lone skule - Bergen kommune

LONE SKULE
Lonaleitet 131, 5268 Haukeland
Telefon 53037300
Telefon SFO 94530095
[email protected]
FORELDREMØTE FOR 1.-4. TRINN
ONSDAG 22. FEBRUAR KL 18:00.
I samarbeid med FAU kallar skulen inn til felles foreldremøte for
alle foreldre til elevar på 1.-4. trinn
i Lonehallen onsdag 22. februar kl 18:00.
Her får vi besøk av Marit Brekke, som til dagleg er tilsett i Bergen
Kompetansesenter for Læringsmiljø (BKL)
Tema for denne samlinga er inkludering.
Etter samlinga i Lonehallen, blir det klassevise/trinnvise
foreldremøte. Start ca kl. 19:00
I dei klassevise/trinnvise foreldremøta vil det blant anna bli informert
om skulen si innføring av PALS.
FORELDREMØTE FOR 5.-7. TRINN.
Foreldre til elevar på 5.-7. trinn er også velkomne til å delta på
foreldremøtet i Lonehallen 22. februar, men dei klassevise/trinnvise
foreldremøta vil bli på andre tidspunkt enn 22. februar. Dette er for å
gjera det lettare for dei foreldra som har fleire barn på skulen.
God integrering startar kanskje med at så mange foreldre som
mogeleg stiller på desse foreldremøta?
Helsing rektor og FAU