Gode grunnar til å velje Teknikk og industriell produksjon

Ølen vidaregåande skule
Ølen vgs ligg i Vindafjord kommune i sentrum av Ølen, med flott
utsikt og med Ølensfjorden som næraste nabo!
Ølen vgs har eit trygt og godt skulemiljø med høg fagleg kvalitet
og tilsvarande gode resultat. Elevane fullfører og består og få
elevar sluttar i løpet av skuleåret.
Elevane våre kjem hovudsakleg frå Vindafjord og Etne kommunar,
men og frå andre kommunar i distriktet.
Elevtallet ligg rund 280, og det er omlag 60 tilsette ved skulen.
I tillegg leverer skulen undervisning til innsette i Sandeid fengsel.
Ølen vgs er under ombygging/renovering og vil stå klar hausten 2017.
Då vil me ha topp moderne spesialrom til realfag, lyse, trivelege
klasserom og fellesareal.
Visjonen til Ølen vgs er at ALLE KAN NÅ LENGER.
Me har alle potensiale til å lære og utvikle oss, anten me er 16
eller 60 år gamle!
Ved Ølen vgs har du dessa vala:
- Studiespesialisering
- Idrettsfag
- Påbygg til generell studiekompetanse
- Bygg- og anleggsteknikk
- Design og handverk
- Elektrofag
- Teknikk og industriell produksjon
- Helse- og oppvekstfag
Skulen har ei lita gruppe spesialundervisning, arbeidstrening,
og innføringsklasse for elevar med manglande norskkunskaper.
Me har vårt eige Dagsverk Korosten og er MOT-skule. Skulekantina
er eit naturleg samlingspunkt i friminutt og fritimar. Både elevar
på studiespesialiserande og på yrkesfag har tilbod om faget
breiddeidrett på alle nivå. I faget er det innlagt ulike
ekskursjonar og turar.
Ølen vgs har eit nært samarbeid både med vertskommunen
Vindafjord og med næringslivet i distriktet. Desse aktørane er aktive
medspelarar i faget Prosjekt til fordjupning på yrkesfag. Så godt
som utan unntak får elevar læreplass når dei søkjer om dette innan
distriktet.
Skulen samarbeider tett med Vindafjord Arbeidsgiverforum i
Kompetanseprosjektet, og det vert arrangert kurs for næringslivet
både på dag- og kveldstid.
e
d
n
ande
u
b
e
r
iefø
Stud
Studiespesialisering
Det breiaste grunnlaget for vidare studium
Du som vel studiespesialisering bør i utgangspunktet like å
arbeide med teoretiske fag.
Utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare
studium ved høgskular og universitet. Alt etter kva
programområde du vel, kan du oppnå generell eller spesiell
studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du
sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som vert kravd før du vel
programområde og fag.
Me tilbyr:
VG1 Studiespesialisering
VG2 Realfag
VG2 Språk, samfunnsfag og økonomi
VG3 Realfag
VG3 Språk, samfunnsfag og økonomi
Idrettsfag
Idrettsfag ved Ølen vgs er valet for deg som er glad i trening,
idrett og friluftsliv. Du opparbeider deg generell studiekompetanse,
samtidig som du trener og er i aktivitet kvar dag.
Skulen har spennende natur på alle kantar, med fjell og fjord rett
utanfor døra. I tillegg til trening og aktivitetar i nærmiljøet, vil det
bli arrangert turar der du får andre utfordringar- td. ski/snowbordkøyring, mm. I det valfrie programfaget kan du velje breiddeidrett,
toppidrett eller fag frå studiespesialisering.
Me tilbyr:
VG1, VG2 og VG3
Påbygg til generell
studiekompetanse /
23 timars kurset for dei som har fagbrev
Generell studiekompetanse gir moglegheit for opptak til dei
fleste studium ved høgskolar og universitet.
Intakkskrav:
- VG1 og VG2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
- VG1 i eit studieførebuande utdanningsprogram og VG2 i eit
yrkesfagleg utdanningsorigram (kryssløp) eller
- Oppnådd yrkeskompetanse med fag- /sveinebrev eller
- Oppnådd yrkeskompetanse utan
fag- eller sveinebrev
Yrkesfag
Bygg- og
anleggsteknikk
For deg med godt handlag og praktisk
tankegang
Du som vel Bygg- og anleggsteknikk, bør ha
praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag.
Du bør vere sjølvstendig, men bør òg kunne
arbeide i team, sidan mange bygg- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike
yrkesgrupper.
Utdanningsprogrammet omfattar produksjon,
oppføring, ombygging og vedlikehald av
bygningar og anlegg med tilhøyrande
tekniske installasjonar der det blir stilt
strenge krav til kvalitet og sikkerheit.
Me tilbyr:
VG1 Bygg- og anleggsteknikk
VG2 Byggteknikk
Desi
gn o
g ha
ndv
erk
Utvikling - Kreativitet - Praktisk arbeid
Det er over 50 utdanningsvegar som byggjer på Vg1 Design
og handverk. Om du er kreativ og glad i å bruke hendene kan dette
vere det rette for deg.
Utdanningsprogrammet har stor fagleg breidde med rike
tradisjonar - handverksmessig, materialmessig og kulturhistorisk.
Faget gir deg mogelegheit til å arbeide innan mange ulike
handverksyrke.
Som elev hos oss vil du få mange spennande utfordringar, og høve
til å utvikle såvel det kreative som handverkaren i deg.
Me tilbyr:
Vg1 Design og handverk
Vg2 Interiør og utstillingsdesign
Elektrofag
For deg som vil jobba med installasjon og vedlikehald
av elektriske og elektroniske system
Du som vel elektrofaget bør kunne arbeide nøyaktig,
sikkert og systematisk og samstundes vere serviceorientert.
Logisk tenkjemåte og kreativitet er òg viktig, både for å
kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye
produkt.
Utdanningsprogrammet fører til eit mangfald av yrke
innan installasjon og vedlikehald av elektriske og
elektroniske system.
Me tilbyr:
VG1 Elektro
VG2 Elenergi
Teknikk og
industriell produksjon
Opplæring med bruksverdi!
Gode grunnar til å velje Teknikk og industriell produksjon:
TIP gir mange moglege yrkesval med spennande utfordringar. Me
har godt læringsmiljø og samarbeidar nært med lokalt næringsliv.
Dette er ei utdanning som høver bårde for jenter og gutar. Det er
store moglegheiter for vidare utdanning, og du kan velja tverrfaglege yrkeskombinasjonar.
Dessutan har denne opplæringa nytteverdi for deg som likar å
“mekke”.
Me tilbyr:
Vg1 TIP
Vg2 Arbeidsmaskinar
Vg2 Industriteknologi
Vg2 Kjøretøy
Bilde: © Hordaland Fylkeskommune
Helse- og oppvekstfag
For deg som ynskjer å arbeide med menneske i ulike aldrar og
livssituasjonar.
Helse- og oppvekst passar for deg som har lyst til å lære meir om
deg sjølv, om forholdet til andre, om korleis kroppen fungerer, og
som kan tenkja deg å arbeida i oppvekst- eller helsesektoren etter
fullført utdanning.
Undervisninga er både praktisk og teoretisk, og du vil vere
utplassert i praksis i 2-3 periodar, i løpet av skuleåret.
Me tilbyr:
VG1 Helse- og oppvekstfag
VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
VG2 Helsearbeidarfag
Spesialundervisning i lita
gruppe-arbeidstrening
Dette er eit tilbod for elevar som ikkje skal følgje ordinær
opplæring, men ha individuell plan.
Opplæringa skjer i lita gruppe, og ein legg vekt på personleg
utvikling og meistring.
Det blir vidare sett fokus på gode rutiner i kvardagen slik at
eleven kan bli i stand til å meistre eit liv i arbeid og fritid.
Ølen vgs vil kunne gi elevane i denne gruppa god tilrettelegging
av individuelle behov i samarbeid med engasjert personale.
Innføringsklasse
Ølen vgs tilbyr norskopplæring for elevar med kort butid og
manglande norskkunnskaper. Krav er gjennomført grunnskule
eller tilsvarande frå heimlandet samt
opphaldsløyve.