Hei alle i 2. klasse og foreldre/føresette! Veke 49– 2016 Vi hadde

Hei alle i 2. klasse og foreldre/føresette!
Veke 49– 2016
Vi hadde ein hatt ein kjempefin
juleverkstad. Det vart laga og gjort
mykje. Det som vart laga, skal no
pakkast inn til julegåver.
Adventskalenderen vår er at kvar dag trekk eit av barna ei gåve. Gåva er ein ting som
ein i klassen har laga til julekrubba vår. Vi ser på gåva og den blir lagt på plass i
julekrubba. Så skal resten av klassen seie fine ting og den som har trekt adventsgåva.
David vert 7 år tysdag 6.desember. Gratulerer! Vi skal feire desemberbarna
våre med kake på fredag 9.desember.
Torsdag skal heile skulen syngje jula inn.
Dette må skje i kyrkja i år pga at vi ikkje
har gymsal og rom stort nok til heile
skulen.
Hugs julefesten for 2.klasse og foreldra
onsdag 14.desember kl. 18.00.
Denne veka skal vi bl.a. :
*norsk: lese bøker sjølv og innhaldsforståing. Øve på leseflyt og tonefall. Øv tekstar
utenåt. Leike teater og hugse att replikkar. Lytte til og få med seg innhaldet av det
som vert lese høgt.
*matematikk: måling. Starte på pluss og minus - slik som 45+3= og 76-4=
*engelsk: emne: Christmas. Ord: Father Christmas, Christmas present, Christmas card,
Christmas tree, Christmas stocking, Christmas fairy, Christmas bouble, candle, angel, star.
De kan finne lekseplanen og NETTADRESSAR på www.radoy.kommune.no Klikk inn
på Manger skule og 2.klasse.
Dersom barnet ditt er sjukt etc., dersom de lurer på noko send melding på Ragnhild
sin mobil 48088162. E-post til Ragnhild: [email protected]
Ha ei fin veke og ein god helg!
Helsing Ragnhild
Til tysdag
6.desember:
1. Tuba Luba lesebok: les s.76. Les minst 5 gongar saman med
ein vaksen. Øv deg på lese orda i den gule ramma. Gjer det
som står i den grøne ramma.
2. Blomeheftet: Øv kvar dag på songane. Du kan syngje
eller seie dei i lag med ein vaksen eller du kan høyre og
syngje dei saman med videoen på nettet.
Tenn et lite lys
https://www.youtube.com/watch?v=ob-ENI8S75A
O, jul med din glede
https://www.youtube.com/watch?v=Kxwqg7HHvpg
Til onsdag
7.desember:
1.Tuba Luba lesebok: les s.77. Les minst 5 gongar saman med
ein vaksen. Øv deg på å lese orda i den gule ramma. Gjer det
som står i den grøne ramma.
2. Blomeheftet: øv på songane
Til torsdag
8.desember:
1.Tuba Luba lesebok: les s.78. Les minst 5 gongar saman med
ein vaksen. Øv på å lese orda som står i den gule ramma. Gjer
det som står øvst på sida i grøn ramme.
2. Blomeheftet: øv på songane
3. Siste frist for innlevering av ark om ditt barn skal delta/
eller ikkje delta på gudstenesta 15.desember.
Til fredag
9.desember:
1.Tuba Luba lesebok: les s.79. Les minst 5 gongar saman med
ein vaksen. Øv på å lese orda som står i den gule ramma. Gjer
det som står øvst på sida i grøn ramme.
2. Blomeheftet: Øv på songane. Kan du dei no?
Til måndag
12.desember:
Ingen symjing.