For aktivitetsliste for første halvår 2017 klikk HER!

Aktivitetar Vinter / Vår 2017:
Fredag 06. Januar
Vi skal ut til «das BMW-Werk», hjå Bernhard Øyangen på
Lingehaugane 1, Slinningen, Heissa pr. Ålesund. Ring Benna på
900 66 094 for info.
Fredag 03. Februar
Arild P. Gravdehaug arrangerar sveisekveld på verkstaden til
Straumen Bil på Skorgenæset, der Fred. A. Hardy kjem og
presenterar diverse løysingar for sveising og lodding frå Magna.
Ring Arild P. på 952 50 534 for informasjon.
Fredag 03. Mars
Runar Sæthre tek i mot oss på RoadSide Custom, som ligg i dei
gamle Nordstrikk-lokala på Fiskarstrand, rett over vegen for
skulen. Der vert det høve til å sjå fjonge syklar frå Moto Guzzi,
Honda, Aprilia, Indian, Victory og Vespa, på verkstaden vert det
servert godsaker. Hjå Bjørn og John Christian, som romstrerar i
kjellaren til Runar, vert høve til å få seg ein kopp kaffi, og sjå på
prosjekta deira. Ring Runar på 906 66 157 om du treng
rettleiing.
Fredag 07. April
Lars Røsok inviterer oss til Harøya/Finnøya, der det vert
opplegg med mykje moro. Overnatting kan m.a. ordnast på
Finnøy Sjøhus. Meir info kjem etter kvart på heimesida
www.nvmc-sunnmore.no og på fjøsboksida vår. Ring Lars på
926 02 664 for info.
Helga 29./30. April
Fellestur anten laurdag eller sundag om vêret tillet, skrivaren
arrangerar – følg med på heimesida/facebook. Kontakt skrivaren
på tel. 957 80 975 for info.
Fredag 12. Mai
Vi vonar på godt vêr, og sadlar opp for ein tur til Rekdal, der Jan
Olav Røysland tek vel imot oss på den raude Sjøbua. Ring Jan
Olav på 977 38 751 for info.
02. – 04. Juni
VÅRSKJELVEN 2017
Sjå eiga annonse i Sidevogna og på www.nvmc-sunnmore.no
Fire sylindrar i rekke, veiva på toppen, toppen i bunn… snedig patent signert M.G.C.