Gyldendals norskseminar - Draum om hausten

Gyldendals norskseminar - Draum om hausten
r
n fo !
e
p
O
ding
l
e
påm
17:00 Velkomen!
Matservering i samband med registrering
17:15-17:35 Songfuglen – frå bok til scene
Jan Roar Leikvoll ga i 2013 ut sin siste roman, Songfuglen. Leikvoll sine tekstar er kjent for dyster tematikk
formidla gjennom eit spesielt, vakkert og poetisk språk. Denne hausten er Songfuglen aktuell som teaterstykke
på Det Norske Teatret. Hos oss får de møte dramatikar og forfattar Demian Vitanza og regissør Peer Perez Øian
som gir ein presentasjon av korleis arbeidet med å omsetje ein roman til dramatisk tekst føregår. Presentasjonen
innheld konkrete eksempel som kan gi inspirasjon til arbeidet med adaptasjon i klasserommet.
17:35-17:55 Undervisninga sin dramaturgi: Anslaget
Det å planlegge ei undervisningsøkt kan på nokre område samanliknast med iscenesettingar på teatret. Læraren
gir undervisninga ein dramaturgi. Dermed kan delar av undervisninga sjåast for seg, som element i eit forløp. I
dette føredraget gir Panorama-forfattar Jannike Ohrem Bakke oss eit lite innblikk i anslaget som dramaturgisk
metode i undervisningsøkter. Føredraget inneheld nokre praktiske eksempel.
17:55-18:10 Pause
18:10 – 18:30 Slagside
Høyr forfattar Heidi Sævareid presentere Slagside. Slagside er ein roman for eldre ungdommar og unge vaksne.
Handlinga finn stad i Bristol, og romanen handlar om ei ung jente sine forsøk på å flykte frå seg sjølv i ein framand by, for så å verte innhenta av fortida og raseriet. Romanen er også ein skeiv kjærleiksroman. Heidi Sævareid (1984) tok i 2013 imot Kulturdepartementet sin debutantpris. I 2015 blei ho tildelt Riksmålsforbundet sin
barne- og ungdomsbokpris.
18:30 – 19:00 Vi går bort på Det Norske Teatret
19:00 – 19:30 Introduksjon til teaterstykket Draum om hausten
Enkel servering av mat og vin
20:00 Draum om hausten av Jon Fosse – teaterframsyning