Bergen tingrett Sogn og Fjordane tingrettar Gulating lagmannsrett Elektronisk samhandling mellom domstolar og aktørar: Alltid informert og oppdatert – kvar du enn er! Advokatforeininga og Domstoladministrasjonen har saman utvikla eit system for elektronisk utveksling av dokument og saksinformasjon. Løysinga er tatt i bruk av Sør-Trøndelag tingrett, Sunnmøre tingrett, Frostating lagmannsrett, Oslo tingrett, Fredrikstad tingrett og Borgarting lagmannsrett. I løpet av februar 2017 vil løysinga også bli tatt i bruk i Bergen tingrett, Sogn og Fjordane tingrettar og Gulating lagmannsrett, samt Jæren tingrett og Stavanger tingrett. Fordelane er store: a Du får straks tilgang til saksinformasjon, dokument og avgjersler a Du får oversikt over saker, fristar, dokument og vedlegg på ein enkel måte a Du kan halde deg oppdatert der du er, via PC, Mac, nettbrett eller mobil a Du vert uavhengig av post- og faks-sendingar aDu kan levere dokument uavhengig av opningstida i domstolen aDu kan sende og ta imot dokument på ein rask, trygg og sikker måte Korleis kjem du i gang? Det er enkelt og intuitivt å nytta aktørportalen. Me oppfordrar alle advokatar og advokatfullmektigar til å registrere seg på www.domstol.no/aktorportalen. Logg inn med elektronisk ID (BankID e.l.) og kom i gang i dag! For meir informasjon, kontakt Sogn og Fjordane tingrettar: Gunnhild Grove eller Dagunn Aase Grimeland tlf. 57 83 37 00 eller send e-post til [email protected] Bergen tingrett: Ann Christin Stålem eller Randi Holmås, tlf. 55 69 97 00 eller send e-post til [email protected] Gulating lagmannsrett: Henriette Bergli Lillestøl, tlf. 55 69 39 00 eller send e-post til [email protected] Me ser fram til eit godt og digitalt samarbeid! Venleg helsing Arne Henriksen (sign.) sorenskrivar Terje Mowatt (sign.) sorenskrivar Magni Elsheim (sign.) førstelagmann
© Copyright 2024