Julebrev til tillitsvalde i lokallaga

Til lokallaga
21. desember 2016
Julebrev til tillitsvalde i lokallaga
Helsing frå leiaren Frøydis Haugen
Hei og takk for et knakende godt ledermøte i Rosendal i oktober. Hordaland Bondelag
prioriterer utdanning og kompetanseheving av de tillitsvalgte. Våre tillitsvalgte skal oppleve
at de får noe igjen for å være tillitsvalgt, gjerne i form av kunnskap, personlig utvikling og
nettverksbygging. På vegne av styret vil jeg følge opp tråden fra ledermøtet og tilby dere i
lokallagene å delta på kurs. Oversikt kommer i slutten av brevet. Først noen viktige datoer:
Regionmøta 2017
Regionmøta er ein viktig møteplass for tillitsvalde. Her er staden for å drøfte ulike tema, og
det er eit mål at alle i lokallagsstyra deltar. Valnemnda vil vere representert for å få innspel
om aktuelle kandidatar til tillitsverv. Program kjem over nyttår.
Dato
19. januar
17. januar
17. januar
17. januar
Klokka
11-15
19.30
10.30-15.30
20-23
Sunnhordland
Midthordland
Hardanger og Voss
Nordhordland
Region
1
2
3 og 4
5
Stad
Grand Hotel Stord
Landbrukstunet, Bergen
Løo, Granvin
Alver Hotel
Varsel om årsmøte 2017
Årsmøtet vert 16.-17. mars 2017 på Hotel Ullensvang.
Frist for å sende inn saker til årsmøtet er 15. februar.
Valnemnda i arbeid
Valnemnda i Hordaland Bondelag har starta opp arbeidet,
og er sett saman slik:
Dato
Krins 1
Krins 2
Krins 3
Krins 4
Krins 5
Medlem
Reidar Kloster
Norolf Sæle
Steinar Steine
Per Anders Tveite
Roar Angelskår
Mobilnr
950 97 620
975 98 036
995 13 709
905 76 206
952 05 228
E-post
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Leiar er Roar Angelskår. Ta kontakt med valnemnda om de har innspel.
Jordbruksmeldinga
Tysdag 24. januar vert det stormøte saman med Sogn og Fjordane Bondelag på Skei i Jølster.
Landbruksminister Jon Georg Dale og leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes, kjem for å
møte næringa til debatt om meldinga. Vi kjem tilbake med meir konkret informasjon over
nyttår. Vi tenker kanskje å organisere felles buss… Er det stemning for det??
Jordbruksforhandlingane 2017
Jordbruksforhandlingane vil som vanleg få ein viktig plass i organisasjonsarbeidet ut over
vinteren. Styret oppmodar alle lokallag til å invitere til medlemsmøte og gjerne dra i gang
studiearbeid på tema. Studiemateriellet vert sendt frå Oslo første veka i januar.
Kurs
Hordaland Bondelag vil dekke deltakaravgift og reise for tillitsvalde som deltek på utvalde
kurs. Døme på aktuelle kurs er Norsk Landbrukssamvirke sitt kurs i landbrukspolitikk
17.2.17 på Landbrukets Hus i Oslo og kurs i arealforvaltning som Hordaland Bondelag
arrangerer i Bergen 4. april (program kjem ut på nyåret). Det kan og verte aktuelt med andre
kurs, som Bli Med eller Ta Grep.
Meir informasjon om kurs i landbrukspolitikk: https://www.landbruk.no/
Meir informasjon om Bli Med-kurs: http://www.bondebladet.no/article/landbrukssamvirketarrangerer-bli-med-kurs/
Ta kontakt med kontoret dersom du er interessert: [email protected].
Fylkesstyret anbefaler alle lokallag å ta fatt i møteserien «Tryggere Sammen», som vi
diskuterte på leiarmøtet. Treng de hjelp, kan fylkesstyret eller kontoret hjelpe.
«Mini-organisasjonskurs». Dette er særlig aktuelt for lokallag som har nytt/nye
styremedlemer. Ein frå fylkesstyret kjem og har eit lite kurs for lokallagsstyret ei kveldsstund
eller ein føremiddag. Kurset er gratis.
Kurset bygger på lokallagshandboka:
- Generelt om Bondelaget
- Agenda og arbeidsmetodar
- Dei ulike rollene i eit lokallagsstyre
- Møteleiing og lokallagsaktivitet
Ta kontakt med din «fadder» i fylkesstyret og avtal tid.
Vi vil nytte høve til å takke for god innsats for landbruket i året som har gått og
ønskje dykk alle ein riktig god jul!
Helsing fylkeskontoret og styret