VEKEPLAN, VEKE 1, 2017, 4. klasse

VEKEPLAN, VEKE 1, 2017, 4. klasse
Endå ein gong takk til alle for nydeleg julestjerne eg fekk på festen! Godt nyttår! No gjer vi det slik
framover at vi går ut til gym når det er nokolunde ver og elles passar. Det kan bli to halve eller ein heil
time, måndag, tysdag, onsdag eller fredag. Det betyr at vi kan venta på dagslys, og ta ein pause når det
trengst. Det betyr og at elevane må vera budde med gode klede og skor alle dagar!
Så er eingongsbok-tida over for desse elevane – i matematikk, og kjem nok ikkje att. No skal elevane
skriva av i kladdebok både på skulen og heime. Dette vil krevja ekstra konsentrasjon og vilje til innsats
framover.
Det dukkar etter kvart opp ny lesebok og reknebok. Ta bokbind på dei straks! Ha ei fin veke!
Lekse til tysdag
Leselekse: Det 1. arket om STOFF.
Skriv ei forteljing i skriveboka: Om juleferien din. Skriv minst ei side. Hugs
punktum og stor bokstav. Les gjennom det du har skrive og rett feila du ser.
Rekn oppgåvene på arket.
Lekse til onsdag
Les det andre arket om STOFF.
Eng: Les og omset s. 40
Rekn: M4 s. 50. Skriv og teikn i grøn kladdebok.
Sjekk at blyanten er spiss
Lekse til torsdag
Tuba Luba les s. 72
Rekn M4 s. 47, nr. 22. Skriv reknestykke og svar i grøn kladdebok
Skriv i oppgåveboka svar på oppgåver i leseleksa, slik vi lærte på skulen.
Hugs: Overskrift, marg, nr. på oppgåvene, ikkje blanda små og store
bokstavar, stor bokstav i namn og etter punktum. Les gjennom det du har
skrive, ordn det etter denne lista!
Sjekk at blyanten er spissa
Uteskule i dag! Ta på deg klede og sko etter vèret. Ha gjerne med ekstra
sokkar, mat og drikke.
Lekse til fredag
Tuba Luba s. 73
Eng: Les og omset s. 41. Skriv dei nye engelske orda på linjene tre gonger.
Hugs stor bokstav først i alle månadsnamn på engelsk!
Rekn M4 s. 47 nr. 23. Skriv reknestykke og svar i grøn kladdebok.
Engelskord: twenty, thirty, forty, fifty, sixty, seventy, eighty, ninety, one hundred
JANUARY, FEBRUARY, MARCH, APRIL, MAY, JUNE, JULY, SEPTEMBER, OCTOBER,
NOVEMBER, DECEMBER
……………………………………………………………………………………….
…………………………………………………………………………………………………….
………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………
…………………………………………………………………………………………………………
MÅL
Kunna halda fram med
eit påbegynt mønster
Kunna boktitlar av Roald
Dahl
Kunna lesa alle dei
engelske månadsnamna
Kunna skriva alle dei
engelske månadsnamna
Kunna fortelja på
engelsk kva månader
som høyrer til dei ulike
årstidene.
Vita kva som er det
vanlegaste stoffet i
jordskorpa
Kunna døme på korleis
stoff kan forandra seg
Helsing Astrid
Kan litt
Kan noko
Kan godt
1 bok
3 bøker
fleire
2 døme
4 døme
fleire