UNG KULTUR MØTES 2017 OTTA KULTURHUS • MØNSTRING 1

UNG KULTUR MØTES 2017
OTTA KULTURHUS



MØNSTRING 1 Fredag 10. februar KL. 20.30 (senior 13 – 20 år)
MØNSTRING 2 Laurdag 11. februar KL. 13.00 (junior 10 - 12 år)
MØNSTRING 3 Laurdag 11. februar KL. 19.00 (senior 13 – 20 år)
VELKOMEN SOM DELTAKAR PÅ UKM NORDDALEN 2017 
Viktig info til deg som skal delta denne helga
 Du må sjølv ordne med transport til og frå UKM
 Alle deltakarar må melde seg i billettsalet for registrering
 Alle deltakarar har gratis inngang på alle framsyningar
 Det blir sal av mat og drikke i kafeen når denne er open laurdag.
 Klasserom på Otta Vidaregåande skule vil haldast opne for øving
 Blir tida lang mellom sceneprøve og framsyning for deg som er junior og
skal ta del i mønstring 2., bli med på ulike aktivitetar i kantineområdet av
og med UA (Unge Arrangører). For dykk andre; ta med noko å fordrive tida
med
 UKM Norddalen har ein fagjury som vil gje deg ei attendemelding på ditt
innslag. Attendemeldinga vil du få skriftleg i løpet av tre veker etter
mønstringa.
 Gjev beskjed til dei du kjenner som skal vera publikum at det er
førehandsbestilling av billettar på www.ottakulturhus.no,
eller tlf. 61 70 07 00.
 Billettprisar:
Born under 15 år kr. 90,- per framsyning
Vaksne kr. 160,- per framsyning
Det vil og vera billettsal ved inngangen.
Informasjon til deltakarar innan scenekunst (musikk, teater, skapande skriving
og dans):
 Treng du hjelp av husmusikaren (pianist) til å kompe deg på innslaget ditt, må
du levere notar til kommunekontakten din seinast innan 1. februar (kan
skannes og sendes på mail)
 Skal du bruke husmusikaren, vil du få øvetid med denne før lydprøva di.
Øvetid med husmusikaren blir lagt ut på www.ukm.no – din mønstring, ca
1veke før mønstringa.
 Det blir halde lyd- og sceneprøver i forkant av kvar framsyning.
 Tidspunkt for lyd- og sceneprøver vil bli lagt ut på www.ukm.no – din
mønstring, 1veke før mønstringa.
 Du skal møte opp ein halv time før oppsett lyd- og sceneprøve.
 Alle instrument skal vera stemde før lydprøva. Du har sjølv ansvar for å ha
med deg alt du treng opp på scena til fastsett tid.
 Dersom du skal ha med musikk frå lydspor. Send dette sporet til
kommunekontakten din innan 1. februar. Kommunekontakten vil da ordne så
lydmannen får lydsporet ditt.
 Dersom du deltek på meir enn eit sceneinnslag, kan du måtte vera med på
fleire framsyningar.
 Du skal sitja i grønrommet (greenroom - kantina på Otta vidaregåande skule)
under heile framsyninga der du sjølv skal vera med.
 Framsyninga blir synt på skjerm i grønrommet.
 Du må ha med deg alt utstyret du treng inn i grønrommet. Alle kostyme og all
sminking må vera ferdig når du set deg i dette rommet.
 Alle skal vera i grønrommet 20 minutt før framsyninga tek til!
o
o
o
o
o
o
Informasjon til deltakarar på utstilling:
Alle kunstobjekt skal vera leverte til kommunekontakten din innan onsdag
1 .februar! Hugs å merke med namn, alder, tittel og kommune.
Kunstverk som foto, bilete, måleri, teikningar osv. bør rammast inn. Du treng
ikkje dette dersom du har ein plan for presentasjonen av kunsten din, der dette
ikkje passar inn.
Foto skal sendast digitalt til [email protected] innan 1. februar.
Du skal og levere fotoet ditt (innrama) til kommunekontakten din innan 1.
februar!
Alle kunstobjekt blir i tillegg til utstillinga, viste fram på storskjerm under
framsyningane. Informasjon om kva for framsyning ditt kunstverk er med på, vil
bli lagt ut på www.ukm.no –din mønstring, 1veke før mønstring.
Utstillinga blir teken ned att etter siste framsyninga laurdag. Du har sjølv ansvar
for å få heim att både kunstobjekt og film.
Seniorer ( 13- 20 år) som skal delta på worshop har eiget opplegg frå 11- 17 på
laurdag 11.12. Sjå eiget skriv.
Informasjon til deltakarar på film:
o Alle filmar skal vera leverte til kommunekontakten din innan 1. februar.
o Filmar vil bli viste på storskjerm i kulturhuset under ei av framsyningane.
Informasjon om kva mønstring din film er med på, blir lagt ut på www.ukm.no –
din mønstring, 1 veke før mønstringshelga.
Informasjon til programleiarane:
o Alle programleiarar vil bli kontakta av Inger Synnøve Killi i god tid før
mønstringshelga i høve framsyning, prøve- og oppmøtetidar.
Informasjon til nettredaksjon
o Senior 13- 20 år møter kl. 18.00 på fredag og holder på til kl. 22.30.
På lørdag møter dere kl. 12.00 og holder på til kl. 21.30.
o Junior 10- 12 år møter kun på lørdag kl. 08.30 og holder på til kl. 16.00.
VI SJÅAST På OTTA!
Med helsing
Styringsgruppa for UKM Norddalen v/ produsent
Sonja Gitte Mathisen
UKM Norddalen
97519607
UKM Norddalen er sponsa av: