Månedsbrev desember 2016

DESEMBER
Så er me klar for ein ny og spennande månad. I desember ynskjer me å vera med
på å byggja opp ei god stemning i adventstida og skapa forventningar
mot den høgtida som kjem. Under har me litt informasjon om dei ulike
aktivitetane som me skal vera med på no fram mot jul .
SAMLINGSSTUND
Samlingsstunda vil følgja eit fast mønster kvar dag. Det startar med at me syng
adventsvers og tenner lys. Borna pleier å vera musestille for lys er magisk og litt
spennande. Adventkalenderen vår er pepperkakehjerter, borna får trekkje eit
hjerte kvar dag som dei får med seg heim visst dei ikkje et da opp .
Enkelte dagar vil me ta fram julekrybba vår slik at ein kan fortelja litt om Josef,
Maria og Jesusbarnet. Til slutt syng me litt julesongar, På låven sitter nissen,
musevisa og eit barn er født i Betleheim blir sentrale songar.
JULEFROKOST
Onsdag 7.desember lagar me til julefrokost i kjellarstova. Då invitera me foreldre
og born til frukost-buffe frå kl 7.30-9.30. Kom når det passar innafor denne tida.
Me laga til rundstykker og mykje godt pålegg. Håpar flest mogeleg har tid til å eta
litt før dykk reiser vidare på jobb.
NISSEFEST
Den 16. desember blir det nissefest i barnehagen. Denne dagen kosar me oss
med julegraut og kanskje kjem nissen på besøk ?? For å få den rette stemninga
denne dagen hadde det vert fint om borna kledde seg i noko raudt som
«smånissar».
DAGENS NISSE
Kvar dag fram til jul vil borna få vera dagens nisse kvar sin dag. Når borna kjem i
barnehagen om morgonen heng det på veggen bilde av den som skal vera Dagens
nisse. Den som er Dagens Nisse får lov å gå med nissedrakt og til lunsj får ein
drikke av nissekoppen.
PÅ BESØK I KYRKJA
Den 8.desember er me invitert bort i kyrkje kl 09.30, me har då tenkt å gå med
dei eldste i kjellarstova. Gje oss ein lyd dersom ein ikkje ynskjer at dykkar barn
skal vera med på dette.