Klikk her for å sjå utsendt pressemelding

Pressemelding
Stord
27.02.2017
Pressemelding frå Sunnhordland Kraftlag AS
ÅRSREKNESKAP 2016 FOR KONSERNET SKL
Etter ei årsomsetning på 709,8 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2016 eit resultat etter skatt på 161,4 mill.
kr. Resultatet er 110,4 mill. kr betre enn i 2015.
Driftsresultatet i 2016 vart 283,7 mill. kr mot 153,8 mill. kr året før.
Skattekostnaden for 2016 er rekna til 99,7 mill. kr, mot 80,2 mill. kr i 2015.
Konsernresultatet samla er styrka i forhold til 2015, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve:
Det er inntektsført ein gevinst ved avgang av verksemdene innan nett, breiband, kunde og naturgass.
God produksjon, og høgare kraftpris enn i 2015 auka dekningsbidrag for produksjon til 522 mill. kr. mot
338 mill.kr i 2015. Tala inkluderer refusjon av tapt produksjon grunna havari på kraftstasjonen Blåfalli
Vik.
Kraftproduksjonen til selskapa konsolidert i konsernet var i 2016 på 1 880 GWh, som er 17,1% under
midlare produksjon. Svikten skuldast i all hovudsak tapt produksjon som følgje av havari i kraftstasjonen
Blåfalli Vik. Stasjonen kom i normal drift i løpet av september 2016.
Gjennomsnittleg pris på kraftbørsen Nordpool var 25,2 øre pr. kWh, mot 18,7 øre pr. kWh året før.
Områdeprisen der SKL har hovuddelen av sin produksjon enda på 23,3 øre pr. kWh, mot 17,6 øre pr. kWh
i 2015.
Samla investeringar for konsernet utgjer 99,4 mill. kr. Av dette utgjer 69 mill.kr investeringar i
småkraftverk organisert i eigne selskap. Resterande investeringar gjeld utbetringar og
vedlikehaldsinvesteringar. Kjøp av produksjonsverksemda frå Haugaland Kraft AS er ikkje medrekna i
desse tala.
Totalt er det selt driftsmidlar for 821,8 mill.kr, hovudsakleg knytt til sal av verksemder.
SKL AS
Postboks 24 – 5401 Stord
Telefon 53 49 60 00
[email protected]
www.skl.as
Foretaksnr. NO 992 836 679 MVA
SKL har i 2016 vore eit reindyrka konsern innan produksjon- og utvikling av vasskraft.
SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Hordaland og Rogaland fylke. Hovuddelen av
kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar
nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune
tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne
Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i
Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare
kraftproduksjon i stasjonane er 2 224 GWh.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår også 4
småkraftverk i eigne selskap med ein total midlare kraftproduksjon på 44 GWh og to er under bygging.
Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap fleire småkraftverk i produksjon og under bygging.
Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
Driftssentralen som overvaker og styrer produksjons- og nettanlegg er lokalisert til Stord, som også er
sete for hovudkontoret til selskapet.
SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og gjennom NAV hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Erfaringane
med dette samarbeidet er svært gode, og det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med
heilskapleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Sjukefråværet var i 2016 på
3,0 %.
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 56,4 % av bokførte verdiar gir ei sunn finansiering
av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større
enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved, og omfang av verksemda i
konsernet.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 27. februar 2017. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei
utbetaling til aksjonærane på 120 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 24. april.
KONTAKTPERSONAR
Adm.dir Magne Heimvik
53 49 60 00 / 97 55 60 65
Økonomisjef Knud Nagell Dahl
53 49 60 00 / 97 55 61 90
SKL den 27. februar 2017
Jan Petter Myhre
Kommunikasjonsleiar
136917/2
Side 2 av 2