Leveransen -Prosjektføremål. • Føremålet med dette prosjektet er å kunne tilby breibandkommunikasjon med minimum 30/10 mbit/s kapasitet til fastbuande og bedrifter innafor nærare definerte geografisk område, levert med fiber som transportmedium, viss det ikkje kan dokumenterast med relevante referanseanlegg at same kvalitet og dedikerte kapasitet kan leverast på anna medium og tilsvarande pris for sluttbrukar/kunder. Utbyggingsstrategi. • Strategien er å bygge ut primært til dei som nå ynskjer breibandtilknytning med fiber innafor dei definerte områda, samtidig som utbyggjar må bygge til dei som seinare ynskjer det, avgrensa til ein tiårs-periode, når dette kravet kjem. • Tilbydar kan setje vilkår om at tilbodet er basert på eit prosentvis minimum tilslag i marknaden. • Tilbydar må kunne spesifisere kva for adresser/g.br.nr tilbodet omfattar. • Tilbodet kan vere basert på at kunden er ansvarleg for og tar kostnaden med framføring av fiber det siste stykket fram til vegg. Det må spesifiserast konkret i tilbodet kva dette inneber. Geografisk omfang • Prosjektområda ligg i Nissedal kommune men er ikkje samanhangande. • Prosjektområda er nedanfor sett opp i prioritert rekkefølgje. Kartskisser følgjer på dei neste sidene. 1. 2. 3. 4. Fjone/Fjalestad Heimdal Felle Høgfoss - Haugsjåsund Oversiktskart Fjone/ Fjalestad Prosjektområdet er avgrensa av lilla linje. Mulige samarbeidspartar: Skagerak Energi Nisser hyttegrend v/Bjarne Reime Heimdal Prosjektområdet er avgrensa av lilla linje. Mulige samarbeidspartar: Solheia hytteselskap AS Utsjå hyttegrend AS (ikkje langt til Gautefallheia og mange ulike hyttefelt. Nærast er Bjønntjønn hyttegrend/Bjønntjønn familiepark på toppen av Fuglli med ca. 160 hytter) Mulige samarbeidspartar: Hyttevellag i fleire hytteområde rundt Havrefjell (ca. 200 hytter) Felle Haugstøyl - Onstad Prosjektområdet er avgrensa av lilla linje. Tjønnefoss Høgefoss - Haugsjåsund Eikhom - Espestøyl • Prosjektområdet er avgrensa av lilla linje. Mulig samarbeidspart: Agder Energi/Agder breiband Leveransen består av: • Det skal etablerast infrastruktur for breiband-kommunikasjon, med fiber eller tilsvarande kvalitet som hovudtransportmedium. Infrastrukturen skal ha ein kvalitet som muliggjer bruk i samsvar med føremålet i 25 år. Komponentar og utføring må avspegle dette. Drift og tenestelevering (breiband-kommunikasjon) skal vere garantert i 25 år. • Utbyggjar, eller underleverandør/samarbeidspart av denne, skal tilby breibandkommunikasjon til prisar tilsvarande prisleiet til nasjonale leverandører. Det skal tilsvarande tilbys ulike kapasiteter. Minimum 30/10 mbit/s kommunikasjon må kunna leverast. • For etablering av infrastrukturen skal det ikkje krevjast eigendel av kundane. For etablering av tenesten (internett-tilgang) inkl. kundeutstyr og montering/idriftsetjing av, kan det krevjast etableringsavgift avgrensa oppover til 3.000 kr pr. kunde. • Infrastrukturen skal opne for tilgang for andre tenesteleverandørar på kommersielle vilkår. • Nærare vilkår: • Inga binding til tenestekjøp utover generell internett-tilgang for kunden. • Før utbyggjinga skal tilbodet marknadsførast til alle fastbuande/bedrifter gjennom direkte kontakt og/eller utsending eller overlevering av skriftleg dokumentasjon/tilbod med tydeleg svarfrist. Denne marknadsinnsatsen skal dokumenterast for VTNU AS. • Alle fastbuande og bedrifter som innan 10 år etter ferdigstilling ynskjer breiband, skal få dette levert av utbyggjar. Av praktiske grunnar blir datoen for dette sett til 31.12.2028. Dette gjeld også for nytilflytte eigedomar i denne perioden. • Utbyggjar eig og driftar infrastrukturen. • Utbyggjar står fritt til å bruke infrastrukturen til eigne føremål og til også å selje kapasitet til tredjepart. For særleg dyre delprosjekt • For husstandar eller bedrifter som er særleg dyre å bygge ut, kan vi etter forhandlingar gjere unntak frå krava ovanfor. • Innafor kvart av dei spesifiserte områda, er det delar som er særleg dyre å bygge ut – lang veg til få kundar. Seinast som ein del av forhandlingane er det aktuelt å drøfte desse særskilt i forhold til alternativ løysing eller å ta ut av prosjektet. Nærare om vurderinga/kriteria for tildeling. • Nissedal kommune og Vest-Telemark Næringsutvikling AS i samarbeid er innstilt på å gje eit anleggsbidrag til utbyggjar for å realisere prosjektet. • Det står 1.700.000 kr ex.mva disponibelt til dette prosjektet. • Den som best dekker behovet får oppdraget etter at prosjektet er optimalisert gjennom forhandling/dialog med aktuelle utbyggjarar. Kriteriet vil då vere ei vurdering av kven som leverer mest/best for anleggsbidraget. • Anna. • Betaling skjer pr. 30 dagar etter påkrav og ved godkjend leveranse. • Vi tar atterhald om justering av området etter at fase 1 er gjennomførd. • Utbygging må vere fullført innan 30.10.2018.
© Copyright 2024