VESTNES KOMMUNE Tekniske tenester Særutskrift – Melding om vedtak «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Dato 09.02.2017 Dykkar ref. «REF» Vår ref. 1794/2017 Saksnr. 2016/1446 Saksbehandlar / Tlf Jan Rune Jacobsen 71 18 40 47 Reguleringsplan - Bustadfelt B23 v/ Tresfjord Museum - Offentleg ettersyn Vedlagt følgjer utskrift av saksbehandling og planutvalet sitt vedtak om å legge forslag til reguleringsplan for nytt bustadfelt ved Tresfjord museum ut til offentleg ettersyn. Vi legg også ved forslag til plankart, føresegner og planomtale. Alle plandokumenta kan de sjå på Vestnes kommune sitt servicekontor eller på internettsidene: www.vestnes.kommune.no Frist for merknader eller innspel til planforlaget er ifølgje Plan- og bygningslova min. 6 veker og blir med dette sett til seinast 1.april 2017. Helsing Jan Rune Jacobsen planleggar Postadresse: Rådhuset 6390 Vestnes www.vestnes.kommune.no Telefon: 71 18 40 00 Telefaks: 71 18 40 01 Org.nr. 939 901 965 E-post:[email protected] VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: Arkivsaksnr.: Saksbehandlar: Dato: L13 2016/1446 Jan Rune Jacobsen 25.01.2017 Reguleringsplan - Bustadfelt B23 v/ Tresfjord Museum Utval Planutvalet Møtedato 07.02.2017 Utvalssak 16/2017 Saksprotokoll i Planutvalet - 07.02.2017 Vedtak: I medhald av PBL § 12-10 vedtek planutvalet å legge forslag til detaljreguleringsplan for bustadområde B23 v/Tresfjord museum ut til offentleg ettersyn, med plankart datert 29.12.2016, planomtale av 02.01.2017 og føresegner av 03.01.2017. Avrøysting: Innstillinga til administrasjonssjefen vart samrøysta vedteke. Administrasjonssjefen si innstilling I medhald av PBL § 12-10 vedtek planutvalet å legge forslag til detaljreguleringsplan for bustadområde B23 v/Tresfjord museum ut til offentleg ettersyn, med plankart datert 29.12.2016, planomtale av 02.01.2017 og føresegner av 03.01,2017. SAKSUTGREIING: Journalpostnr: 1794/2017 Vestnes kommune Side 2 av 4 Bakgrunn: Det har frå lokalt hald lenge vore etterlyst eit bustadfelt på austsida av Tresfjorden, nærare bestemt i området ved Tresfjord museum. Vestnes kommune meldte oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for slikt bustadområde den 09.11.2016 med frist for innspel sett til 1.desember 2016. Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanens arealdel, som vart vedtatt 1.oktober 2015. I kommuneplanen er det aktuelle området kalla bustadområde B23. Det er mottatt 5 innspel til oppstartsmeldinga. Innspela er referert og kommentert nedanfor I tillegg har Asplan Viak utarbeidd ein rapport om skredfarevurdering for bustadområdet. Planforslaget er ikkje vurdert til å vere underlagt kravet om konsekvensutgreiing. Vurdering: Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FM) viser til skredrapporten og varslar motsegn mot planen, om ikkje planforslaget sikrar at skogen ovanfor byggefeltet ikkje blir fjerna på ein slik måte at skredrisikoen aukar. Det må gjennomførast risiko- og sårbarheitsanalyse for området og område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkast av i plankartet som omsynssone. FM føreset også at det blir sett av eigna og store nok areal til leik og at kommunen gjer ei vurdering av om barn og unge får trygg nok skuleveg. Adm.sjefen viser til at skogen ovanfor bustadfeltet er vist som omsynssone i plankartet. Det er knytt føresegner til området (§ 7.2), som skal sikre at skogen blir ståande, alternativt krav om ny skredfarevurdering dersom framtidig flatehogst blir aktuelt. Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit ligg ved planomtalen. Planforslaget inneheld ein gangsti, som snarveg for mjuke trafikkantar ned til fylkesvegen og vidare mot sentrumsområdet og skulen. Øvstedalsvegen er lavt trafikkert og vurdert trygg nok utan gangveg. Langs Fv 163 (tidlegare E136) er det eksisterande gang- og sykkelveg frå Øvstedalsvegen og til sentrum/skule Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) stiller krav om arkeologiske registreringar, ettersom dei vurderer at området kan ha potensiale for funn av automatisk freda kulturminne. Kommunen må dekke utgifter til slik registrering og MRFK har utarbeidd eit budsjett på inntil kr. 150 000.-. Registreringane kan ikkje gjerast før til våren og eventuelle funn kan medføre endringar i planforslaget. MRFK føresett også at planforslaget sett av tilstrekkeleg areal for leik. Adm.sjefen og planutvalet er kjent med kravet om arkeologiske registreringar, men ønskjer likevel å gå vidare med planforslaget no. Det kan vere rasjonelt å gjennomføre offentleg ettersyn i perioden før dei arkeologiske regsitreringane, slik at vi også får avdekt eventuelle andre konfliktpunkt, som grunnlag for eventuelle nødvendige justeringar i planforslaget. Forslaget inneheld elles 2 romslege leikeplassar. Noregs vassdrags– og energidirektorat (NVE) presiserer skredfaren må vurderast og eventuelle faresoner innarbeidast som omsynssone med tilhøyrande føresegner som sikrar akseptabel tryggleik. Adm.sjefen viser til at det er utarbeidd skredfarerapport av konsulentfirmaet Asplan Viak og at planområdet også inkluderer skogen ovanfor bustadfeltet som omsynssone. Føresegnene sikrar at skogen ikkje kan takast ut utan ny skredfarevurdering. Tresfjord museum ser ingen ulemper med felles veg frå Øvstedalsvegen til eigedomsgrensa, men ønsker ikkje at vegen til bustadfeltet skal gå gjennom museumsområdet. Dei ønsker heller at tilkomsten til bustadfeltet blir lagt aust for museumsområdet. Adm.sjefen har tatt omsyn til innspelet frå Tresfjord museum ved at til tilkomstvegen følgjer eksiseterande «museumsveg» fram til eigedomsgrensa og deretter bøyer av aust for museet. Journalpostnr: 1794/2017 Vestnes kommune Side 3 av 4 Statens vegvesen (SVV) rår kommunen til å vurdere behov for tiltak for å sikre trygg skuleveg, samt vurdere behovet for tilrettelegging for kollektivreisande. Tilknytinga til fylkesvegen må vere i samsvar med vegnormalane. SVV inviterer elles til dialog etter behov. Adm.sjefen viser til at mjuke trafikantar kan bruke regulert gangsti ned til Øvstedalsvegen, deretter gå langs denne vel 300 meter til fylkesveg 163, vidare via gangveg til sentrum og skuleområdet. Sjølv om Øvstedalsvegen ikkje har gangveg langs dei aktuelle 300 metrane, er vegen lavt trafikkert og oversikteleg på denne strekninga. Strekninga er derfor vurdert som trygg skuleveg. Kollektivreisande kan nå busslommene på Fv163 ved Tresfjord kyrkje med gangavstand på ca. 1 km og køyreavstand ca. 2 km. Tekniske krav vedkomande tilknyting av veg 1 til Øvstedalsvegen (Fv.164) er tatt inn i føresegnene § 5.1. Oppsummering Planforslaget utnyttar arealet B23 i kommuneplanens arealdel til 8 nye, romslege og attraktive bustadtomter. Området ligg vestvendt og solrikt til med utsikt mot sentrum og utover fjorden. Etter adm.sjefen si vurdering kan planforslaget leggast ut til offentleg ettersyn. Det er teke rimeleg omsyn til innkomne innspel og eventuelle endringar kan vurderast samla etter offentleg ettersyn og etter at dei arkeologiske registreringane er gjort. Særutskrift til: Etter adresseliste Vedlegg: 1 Plankart B23 Tresfjord 2 Reguleringsplan - Bustadfelt B23 v/ Tresfjord Museum - Planomtale 3 Reguleringsplan - Bustadfelt B23 v/ Tresfjord Museum - Føresegner 4 Fråsegn til varsel om oppstart - Fylkesmannen i Møre og Romsdal 5 Fråsegn ved melding om oppstart - Møre og Romsdal fylkeskommune 6 Budsjett - arkeologisk registrering 7 Reguleringsplan - Bustadfelt B23 v/ Tresfjord Museum – Uttale frå NVE 8 Innspel frå styret ved Tresfjord Museum 9 Uttale - Bustadfeltet B23 ved Tresfjord Museum - frå Statens vegvesen 10 Skredfarevurdering bustadområde Tresfjorden - Vestnes kommune 11 Vedlegg 1 - GPS punkt og spor 12 Vedlegg 2 - terrenghelling 13 Vedlegg 3 - omsynssone hogst Journalpostnr: 1794/2017 Vestnes kommune Side 4 av 4
© Copyright 2024