Utdrag frå den praktfulle boka.


4
5

6
7
ARVEN
Men før atterreisinga kunne starte, måtte det kjempast ein
drabeleg kamp mot maktapparatet. Først etter sju år var det
brøytt veg gjennom byråkratiske krinkelkrokar, og ein økonomisk plan var snikra i hop. Riksantikvaren ville dekkje noko av
kostnaden, staten noko, og resten måtte bygdefolket bere. Så
gjekk dei i gang med å samle inn pengar. Kvart år skipa dei til
olsokmesse ved kyrkjeruinane, dei arrangerte basarar og hadde
andre innsamlingar, og sakte, men sikkert kom arbeidet i gang.
Stein på stein vart lagd oppå den gamle muren. Frå ein gardsbrønn på Thue vart det jamvel henta ut steinblokker frå gamlekyrkja. Slik kom i det minste noko av steinen tilbake til staden
han høyrde heime. Men mesteparten vart graven fram og hoggen til, på same vis som kyrkjebyggjarane hadde gjort 800 år
tidlegare. Marmor til inngangspartiet vart derimot henta frå eit
kalksteinbrot ved Larsnes.
I 1953 stod berre taket att, men då var pengane oppbrukte.
For å komme i mål laut det takast opp lån, og sju mann kausjonerte for 1000 kroner kvar. I 1957 var St. Jetmund kyrkje atterreist, og altarbilde og preikestol vart frakta heim att frå kyrkja
på Slagnes. Og sidan har folk brukt henne, til olsokmesse og
nyårsgudsteneste, til barnedåp, bryllaup og gravferd. Iblant kjem
FRAM, FRAM KRISTMENN, KONGSMENN!
tilreisande innom og bed om omvising. Og ein gong i året blir
det jamvel skipa til ei slags pilegrimsvandring. Det skjer den
8. juli, på Seljemannamesse, minnedagen for då Seljumennene
etter tradisjonen fann liket av den heilage Sunniva i helleren på Selja. Denne dagen kjem folk frå Nordfjord valfartande
over Maurstadeidet, som sæle Edmund av England etter segna
gjorde, og etter ei tilskiping i kyrkja som ber hans namn, fer flokken vidare utetter, over Dragseidet, der Olav Tryggvason i si tid
kristna nordfjordingar og sunnmøringar, og ut til klosteret på
Selja. Dei må bruke bil og båt for å nå fram i tide, men det får så
vere. Tanken på det som var, er det viktigaste. Berre ved å knyte
band med fortida får vi eit perspektiv på det vi held på med, på
vår tid og vår plass på jord.
Blant roser og rankar i Stordal
Steinkyrkja på Åheim var ein gong ei av dei eldste på Sunnmøre, og ho
vart reist til minne om St. Jetmund. Men med åra vart ho for lita, og
ei ny kyrkje bygd. St. Jetmund kyrkje vart riven, og mykje av steinane
hamna i fjøsmurane rundt om i bygda. Etter kvart innsåg folk kva
galmannsverk dette var, og ei ny kyrkje lik den første vart bygd på dei
gamle tuftene.
Innanfor ein staut og staseleg steingard står ho glinsande og kvit,
med sine åtte kantar, sitt tårn mot sky i midten, og med sakristi
og våpenhus i kvar sin ende. Stordal gamle kyrkje er vakker, om
enn lita, der ho står ved riksvegen gjennom dalen, eit par kilometer frå fjordbotnen, og vitnar om trua og vona forfedrane bar på,
og om arbeidet dei la ned for å byggje seg eit hus der dei kunne
dyrke si tru og tilbe sin gud.
Men kyrkja står ikkje der åleine. Ho har fått selskap av prestestova, som i 1870 vart bygd på andre sida av vegen, men som
for få år sidan vart flytt over til kyrkjesida. Dessutan er to eldre
gardshus frå andre grender i bygda også flytte ned til kyrkjestaden. Det eine er ei praktfull sunnmørsstove bygd på garden
Løset oppe ved Stavsengfjellet på slutten av 1700-talet – og dermed er ho jamgammal med kyrkja – det andre er eit halvt hundre år eldre stabbur frå Busengdal. Og medan travle bilistar fyk
forbi etter vegen, ligg husa der, merkte av ro og fred frå faren
tid. Mange lyt stogge, og etter ei stund ved kyrkjegardsmuren,
38
Stordal gamle kyrkje stod ferdig i 1789, og ho vart reist av bygdefolket.
Ho er ei av fire åttekanta kyrkjer som finst på Sunnmøre, og ho ligg
vakkert til innanfor den staselege kyrkjegardsmuren. Bygdetunet ved
sida av, der prestestova også har fått plass, tener som samlingsstad for
stordalingane.
med auga vende mot klokketårn og brunbrent tømmer, har dei
kanskje sjølve også fått del i noko av den freden som tunet andar
av. Og bygdefolket har funne ein samlingsstad dei er glade i og
stolte av.
Arbeidet med kyrkja tok til i året 1782, og ho stod ferdig til
vigsling i 1789, det same året som revolusjonen rasa i Paris og
fattigfolket kvitta seg med ei styrtrik og eineveldig kongemakt.
Åtte kantar fekk ho, til liks med tre andre sunnmørskyrkjer, det
litt eldre gudshuset i Norddal og dei rundt 50 år yngre kyrkjene i
Geiranger og på Stranda.
39
ARVEN
farfaren hadde vore. Då stillinga vart lyst ut, var Maurits enno
ikkje myndig. Men gammal nok til å gje ut avis kjende han seg.
Postbudet var namnet, og Postbudet kom ut samanhengande i 23
år. Frå då, i 1868, måtte representantane møte på Stortinget kvart
år, og Maurits, som ikkje berre var stortingsmann, men jamvel
hadde fått ein framskoten plass blant bøndene, kunne umogleg
halde fram som avisredaktør.
Postbudet kom ut fast ein gong i veka og var, som forgjengarane, «for Landalmuen», som det stod i undertittelen. I første
nummeret i 1845 gjorde Maurits greie for kva avisa skulle innehalde. På førsteplass sette ungguten stortingsstoff, og med det
signaliserte han vel både kva interesser og ambisjonar han sjølv
hadde. Dernest følgde anna nyhende, økonomiske forhold som
galdt bøndene, opplysningsstoff for ungdommen, og til sist songar og kristeleg stoff, bokmeldingar og annonsar. Utanriksstoffet
I 1824 vart den heimelaga pressa bytt ut med ei moderne trykkpresse,
og den var i drift heilt fram til 1902. Også ho har plass i gardsmuseet på
Ekset. Mannen som demonstrerer pressa, Tore Aarflot, er sjølv etterkommar etter Sivert Aarflot og sit i dag som redaktør av avisa Møre.
KUNNSKAP SKAL STYRE ...
omtala han ikkje, men også det skulle avisa gje plass til. Sjeldan
eller aldri gjekk Maurits til åtak på politiske motstandarar i avisa.
Han heldt seg unna polemikk og var høvisk og korrekt i si framferd. Men gjennom utveljinga av stoffet og måten han presenterte
det på, er det likevel ingen tvil om at Postbudet fremja interessene
og styrkte posisjonen hans. Maurits Aarflot arbeidde seg fram til
å bli den truleg mektigaste mannen Volda nokon gong har hatt.
Mot slutten av 40-åra gav Aarflot også ut eit reint bondeblad.
Norsk Landbrugs-Tidende kom ut som vekeavis i åtte år, og det
fortalde om ulike jordbruksspørsmål som var oppe i tida, og om
bondemøte, som det vart gjeve referat frå. Også eit slikt organ
brøytte veg for bondetingmannen, men vel så mykje var det med
å gjere bøndene medvitne om si eiga stilling.
Maurits og kona var barnlause, og så lenge broren på Øvre
Rotset hadde nok med sitt og heller ikkje hadde søner som
kunne ta over, vart det ein mann utanfor Aarflotslekta som for
ei tid skulle føre avistradisjonen vidare. Han var nordfjording,
heitte Jakob Kobberstad og var lærar ved allmugeskulen i Volda.
Dessutan hadde han hatt noko ekstraarbeid ved prenteverket, og
dette gjorde at han no tok på seg å gje ut ei ny avis. Han kalla
henne Møringen, og som namnet seier, var dette meir ei regionavis enn det Aarflot-avisene hadde vore. Møre vende seg først og
fremst mot amtet og mot Nordfjord, men også dette var eit blad
for og om bondestandet. Møringen fekk likevel ikkje noko langt
liv. Midt på 70-talet miste Kobberstad skuleposten til ein som
vart vurdert som betre kvalifisert, og dermed forlét han Volda.
Fruktene av meir enn femti års arbeid med utgjeving av
aviser og anna lesestoff var tydelege. Utanom dei to bokhandlane
som brørne Maurits og Rasmus R. Aarflot dreiv på gardane sine,
på Ekset og Øvre Rotset, oppretta Fredrikke Svendsen i 1873
bokhandel i Volda sentrum. Voldingane var blitt eit lesande folk.
På denne tid var det den første avisa i Ålesund såg dagens lys.
Fram til 1935, då trykkeriet av kommunikasjonsmessige årsaker vart
flytt til sentrum av Volda, kom avisene ut på Aarflot-garden på Ekset.
Vinteren 1844 vart garden råka av storbrann, og dei fleste husa gjekk
tapt, men fordi prenteverket stod i ei røykstove eit stykke unna, vart
det berga, og avisene kunne komme ut som før. Aarflot-museet finn vi i
bygningen med torvtekt tak til venstre på bildet. Bygda på andre sida av
Voldsfjorden er Lauvstad.
P. M. Gjærder starta si eiga trykkeriverksemd heime i Syvde, men
kom etter kort tid til Volda og prenta der målbladet Vestmannen,
etter at den tidlegare utgjevaren, Mauritz Aarflot, boikotta avisa.
Seinare kom Gjærder attende til Volda og gav i mange år ut venstre­
avisa Søndmøringen. I dag er det enkle trykkeriet til avismannen frå
Sunnmøre å finne på Sunnmøre Muesum.
84
85
ARVEN
DET KULTURELLE SUNNMØRE
Det kulturelle Sunnmøre
Poesi på sunnmørsk
Kultur er å skape,
men kultur er også å
formidle. Ingen har i
våre dagar formidla
den sunnmørske kulturhistoria, og særleg den
ålesundske, som Harald
Grytten. Ingen har
skapt større interesse for
ålesundsk arkitektur og
historie enn han. Ingen
har gjort ålesundarane
meir medvitne om si
fortid, sitt opphav og
sin identitet. Her er
han i kjent positur på
krakken under ei av dei
mange bybrannvandringane rundt om i
ålesundsgatene.
88
Prenteverket på Ekset fekk også mykje å seie for framveksten av
ein sunnmørsk litteratur. Av dei mange Sivert Aarflot opplyste,
var det ein og annan som lét seg freiste til å skrive dikt, og med
åra vart det ein heil flokk bygdediktarar som fekk produkta sine
prenta på Ekset. Slett ikkje alt var stor poesi, men det voks fram
ei litterær interesse som var ekte nok, og særleg har lyrikktradisjonen halde seg levande fram til vår tid. Sunnmøringen har hatt
ein eigen hang til å uttrykkje seg i poetiske former. Av sunnmørske forfattarar er Marta Schumann ein av dei få som har dyrka
romanen som hovudsjanger. Det har ho gjort med både historiske romanar, framtidsromanar og ein samtidsroman. Mest
kjend er ho for romantrilogien «Korset under Skuggefjellet»,
«Jomfru Maria på Sæbostad» og «Fremja», der ho går tilbake i
historia til si eiga heimbygd, Valldal, og trekkjer fram både den
rike Olavstradisjonen der inne og alle naturkatastrofane bygda
har vore råka av. Det høyrer med at bøkene vart skrivne i ein
periode av livet då Marta Schumann sjølv opplevde stor liding og
smerte, gjennom tapet av ein kjær son. Det må leggjast til at ho
også har markert seg både som novellist og lyrikar.
Den tidlegaste diktinga hadde religiøst innhald, og det meste
kan kallast salmedikting. Den første som stod fram av eit visst
format, var strandaren Niels Olsen Svee. Han levde i siste halvdel
av 1700-talet, før Sivert Aarflot skapte kultursetet på Ekset, og
salmane eller songane hans minner om den ortodokse salmediktinga som rådde grunnen på 1600-talet, og som Petter Dass var
fremste talsmann for. Innimellom arbeidet med å vere småbrukar
og skulehaldar tok Niels Svee seg tid til å dikte, og han avslørte
eit talent langt utanom det vanlege. Ofte vart dikta til ved at han
gjekk fram og tilbake over golvet og dikterte ord og setningar
til minstebroren, Ola, som sat ved bordet med skrivereiskapar.
Arnold Eidslott frå Ålesund er blitt omtala
som ein av dei fremste ­nolevande lyrikarane
i Norden. Han har vore telemontør, men held
seg til skrivemaskinen og bryr seg lite om
moderne teknologi. Han manglar akademisk
bakgrunn, men er like fullt uvanleg kunnskapsrik. Dessutan ser han på seg sjølv som ein
reiskap for Gud, og på skriverommet har han
åndsmenneske rundt seg.
89
ARVEN
TURISME FØR OG NO
Turisme før og no
Tronge fjordar, kvasse tindar, brusande fossar, grøne lier og skumsprøyt over svarte skjer – det er landskapet turistane kjem for å
oppleve, på Sunnmøre som på Vestlandet elles. Og dei kjem i hundretusental kvart år, dregne hit av marknadsføringskreftene, av
katalogar og brosjyrar, plakatar og prospektkort, strategisk plasserte i hyllene på reisebyråa og standane på reiselivsmessene. Men
då dei første turistane fann vegen hit, var det ikkje fordi sunnmøringane hadde lokka dei til seg. Dei kom av eigen fri vilje og på
eige initiativ, og dei kom fordi dei gjennom norske, nasjonalromantiske landskapsmåleri hadde sett noko så vakkert at dei måtte
utforskast nærare. Men dei vart tekne imot med all den skepsis
som folk flest har for det som er framandt. Allereie ein vinterdag i
1799 dukka ein utlending opp i Geiranger. Han var fransk, heitte
Louis de Bougrenet de la Tochaye, og i ettertid er han blitt omtala
som den første turisten som sette sine bein i bygda. Men mannen vart skræmd av det han såg, av den ville naturen og visstnok
også av menneska og måten dei levde på. Sommaren 1834 rak ein
engelskmann etter strendene. Han var mest skræmd av maten han
fekk seg servert. Same kvar han vende seg, vart han ikkje bydd
anna enn havregraut og flatbrød og surmjølk. Sjølv vart han sett
på som ein sensasjon. Bygdefolk var i det heile mistenksame til dei
fleste som rak etter vegane. Folk som kom til bygda utan å ha eit
skikkeleg ærend, kunne ikkje vere anna enn tiggarar og fantepakk.
Og då ein mann med ope sinn og forretningstalent i 1838 søkte
om å få bygd eit herberge, vart søknaden avslegen av fare for det
moralske forfallet dei tilreisande kunne påføre bygda. Turismen
kunne ikkje føre til anna enn drukkenskap og dagdriveri.
Synet skulle endre seg, etter kvart som dei tilreisande viste
seg å vere skikkelege folk. Dei fleste høyrde til overklassen i
Storbritannia, og etter at det kring 1850 vart oppretta faste
båtruter mellom London og Kristiania, kryssa dei Nordsjøen i
dampskip. På same tid grunnla Thomas Bennett reisebyrå, og
med den marknadsføring han skapte, steig talet på turistar raskt.
Den første offisielle statistikken over «Den fremmede Reisetrafik
i Norge» skriv seg frå 1886, og den sommaren stima 15000 utanlandske turistar over Nordsjøen.
Dette er turistlandet slik vi likar å sjå det og slik vi likar i vise det fram –
brusande fossar, bratte fjell og blå fjord. Ørnevegen buktar seg gjennom
Møllsbygda i Geiranger, og ved sida av Dei sju systrene ligg den fråflytte
fjellhyllegarden Knivsflå.
150
151
ARVEN
Hotell Union Øye har ei ærerik historie, og etter at hotellet på 1990-talet
vart restaurert, har det òg fått ein strålande renessanse. Den som vil
overnatte ei helg i høgsesongen, må tinge rom eit par år i førevegen. I
samband med 100-årsjubileet til Geiranger Skysslag sommaren 2007 fekk
mange av dei gamle trehotella besøk av blankpussa skyssvogner som vart
nytta i den gamle turistferdsla, og som det framleis finst ein god del av
rundt om på Sunnmøre.
Hotell Union, som etter den vanskelege starten voks seg
stendig større og sterkare, kom til å leggje under seg Hotell Fønix
på hi sida av bygdevegen. Utanom å vere eit anneks for Union
hyste Fønix også eit aggregat, som forsynte begge bygningane
med elektrisk straum. Men eit eller anna gjekk gale. Det oppstod
brann i aggregatet, og Hotell Fønix fekk ein lagnad som samsvara med det namnet det bar.
På andre sida av dalen, på ein haug ovanfor og innanfor
Norang, voks Hotell Retiro opp. Det vart reist av ein bergensar,
med fortid på den argentinske pampasen, men det låg på ein lite
tilgjengeleg stad. Skulle ein nå Retiro, måtte ein over to bruer
og forsere ein skræmeleg bratt bakke. Hotelleigaren skjønte at
omfattande marknadsføring måtte til, og han gjorde det situasjonen kravde. Ein reisande observerte og noterte følgjande: «Retiro
er malt paa stene og husvegge og overhovedet paa alle mulige og
umulige stede og i alle mulige og umulige farver. Jeg tror ikke
158
Turisme før og no
der er noget WC i hele Nordfjord eller Søndmør der mangler sit
Retiro.» Aksjonen hjelpte så lite. Etter fire år var Retiro konkurs,
og bygningen vart riven og frakta til Askøy i nærleiken av Bergen.
Dermed kom berre eitt av dei tre hotella på Øye til å leve vidare.
I 1912 tok Martinus Dahl frå Geiranger over drifta. Eit par
år etter vart verda kasta ut i den største krigen nokon til då visste
av. Turisttrafikken stogga, og hotellmannen på Øye fekk ein tung
start. Men han måtte ha vore ein pengesterk mann. Ikkje berre
greidde han sjølv å overleve krigsåra, men han hjelpte bror sin,
Lars, med å ta over drifta av Hotell Utsikten i Geiranger, og på
20-talet, då turismen blomstra opp att, kjøpte han både Sjøholt
Hotell og Grand Hotell i Ålesund. Eit par år etter tok syster hans,
Rikka Lovise, over på Sjøholt, medan ein annan bror, Ole Petter,
tok hand om hotellet i Ålesund. Dermed kom fire søsken frå
hotellfamilien Dahl til å sitje som innehavar av kvar sitt hotell i
store delar av mellomkrigstida.
Hotellet på Øye har ei ærerik historie, som står i stil med dei
mange spir og tårn og utskjeringar som pregar fasaden. Her har
talrike kongar og dronningar halde hus, her har kulturpersonlegdommar søkt kvile, og ikkje minst har hotellet vore tilhaldsstad for tusenvis av fjellklatrarar frå heile Europa. Ei tid sende
hotellet ut brosjyrar til nærare 200 tindeklubbar rundt om på
kontinentet. Under krigen marsjerte tyskarane inn og tok kom-
mandoen, og då den tid var omme, var tida på sett og vis også ute
for det gamle trehotellet. No var det bygg i betong og oppvarma
symjebasseng det vart spurt etter. Likevel heldt sonen og svigerdottera til Martinus, Karl og Aslaug Dahl, det gåande til tidleg på
70-talet. Seinare hadde hotellet skiftande eigarar, som dreiv med
blanda hell, og gradvis flytte forfallet inn.
På Fivelstadhaugen, på vasskiljet mellom Norangsdalen og
Nebbedalen i Sunnylven vart det også bygd hotell. Då kjerrevegen gjennom Norangsdalen stod ferdig midt på 1800-talet, vart
det oppretta skysstasjon på Fivelstadhaugen. Etter turen gjennom dalen trong både hest og folk mat og kvild før ferda kunne
halde fram. Nokre år seinare opna dei to grannane Anders og
Ole Petter Haugen dørene sin for slitne fjellvandrarar som trong
ei seng og eit måltid mat, og i 1882 bygde dei like godt saman
dei to nystovene sine til hotell. Etter at Hotel Nordangsdal tre år
seinare stod ferdig, vart det på det næraste drive som kollektivbruk. Ein sesong stod det eine ekteparet for drifta, sommaren
etter gjekk ansvaret over til det andre. Og slik pionerane starta,
slik førte etterkommarane drifta vidare, like fram mot den andre
verdskrigen. Strategisk plassert som hotellet låg midtvegs mellom
Hellesylt og Øye, vart det ein naturleg stoggestad og serveringsstad for cruiseskipsturistane som vart frakta med hest og kjerre
mellom dei to oppankringsstadene. På dagar med «storefylgje»
Det er «storefylgje» på Hotel Nordangsdal, som turistvertane på
Fivelstadhaugen kalla dagane med store båtar på fjorden og eit tog av
turistar gjennom Norangsdalen. Opp til 120 hesteskyssar kunne vere
samla utanfor hotellet medan ferdafolket var inne for å bli trakterte.
Bildet er frå 1927, og enno har bilane ikkje sett sitt merke på turistferdsla
i nemneverdig grad. (Utlånt av Jostein O. Mo)
vandra framimot 120 hesteskyssar gjennom Norangsdalen, i tillegg kunne fleire hundre ta turen til fots, og på Fivelstadhaugen
vart det servert heimelaga mat for hundrevis av gjester. Hit kom
kongar og keisarar, aristokratar og lakselordar, fjellvandrarar og
kunstmålarar, og innimellom la sunnmøringar og nordfjordingar
sine festlege samkommer til hotellet. Etter krigen tok to damer
frå Ålesund over, men då låg cruisetrafikken på Hjørundfjorden
så godt som nede, og dei satsa berre på lokale gjester. I 1961 vart
drifta avvikla, og hotellet vart overlate til seg sjølv.
På Bjørke steig Hotel Søndmør i vêret. Også det skjedde på
midten av 1880-talet, og hovudmannen bak prosjektet var Didrik
Maaen, som også reiste eit hotell på Fyrde i botnen av Austefjorden.
Saman med seg hadde han austefjordingen Hans Gjeitvik, slåttekomponist, spelemann og bygningsmann blant mykje anna.
Utanom fjell og fjord skulle Tyssefossen og ei god lakseelv trekkje
turistane til Bjørke, men hotellet var for stort og for dyrt til at det
kunne gå bra. Etter fem-seks år vart hotellet selt på tvangsauk-
159
ARVEN
Turisme før og no
På Hellesylt er eit restaurert kvernhus det som minner mest om gamle
dagar, ved sida av fasaden på Grand Hotell. Ved foten av Hellesyltfossen
var det Laura Stadem, ei av dei fire døtrene som tok over drifta etter
faren og grunnleggjaren av Grand Hotell, låg og skylte laken og dynetrekk, etter at ho hadde vaska dei i eldhuset ved sida av.
Inn gjennom det sunnmørske alpelandskapet trengjer Hjørundfjorden
seg fram. Det var ikkje rart fjellpionerane lét seg imponere, og det er ikkje
rart hjørundfjordingane sjølve kallar fjorden den vakraste i verda.
dessutan unge og lite rutinerte. Så gjekk det ikkje likare enn at
hotellet brotna i hop under ein storstorm eit par år etter at det
var bygd. Då stormen tok tak, sat eit engelsk reisefølgje til bords.
Saman med middagsmat, bestikk og servise vart selskapet slengt
rundt i rommet, men gjestene slapp visstnok unna møtet med
norsk naturkraft utan annan skade enn nokre flekkete klede og
ei og anna flengje. Men dei to unge snikkarane miste ikkje motet.
Dei tok fatt på ny, og no bygde dei hotellet av nye materialar og
på tryggare grunn, tvers overfor staden der Hotel Union Øye
nokre år seinare skulle bli oppført. Dei to snikkarane var involverte i det prosjektet òg. Men Union gjekk konkurs før hotellet
stod ferdig, og snikkarane vart rivne med i dragsuget. Andre tok
over, og den 5. juni 1891 gjekk den første gjesten inn gjennom
hotelldørene, ein engelsk prest som vart rodd i land i ein færing.
Året etter gjorde ein skotsk lærar entré. Han heitte Charles
Watson Patchell, var fjellmann på sin hals, og hugteken i Sunn­
mørs­­alpane, som han var, vart han gjest på Union mest årvisst i
meir enn ein mannsalder. Han hadde fast lugar på «Venus» over
Nordsjøen, han hadde fast rom på hotellet, og han kom alltid så
tidleg at han kunne feire 17. mai i Norangdal. Når han var ventande, møtte folket i grenda opp i sitt finaste skrud, vel vitande
om at mannen brukte å slengje om seg med karamellar og annan
herlegdom, med den følgje at ungane sprang rundt på kaia på leiting etter velsmakande godsaker, som dei elles ikkje var for godt
vande med. På nasjonaldagen vart Patchell som den einaste sett i
ein stol ikkje langt frå talarstolen, og om kvelden sat han også i ein
djup stol, men no på ein låve, der det lokale amatørteatret framførte ein innøvd folkekomedie. Sommaren igjennom kleiv han i
fjella, han bygde hytte på eidet mellom Slogen og Smørskredtind,
der andre fjellvandrarar kunne ta inn, og han merkte stigar og
løyper, slik at fleire fjellglade kunne finne fram i den sunnmørske
fjellheimen. Han var sterkt knytt til fjella på Sunnmøre, og han
søkte jamvel regjeringa om å få bli gravlagd ved Lilleslogen, ein
stor stein i utkanten av Øye. Søknaden vart avslegen.
156
«D.S. Haakon VII» har ankra opp ved Øye, og på kaia har hestekarane venta i fleire timar på ferdafolket. Det galdt å vere ute i god tid om ein skulle få
ein strategisk plass og vere sikra passasjerar i kjerra. Iblant var konkurransen så hard at karane iblant gjorde hærverk på kjerrene til kvarandre. Bildet
er frå 1907, året etter at kong Haakon sjølv vart skyssa gjennom Noarngsdalen i ei hestekjerre. (Utlånt av Jostein O. Mo)
157