8104 I 17.06.2016 Helsedirektoratet 2 16/8118 I 20.06.2016 3 16/8122 I 20.06.2016 4 16/8123 I 21.06.2016 5 16/8124 I 21.06.2016 6 16/8129 I 22.06.2016 7 16/8130 I 22.06.2016 8 16/8174 I 21.06.2016 9 16/8099 I 17.06.2016 10 16/8251 I 23.06.2016 Høring - rapport om nasjonalt datasett for ambulansetjenesten Helse- og Høring - Innføring av omsorgsdepartemente automatisk frikort for t egenandelstak 2 og avvikling av sykdomslisten i fysioterapiordningen m.m. Statens strålevern Høring av forslag til revidert strålevernforskrift Foreningen for god Høringsutkast til endringer i kommunal KRS nr. 4 Avgrensningen regnskapsskikk mellom drifts- og investeringsregnskapet Stryn kommune Vegnamn i Stryn kommune på høyring til 05.08.16. Ordføraren Innkalling til generalforsamling i Nordfjordkryssing AS - retta tidspunkt for møte Ordføraren Innkalling til generalforsamling i Nordfjordkryssing AS Kulturdepartementet Høring om endringer i pliktavleveringsforskriften Selje kommune v/ Overordna planstrategi 2016 Svein Barmen -2020 Høyring Helse- og Høringsnotat om forskrift om omsorgsdepartemente spesialistutdanning og t spesialistgodkjenning for leger og tannleger 11 16/8291 I 24.06.2016 12 16/8298 I 24.06.2016 13 16/8320 I 24.06.2016 14 16/8374 I 27.06.2016 15 16/8393 I 27.06.2016 16 16/8448 I 27.06.2016 17 16/8526 I 29.06.2016 18 16/8595 I 30.06.2016 19 16/8602 I 30.06.2016 20 16/8627 I 01.07.2016 21 16/8667 I 01.07.2016 (spesialistforskriften) Kunnskapsdeparteme Høring om endringer i ntet opplæringsloven - Oppstart av grunnskoleopplæring og mulighet for dispensasjon Helse-og Høring - Forskrift om omsorgsdepartemente betaling frå pasienter for t poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta Det kongelige Forslag til midlertidig kommunal- og forskrift om unntak fra planmoderiniseringsdepar og bygningsloven for tement innkvartering av personer som søker beskyttelse (asylsøkere) Landbruks- og Høring. Forslag til lov om matdepartementet endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsretten og åsetesretten Ordførar Alfred Regionreforma - Varsel om Bjørlo workshop for Nordfjordrådet og Sunnmøre Regionråd, 7. september 2016 Statens vegvesen Oppsummering av endringsforskrift om førerkort m.m. Direktoratet for Høring: Forslag til endring i byggkvalitet DOK-forskriften Nadia.El16/1716 Høring - Forslag til [email protected] lov om informasjonstilgang, taushetsplikt m.v. for Statens helsetilsyn ved gjennomgang av et utvalg saker om akuttplassering og omsorgsovertakelse etter barnevernloven Landbruks- og Klargjøring av høringsnotat matdepartementet Forslag til lov om endring av lov om konsesjon, lov om jord og lov om odelsretten og åsetesretten Helse- og Høring - Forslag om omsorgsdepartemente endringer i t tobakksskadeloven Register- og tilsynsordning for salg av tobakksvarer mv. Helse- og Høring om forslag til omsorgsdepartemente endringer i t tobakksforskriftene og ny forskrift om elektroniske 22 16/8668 I 01.07.2016 23 16/8686 I 04.07.2016 24 16/8434 I 28.06.2016 25 16/8693 U 04.07.2016 26 16/8750 I 05.07.2016 27 16/8802 I 07.07.2016 28 16/8735 I 05.07.2016 29 16/8843 I 08.07.2016 30 16/8849 I 11.07.2016 31 16/8856 I 11.07.2016 32 16/9182 I 21.07.2016 33 16/9196 I 21.07.2016 34 16/9094 I 17.07.2016 35 16/8175 I 21.06.2016 36 16/7881 I 16.06.2016 sigaretter Høring: Læringsmål i ny spesialistutdanning for leger: De kliniske fagene i del 1 og felles kompetansemoduler del 1-3. Justis- og Høring - Forslag til EUberedskapsdeparteme direktivet ntet Kulturdepartementet Om overgangen fra statlig til kommunalt ansvar for tilskudd til frivilligsentralene Avdelingsleiarane i Årsbudsjett 2017 Eid kommune Budsjettrundskriv 1 Arbeids- og Høring om forslag til sosialdepartementet endringer trygderegelverket i lys av asylsøkersituasjonen Kommunaldeparteme Utredning av fylkesmannens ntet fremtidige struktur utsendelse av foreløpig rapport på bred innspillsrunde Sogn og Fjordane Kostnadsreduksjonar fylkeskommune samferdsle 2017-2019 Sogn og Fjordane Retningsliner for lokalisering fylkeskommune av handel og kjøpesenter i fylket - offentleg høyring Arbeids- og Høring om forslag til sosialdepartementet endringer i arbeidsavklaringspenger Sogn og Fjordane Strategisk plan for kysten fylkeskommune 2017-2025 - offentleg høyring av planprogram Utdanningsdirektorat Høring - tilskudd til private et, barnehager Gloppen kommune Planstrategi 2016 - 2020 Gloppen kommune Formannskapet sitt framlegg til høyring datert 20.juni 2016 Nordfjordrådet Nordfjordrådet - forslag til v/Birte Fossheim samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett er sendt på høyring KS Debattgrunnlag høringen NOU 2016:4 Ny kommunelov Samferdselsdepartem Høring - spørsmål om entet tiltredelse til vrakfjerningskonvensjonen Helsedirektoratet 37 16/9161 I 20.07.2016 38 16/9457 U 01.08.2016 39 16/9512 U 08.08.2016 40 16/9513 U 08.08.2016 41 16/9534 I 09.08.2016 42 16/9578 I 10.08.2016 43 16/9594 I 10.08.2016 44 16/9617 I 11.08.2016 45 16/9772 I 17.08.2016 46 16/9863 I 19.08.2016 47 16/8250 I 23.06.2016 48 16/9907 I 19.08.2016 49 16/9911 I 19.08.2016 50 16/10013 I 24.08.2016 RÅDMANNEN SI TILRÅDING: og gjennomføring av konvensjonen i norsk rett Kommunal- og Tilskot til infrastrukturtiltak i moderniseringsdepart kommunar som skal slå seg ementet saman Pressa Eid sterkt fram i KommuneNM Finansutvalet/Forman Aktiv forvaltning pr nskapet 30.06.2016 Finansutvalet/Forman Aktiv forvaltning pr nskapet 31.07.2016 Styre i Innkalling til ekstraordinær Voldsfjordkryssing generalforsamling i AS Voldsfjordkryssing Ordførar i Gloppen Avklaringsmøte om kommune Leidulf ferjestrekninga Anda-Lote Gloppestad Kommunerevisjonen Om organisering av i Nordfjord v/ kommunerevisjonen i fylket Markvard Sunde Kjetil Sætre Trafikksikker og opprustning av vegen på Ytre Skårhaug Kunnskapsdeparteme Høring om bruk av lærlinger ntet ved offentlige anskaffelser Moderniseringsdepart Høring - Organisering av ement eiendomsoppmålingen. Forslag til endringer i matrikkellova Vågsøy kommune Planstrategi for Vågsøy 2016 - 2020, offentleg ettersyn Nordfjord Havn Sea Walk Eid v/Elisabeth Elliot Havnerådsleiar Nils Sea Walk Eid Myklebust Sogn og Fjordane Regionreforma - møte med Fylkeskommune regionråda i Sogn og v/Ole I. Gjerald Fjordane (11.08.2016) Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-098/16 VEDTAK: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Følgjande saker blir følgde særskilt opp: Sak 8735 (Kostnadsreduksjonar samferdsle) blir følgd opp med eiga sak i politiske organ innan fristen 3/10. Sak 9534 (Voldsfjordkryssing) vert følgd opp i Valnemnda (utpeiking av styremedlem m/vara frå Eid/ Gloppen) Sak 9617 (veg Ytre Skårhaug): Formannskapet føreset at det blir sendt snarleg svarbrev. EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Avgjerd av: Saksbehandler: Alfred Bjørlo SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Saksnr 099/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. ABJ Arkivsaknr 16/154 Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 25.08.2016 1. 2. 3. 4. 5. Eid kommune og Nordfjord Hamn Status kommunereform og regionreform Nærpolitireformen Areal for opplæringstilbod til nykomne flyktningar og asylsøkjarar Møteoversikt ordførar RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vert teken til vitande. 25.08.2016 FORMANNSKAPET Det vart orientert om følgjande saker i tillegg til dei som sto i saksframlegget: Visit Nordfjord – lansering av ny profil 8/9 Ny tid for formannskapsmøtet 29/9: Møtestart kl 16 F-099/16 VEDTAK: Orienteringane vert teken til vitande med følgjande særskilte oppfølgjingspunkt: Formannskapet ber ordføraren ta initiativ til møte i representantskapen i Nordfjord Hamn. Formannskapet ber Rådmannen legge fram sak med utgreiing om utmelding av Nordfjord Hamn til dei politiske møta i september/oktober. Formannskapet ber om at Regionreformen blir sett opp som eiga sak i kommunestyremøte 01.09.2016. Lensmannen i Eid blir bedt om å orientere og svare på spørsmål om politireformen på kommunestyremøte 01.09.2016. Ordførar/rådmann blir bedt om å gå i forhandlingar med Sogn og Fjordane fylkeskommune om ei mulig leigeavtale om areal ved Eid vgs for å dekke kommunale behov innanfor vaksenopplæringa. Ei evt avtale skal leggast fram for politisk handsaming i Eid med vurdering av alternativa. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Avgjerd av: Saksbehandler: Åslaug Krogsæter SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Saksnr 100/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. ÅKR Arkivsaknr 16/155 Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 25.08.2016 1. Tilsettreff 2. Vertskapskurs RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vet teken til vitande. 25.08.2016 FORMANNSKAPET Rådmannen orienterte om planar for tilsett-treff og vertskapskurs 30/8 og innbyggjartreff 11/9. F-100/16 VEDTAK: Orienteringa vert teken til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 01.09.2016 Elin Leikanger Saksnr 101/16 Arkiv: Objekt: 44/476 Saksansv. ELE ELE Arkivsaknr 16/1455 Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland Prenta vedlegg: 1. Avtaleframlegg 2. KS 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv Bakgrunn for saka: Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen: 1. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten» samt tiltak 4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg Holten frå pel 620 og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka trafikkmengde som følgje av utbygging i Hogaåsen. 2. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt 4715 Hogaåsen bustadfelt. Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande bustadtomter. Saksutgreiing: Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno. Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn vert erstatta med kr 135 pr m2. Økonomiske konsekvensar: Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15 Vurdering: Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer). Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-101/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 01.09.2016 Elin Leikanger Saksnr 102/16 Arkiv: Objekt: 44/477 Saksansv. ELE ELE Arkivsaknr 16/1458 Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen Prenta vedlegg: 3. Avtaleframlegg 4. KS 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv Bakgrunn for saka: Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen: 3. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten» samt tiltak 4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg Holten frå pel 620 og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka trafikkmengde som følgje av utbygging i Hogaåsen. 4. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt 4715 Hogaåsen bustadfelt. Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande bustadtomter. Saksutgreiing: Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno. Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn vert erstatta med kr 135 pr m2. Økonomiske konsekvensar: Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15 Vurdering: Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer). Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-102/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandler: Kristine Dahl Arkiv: Objekt: Saksnr 103/16 X42 &13 Saksansv. ÅKR Arkivsaknr 16/1258 Forslag til samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett - Uttale frå Eid kommune Prenta vedlegg: 1. Høyringsbrev – forslag til samanslåing av Sogn tingrett og Nordfjord tingrett. 2. Høyringsuttale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 3. Orientering frå Nordfjordrådet. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prop 1 S (2015-2016) og Innst. 6 S (2015-2016). Kva saka gjeld: Høyring frå Justis- og beredskapsdepartementet om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde. Bakgrunn for saka: Gjennom Domstolsadministrasjonen si undersøking hausten 2015, om moglege samanslåingar av tingrettar, kom det fram at det hos mange lokale og regionale aktørar var interesse for ei samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett. Det vart deretter etablert felles leiing for dei to tingrettane frå og med 1. juli 2015, der sorenskrivaren i Fjordane også overtok som domstolleiar for Sogn tingrett. Det vert meldt om at erfaringane med dette har vore gode. Justis- og beredskapsdepartementet føreslår å endre strukturen for dei alminnelege domstolane i Sogn og Fjordane, slik at Fjordane tingrett og Sogn tingrett vert slått saman til ein domstol med hovudsete i Førde. Departementet føreslår samstundes å oppretthalde dagens kontorstadar/rettsstadar. Namnet på den nye domstolen vert føreslege å vere Sogn og Fjordane tingrett. Moment som ligg til grunn for endra av domstolsstrukturen har vore: - Domstolane bør vere av ein slik storleik at det ligg til rette for eit godt fagleg miljø, som igjen skal sikre publikum eit godt og likeverdig domstolstilbod. - Sakene har blitt meir komplekse og krevjande og høgare krav vert stilt til domstolane. - Større domstol gjev moglegheit for moderat spesialisering og planmessig kompetanseutvikling. - Redusert sårbarheit ved sjukefråvere, ferieavvikling m.m. - Effektivitet og digitalisering. Saksutgreiing: Fjordane tingrett har i dag ein rettsstad på Nordfjordfjordeid der tingretten deler ei saksbehandlarstilling med Nordfjord jordskifterett. Departementet føreslår at dagens kontorstadar/rettsstadar skal bestå: «På grunn av lang reisetid for brukerne i fylket har departementet vurdert det som mest hensiktsmessig at kontorstedene i henholdvis Førde og Sogndal opprettholdes. Det legges videre til grunn at rettslokalet i Nordfjordeid også foreslås opprettholdt som i dag. Det betyr at reisetiden for brukerne av domstolen ikke øker som følge av sammenslåingen». Det ligg føre uttale i saka frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesutvalet «støttar planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett med hovudkontor i Førde. Fylkesutvalet legg til grunn at ei samanslåing totalt sett vil innebere ei fagleg styrking av dei to noverande domstolane og at det også er naudsynt for at domstolen skal bli stor nok til å kome med i domstolane sitt digitaliseringsprogram». Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser at modellen kan gje ein domstol som meir fleksibelt kan setje inn ressursar og kompetanse der det trengst mest. Fylkesmannen kan ikkje sjå at modellen inneber nemneverdige endringar i tilbodet for brukarar av domstolane og gjev si fulle støtte til at Sogn og Fjordane tingrett får dra full nytte av alle tilgjengelege digitale verktøy. Fylkesmannen går elles ut frå at det vert lagt inn som ein klar premiss i det endelege vedtaket at Nordfjordeid vert oppretthalden som rettsstad og Sogndal som rettsstad og kontorstad med tilsette dommarar og sakshandsamarar. Nordfjordrådet har orientert om at saka vil kome på sakslista til møtet den 22. august 2016. Økonomiske konsekvensar: Ingen. Vurdering: Rådmannen tilrår at Eid kommune gjev følgjande uttale til forslaget om samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett: Vi viser til motteke høyringsbrev og høyringsnotat om samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett til Sogn og Fjordane tingrett. Eid kommune er vertskommune for Nordfjord tingrett og Nordfjord jordskifterett. Nordfjord tingrett har som kjent eit rettslokale på Nordfjordeid, der tingretten deler ei sakshandsamar-stilling med Nordfjord jordskifterett. Av høyringsnotatet går det fram at departementet legg eksisterande organisasjonsstruktur til grunn for samanslåinga av tingrettane, slik at kontorstadane i Førde og Sogndal og tilbodet på Nordfjordeid skal oppretthaldast. Det vert opplyst at samanslåinga såleis ikkje vil påverke reisetida for verken aktørane i retten eller det rettssøkande publikum, men at det ved samanslåinga ligg til rette for digitalisering og eit godt fagleg miljø, som igjen skal sikre publikum eit godt og likeverdig domstolstilbod. Uavhengig den positive argumentasjonen som er lagt til grunn for framlegget om oppretting av Sogn og Fjordane tingrett, er Eid kommune sitt prinsipale standpunkt at også dette er ei strukturendring som på sikt vil sentralisera statlege arbeidsplassar i fylket, og svekka tilbodet til dei perifere brukarane. Som vertskommune held Eid kommune seg oppdatert om rettsstaden sin situasjon, også relatert til utviklinga ved dei andre rettsstadene i fylket. Eid kommune registrerer at justissektoren er under sterkt økonomisk press, noko som er følgt opp av Domstolsadministrasjonen ved å innføre generell stillingsstopp og ved å ta i bruk såkalla prøveordningar med felles leiing av fleire domstolar. Dersom føresetnadane om at tingretten sine tilbod skal oppretthaldast i Sogndal og utviklast vidare på Eid, vil dette vere heilt avhengig av at samarbeidet med jordskifterettane begge stader får gode vilkår for vidare utvikling. Eid kommune si vurdering er at sikring og styrking av Indre Sogn jordskifterett og Nordfjord jordskifterett vil vere naudsynt for forankring av tingretten sine framtidige tilbod. Med dei vurderingane og føresetnadane Eid kommune har lagt til grunn kan ein unngå vesentlege negative endringar for brukarane av domstolane og Eid kommune gjev difor si støtte til samanslåinga av Sogn tingrett og Nordfjord tingrett. Eid kommune går, som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, ut frå at det vert lagt inn som ein klar premiss i det endelege vedtaket at Nordfjordeid vert oppretthalden og utvikla som rettsstad. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet sender høyringsuttale til forslag om samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane tingrett i samsvar med rådmannen si vurdering i saka. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-103/16 VEDTAK: Eid kommune sender høyringsuttale til forslag om samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane tingrett i samsvar med rådmannen si vurdering i saka. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 25.08.2016 01.09.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Saksnr 104/16 Arkiv: 024 Objekt: &10 Saksansv. OST OST Arkivsaknr 16/850 Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid Prenta vedlegg: Avtale om felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid Skatteetatens rutine ved samordning av skatteoppkrevjarar Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova. Kva saka gjeld: Godkjenning av avtale om administrativt vertskommunesamarbeid om felles skatteoppkrevjar mellom kommunane Gloppen og Eid. Bakgrunn for saka: Rådmannen i Gloppen kommune tok våren 2016 kontakt med rådmannen i Eid kommune om å starte samtale om felles skatteoppkrevjarkontor for disse to kommunane. Den 14. juni 2016 hadde disse kommunane felles møte på Nordfjordeid, der rådmennene og dei tilsette ved begge kommunane sine skatteoppkrevjarkontor deltok. Det vart då semje om å lage saksutgreiing og avtale for eit felles skatteoppkrevjarkontor for Gloppen og Eid, plassert på Nordfjordeid, med Eid kommune som vertskommune. Oppstart for felleskontoret er sett til 01.01.2017. Saksutgreiing: Skatteoppkrevjarkontora har ansvar for kommunen sin skatterekneskap, innkrevjing av skatt på person, innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift på bedrifter og arbeidsgjevarkontroll mot bedrifter. Skatterekneskapen er heilt skilt frå kommunen sin ordinære rekneskap. Alt arbeidet innafor skatteoppkrevjarkontora er underlagt styring frå Skatteetaten, og arbeidet vert gjort gjennom felles nasjonal programvare underlagt Skatteetaten. Dette er ikkje kopla mot kommunane sine øvrige økonomisystem og programvare. Slik sett er skatteoppkrevjarfunksjonen ikkje kopla mot resten av den kommunale stabstenesta/tenesteytinga, og eignar seg godt for organisering i felleskontor for fleire kommunar. Krava til kunnskap innafor skatteområdet, og spesielt arbeidsgjevarkontrollen, vert større og større. Vi ser at skatteoppkrevjarkontora hos dei mindre kommunane slit med å halde få tilsette oppdatert på heile breidda i regelverket. Ved fråvær og ferieavvikling er det vanskeleg å svare på spørsmål frå innbyggjarane og bedriftene, fordi skatteoppkrevjarkontoret til tider kan vere heilt ubemanna. Administrativt vertskommunesamarbeid Samarbeidet om felles skatteoppkrevjar og felles skatteoppkrevjarkontor vil bli eit såkalla administrativt vertskommune-samarbeid. I vedlagt avtale er Eid kommune vertskommune og Gloppen kommune er samarbeidskommune. Vertskommunesamarbeidet er regulert i kommunelova. Felles skatteoppkrevjarkontor vert ikkje eit eige rettssubjekt, men organisatorisk som ein del av vertskommunen. Avtalen mellom kommunane Gloppen og Eid er heimla i kommunelova § 28-1b om administrativt vertskommunesamarbeid, som gjev følgjande reglar for samarbeidet: «1. En kommune (samarbeidskommune) kan avtale med en annen kommune (vertskommune) at vertskommunen skal utføre oppgaver og treffe avgjørelser etter delegert myndighet fra samarbeidskommunen i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning. 2. Bestemmelsen i nr. 1 gjelder tilsvarende for vertskommunesamarbeid mellom fylkeskommuner. 3. Delegasjon av myndighet som nevnt i nr. 1 skjer ved at kommunestyret eller fylkestinget selv gir instruks til egen administrasjonssjef om delegasjon til administrasjonssjefen i vertskommunen. 4. Folkevalgte organer i vertskommunen har ikke instruksjons- eller omgjøringsmyndighet der delegasjon er skjedd i samsvar med nr. 3. 5. En samarbeidskommune kan gi vertskommunen instruks om utøvelsen av den delegerte myndighet i saker som alene gjelder samarbeidskommunen eller berørte innbyggere. 6. For vedtak vertskommunen treffer etter delegasjon fra en samarbeidskommune, har samarbeidskommunen samme omgjøringsmyndighet som etter forvaltningsloven § 35 første ledd.» Namnet på samarbeidet blir Skatteoppkrevjaren i Gloppen og Eid, og kontoret skal vere lokalisert på Nordfjordeid. Skatteetaten har utarbeidd ein rettleiar som kommunane må følgje ved etablering av felles skatteoppkrevjar. Det skal vedtakast ei samarbeidsavtale mellom kommunane. Avtalen skal godkjennast av Skatteetaten. Det er dei siste åra etablert mange slike felles skatteoppkrevjarkontor rundt om i landet. Føremålet med samarbeidet er å skape eit sterkt fagleg miljø, og eit framtidsretta kontor til beste for innbyggjarar og bedrifter. Eid kommune har ved avtaleinngåing 2 årsverk knytt til to stillingar innafor skatteoppkrevjarkontoret, medan Gloppen kommune har 1,7 årsverk knytt til to stillingar. Ved samordning av disse to kontora, vil ein få 3,7 årsverk fordelt på fire stillingar. Dette vil gje ein vesentleg betre kontinuitet innafor kontoret. Den eine tilsette i Gloppen kommune vil slutte i stillinga pr 31.12.2016 pga overgang til pensjonsavtale. Denne stillinga vil tidleg hausten 2016 bli lyst ut med kontorstad på Nordfjordeid. Den andre stillinga i Gloppen vil halde fram med kontorstad på Sandane. Dette vil ivareta publikumsmottak innafor skattespørsmål. Det er ikkje lagt opp til noko reduksjon i tal stillingar ved overgang til eit felleskontor. Derimot kan det vere aktuelt at det nye kontoret etter kvart tek over meir av innkrevjinga på den kommunale faktureringa, og spesielt det som går på kommunale avgifter og eigedomsskatt (legalpant). Kontoret vil også vere positive til å kunne ta over heile eller deler av skatteoppkrevjarfunksjonen frå andre Nordfjordkommunar som eventuelt ynskjer dette. Men uansett må ein fyrst få etablert felleskontoret for Gloppen og Eid. Det skal årleg utarbeidast eit budsjett for det felles skatteoppkrevjarkontoret som skal leggast fram til godkjenning etter vanlege budsjettprosedyrar i begge kommunane. Budsjettet vert sett opp med alle utgifter og frådrag for gebyrinntekter. Nettoutgifta ved felleskontoret vert fordelt: Gloppen 50 %, Eid 50 %. Det skal gjerast ei evaluering av fordelingsnøkkelen etter eitt år. Oppseiingsfristen mellom partane er eitt år og samarbeidsordninga skal evaluerast årleg i møte ved utgongen av året. Vertskommunen har ansvar for at slike møter vert arrangert. Om avtaleprosessen og høyringsrunden Avtalen er drøfta med fagorganisasjonane og med tilsette ved skatteoppkrevjarkontora i begge kommunane. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid. 25.08.2016 FORMANNSKAPET F-104/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid. Åslaug Krogsæter -rådmann-
© Copyright 2024