november 16 - MinBarnehage.no

Månedsposten for November.
Høsten kommer, adjø da sommer …. Tida fyk av stad og det er nok fordi me kosar oss saman
på Nøtteliten. Det er ein fantastisk gjeng med barn som leikar, utforskar og viser glede over
dagane. Dette er det som pregar største parten av dagen, sjølv om det fortsatt kan vera litt
tårevått ved avlevering for nokon.
Nokre forandringar har skjedd hjå oss. Biljana har dessverre måtta sei hadet til oss, av ulike
grunnar så kunne ho ikkje halde fram å jobbe hjå oss. Aldri så gale at det ikkje er godt for
noko;). Cathrine har begynt å jobba hjå oss og ho har erfaring frå barnehage og har allereie
fått god kontakt med dei fleste barna.
Til no så har me jobba ein del med tema «meg sjølv» og måten me har tatt dette vidare på,
har vore gjennom FN og sommarkoffertane. Barna får ha fokus på seg sjølv når dei viser
fram koffertane men, fokuset på å vise interesse for andre blir like viktig. Me ser at barna er
like opptatt av dei andre sine koffertar som sine eigne. Det er fortsatt ikkje for sein å komme
med kofferten. Me er snart ferdig med dei som har komme til no men tar gjerne imot fleire.
Treng ikkje nødvendigvis vera frå sommaren. Kanskje ein kjekk helgetur til fjellet, vatnet osv.
FN – kafeen vart ein stor hit og givar gleda var stor. Nærmare 10.000 kroner vart samla inn.
Godt jobba. Takk til alle som hadde høve til å komma og som bidrog med kaker, rydding og
jobb elles. Nøtteliten hadde mest fokus på musikken til Forut samt på Monkie i
førebuingane. Me mala og yetien, barna malte ulike deler av den.
Yeti.
Monkie som dansar
I november så skal me forberede oss litt til jul. Me likar å vera ute i god tid, slik at desember
kan vera prega av ro. Me skal og fortsette å oppdaga samt utforska verda rundt oss, på tur,
inne og ute i barnehagen. Til no har me stort sett vore i nærleiken av barnehagen, dette er
litt grunna alt arbeidet som er rundt oss. Tar oss litt lengre turar når det er litt rolegare.
Endelig er me full gruppa. Benedicte begynte hjå oss Måndag 01.11 og me gledar oss veldig
til å få bli betre kjent med henne og.
Til nå har me vaksne hatt fult fokus på tilknyting og tilvenning, barna er blitt mykje tryggare
og har gode dagar i barnehage som er prega av leik og fellesskap. Derfor vil me vaksne så
smått begynna å kartlegge i forhold til prosjekt. Kva er gruppa opptatt av? Kva ynskjer me å
sjå nærmare på? Hinderløyper, månen, vatten, musikk?
Månadens:
Bukkene bruse. Med lyd og musikk
Bukkene bruse sangen
Himpel og pimpel
INFO: Yvonne går på vidareutdanning på Stord (Læringsmiljø og pedagogisk leiing) og er
derfor vekke i forbindelse med undervisning og eksamen. Det blir satt inn vikar desse
dagane.
Det er satt opp foreldresamtalar i slutten av månaden. Skriv ned datoen.( NB! Har retta på
datoane, går litt fort i svingane til tider)
Mvh.
Små og store på Nøtteliten.
Himpel og pimpel
Himpel
og pimpel de satt på et berg
Den ene var en sprellemann
Den andre var en dverg
De satt på hver sin tue
og viftet med sin lue
De satt der i timer
jeg tror det var fem
1 - 2 - 3 - 4 - 5
Så smatt de inn i berget
Adjøs med dem
Men hvis du er riktig stille
kanskje du hører dem spille
-h.tommel i været
- v.tommel i været
- vift med h. tommel
- putt v.t.mellom h.p.
- knytt begge hender
-vift med b.hender
- tell f. på v.hånd
- gjem h. bak ryggen
- vink
- legg hånden mot øret
- lat som du
spiller