FAU referat - Hå kommune

Vigrestad skule
1. tr. Elin Sola Gimre
2. tr. Kurt Vold
3. tr. Elin Heskestad
4. tr. Monica Riska Siqveland
vararep. 1. tr. Rosa Tesdal
vararep. 2. tr. Reidun Elise Vold
vararep. 3. tr. Marit Kristine Vigrestad
varerep. 4. tr. Inger Johanne Klausen
Dykkar ref.
Stavnheimsvegen 36
Torvmyrvegen 39
Grønholsvegen 22 B
Røysaland
Steinvegen 2
Vardabråtet 5
Torvmyrvegen 16
Skulehagen 28
Vår ref.
16/29171 HELE
4362
4362
4362
4362
4362
4362
4362
4362
Arkivkode
035 A20
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
VIGRESTAD
Dato
05.10.2016
Vigrestad skule - FAU - referat frå møte 22. september 2016
Dato: 22.09.2016
Tid:
kl. 18:00
Desse møtte: Monica Siqveland, Kurt Vold, Inger Johanne Klausen, Elin Heskestad og
Ingrid Vold
Forfall:
Elin Sola Gimre, Rosa Tesdal, Marit Kristine Vigrestad og Reidun Elise Vold
Saker:
11/16 Godkjenning av innkalling
OK.
12/16 Konstituering av FAU
Leder: Monica Riska Siqveland
Nestleder: Kurt Vold
Sekretær: Elin Heskestad
Medlem: Elin Sola Gimre
Vara(møter fast): Rosa Tesdal
SU: Monica Riska Siqveland og Kurt Vold.
13/16 Oppgåver for FAU/SU
Rektor tok opp kva som er vanlege oppgåver for FAU. Konkluderte med at det viktigaste er å
skapa eit godt læringsmiljø.
14/16 Partnerskap mot mobbing
Hå kommune har vedtatt at me skal vera med på partnerskap mot mobbing. Me skal finna
ein partnar i nærmiljøet som me kan arbeida ilag med for å motarbeida mobbing. Konfliktar
skjer ofte på fotballbanen i friminutta på skulen. Skulen vil invitere leiar i handball- og
fotballstyret pluss aktuelle trenarar. Intensjonen er å finna felles kjørereglar og skapa eit godt
læringsmiljø. Skulen og idretten kan i lag arbeida med verdiar.
Postadresse:
Nymannsvegen 2
4362 Vigrestad
Kontoradresse:
Nymannsvegen 2
4362 Vigrestad
Internett:
Telefon:
www.ha.no/vsb
51 79 36 00
[email protected]
Org.nr.
964969590
15/16 Open dag
Går for stort sett same opplegget som i fjor. 4. klasse bidreg med maten. Pølse i brød kostar
20 kr, det same for pizzasnurrar og påsmurt. Kake kostar 10 kr. Gratis saft på borda. Det
trengs folk til å selja i kafeen. Elevane i 4. klassse er med på salet. Me spør foreldre i 3.
klasse. Det trengs 10 stk som står ein time kvar. 6 stk den første timen, og 4 stk den andre
timen.
Nytt av året er at elevane får springa rundar som blir sponsa av sponsorar. Til nå er det 13
sponsorar som er villige til å sponsa elevane med ei krone pr runde.
16/16 Parkering
For få parkeringsplasser utanfor skulen. Ingrid oppfordrer personalet til å dela på å parkera
på helsesenteret for å frigjera plasser.
17/16 SFO i feriar
Saka er teken opp i kommunen. Dette skuleåret er det ikkje sett av ressursar til å ha ope
SFO på Vigrestad i feriar, men det kan bli et tilbud frå 1.august 2017. Varhaug skule har
utfordringar med å ta imot alle elevane. Tilbud på Vigrestad avhenger og av at det er mange
nok som melder seg på.
18/16 Psykososialt miljø
Ingrid har informert godt på foreldremøte.
19/16 Utviklingsplan
Bakgrunn og grunnlag for satsingsområde som er lesing og psykososialt miljø. FAU har et
forslag om å ha lesekvart på skulen i 3. og 4. klasse. Går det an å prøva det?
20/16 Møtedatoar
3.11.16 kl. 18.00 SMU/SU og kl. 19.00 FAU - Partnarskap mot mobbing. FAU leiar dette
møtet. Rektor sender invitasjon.
Eventuelt:
- Felles sum til bursdagsgave. Ulike meiningar. FAU anbefaler 70 kroner på heile skulen.
Etter ynskje om å ha lik sum for heile skulen.
- Gjennomgang av utviklingssamtale. FAU tykte denne såg fin ut.
- Oppmøte i FAU- møter. Dersom ein skal vera med i FAU må ein kjenna ansvar for å
møta opp på møta. All forfall skal meldast til FAU-leder i god tid, slik ein kan vurdera ein
ny møtedato.
Elin Heskestad
referent
Dokumentet er elektronisk godkjent og treng ikkje signatur