klikk her - Visemakeriet

# 2 - Lyrisk NYNORSKE MINIATYRAR
/ lyrisk2
GENTLEMAN
LIGGJE I FALDEN
ETTER FESTEN
FRIMODIG BØN
Høfleg og danna
Polert og servil
Flatterande blanda
er sjarme og stil
Motebekransa
i jet-set-miljø
Synsa og sansa
Ein skal leggje seg
til rette i falden
Når velstand og framgang
har rasa frå seg
og vi ser kven vi er
slepp då laus
kunstnernes fablar
og barn med frøposer
Høyr, allmektige Herre,
ein kan ikkje sei du er dorsk,
men rakk du eit grunnkurs
i norsk ?
Og dum som eit brød!
PENSJONIST-AGENDA
Kvar einaste dag
byrjar systematisk
jfr. generalplan med ein
situasjonsrapport
Er det til dømes onsdag
går eg og legg meg igjen
TANKEGODS
Tankegods
er som anna gods
Det veg ofte meir
enn du orker å bere
KLAR TALE
Eg veit definitivt nok
til å forstå absolutt alt
om noko som helst
Ein skal finne seg
eit reint, nytt klede,
breie det ut og glatte det til
Det er opp til deg sjølv
om du ligg godt nok i falden
KURIØST
Eg høyrer han kom
ut av skapet
Kva i all verda
hadde han der å gjere?
FORBILDE
Om den du har sett opp til
syner seg for liten
har du truleg
vakse deg for stor
BÆRTUR
Eg skjønte ikkje bæret
før eg oppdaga
at det var plukka
VAKTSEMD
Eg vaknar ofte
for å kontrollere at eg søv
SJELSFRENDER
Eg trur at to sjeler
kan krype tett saman
i eit sanseleg
ikkje fysisk famntak
INTELLEKTUELT
Dei møttast
i godt klokt selskap
og presenterte seg
som Skya Vær
og Tom Tørrdokk
ORDKLØYVAREN
Eg kløyver ord
slik eg kløyver ved,
malm og geite
hardt og resolutt
slik ein kløyvar skal
i beste sendetid
Eg skulle så gjerne
fortalt deg ein fabel
om daglegdags tilstand
her nede ... i Babel !
BARNEVAKT
Aldri så trygg
så harmonisk
så nøgd
som på barnets vakt
VISMANN
Vis meg den vismann
som kan forklåre
at månen er ein ost
og sola er ei pannekake
NATTMARE
Å gjenoppleve fortida
kan vere meir verkeleg
enn verkelegheita var
© FREDDIE LANGRIND