OSTERØY KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet

OSTERØY KOMMUNE
Tilleggsinnkalling
av
Formannskapet
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
07.09.2016
Osterøy rådhus - heradsstyresalen
10:00 - 17:00
Eventuelle forfall må meldast til Bente Skjerping per tlf. 56192100, sms til
eller per epost til [email protected]
Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.
Sakliste
Saknr
14
086/16
097/16
098/16
Tittel
VS: Anmodning om å opprette kommunekomité for TV-aksjonen NRK 2016
Revidert budsjett 2016 - drift og investering
Rekruttering av rådmann - prosess
Arbeidsgruppe for transport- og kommunikasjon for Osterøy kommune
2. september 2016
Jarle Skeidsvoll
ordførar
Bente Skjerping
sekretær
Fra:
Sendt:
Til:
Emne:
Vedlegg:
Marthe Jansen <[email protected]>
22. juni 2016 11:29
Bente Ingunn Skjerping
VS: Anmodning om å opprette kommunekomité for TV-aksjonen NRK
2016
REGISTRERINGSSKJEMA FOR BK_KK_2016.docx; Registreringsskjema
bøssemateriell 2016.docx
Hei Bente, takk for prat på telefon. Jeg sender som avtalt epost med registreringsskjema for
komite og bøssemateriell. Se ellers epost under for mer informasjon.
Med ønske om en fin dag videre :)
Hilsen
Marthe Jansen
Fylkesaksjonsleder Hordaland
NRK TV-aksjonen 2016
Røde Kors
Telefon: 94 11 11 01 / 55 56 92 04
Besøksadresse: Neumannsgate 1, Bergen
http://blimed.no
Fra: Marthe Jansen
Sendt: 27. april 2016 15:45
Til: [email protected]
Emne: Anmodning om å opprette kommunekomité for TV-aksjonen NRK 2016
Kjære Ordfører,
Mitt navn er Marthe Jansen, jeg er ny Fylkesaksjonsleder for årets TV-aksjon her i Hordaland, og
gleder meg veldig til å ta fatt på denne oppgaven. Tidligere har jeg vært Byaksjonsleder for
Bergen, så for meg blir det ekstra spennende å skulle jobbe med resten av Hordaland denne TVaksjonen.
Først, tusen takk for innsatsen dere gjorde for TV-aksjonen i fjor! TV-aksjonen 2016 går til Røde
Kors og sammen skal vi gi livsviktig hjelp til sivile ofre for krig og konflikt. Aksjonen arrangeres
søndag 23. oktober. Kommunekomiteen er avgjørende for å mobilisere organisasjoner, skoler,
næringsliv, foreninger, idrettslag og bøssebærere. Vi håper du vil medvirke til at årets TVaksjon blir en knallsuksess ved å påta deg vervet som leder for kommunekomiteen i deres
kommune.
Som leder for kommunekomiteen er du en døråpner og et ansikt utad for organiseringen av
verdens største dugnad og innsamlingsaksjon. Komiteen bør også bestå av ressurspersoner fra
kommune, skole, foreninger og næringsliv som kan bidra til å engasjere frivillige og bøssebærere
til årets aksjon. Ved å inkludere flere mennesker i komiteen som oppgavene kan fordeles på blir
arbeidet lettere for hvert enkelt medlem.
Årets TV-aksjon skal redde liv og gi omfattende helsehjelp til noen av de mest sårbare i verden –
sivile rammet av krig og konflikt. Røde Kors er mange steder den eneste hjelpeorganisasjonen
som slipper til med humanitær bistand, og har gjennom lokale frivillige tilgang til dem som ellers
ikke får hjelp. Gjennom TV-aksjonen skal flere mennesker i krig og konfliktområder få livsviktige
medisiner, helsehjelp, rent vann og mat. Behovet er enormt, og hvert bidrag er med på å redde
liv.
Når kommunekomiteen er utnevnt, ber vi om at sammensetningen av denne fylles ut på
vedlagte registreringsskjema og returneres til fylkesaksjonsleder innen 2. juni.
Det vil opprettes en fylkesaksjonskomité i Hordaland, i år er vi så heldige at denne ledes av
Fylkesordfører, Anne Gine Hestetun. Fylkesaksjonskomiteen vil fungere som en regional
støttespiller i gjennomføringen av innsamlingen.
Vi gleder oss til et nytt og spennende TV-aksjonsår, og ser frem til et godt samarbeid med dere.
Hilsen
Marthe Jansen
Fylkesaksjonsleder Hordaland
NRK TV-aksjonen 2016
Røde Kors
Telefon: 94 11 11 01 / 55 56 92 04
Besøksadresse: Neumannsgate 1, Bergen
http://blimed.no
SAKSPAPIR
Saksnr
086/16
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
07.09.2016
Saksbehandlar
ArkivsakID
Magne Verpelstad
15/2282
Revidert budsjett 2016 - drift og investering
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Endringar i Drifts- og investeringsbudsjettet vert vedteke slik det går fram av saksframlegget.
Saksopplysningar:
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Det vert vist til budsjettvedtaket for 2016. I denne saka er det lagt fram einskilde behov for
justeringar som vert tilrådd vedteke.
Driftsbudsjettet:
Det er behov for einskilde justeringar i samband med endring av oppgåver og plassering av ansvar for
utgifter i høve til vedteke budsjett. I tillegg er lønsoppgjeret for dei kommunalt tilsette som er
omfatta av kap 4 i Hovudtariffavtalen gjennomført, og sektorane må tilførast midlar frå avsett
lønsreserve til å finansiere kostnadene som oppgjeret har medført for dei einskilde sektorane.
«Rammeløyving» til IKTNH er kun ein teknisk måte å synleggjere den delen av utgifta som
deltakarkommunane ikkje betalar direkte, men vert dekka av mva-kompensasjon. Den treng òg ein
justering.
Lønsreserve
Dei tilsette som er omfatta av Hovudtariffavtalen kap 4 har no hatt lønsoppgjer, slik at ein kan gjere
ei førebels fordeling til dei einskilde sektorane. Resultatet av oppgjeret for 2016 gjev ei berekna
årslønnsvekst frå 2015 til 2016 på 2,4 %.
Justering:
Helse, omsorg og sosial
+ 2 086 000
Oppvekst, undervisning og kultur
Miljø og teknikk
+ 2 159 000
+ 163 000
Rådmannen og stabsseksjonar
Lønsreserven
+ 405 000
- kr 4 813 000
Tilsette som er omfatta av Hovudtariffavtalen, kap 5, samt leiarar har enno ikkje hatt lønsoppgjer.
Folkehelsekoordinator
20 % stilling overførast frå Rådmannen/stabsseksjonar (Samfunnsmedisinsk eining) til Helse, omsorg
og sosial (Koordinerande eining).
Justering:
Helse, omsorg og sosial
Rådmannen/stabsseksjonar
+ 125 000
- 125 000
Krisesenter
Utgifter til Krisesenteret i Bergen vert i dag fordelt og budsjettert på 3 ulike einingar. For å forenkle
og sikre rett føring av utgiftene, jfr Kostra, vert det tilrådd å justere budsjettet slik at heile utgifta til
Krisesenteret vert utgiftsført og budsjettert på Ansvar 43000 Sosialtenesta. Dette medfører flytting
av midlar frå A 50300 Psykiatritenesta og A 36030 Familiens hus , barnevern til A 43000
Sosialtenesta. Ansvar 50300 og Ansvar 43000 inngår i sektor Helse, omsorg og sosial. A 36030 inngår i
sektor Oppvekst, undervisning og kultur.
Det må såleis overførast kr 110 000 frå Oppvekst, undervisning og kultur si rammeløyving til Helse,
omsorg og sosial si rammeløyving.
Justering:
Sektor Helse, omsorg og sosial
Sektor Oppvekst, undervisning og kultur
+ 110 000
- 110 000
IKTNH
Budsjettlinja/løyvinga til IKTNH (Felles IKT i Nordhordland) er budsjettert med kr 3 468 000. Dette er
mva-utgiftene til IKTNH, altså den delen av utgifta som finansierast av mva-kompensasjon. Beløpet
bør justerast til kr 4 millionar for å vere mest mogleg realistisk, dvs ein auke med kr 532 000.
Finansiering med tilsvarande auke i budsjettert inntekt frå mva-kompensasjon som aukast frå kr
12 300 000 til kr 12 832 000.
Justering:
IKTNH
+ 532 000
Mva-komp
- 532 000
Investeringsbudsjettet:
I denne saka er det synt investeringsrekneskap/-budsjett der det er behov for justeringar. Dei ymse
prosjekta er kort kommentert under tabellen. Det er framleis andre prosjekt der det kan verte behov
for justeringar seinere i haust. Nemner særskilt investeringsprosjekt knytt til vatn og avlaup der det
pågår avklaringar og drøftingar knytt til fakturerte krav som Osterøy kommune i stor grad vurderer
som urettmessige.
Det er gjort ein gjennomgang av dei ulike investeringsprosjekta i rekneskapen/budsjettet, og laga
oversyn med framlegg til endringar med tilføring av midlar til prosjekt med nytt eller auka behov,
finansiert med reduksjon av midlar til prosjekt med redusert behov inneverande år.
Investeringsoversyn
Oppdatert
Budsjett
behov
Endring
Pr.nr
Investeringar - sjølvkostområdet
2016
2016
2016
1068
1221
Lastebil uteseksjonen teknisk - sjølvkost
Stuttåsen - Vevleheia
Sum sjølvkost
1 040
3 000
4 040
1 170
500
1 670
130
-2 500
-2 370
10 000
0
2 000
12 000
500
650
6 500
7 650
-9 500
650
4 500
-4 350
Investeringar - innsparing i drift
1191
1192
1188
Bustadar for personar med utviklingshemming
Opprustning Osterøytunet
Lonevåg skule, utbygging - tilbygg
Sum innsparing i drift
Investeringar - miljøretta helsevern
1177
1195
Mjøsdalen barnehage, ventilasjon
Haus barnehage, oppgradering
Sum milljøretta helsevern
200
650
850
300
1000
1 300
100
350
450
Investeringar - oppretthalde drift
1197
Kyrkjegard på Hamre og Gjerstad
55
55
1232
1260
Oppgradering leikeplassutstyr barnehagar
Valestrand skule, parkeringsplass/trafikk
800
1400
3 000
600
3 000
1259
1256
1261
Valestrand skule, SFO m.m.
Valestrand skule, mellombels utbygging
Vaksenopplæring, ombygging Hauge skule
500
2 000
2 750
16 750
300
2 250
14 750
300
Sum oppretthalde drift
3 300
24 255
20 955
Investeringar - bilar/køyretøy
Bil til integrering/busetjingseininga (inngår i Bilpool rådhuset)
1068
Lastebil uteseksjonen teknisk - veg
Sum bilar/køyretøy
0
300
300
1 300
1 300
1 470
1 470
170
170
6 000
6 000
9 000
9 000
3 000
3 000
15 000
800
700
250
6 000
1 000
23 750
1 000
0
100
900
1 000
225
3 225
-14 000
-800
-600
650
-5 000
-775
-20 525
Budsj
Behov
Endring
47 200
47 200
0
4 040
1 670
-2 370
54 040
40 520
-2 370
Investeringar - samfunnsutvikling
1035
Lonevåg barnehage, utvida kapasitet
Sum samfunnsutvikling
Investeringar - diverse
1114
1150
1092
1222
1242
1253
Coop-bygget
Kringastemma
Flaumsikring
Oppgradering rådhuset, kantine, inngangsparti m.m.
Bustader Fossen
Bustader Reigstad
Sum diverse
Sum utanom sjølvkost
Sum sjølvkost
Totalt
Sum endringar for sjølvkostgruppa utgjer ein reduksjon på kr 2,37 millionar og reduserer såleis bruk
av lånemidlar tilsvarande.
Korte kommentarar til justeringane:
Pr 1068 Lastebil uteseksjonen
Bilen brukast både på sjølvkostområda vatn og avlaup, og på vegtenesta. Delar av utgifta førast difor
på sjølvkostgruppa i oversynet og delar av utgifta førast på gruppa for bilar/køyretøy. Samla
justering er ein mindre meirkostnad på kr 40 000, resten av justeringa er flytting/korrigering mellom
sjølvkostutgift og det som ikkje reknast å vere sjølvkost (veg m.m.).
Pr 1221 Stuttåsen – Vevleheia
Her skal det lagast ein utbyggingsavtale. Prosjektet er forskyvd utover i tid. Viser til Økonomiplan
2017-2020 og komande budsjetthandsaming for 2017.
Pr 1191 Bustader for personar med utviklingshemming
Dette er eit planlagt bufellesskap i Lonevågsområdet. Planlegging pågår, men gjennomføring vert
forskyvd til 2017-2018. Viser til Økonomiplan for 2017-2020.
Pr 1192 Opprusting av Osterøytunet
Dette var ei investeringsløyving som vart utegløymt i budsjettprosessen i fjor haust. Det er behov for
oppgradering av utstyr og inventar, med m.a. utskifting av senger, noko ombygging/tilrettelegging og
utbetringar/nyinnkjøp etter skadesak på elektronisk utstyr i august.
Pr 1188 Lonevåg skule
Dette er sluttarbeid på utbygginga av Lonevåg skule. I hovudsak forskyvning av budsjetterte utgifter
frå 2015 til 2016. Det er behov for justering på samla kr 4,5 millionar totalt, inkl inventar og
uteområde.
Pr 1177 Mjøsdalen barnehage, ventilasjon
Stipulert kostnad til tiltaket var kr 200 000. Etter å ha henta inn pristilbod, må ein auke løyvinga til kr
300 000 for å kunne gjennomføre.
Pr 1195 Haus barnehage, oppgradering
Prosjekt pågår. Auka behov- Treng større løyving for gjennomføring av tiltak.
Pr 1197 Kyrkjegard på Hamre og Gjerstad
Treng løyving 2016 til liten rest frå 2015-prosjektet.
Pr 1232 Oppgradering leikeplassutstyr barnehagar
Løyving 2016 er lagt inn med kr 800 000. I 2015 var det lagt inn løyving på kr 600 000 som ikkje vart
nytta. Behovet er stort, og ein tilrår at den unytta løyvinga kan leggast til i 2016.
Pr 1260 Valestrand skule, parkeringsplass/trafikk
Det vert vist til FS-sak 054/16 knytt til mellombels utbygging av Valestrand skule der det vart lagt til
grunn utbetring av trafikktilhøve for av- og påstigning av buss, samt parkeringsplassar for tilsette og
besøkande til idrettsanlegget med førebels kostnadsramme på kr 9,7 millionar + mva. Kr 3 millionar
vert lagt til grunn i behov for 2016-budsjettet. Det vert òg vist til Økonomiplanen for 2017 – 2020 og
komande budsjetthandsaming for 2017.
Pr 1259 Valestrand skule, SFO m.m.
Dette er eit tiltak som har fått stor kostnadsauke grunna store behov og gjennomføring av
asbestsanering etter at det vart funnet asbest i bygget i samband med gjennomføringa av tiltaket.
Pr 1256 Valestrand skule, mellombels utbygging
Det vert vist til FS-sak 054/16 knytt til mellombels utbygging av Valestrand skule der det vart lagt til
grunn ei samla kostnadsramme på kr 16,25 millionar (kr 13 mill + mva). I tillegg til dette kjem inntil kr
1 million i samband med utomhusarbeid, jfr planlegging og vurdering av landskapsarkitekt for
tilpasning/tilrettelegging utomhus.
1261 Vaksenopplæring, ombygging Hauge skule
Etter avviklinga av skulen, flyttar Vaksenopplæringa inn. Det medfører behov for noko ombygging og
tilrettelegging, og noko oppgradering av bygning.
Bil til ingegrerings-/busetjingseininga
Det vert tilrådd å kjøpe bil til integrerings-/busetjingseininga som har stort behov for å ha tilgang til
bil. Bilen vil inngå i samla bilpool ved rådhuset når den ikkje er i bruk av den aktuelle eininga.
Pr 1068 Lastebil, uteseksjonen
Sjå kommentar øvst i lista.
Pr 1035 Lonevåg barnehaga, utvida kapasitet
Ein rakk ikkje å få med justering av denne løyvinga til budsjetthandsaminga i haust. Etter anbod og
forhandlingar havna ein på samla kostnad kr 7,2 millionar + mva = kr 9 millionar, inkl uteområde.
Pr 1114 Coop-bygget
Sjå HS-sak 015/15. Gjennomføringa av tiltaket forskyvast i stor grad til 2017. Viser til Økonomiplan
2017-2020, samt kommande budsjetthandsaming.
Pr 1150/1092 Kringastemma/Flaumsikring
Sikring av demning og flaumsikring. Planlegging pågår. Samarbeid med NVE. Utsetjast til 2017.
Pr 1222 Oppgradering rådhuset, kantine og inngangsparti m.m.
Det er behov for auka løyving knytt til prosjektet. Gjeld både auka behov knytt til oppgraderinga av
kantina (sterkt påkrevd) og behov for ytterdører med nytt låsesystem for å betre tryggleiken rundt
låsing av ytterdører på rådhuset.
Pr 1242 Bustader Fossen/Myrane
Viser til Økonomiplan 2017-2020. Planlegging pågår. Gjennomføring utsetjast.
Pr 1253 Bustader Reigstad
Planarbeid pågår. Kapasitet og prioritering medfører utsetjing. Viser til Økonomiplan 2017-2020.
Vurdering
Sjå over.
Konklusjon
Sjå over.
SAKSPAPIR
Saksnr
097/16
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
07.09.2016
Saksbehandlar
ArkivsakID
Øystein Aadland
16/1526
Rekruttering av rådmann - prosess
Ordføraren sitt framlegg til vedtak:
1. Osterøy kommune nyttar rekrutteringsfirmaet Utviklingspartner AS i samband med
tilsetjing av ny rådmann.
2. Arbeidsutvalet skal innstille på kandidat til heradsstyret.
3. Det vert sett ned slikt arbeidsutval:
· Ordførar
· Varaordførar
· Representant frå største parti i heradsstyret
· Tilsettrepresentant utan stemmerett
4. Sekretær for utvalet: HR-leiar.»
Saksopplysningar:
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Odd Ivar Øvregård har sagt opp stillinga si som rådmann i Osterøy kommune, og hadde siste
arbeidsdag 31.01.2016. Assisterande rådmann Jostein Førre er konstituert som rådmann i perioden
01.01.2016 t.o.m. 31.12.2016
Vurdering
Arbeidet med å rekruttere ny rådmann er i gang. Det er gjennomført anbodskonkurranse med fire
rekrutteringsfirma og tilbodet er tildelt Utviklingspartner AS.
Det er i konkurransen bedt om tilbod på følgjande:
·
·
Utforming av jobbanalyse
Utforming av utlysingstekst
·
·
·
·
·
·
·
·
Tidsplan for prosessen
Utlysing av stilling
Aktivt søk etter aktuelle kandidatar
Handsaming av søknader
Val av søkjarar til intervju
Gjennomføring av intervju
Hente inn referansar
Sluttvurdering med profilanalyse
Ved val av rekrutteringsfirma er det lagt vekt på pris, korleis firmaet vil løyse oppdraget og relevant
erfaring med referanser frå tilsvarande oppdrag. Utviklingspartner AS har gode referansar
på/erfaring frå tilsetjingar i rådmanns- og leiarstillingar i kommunal sektor. Det blei utarbeidd eit
konkurransegrunnlag for oppdraget som vart handsama i tråd med reglane i lov og føresegner om
offentlege kjøp. Utarbeiding og utsending av enkelt konkurransegrunnlag blei handtert av løn/
personal i samarbeid med ordførar.
Det vil vera trong for eit arbeidsutval i saka. Utvalet bør vera samansett av representantar frå
formannskapet og tilsetterepresentant. HR-leiar blir sekretær for arbeidsutvalet.
Erfaringar frå andre kommunar som har gjennomført slike prosessar, er at utvalet ikkje bør ha meir
enn 5 medlemmer.
Utvalet får fullmakt til å delta i og gjennomføre rekrutteringsprosessen som slik det går fram ovanfor.
Arbeidsutvalet skal gi innstilling til vedtak i heradsstyret.
SAKSPAPIR
Saksnr
098/16
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
07.09.2016
Saksbehandlar
ArkivsakID
Bente Skjerping
16/2018
Arbeidsgruppe for transport- og kommunikasjon for Osterøy kommune
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Rådmannen gjer ikkje framlegg.
Saksopplysningar:
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Det er mange samferdselsprosjekt som er viktige for Osterøy, men som i stor grad vert planlagt,
vedteke, finansiert og sett i verk av andre offentlige organ enn Osterøy kommune. Eksempel på slike
prosjekt er:
·
·
Nasjonal transportplan (NTP)
Regional Transportplan (RTP)
Andre nasjonale og regionale planar som har innverknad på samferdsle (t.d. godsterminal)
og kommunikasjon.
Ferjesamband (offentleg finansierte), – påverkningsarbeid hastar.
Årlege løyvingar i fylkeskommunen til investering og drift innan ulike programområde.
·
·
·
·
·
Mindre utbetringar
Trafikksikring inkl. skredsikring
Gang- og sykkelvegar
Kollektivtilbod
Miljøtiltak
·
·
·
Gjennom dialog med og mellom politikarane i Osterøy vurderer ordføraren det slik at det er både
ønskeleg og føremålstenleg å oppretta ein kommunal «Transport- og kommunikasjonskomité» som
målretta og koordinert kan fremja Osterøysamfunnet sine interesser innan dette vide og viktige
feltet til politisk nivå.
Døme på arbeidsoppgåver kan vere:
·
Koordinere politisk påverknad gjennom partiorganisasjonar, etc.
·
Overvake sakslister og saksdokument i/til relevante politiske møte (t.d. i utval for miljø
og samferdsel i Hordland fylkeskommune).
Ordføraren føreslår ei gruppe samansett av fem politikarar frå formannskapet:
Ordførar, varaordførar, ein representant frå dei to andre store partigruppene og ein felles frå dei
små.
Vurdering
Ordføraren har teke opp denne saka for å få meir fokus på samferdselsspørsmål, med mål om betre å
fremja Osterøy sine interesser overfor regionale og sentrale mynde.
Folkehelse – ikkje vurdert i saka
Miljø – ikkje vurdert i saka
Økonomi – ikkje vurdert i saka
Konklusjon
Saka vert lagt fram for formannskapet til vurdering og avgjerd.