ENDRING DEL AV REGULERINGSPLAN FOR SMIEBAKKEN

Vår ref. AN
D ykkar ref.
Dato : 20.12.2016
VARSEL OM OPPSTART - ENDRING DEL AV REGULERINGSPLAN FOR SMIEBAKKEN,
OMRÅDE B1 , GBNR. 8/99 OG 8/4 I AURLAND KOMMUNE.
I samsvar med §12 -3 og §12 -8 i plan- og bygningslova vert det varsla om at det vert sett i
gang arbeid med endring av område B1 i gjeldande reguleringsplan for Smiebakken.
Nordbohus Sogn AS er no i gang med å planlegge utbygging av ei bustadblokk med 18
bueiningar på Solhammar. I samband med dette arbeidet ser vi at det vil vere behov for
endring av føresegnene for utbyggingsområde B1 i gjeldande reguleringsplan for
Smiebakken. Føremålet med endring a er å leggje til rette for betre utnytting av
utbyggingsom råde t f or etablering av ei bustadblokk på tre etasjar. Endringa inneberer
hovudsakleg at maksimal mønehøgde aukast med 1,0 meter og gesimshøgda aukast med
3,5 meter frå gjeldande reguleringsføresegner. Endringa vil også inne bere at føresegnene
om taktype vert endra frå saltak til flatt tak. Det vil også i samband med reguler ingsendringa
vere aktuelt å ta med ein del av føremålsområde P/S til bustadføremål . For å kunne få til ei
god tilpasning av bygningskroppen på tomta er det og trong for ei mindre justeri ng av
byggegrensene for B1.
Nordbohus
Sogn as
Eventuelle kommentarar, merknadar, opplysningar m.v. som kan ha betydning eller
interesse for planendring a kan sendast skriftleg innan 20 .01.2017 til:
NORDBOHUS SOGN AS
Postboks 25
Bordvegen 17
6854 Kaupanger
Eller på E-post til:
anders.nystuen @nordbohus.no
Spørsmål til planarbeidet kan elles rettast til Anders Nystuen, tlf 924 55 824
For Nordbohus Sogn as
Anders Nystuen
Prosjektleiar
Nordbohus
Sogn as