Støtte til lag og utøvarar frå Lom IL som satsar

Støtte til lag og utøvarar frå Lom IL som satsar nasjonalt innan sine idrettar
Idrettslaget sitt hovudmål er å aktivisere flest mogleg barn og unge. Det skal altså tilretteleggjast for
breidde, inkludert dei som satsar ekstra på idretten. Dagleg drift og eksisterande tilbod har
fyrsteprioritet og ressursbruken på tiltak retta mot toppidrett skal ikkje svekke dette. Hovudstyret må
derfor årleg ta stilling til kor mykje idrettslaget kan avsjå til «satningspotten» på bakgrunn av den
økonomiske stillinga og aktuelle kandidatar som kvalifiserer til støtte.
Alternativ 1
Særgruppene finansierer tiltak på lagsnivå. Det vil seie at skigruppa finansierer punkt 1 og 2,
fotballgruppa punkt 4.
Hovudlaget bevilgar ein «satsingspott» som skal tildelast enkeltutøvarar som fell innanfor kriteria i
punkt 3 og 5. Aktuelle kandidatar (evt føresette) må sjølv søkje idrettslaget om slik støtte innan xx.xx.
I søknaden skal det medfølgje oversikt på antal krets/landslagssamlingar, nasjonale meisterskap og
eventuelle andre nasjonale arrangement/prestasjonar søkjaren meiner kvalifiserer til støtte.
Ski
1. Skigruppa dekkjer påmeldingsavgift på alle NM, norgescuprenn og KM frå 13 år og oppover.
2. Skigruppa dekkjer smøreplass på alle NM og KM frå 13 år og oppover. ( Eventuelt kan ein
forsøke å finansiere punkt 1 og 2 i samarbeid med sponsorar)
3. Enkeltutøvarar frå 13 år og eldre som deltek i ulike NM (13- og oppover) og norgescuprenn
(17 år og oppover) kan etter sesongen søkje om tildeling av midlar frå «satsingspotten» til
hovudlaget. Hovudlaget gjer ei fordeling på bakgrunn av antal NM- og noregscuprenn den
enkelte har delteke i. NM-renn skal vektast det dobbelte av noregscuprenn. Som nemnt
tidlegare må aktuelle kandidatar (evt føresette) sjølv søkje idrettslaget om slik støtte innan
xx.xx.
Fotball
4. Fotballgruppa bidreg i samarbeid med sponsorar økonomisk til transport for lag som spelar
KM-finale eller deltek i NM.
5. Enkeltutøvarar frå 13 år og eldre som blir utteke til kretslag, eller som på andre måtar har
utmerka seg på nasjonalt nivå (eksempelvis prøvespel for klubbar i dei to øvste divisjonane)
kan tildelast midlar frå «satsingspotten». Aktuelle kandidatar (evt føresette) må sjølv søkje
idrettslaget om slik støtte innan xx.xx. Som nemnt tidlegare må aktuelle kandidatar (evt
føresette), sjølv søkje idrettslaget om slik støtte innan xx.xx.
Alternativ 2


Særgruppene definerer og finansierer sjølv tiltak på lagsnivå, eksempelvis kan dette vere
tiltak slik som nemnt i punkt 1, 2 og 4 under alternativ 1. Gruppa må her vurdere eigen
økonomi, og støtte til satsande utøvarar skal ikkje gå utover drift av eksisterande
breiddetilbod.
Hovudlaget finansierer og fordeler støtte til enkeltutøvarar frå «satsningspotten» på same
måte som skissert i alternativ 1
Alternativ 3
Vi fortset som tidlegare og støtter ikkje enkeltutøvarar med midlar frå idrettslaget.
Forslag til «satsingspott» for enkeltutøvarar 2017. 10 000 til kvar av idrettane. Forslag om at det blir
gjort forsøk på å få med sponsorar til å finansiere denne potten. Hovudstyret må årleg vedta
størrelsen på denne potten.